Havbruk med føreseielege vilkår

Photo by NOAA on Unsplash

Føreseielege vilkår for havbruksnæringa er avgjerande for arbeidsplassar og lokalsamfunn langs Vestlandskysten, sa Trude Brosvik (KrF) til Vestland fylkesting.

Fylkestinget vedtok samrøystes fråsegna KrF fremja om saka onsdag 2.oktober. 

Oppdrettsnæringa på Vestlandet er i produksjonsområde 03 og 04 og i «raud sone» etter regjeringa sitt trafikklyssystem. Det gjer at ein har hatt henholdsvis 12 og 18% nedtrekk av produksjonen. Nedtrekket her blir delt ut att i nord, sjølv om Barentswatch sine tal til no i år syner større luseproblem i nord enn på Vestlandet. Både Havforskingsinstituttet og Havbruksutvalet (NOU 2023:23) meiner trafikklysordninga er eit verkemiddel som ikkje fungerer.

Nedtrekket i Vestland har store konsekvensar. Ein ringverknadsanalyse viser at næringa sysselset  ca 14000 personar (direkte og indirekte) og ei verdiskaping på 20 mrd (2020), og i flg professor R. Tveteraas ved UiS gjev det tapte skatteinntekter på 250 millionar /år.

Dette er altså ikkje ei fråsegn som er for oppdrett og mot villaks. Norge har eit stort ansvar for villaksen. Men tiltaka for å ivareta villaksen må vere forskingsbaserte og bygge på verkemiddel som fungerer. Elles blir det ein no gjer berre ei årelating av konsesjonar, arbeidsplassar og verdiskaping frå Vestland og til andre kyst-fylker, seier Brosvik. 

Kort fortalt så ber ein om at nedtrekt volum ikkje vert flytta frå Vestland, men gitt tilbake gjennom stortinget si miljøfleksibilitetsordning, når næringa har gjort påkravde titak mot spreiing av lakselus.

Les heile fråsegna her:

Føreseielege vilkår for havbruksnæringa er avgjerande for arbeidsplassar og lokalsamfunn langs Vestlandskysten. 

Før sommaren i år, vedtok eit samrøystes Storting at regjeringa skal levere ei ny teknologinøytral ordning, Miljøfleksibilitetsordningen, der det er oppdrettslokaliteten sitt miljøavtrykk som er styrande for tillete volum. 

I Stortinget sitt samrøystes vedtak heiter det at ordninga «bør kunne benyttes på det produksjonsvolum som er trukket inn som følge av rødt trafikklys i et produksjonsområde. Det vil i de tilfellene ikke være mulig å eventuelt konvertere tilbake til tradisjonell teknologi før dette volumet er retildelt som følge av grønt trafikklys.» Oppdrettsnæringa må få krav, bygt på forsking, og insitament til å få ned miljøbelastning, lakselus og avfallsproblem. Lukka anlegg må truleg vere ein del av løysinga dersom ein skal nå målet om mindre ureining og å bevare villaksen. Vestland fylkeskommune ber regjeringa garantere at dei i den varsla miljøfleksibilitetsordninga, følger opp Stortinget sitt vedtak, og ber om at det vert føreseieleg og sikkert at nedtrekt volum skal takast inn i miljøfleksibilitetsordninga og at ordninga skal tre i kraft i løpet av 2025, slik at Vestland igjen kan få insitament til å hente ut potensialet gjennom innovasjonskraft, investeringar og verdiskaping.