Fastlegekrisa må løysast no

Fylkestingsgruppen
Fylkestingsgruppa – Kristina Vaktskjold Hamre, Tor Andre Ljosland, Trude Brosvik og Jon Olav Økland

Fastlegeordninga er bærebjelken i helsetenesta og leverer den daglege almennhelsetenesta til innbyggarane. Hovedmodellen i fastlegeordninga er næringsdrift, men ho er underfinasiert. Ordninga har over tid blitt meir og meir pressa. Økonomien i ordninga krev at fastlegar arbeider langt utover normal arbeidstid og rammevilkåra har ikkje tilstrekkeleg rekrutterande effekt. Resultatet har vi sett over lang tid med stor auke i ledige heimlar, få nyutdanna som ønskjer å bli fastlege og dermed avgrensa sjanse for innbyggarar både å få fastlege og å bytte fastlege.

Mange kommunar ser seg nøydd til å tilsette fastlegar i fast, kommunal stilling. For mange yngre legar er det ei ønska ordning. Dei gir uttrykk for at dei ønskjer å vere legar uten å drive bedrift og ha alt det administrative arbeidet det medfører.

Fastlegane er svært viktige for at norsk helsevesen skal fungere og at det ikkje skal bli unødvendig bruk av spesialisthelsetenester. Det er dårleg samfunnsøkonomi, og i tillegg ei svært sentraliserande ordning for innbyggarane. Alle er tente med at vi i så stor grad som mogeleg får dekka trongen for helsehjelp lokalt hos eigen fastlege.

Regjeringa sin handlingsplan som kom i 2020 er ein god start, men det trengst meir kraftfulle tiltak og pengane må på bordet lenge før 2024. Mange av fastlegane nærmar seg pensjonsalder og vi har dårleg tid. Dagens fastlegemodell må gjerast meir attraktiv. I distriktskommunar har det lenge vore vanskeleg å rekruttere, jfr aktuell sak frå Stryn sist veke om at dei må løyve over ein million utover budsjett for å få på plass ei ordning. Men vi ser også at det er ei aukande utfordring i byar som Bergen.

Framlegg til vedtak:

Fylkestinget i Vestland krev at det vert sett inn ein utvida og intensivert kraftpakke for å gjere det meir attraktivt for legar å arbeide som fastlege. Det kan gjerast ved

· at arbeidet med tiltaka i handlingsplan for allmennlegetenesta vert intensivert slik at fastlegane kan få økonomiske rammer og arbeidstid tilsvarande andre legar i offentleg helseteneste

· at finansieringa i opptrappingsplanen for allmennlegetenesta vert prioritert opp i vidare budsjettarbeid, utover ramma i handlingsplanen

· at grunntilskotet for nye fastlegar vil bli tilsvarande basistilskot for 700 listepasienter, ikkje 500 som er foreslått i planen

· at det skal innførast nasjonal ALIS-ordning, med like vilkår for alle nye allmennlegar, inkludert rettleiing, fast lønn og tilsetting under spesialistutdanning i allmennmedisin

· at dagens fastlege- og legevaktordning blir betre tilpassa unge legar sine ønskjer og behov

· at ein legg til rette for at fastlegeordninga i større grad kan gjennomførast med fast tilsetting i kommunen, og at økonomien til kommunane vert kompensert tilsvarande. Ein må sikre ordningar som gjer det lettare for fastlegar å kunne gjennomføre kompetanseheving.