Det er brei semje i fylkestinget om viktige satsingar både for å sikre inkludering, gjennomføring av vidaregåande skule og at folk skal få seg ein jobb. Støtte til frivillige og ideelle organisasjonar er viktige verkemiddel. Samarbeidspartia styrkar også vedlikehald av fylkesvegar og investerer i tre store rassikringsprosjekt; Heilevang, Tokagjelet og «Poll til Poll» og eitt ferjeavløysingsprosjekt; Atløy. Slike tiltak kjem heile fylket til gode.
Det er flott å sjå at det er brei semje i fylkestinget om dei store satsingane vi ønskjer å prioritere. Sjølv om det er nokre ulike retningar og tal, viser investeringsbudsjettet klare prioriteringar som vil ha stor betydning. Eg er spesielt glad for at vi vidarefører vedlikehaldspakka for fylkesvegane, noko som kjem innbyggjarane i heile fylket til gode, seier Trude Bosvik, gruppeleiar for KrF i Vestland fylkesting.
Blant dei store prosjekta som er lagt inn, finn vi tre ras prosjekt og eit ferjeavløysingsprosjekt til Atløy. Samtidig forstår eg, basert på dialogen eg har hatt med mange, at det er fleire som saknar sine prosjekt – anten det gjeld Esefjorden, Masfjorden eller gang- og sykkelvegar. Alt dette vil vi sjå nærare på i den regionale transportplanen.
Samtidig vil eg framheva viktige tiltak som sørgjer for at alle får sjansen til å gjennomføre skule, bli inkluderte og få jobb, er noko av det viktigaste vi som politikarar kan bidra til. Til sjuande og sist handlar det om å sjå det enkelte mennesket.
I budsjettet er det både små og store løyvingar, og sjølv dei små kan bety mykje. Satsinga på frivillige, med prisjusteringar på tilskot, kan bidra til at gutane i gata får halde fram med fotballen, eller at midlar gjennom ideelle organisasjonar kan hjelpe papirlause med nødvendig helsehjelp. Å støtte tiltak som Robin Huset, som gir meir enn berre rimelege måltid – dei bidreg til menneskeleg verdigheit og motarbeider einsamheit, ein folkesjukdom i dag.
Når det gjeld klima, meiner eg at kollektivtransport er nøkkelen for å nå klimamåla, sikre god byutvikling og forvalte ressursane effektivt. All tilgjengeleg kunnskap viser at det er viktigare å oppretthalde eit godt tilbod enn å fokusere berre på pris. Difor vil KrF alltid prioritere tilbodet framfor prisen om vi må velje. Eg håpar samarbeidet i miljøløftet legg til rette for at kommunane kan bruke midlar til både drift og nødvendige investeringar.
Når det kjem til tunnelutgreiingar, meiner KrF at dette ikkje høyrer heime under fylkestinget sitt ansvar.