Hordaland KrF satsar på ein sterk kombinasjon av ungdommeleg energi og politisk erfaring i sitt forslag til stortingsliste for 2025. Nominasjonskomiteen har valt ei liste med kjønnsbalanse, god alders- og geografisk spreiing.
I toppen finn vi Joel Ystebø (23 år), etterfølgd av Harald Rydland (62 år), Malin Helen Andvik (32 år), og Ingvill Kvalsnes Blom (50 år). Samla utgjer dei eit team som balanserer energi og erfaring.
Joel Ystebø er i dag gruppeleiar for Bergen KrF og 2. vara til Stortinget for Hordaland KrF. Trass i sin unge alder har Joel skaffa seg ei solid politisk erfaring.
«Joel har vist eit stort politisk talent og leiareigenskapar, og er ein naturleg førstekandidat,» seier Magne Supphellen, leiar av nominasjonskomiteen.
Harald Rydland har fleire periodar bak seg som ordførar i Fitjar og er ei kjent skikkelse i Sunnhordland. Hans erfaring og engasjement for regionen gjer han til eit sterkt andreval.
Malin Helen Andvik frå Alver kommune er lokallagsleiar og brenn mellom anna for skule- og oppvekstspørsmål. Hennar erfaring som lærar og småbarnsmor gjev henne eit unikt perspektiv.
Ingvill Kvalsnes Blom frå Øygarden har brei leiarerfaring frå både skule og politikk, og er ein viktig ressurs for KrF-laget.
Nominasjonskomiteen foreslår følgjande 22 personar til stortingslista for Hordaland KrF i 2025.
- Joel Ystebø (23 år), Bergen Vest KrF
- Harald Rydland (62 år), Fitjar KrF
- Malin Helen Andvik (32 år), Alver KrF
- Ingvill Kvalsnes Blom (50 år), Øygarden KrF
- Stian Lavik (47 år), Alver KrF
- Lisbeth Fredheim Oma (60 år), Kvam KrF
- Per-Erik Gåskjenn (57 år), Bergenhus KrF
- Jarle Jacobsen (50 år), Sveio KrF
- Birgit Sønstabø Esperø (56 år), Bømlo KrF
- Ola Honningdal Grytten (60 år), Åsane
- Karianne Fedøy Magnussen (35 år), Bergen KrF
- Kristina Ekerhovd-Ottersen , Øygarden
- Joakim Byrknes (36 år), Alver KrF
- Josefine Gjertine Bergstrøm (21 år), Øygarden KrF
- Morten Helland (51 år), Bømlo KrF
- Arne Normann (69 år), Vaksdal KrF
- Solfrid Rong (63 år), Bergenhus KrF
- Bjørnar Svellingen (52 år), Askøy Krf
- Inger-Elin Nesheim (42 år), Kvinnherad KrF
- Eivind Skår (32 år), Arna KrF
- Jarle Skeidsvoll (57 år), Osterøy KrF
- Inge Halstensen (79 år), Austevoll KrF
Nominasjonen skjer på nominasjonsmøte for Hordaland valkrins, laurdag 16. november 2024 på Haraldsplass Helsecampus i Bergen.