I revidert nasjonalbudsjett 2020 vart det gitt 80 millionar kroner i støtte til digital heimeundervisning. Pengane er skjønnsmidlar til statsforvaltar (tidlegare fylkesmann), og fordelt slik at tiltaket blir målretta til dei kommunane og fylkeskommunane med størst behov.
«Dette er eit viktig bidrag for at kommunar og fylkeskommunar som manglar digital infrastruktur og kompetanse til å kunne drifte nye løysningar ved heimeundervisning, skal kunne vareta elevanes læring».
Tore Storehaug
I alt får 11 kommunar i Sogn og Fjordane støtte – Stryn kommune får 314.075 kroner, Kinn kommune får 500.000 kr og Gloppen får 285.000 kr. Dette vil kunne auka kapasiteten og styrke kompetansen til å drive heimeundervisning ved kvar skule i kommunane. I tillegg vil det kunne gi kvar lærar moglegheita til å sjå sine elevar og legga til rette for god læring og meistring i sine fag.
Det er ingen tvil om at her er det viktig KrF politikk som blir satt i verk.