Eit basisforbruk av straum må bli billegare!

Me i Noreg har merka ein enorm auka i prisen på straum, og mange ulike tiltak har blitt gjennomført. Me treng utan tvil ein grundig diskusjon om korleis me skal forvalta energien framover. Til det treng me gode tverrfaglege arbeidsgrupper av både politikarar og fagfolk. I dette arbeidet med å forvalte verdifulle energiressursar må det leggjast vekt på nasjonal og internasjonal tryggleiks- og klimapolitikk samtidig som forbrukarane får føreseielege og akseptable rammer for sine straumkostnadar.

Straum er ei så viktig del av infrastrukturen i landet at den må forvaltast mest mogleg likt. Linjenettet må byggjast raskare ut, og me må ha gode forsyningslinjer mellom nord og sør for å kunne dekka energibehovet i heile landet mest mogleg med straum produsert på fellesskapet sine naturgitte ressursar. På same måte må også linjenettet byggjast slik at industrien vert sett i stand til å leggje om for «det grøne skiftet».

Me i Vestland KrF vil ha lik nettleige for heile landet.

Me i Vestland KrF vil utgreie totrinnsmodellen i bruk av straum. Dvs. at kvar husstand har ein viss kvote med kWh som kan brukast til ein makspris, t.d. 35 øre kWh. Forbruk som overstig gitt kvote blir kjøpt frå ein felles spotmarknad til marknads-pris. Ved å innføre ei slik ordning vil me få ei bevisst haldning til straumforbruket, gje gode insentiv til straumsparing, omfordele til familiar med svak økonomi og gje den einskilde forbrukar ein meir stabil økonomisk kvardag.