Besøk Roseslottet 25. april

Bli med på ei unik omvisning på «Roseslottet» med ein av kunstnarane bak, Vebjørn Sand, 25. april kl. 15. Påmelding her

Vedbjørn Sand på Roseslottet
Vebjørn Sand gir omvisning (Foto: Roseslottet)

Kunstinstallasjonen ligg flott plassert ved Tryvann med utsikt over heile Oslo og er laga i takksemd for demokratiet vårt. «Roseslottet» set søkjelyset på grunnpilarane i vårt frie samfunn: rettsstaten, demokratiet og menneskerettane; verdiar vi som samfunn og einskildmenneske stadig må verne om og sikre at ikkje går tapt. 

Bli inspirert og få innsikt i bakgrunnen og innhaldet i kunstverka på denne omvisninga! Se mer om stedet på nettsiden: https://roseslottet.no/

Du betaler inngangsbilletten sjølv som går direkte til stiftelsen og drifta av «Roseslottet». Betal med kort eller Vipps. Kjøp online i forkant eller ved ankomst.

Prisar:
Vaksen: kr. 180
Student: kr. 100
Honnør: kr. 140/ledsager 0

Korleis finne fram? T-bane til Frognerseteren (ca. 35 min frå sentrum) eller bil (god parkering.)

Vi har 20 plassar, så «første mann til mølla»-prinsippet er gjeldande. 

Meld deg på her