Her er KrFs nyvalde toppkandidatar i Vestland!

På bildet: Jon Olav Økland, Trude Brosvik, Arne Normann og Ragnhild Stav.

Nominasjonsmøtet til Vestland KrF har vedteke liste for fylkestingsvalet i 2023. Trude Brosvik (61) frå Gulen tek attval og toppar lista for KrF kommande val. Jon Olav Økland (30) frå Bergen blir andrekandidat, Arne Normann (67) frå Vaksdal er tredjekandidat og Ragnhild Stav (34) frå Fjaler er fjerdekandidat på Vestland KrFs fylkestingsliste.

–  KrF har store ambisjonar for Vestlandet og det er stort å få tilliten til å leia KrF-laget inn mot neste val. KrF har ei viktig stemme i fylket, og me skal kjempa for gode mobilitetsløysingar både i byane og distriktet i fylket, seier førstekandidat Trude Brosvik.

–  I møte med klimakrise, auka polarisering og aukande økonomisk forskjell treng me eit sentrumsparti som klarer å balansar ulike omsyn og samtidig ta på alvor dei utfordringane samfunnet møter. Eg meiner KrF har dei beste føresetnadene til å møta desse utfordringane, seier andrekandidat Jon Olav Økland.