Frivilligprisen Vestland 2025 – ein hyllest til ekstraordinær innsats

Cidi Nzita er årets vinnar av Frivilligprisen Vestland 2025.
Gjennom Springbrett for ungdom har han lagt ned tusenvis av timar for å gi unge i risiko for utanforskap tilhøyrsle, moglegheiter og håp. KrF gratulerer og løftar fram frivilligheit som ein berebjelke i samfunnet.

Cidi Nzita byggjer bruer for ungdom. Årets vinnar har gjennom mange år vist eit ekte engasjement og lagt ned ein enorm frivillig innsats for ungdom i risiko for utanforskap.

Arne Normann (KrF) i fylkestingsgruppen gratulerer så mykje med Frivilligprisen!

Prisvinnaren viser kva frivilligheit betyr i praksis, seier Arne Normann (KrF): fellesskap, tilhøyrsle og håp for unge som står i fare for å hamne utanfor. Frivillig sektor byggjer Norge – nettopp fordi menneske møtest, finn meining og får moglegheiter. Det er slik vi hindrar utanfroskap og styrkjer folkehelsa, seiar Normann.

Som grunnleggjar av Springbrett for ungdom har Cidi Nzita:

  • Brukt tusenvis av timar på kveldar og helger
  • Planlagt og følgt opp ungdom gjennom mentorordningar, jobberfaring og gratis sommarskule
  • Samarbeidd med skular og næringsliv for å skape trygge og utviklande arenaer

Hans pågangsmot, evne til å halde ut og smittande humør gjer han til eit forbilde. Innsatsen går langt utover det som kan forventast – og har gitt ungdom tilhøyrsle, moglegheiter og håp.

Med dette heidrar vi ein person som har gjort ein livslang innsats for å løfte ungdom og skape inkluderande fellesskap. Ein verdig vinnar av Frivilligprisen Vestland 2025!

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut Frivilligprisen til ein person, organisasjon eller foreining som har utmerkt seg med frivillig innsats til beste for medmenneske i fylket. Prisen vart delt ut første gong i 2022, og har sidan vore ein viktig måte å løfte fram initiativ som skapar fellesskap og inkludering.

Ein pris som ikkje kan målast

Frivilligprisen handlar ikkje om storleik eller samanlikning – den er unik for kvar vinnar, sa fylkesordføraren i samband med utdelinga. Juryen er breitt samansett og representerer dei regionale paraplyorganisasjonane for frivillig arbeid i Vestland.