Fylkestingsmøte i Vestland 11.-12.12

I utrygge tider er det viktig med tiltak som skapar tryggleik og fellesskap, sa Trude Brosvik. Ved å styrkje familien, støtte frivillige og løfte fram ideelle organisasjonar, kan vi møte utfordringar som press på velferdssamfunnet og diskriminering i arbeidslivet. Saman kan vi bygge eit inkluderande samfunn der alle får moglegheita til å bidra og kjenne seg verdsette.

Trude Brosvik

Trude Brosvik, KrFs gruppeleder i Vestland Fylkesting, tok opp viktige saker i generaldebatten på fylkestinget i dag.

I utrygge tider treng vi tiltak som skapar tryggleik og fellesskap for alle. Samfunnet står overfor store utfordringar, frå press på velferdssamfunnet til diskriminering i arbeidslivet. Ved å styrkje familien, støtte dei frivillige og løfte fram ideelle organisasjonar, kan vi saman bygge eit inkluderande og robust samfunn der alle får moglegheita til å bidra og kjenne seg verdsette.

I utrygge tider er det mange som kjenner på usikkerheit. Difor er det viktig at vi på Vestlandet har tiltak som skapar tryggleik og opplevast som støttande for innbyggjarane. Samtidig står vi overfor fleire utfordringar for velferdssamfunnet i tida framover, som krev målretta og langsiktige løysingar.

For å møte desse utfordringane er det tre hovudområde vi må prioritere:

  1. Familien –Den omsorgsevna som ligg i familiane er uvurderleg, og det er viktig at vi styrkjer deira moglegheiter til å bidra og trivast.
  2. Dei frivillige – Frivillig innsats er ein berebjelke i samfunnet. Dei frivillige sitt arbeid har stor verdi og er ei ressurs vi må ta vare på og styrkje. Gjennom deira innsats blir det skapt fellesskap og hjelp som elles ville vore vanskeleg å få til.
  3. Dei ideelle organisasjonane –bidreg med verdifulle tenester og verdiar som vi må løfte fram og støtte i større grad. Dei har ei unik rolle i å møte samfunnsbehov og skape samhald.

I ei tid prega av uro er det viktig at vi set verdiar som tryggleik, fellesskap og omsorg høgt.

Diskriminering og utanforskap

Vi må òg vere bevisste på utfordringar som diskriminering og utanforskap i arbeidslivet. Eit forskingsprosjekt frå Universitetet i Oslo viser at det å signalisere ei kristen tilknyting reduserer moglegheita for å bli kalla inn til jobbintervju med 17,5 prosent samanlikna med andre tilsvarande søkjarar. Forskaren seier: «Det er betre med hol på CV-en enn Bibelskule på CV-en».

Muslimske menn med bakgrunn utanfor Europa må søkje nesten tre gonger så mange stillingar som menn med majoritetsnorske namn utan kristen tilknyting, for å bli kalla inn til eit jobbintervju.

Dette er eit alvorleg problem som må adresserast, og vi treng konkrete strategiar for å skape ein inkluderande arbeidskultur.

Spørsmålet er:

Eg reknar sjølvsagt med at fylket ikkje rekrutterer slik. Men det kan skje ubevisst. Kva system har ein for å sikre at alle typar minoritetar vert vurdert likt når ein rekrutterer?

Svar frå fylkesdirektøren:

Fylkesdirektøren svarte at dei er beviste på utfordringar rundt diskriminering ved tilsetjingar, og jobbar mot HR og tillitsvalde for at dei skal ha eit medvite forhold til dette. Han nemnde også at dei har registrert at det er få som kryssar av for at dei har nedsett funksjonshemming. Dette er forhold fylkesdirektøren vil løfta frami det vidare arbeidet.

Fylkestinget

Fylkestinget møtest på Vestlandshuset i Bergen 11. og 12. desember. Her skal dei vedta budsjett for 2025 og utviklingsplanen for dei neste fire åra.

Program og sakliste for møtet i fylkestinget.

Torsdag etter lunsj er det utdeling av Frivilligprisen Vestland 2024.

Nett-tv