
KrF fekk gjennomslag for eit viktig tillegg då fylkestinget handsama saka om eigenbetaling for elev-PC: Partiet vil sikre betre tilrettelegging for elevar med særskilde behov, slik at alle får like gode moglegheiter i skulekvardagen.
Fylkestinget i Vestland har vedteke å auke eigenbetalinga for elev-PC i vidaregåande skule. Samstundes fekk Kristeleg Folkeparti gjennomslag for eit viktig tillegg som styrkar tilrettelegginga for elevar med særskilde behov.
Auke i eigenbetaling
Fleirtalet slutta seg til fylkesdirektøren sitt forslag om å auke eigenbetalinga for standard elev-PC til 2 535 kroner for skuleåret 2026–2027. Eigenbetalinga har vore uendra sidan 2020, og vert no justert som følgje av auka kostnader og prisvekst.
Auken skal bidra til å redusere meirforbruket i elev-PC-ordninga, som mellom anna skuldast høgare prisar på datakomponentar internasjonalt.
KrF sitt tillegg fekk fleirtal
KrF fekk gjennomslag for eit tillegg som handlar om betre tilrettelegging for elevar med behov for særskild oppfølging.
Arne Normann (KrF) løfta saka i fylkestinget:
– KrF har lagt inn eit forslag som gjeld elevar med behov for særskild tilrettelegging.
Det er bra om skulane får rådgiving frå NAV Hjelpemiddelsentral. Ved behov for oppjustering av kapasiteten på PC-ar bør desse ha same yting som ein standard-PC. Dette kan bety mykje for enkelte elevar, og vil truleg ikkje medføre store kostnader.
Forslaget inneber at skulane i større grad skal nytte kompetansen til NAV Hjelpemiddelsentral, og at elevar som treng det, får tilgang til utstyr som fungerer like godt som standardløysinga.
Viktig for like moglegheiter
KrF meiner vedtaket er eit viktig steg for å sikre at alle elevar får like moglegheiter til å gjennomføre skulegangen sin – uavhengig av behov.
Partiet er nøgd med at fylkestinget samla seg om både hovudsaka og tillegget, og meiner dette gir eit betre og meir inkluderande tilbod til elevane i Vestland.