Det trengs betre ettervern innan psykisk helsevern!

Resolusjon innsendt av Vestland KrFU

Illustrasjonsfoto: Martha Dominguez de Gouveia / Unsplash

Det er stort press på spesialisthelsetenesta, og mange av pasientane vert skrivne ut medan dei framleis har psykiske vanskar.

Innan psykisk helsevern skjer behandlinga både innan spesialisthelsetenesta og i kommunal psykisk helseteneste.

Overgangen mellom spesialisthelseteneste og kommunal oppfølging er sårbar, og det er viktig at kommunane garanterer at pasienten vert ivareteken etter utskriving.

For mange er tida etter utskriving den tøffaste, og då dei har mest behov for støtte og hjelp. Det er fleire eksempel på at helsevesenet sviktar i overgangane, og at pasientar og deira familiar vert overlatt til seg sjølve.

Mange pasientar vert utskrivne frå spesialisthelsetenesta utan å bli satt i kontakt med kommunal psykisk helseteneste. Ettervernet i dag er alt for dårleg, og dagens unge fortener betre.

Spesialisthelsetenesta skal ikkje kunne avslutte behandling utan at det føreligg ein konkret plan for oppfølging og ivaretaking. Helse og omsorgstjenestelova heimlar slik rett til oppfølging i 3-2 pkt 5 (Sosial, psykososial og medisinsk habilitering og rehabilitering)

Dette er eit ansvar kommunane må ta på alvor!

Ingen skal måtte stå åleine med psykiske vanskar!