Når vi lagar budsjett, forskrifter og reglar, så er det lett å gå seg blind i systemet og det store biletet. Og lett å gløyme å sjå saka frå den personen som det handlar om. Dette er eit dilemma som ikkje er lett å kome seg vekk frå, fordi ressursane, både på personell og pengar, er avgrensa. Og fordi like rettar og likebehandling er ein svært viktig verdi i samfunnet vårt.
Derfor er det etter KrF sitt syn viktig at flest mogleg avgjerder vert lagt nærast den det gjeld. Det vil hjelpe oss i å sjå heilskapen i (hjelpe-)tiltaka og brukaren. Det er nemleg ikkje slik at alt er likt som blir behandla likt. I skulen har vi lovfesta at opplæringa skal vere individuelt tilpassa den enkelte eleven sitt utgangspunkt og nivå. Det betyr gjerne ulik tildeling av ressursar.
Slik må det også vere innanfor omsorg. Vi snakkar veldig lett om «dei eldre» som ei gruppe. Men det er svært store skilnader både på helse, inntekt, aktivitet og sosialt nettverk. Dei fleste eldre i Norge er aktive deltakarar i samfunnet, er friskare, rikare og lever lengre enn før. Dei er rett og slett ein stor ressurs i lokalsamfunnet. Mange eldre har det økonomisk langt betre enn «dei unge», sjølv om det heller ikkje er ei einsartagruppe.
Men utenforskapet aukar. Frivillig-sentralane i kommunane er viktige medspelarar for å sjå over dei ulike sektorane, ordningane og tilboda som finst. Og å skape møteplassar som høver den enkelte. No i korona-tida kan det for eksempel vere idrettslaget sitt tilbod om felles spasertur som gir (bokstavleg tala) eit sosialt pusterom. Kyrkja og andre organisasjonar tilbyr også eit inkluderande fellesskap.
I fylkespolitikken er det fleire saker som kan gjere det enklare for folk viss vi klarer å lage eit system med rom for fleksible løysingar:
- Sørvisskyss og «hent-meg»-løysingar der det ikkje går andre kollektive tilbod
- Eit regelverk for Tilrettelagt Transport som opnar for ein viss grad av skjøn
- At alle tenestene vi tilbyr, enten det er virtuelt, på transport eller bygg, er universelt utforma og lette å ta seg fram i
- Kulturtilbod
- Sikre gode skular som gjer ungdomen rusta til det arbeidslivet krev, ma til det velferdssamfunnet treng for å levere god kvalitet på tenestene
Alt dette, og meir til, er det KrF sin intensjon å levere på. Vi vil framleis ha som mål å balansere mellom system og enkeltmenneske. Og at folk ikkje skal kjenne seg «små» i møte med det offentlege.
Trude Brosvik
Vestland krF, gruppeleiar