Barnefødslar, kvinnehelse og familiepolitikk heng nøye saman!

Illustrasjonsfoto av et nyfødt barnDmitry Naumov
Illustrasjonsfoto

Vestland KrF krev at barnefødslar og kvinnehelse får større merksemd. Det er ei stor utfordring for samfunnet at det blir mange eldre og færre yngre framover.
Skal vi lukkast, må gravide og nybakte foreldre få betre oppfølging. Jordmødre, fastlegar, helsesjukepleiarar og spesialisthelsetenesta må samarbeide tett, slik at gravide opplever tryggleik og føreseielege tenester i svangerskapet, under fødselen og i tida etterpå.

Dei første dagane etter fødsel er sårbare for mor, far og barn. Difor må kommunen planleggja fleire heimebesøk i barseltida. Lengda på opphaldet på fødeavdelinga må ta omsyn til situasjonen og helsa til kvar fødande. Førebygging er viktigare enn reperasjon, og i eit kvinnehelse-perspektiv er god barselstid viktig for god helse også seinare i livet.
Det må leggast til rette for at fleire vel å bli foreldre tidlegare enn i dag. Det handlar om økonomi, bustadar og utdanning. For enkelte er det eit stort økonomisk sprang frå to til tre born. Ein treng kanskje både større bil og større hus. Men det handlar også om haldningar i samfunnet og hos den enkelte.

I følgje Fødselstalutvalet (09.02.26) er det færre par i Noreg som får meir enn to born. Trenden er at folk etablerer seg seinare og ventar med å få barn. Samla fruktbarheitstal var 1,98 barn pr kvinne i 2009, og i 2023 var talet 1,4. gjennomsnittsalderen for førstegongsfødande i 2024 var 30,4 år.

KrF vil støtte tiltak som aukar tal barnefødslar, og som styrker familiane.