– Dette handlar ikkje berre om ein tunnel, men om vekst på Vestlandet

I trontaledebatten fremja Senterpartiet, Venstre og KrF eit forslag om at Kystverket skal fullføra forhandlingane om Stad skipstunnel for å få ein endeleg pris og sjå på kostnadsreduserande tiltak. No får forslaget støtte frå både FrP og Høgre – og KrFs Joel Ystebø understrekar at dette handlar om meir enn eit enkelt prosjekt.

Kystverket/ Multiconsult /LINK Arkitektur
Stad skipstunnel.

Vestlandet må løftast

– Vestlandet lever av sjø, industri og eksport. Vi bidreg tungt til statskassen – men når verdiane skal betalast tilbake i form av infrastruktur og investeringar, hamnar vi nederst i bunken, seier stortingsrepresentant Joel Ystebø (KrF) til Bergens Tidende.

Eit nasjonalt prosjekt med regional tyding

Skipstunnelen ved Stad har vore planlagd i fleire tiår, og vart vedteken bygd av Stortinget i 2022 – som verdas første tunnel for store skip.
Prosjektet har likevel møtt utfordringar knytte til auka kostnader. Opphavleg var prislappen på fem milliardar kroner, men det siste anslaget ligg på 9,4 milliardar.

Vil ha framdrift – ikkje stillstand

Forslaget frå KrF, Senterpartiet og Venstre ber Kystverket fullføra forhandlingane med entreprenørane slik at ein får ein endeleg pris, samstundes som ein ser på moglegheiter for å redusera kostnadene.