Ferja og båten må gå når han skal!

Fylkesstyret i Vestland KrF krev at Vestland fylke raskt får ei ordning på det rutetilbodet som er lova innbyggarane. Det går nesten ikkje ein dag utan at media melder om forseinkingar, innstillingar eller ruteendringar. Alt dette påverkar kvardagen til folk på ein måte som ikkje kan vare ved.


Vi veit det er samansette grunnar, og at ansvaret for dette ikkje nødvendigvis ligg hos fylket. Men fylket har inngått avtalar med anbydarar, og må derfor syte for at desse avtalane blir innfridd.


Etter kva vi kjenner til opnar staten for å sjå på dispensasjonsretten igjen i samband med kviletid. Det kan avhjelpe i forhold til der det er beredskap som utgjer innstillingar. Men det kviler også eit stort ansvar på rederia til å ha vaktordningar som gjer at dei klarer å rekruttere arbeidarar.

(Uttale vedtatt i Vestland KrF sitt fylkesstyre 26.08.2024)