Innspel til Fylkestings-program 2023-2027

Jobben med å få til eit akutelt og godt fylkestings-program for 2023-2027 er i gang. Vi håpar du vil sende inn forslag / idear til saker vi bør ta opp. Det treng ikkje vere ferdige tankar, vi er opne for alle typar innspel. Men skriv gjerne eit par ord om kvifor du syns ditt forslag/ide kan vere viktig. Frist for innspel er 10.08.22. Men jo før, jo betre, for komiteen byrjar arbeidet no.

I midten av september vil programforslaget kome første høyringsrunde til lokallaga.

Fylkespolitikk handlar mykje om vidaregåande skule, kollektiv og samferdsel, kultur-, idrett- og frivillig arbeid, og å legge til rette for næringsliv og levande byar og bygder. Som tema over alle desse har fylket stort ansvar og engasjement for klima, folkehelse og inkludering.

Takk for at du engasjerer deg! KrF treng fleire både medlemmer og veljarar. Kjenner du nokon du vil sende denne eposten vidare til, som ikkje er medlem, så er det greit. Vi treng gode innspel frå alle for å få til det beste programmet 

Benytt dette skjemaet for alle innspel til programmet https://forms.gle/bTLuMEayGxGBTDF57

Om du ønskjer å avtale eit innspelsmøte, kontakt leiar for Programkomiteen, Trude Brosvik på – trude.brosvik@vlfk.no.