Fylkesårsmøte Vestland KrF

Ragnhild Stav, Jarle Jacobsen, Malin Andvik, Hildegunn Vederhus, Ellen Smenes

I helga var det duka til digitalt årsmøte med over 120 delegatar frå lokallag rundt i Vestland.

Fordelen med digitale møter er lettare tilgang til partiet sine fremste tillitsvalde. Så både partileiar Kjell-Ingolf Ropstad og samferdselsminister Knut Arild Hareide hadde innlegg. Det samme hadde sjølvsagt dei to dyktige listetoppane i begge valkrinsane: Tore Storehaug for Sogn og Fjordane og Dag-Inge Ulstein for Hordaland.

Det var opne for diskusjon og møteforma la ingen dempar på lysta og viljen til politisk diskusjon! Særleg bobla det når ein hadde direkte tilgang til samferselsministeren berre dagar før Nasonal Transportplan (NTP) skal leggast fram. Nokre lekkasjar er komne, og det er stor glede over at både E16 og Hordfast er med i planen. Men kva med alt det andre? Årsmøtet var i alle fall glade for tydelege signal på større satsing på rassikring og fylkesvegar! I tillegg var statsråden tydeleg på at Barnas Transportplan skal fyllast med både innhald og pengar. Til det siste vedtok også fylkesårsmøtet ein uttale som sa kva KrF meinte det var viktig å få med for borna si skuld.

Under årsmøtet vart det valt nytt fylkesstyret. Leiar Morten Helland frå Bømlo sto ikkje på val. Ragnhild Stav frå Fjaler er valt til ny 1. nestleiar for Vestland KrF, og ho skal møte fast i Landsstyret til partiet saman med leiar. Jarle Jacobsen frå Sveio og Malin Andvik frå Alver vart valt inn som styremedlem.

Styret elles er slik samansett:

Leder Morten Helland, 1.nestleiar Ragnhild Stav, 2. nestleiar Jarle Skeidsvoll, styremedlemer: Malin Andvik og Jarle Jakobsen. 1. vara er Hildegunn Vederhus som møter fast i fylkesstyret. 2.vara Jon Olav Økland, 3.vara Ellen Smenes.

I tillegg møter Ingvill Blom frå KrFK, Marta Kjelby frå KrFU, Trude Brosvik frå fylkestingsgruppa og Per-Erik Gåskjenn frå Bergen KrF.