Ikkje berre studiespesialisering første året.

KrF er svært skeptisk til å berre tilby første året (vg1) på studiespesialiserande på ein del distriktsskular.


Fylkesstyret til KrF trur det eigentleg berre er å starte ei nedbygging som vil ende opp med å legge ned skulen på sikt. Sjølv om intensjonen om at vg1-tilbod på nærasteskule vil gjere at hybellivet blir utsett med eitt år, er positiv. Så meiner vi det truleg vil føre til at mange søkjer seg dit dei kan gå alle tre åra. Sidan fleirtalet søkarar til studiespesialisering er jenter, vil det aksellerere fråflyttinga frå distrikta ved at dei banda som blir knytt til heimstaden i ungdomsåra blir svakare. Det vil truleg også gjere noko med skulemiljøet fordi ungdom diverre endå i stor grad vel tradisjonelt mellom «gute- og jente fag».


Til sist vil det svekke dei andre klassene, der ein har fellesfag eller nyttar same lærarressursar. (td. musikklinje, idrettslinje mm som også gjev studiekompetanse).

(Uttale vedtatt i Vestland KrF sitt fylkesstyre 26.08.2024)