FOT-ruter er viktig for å styrke næringslivet

Vedteken resolusjon ved fylkesårsmøte Vestland KrF 2023

Det er avgjerande at staten er inne med rutekjøp til ein del av dei mindre flyplassane, for å sikre gode tilbod. Særleg viktig er det for næringslivet, både for at folk frå meir sentrale område skal kome seg til viktige arbeidsplassar, men også at næringslivet i distriktet lett og til ein akseptabel pris kan kome seg til samarbeidspartar andre stader.

Flyrutene frå Stord til Oslo er i dag ei kommersiell flyrute med svært låg rutefrekvens. Flyruta frå Florø til Oslo har vore kommersiell, men er no midlertidig inne som FOT rute. Det må bli ei varig ordning. Mellom Førde og Bergen samt Florø og Bergen er FOT-rutene tekne bort.

For at vi skal få eit flyrutetilbod til Oslo frå Stord og Florø flyplass som både har ein høg nok frekvens og eit føreseieleg ruteopplegg, samt flyruter til Bergen frå Førde og Florø som gjer at Vestland som fylke har betre interne forbindingar, krev Vestland KrF at desse flyrutene kjem inn som FOT ruter frå 2024.