Program Sveio 2023-2027

Verdiar
Verdigrunnlag vårt er henta frå Bibelen. Kristendommen og kristenretten har danna grunnlaget for det samfunnet me i dag lever i, og Sveio KrF vil bygga vidare på kristne sanningar om mennesket og skaparverket.

Innleiing
Sveio KrF ønskjer å vera til stades for deg som innbyggar i kommunen, og legg vekt på at kommunen er til for innbyggarane. Målet er at innbyggarane skal oppleva det trygt og godt å leva i kommunen vår.

Sveio kommune er ein distriktskommune. Det er viktig for Sveio KrF å skapa eit samfunn der det er godt å leva, der folk kan trivast og der nye innbyggarar opplever seg velkomne og inkludert.

Samferdsel og levande bygder
Sveio er avhengig av gode kommunikasjonstilbod. Både næringslivet og den enkelte innbyggar treng eit godt vegnett og kollektivtrafikktilbod i heile kommunen.

Barn og unge er både dagens og framtida sine trafikantar. Korleis dei opplever transportkvardagen og kva behov og ønsker dei har, er viktig i planlegginga av framtidig transportsystem. Sveio er samansett av mange småbygder og er heilt avhengig av både gode vegar og kollektivtilbod.

Sveio Krf vil jobba for:
• å utvikla nye og utvikla dei eksisisterande lokale møteplassane i alle bygdesentera å leggja til rette for at Sveio sentrum blir utvikla vidare, slik at innbyggarane kan gjera fleire av innkjøpa sine i kommunen
• å leggja til rette for framleis spreidd busetnad utanfor sentrale strok for å oppretthalda busetnad og levande bygder
• at kollektivprisane er så lave at dei stimulerer til auka bruk av buss.

Landbruk og havbruk
Sveio kommune er ein landbrukskommune som satsar stort for framtida. Primærnæringane sysselset mange i kommunen vår.

Sveio Krf vil jobba for:
• å legga til rette for familielandbruk og gardsturisme
• at Sveio skal framleis gi dyrkbar jord eit sterkt vern.
• at det skal over tid bli gitt støtte til nydyrking av tilsvarande areal dersom landbruksjord blir nedbygd
• å regulera areal til landbasert fiskeoppdrett

Plan og næring
Privat initiativ og eigarskap har alltid vore blant nøkkelfaktorane og grunnpilarane for utvikling av næringslivet. KrF vil arbeida for at næringslivet i kommunen får gode rammevilkår. Dette er avgjerande for at privat kapital blir investert i nye verksemder. Det er også viktig for å sikra god drift og vidareutvikling.

Eit blomstrande og levedyktig næringsliv er godt for lokalsamfunnet, og ein av dei viktigaste føresetnadene for at folk skal busetta seg i kommunen.

Sveio Krf vil jobba for
• å bidra til at Sveio kommune er serviceinnstilt overfor næringslivet, og tilby rask og effektiv saksbehandling
• å legga vekt på næringslivet sine behov ved utarbeiding av areal- og reguleringsplanar i Sveio, og sørga for at Sveio kan tilby relevante næringsområde i heile kommunen
• å arbeida for å få nytt høgrisiko-fengsel til kommunen
• å vera ein pådrivar for vidareutvikling av området rundt Golfbanen til det beste for alle i kommunen
• at Sveio kommune skal vera ein JA-kommune, og vera serviceorientert overfor innbyggarane
• å ha ein aktiv politikk for å sikra at bustadbygginga i kommunen blir auka i takt med befolkningsveksten
• å jobba for fullføring av FV541 mellom Buavåg til Sveio
• at fylkesveg 47 mellom Sveio og Haugesund blir utbetra med breiare veg og byggja nytt kryss på Ekrene
• at det arbeidast aktivt overfor statlege styresmakter for å få til ny avkøyring frå E 39 til Solheimslia/ Førde kyrkje
• at trafikkavvikling og parkering ved Vigdartun blir utbetra for å tryggja trafikkavviklinga
• å leggja press på fylkeskommunen for å bedra de resterande fylkesveiene i kommunen, særleg Rød-Auklandshamn og Førde-Erve.
• å jobba for at Statens Vegvesen i samarbeid med Sveio kommune kan få etablera gangsti langs vegen ned til bade- og rasteplassen ved Vigdarvatnet frå Sentrum

Turisme og reiseliv
Turisme er ei næring i vekst. Sveio har svært mange kvalitetar som turistar etterspør, både innan overnatting og naturopplevingar.

Sveio Krf vil jobba for
• at det fortsett er gratis å parkera i Mølstrevåg for turgåarar til Ryvarden.
• at fyr området skal vera ope og gratis for alle
• å vidareutvikla Ryvarden kulturfyr både som destinasjon for cruisegjestar, dagsturistar, overnattingsgjestar og innbyggarane
• å utvikla industritomta på Tjernagel til turistføremål, gjerne med både hotell og husvære – til leige og for fastbuande
• å forsterka profileringa av Sveio som reisemål
• å etablera hotell i Sveio, då gjerne i tilknyting til golfbanen.
• å få etablert «grøn» djupvasskai på eigna stad i Sveio i samarbeid med Haugaland interkommunale havnevesen

Barn, familie og skulefritidsordning
KrF meiner at skule, barnehage og SFO skal bygga på dei kristne grunnverdiane. Gode relasjonar og trygge omgivnader er avgjerande for barn si utvikling. KrF sin familiepolitikk legg forholda til rette for
ein trygg og god oppvekst.

Born i skule og barnehage har ulike evner, anlegg og bakgrunn. Det er skulen og barnehagen si største utfordring å sjå den enkelte og utrusta kvar elev med kunnskap og dugleik som trengst for å delta i samfunnet. KrF meiner at ein god skule skal formidla kunnskap, verdiar og kulturarv som
hjelper born og unge til meistring og sosial utvikling.

Sveio Krf vil jobba for
• at dagens skulestruktur ikkje blir endra. Ein eventuell endring av skulestrukturen må eventuelt initierast av FAU på den aktuelle skulen
• at Sveio-skulen bidrar til at alle tileignar seg grunnleggande lese- og skrivedugleik
• at grendeskulane må få nok ressursar til å levera kvalitet på høgste nivå på i undervisninga
• å bli med på forsøksordningane med leksefri skule
• å sikra eit mangfald i barnehagetilbod og god balanse mellom kommunale, ideelle og kommersielle barnehagar i Sveio
• å oppretthalda full barnehagedekning, rask og nær barnehageplass og eit mest mogleg fleksibelt barnehagetilbod over heile Sveio
• å styrka norskopplæringa i barnehage og skule, blant anna gjennom kartlegging og tiltak retta mot barn som treng særleg oppfølging
• å behalda søndagen som ein spesiell dag, og seia nei til ei generell søndagsopning av butikkar
• å halde fram med verdibrev ordninga i Sveio
• å innføre lokal kontantstøtte
• å innføre fritidskort til barn og unge

Idrett og kultur
Kultur har eigenverdi. Den medverkar til auka livskvalitet og god folkehelse, og gir oss noko å leva for og ikkje berre noko å leva av. KrF er oppteken av å ta vare på den kristne og nasjonale kulturarven.

Frivillige organisasjonar representerer mangfaldet i kommunen, og er viktige for å skapa gode lokalsamfunn. Dei frivillige organisasjonane dannar fellesskap og samhald på tvers av generasjonar og samfunnslag, og medverkar til å skapa viktige treffpunkt.

Sveio Krf vil jobba for
• å byggja ny fleirbrukshall eller utvida Vigdartun sin idrettshall i løpet av neste kommunestyreperiode
• å oppretthalda dei kommunale løyvingane til kultursektoren
• kommunen skal vera ein aktiv hjelpar til lag og organisasjonar for å søkja kulturmidlar frå stat, fylkeskommune, eventuelle stiftingar osv.
• å vidareutvikla arbeidet kring komponisten Fartein Valen og vera ein aktiv part i stiftinga
• å satsa på Sveio sin musikk- og kulturskule
• å auka kommunen sine tilskot til frivillige organisasjonar, særleg organisasjonar som gir tilbod til barn og unge
• å styrka samarbeidet med frivilligsentralen i kommunen
• å støtta arbeidet som skjer i regi av dei kristne kyrkjelydane
• å sikra at elevar i Sveio-skulen som ønskjer å samlast til andakt, bønn eller liknande i friminutt, framleis skal få låna rom på skulen til dette
• å gi gode økonomiske rammer for idretten og sikra gratis treningstid for barn og unge i kommunale idrettsanlegg
• å gi den uorganiserte idretten, til dømes skating, gode vilkår i Sveio
• at den planlagde svømmehallen ikkje pådrar Sveio økte driftskostnader utover vedtatt ramme.

Helse og omsorg
God helse er viktig for oss alle. Ei helse- og omsorgsteneste som kan hjelpa i alle fasar av livet når det er behov for det, er difor heilt sentralt for Sveio KrF. For å oppretthalda og styrka ei god folkehelse er førebygging viktig.

Sveio Krf vil jobba for:
• å etablera eldrelandsby i Sveio
• å få byggja nye seniorbustader i kommunen til utleige
• å gje tilbod om foreldre vegleiing kurs til nye foreldre i samarbeid med andre organisasjonar
• å sikra at satsane for økonomisk sosialhjelp og andre stønader er til å leva av og blir regulerte i takt med prisstiging
• å sørgja for at Sveio-skulen bidrar til at sosiale utfordringar blir følgt opp tidleg
• å sikra at vanskelegstilte tilgang på eigen bustad og jobba for tilstrekkeleg bustønad, hjelp til å finna eigna bustad og tilbod om bustadlån
• å ha gode avlastningsordningar for familiar med barn som har nedsett funksjonsevne
• å leggja til rette for at barn med nedsett funksjonsevne skal kunna delta på fritidsaktivitetar
• å styrkja lågterskeltilbod innan psykisk helse, særleg retta mot barn og unge
• å vidareutvikla gode heimetenester
• å ta i bruk velferdsteknologi der det er føremålstenleg
• å styrka samarbeidet med frivillige organisasjonar som kan gi eldre meiningsfull aktivitet i kvardagen, sosialt fellesskap og kontakt med ulike generasjonar
• at dei som får mat servert av kommunen får sunn og næringsrik mat på riktig tidspunkt og at dei får være aktiv del av eit fellesskap ved måltida
• å styrka det rusførebyggande arbeidet og gjera ansvaret for det førebyggande arbeidet tydeleg i kommunen, ved skulane og hos andre relevante aktørar
• å kjøpa behandlingsplassar hos ideelle aktørar der rusavhengige ønskjer det
• å legga til rette for fleire rusfrie møteplassar, særleg for ungdom

Flyktningar og integrering
Sveio kommune er ein del av ein større samanheng og eit lite samfunn i verda. Det er viktig at me oppfyller pliktene våre og tilbyr gode tenester til dei som kjem til kommunen.

Sveio Krf vil jobba for:
• å sikra at mangfalds- og integreringsarbeidet i Sveio medverkar til at alle kan delta i samfunnslivet
• Løfta fram mangfaldet som ein positiv ressurs
• Språkopplæring, målretta utdanningstiltak og kvalifisering til arbeid
• Sikra at Sveio kommune tar imot det talet flyktningar som IMDi ber oss om

Klima, miljø og mjuke trafikantar
Sveio kommune er ein del av ein større samanheng og eit lite samfunn i verda. Det er likevel viktig å sjå til at me tek vår del av ansvaret for dei store utfordringa verda står overfor når det gjeld klima og miljø.

Sveio Krf vil jobba for
• å sikra at Sveio sine grøne lunger og kystområda er godt tilrettelagde for friluftsaktivitet
• at alle nye personbilar som kommunen skaffar seg, skal vera nullutsleppsbilar
• å fullføra samanhengande sykkelvegnett mellom Sveio sentrum og Førde
• å bygga ut felt for mjuke trafikantar i fire kilometer ut frå kvar skule (i alle retningar) og langs fylkesvegane der det ikkje finst sykkel- og gangstiar frå før
• at det skal utarbeidast reguleringsplan for sykkelveg langs FV47 mot Haugesund i samarbeid med Vestland fylke. Arbeida for finansiering av dette prosjektet over fylkeskommunen sitt budsjett, eventuelt gjennom Haugalandspakken
• å setje opp fleire gatelys langs veiene

Kommunal personalpolitikk
Kommunen skal gi best moglege tenester til innbyggarane sine. Til å utføra desse tenestene er dei tilsette den viktigaste ressursen kommunen rår over.

Sveio Krf vil jobba for
• at det skal leggast til rette for fleire lærlingplassar i kommunen og i det private næringslivet
• å føra ein føreseieleg og god arbeidsgivarpolitikk i Sveio kommune
• å sikra at kommunen sine tilsette i størst mogleg grad speglar Sveio kommune sine innbyggarar
• å rekruttera fleire med minoritetsbakgrunn og menneske med nedsett funksjonsevne, og ta godt vare på seniorane
• å arbeida målretta for å redusera sjukefråvær i kommunale verksemder
• å satse på heiltidskultur i kommunen og kunne tilby dei som ønskjer det

Heiltidsstillingar Kommunal eigarskap, skatt og nabosamarbeid Kommunen skal gi best moglege tenester til innbyggarane sine. For å få utføra dette må me ha godt samarbeid med nabokommunane våre.

Sveio Krf vil jobba for
• at Sveio skal innan 2025 bygge nye fullverdige brannstasjonar i Sveio sentrum og i Førde
• at Sveio skal uansett beredskapssamarbeid behalde dagens lokale beredskap og tenestene våre to stasjoner leverer i dag
• å kjøpe ny lastebil med minimum 2000 L vann til Førde brannstasjon og båt til Sveio brannstasjon skal også gjennomførast i den kommande kommunestyreperioden.
• at Sveio framleis skal være ei del av Vestland fylke
• å behalda kommunen sitt eigarskap i Haugaland Kraft og vera ein ansvarleg eigar som legg
vekt på samfunnstryggleik, forsyning og miljø
• å arbeida for at kommunale avgifter blir meir retta inn mot forbruk, slik at for eksempel hushald med berre ein person ikkje må betala like mykje som familiar.
• at eigedomsskatt ikkje blir innført
• å vera positive til lyntog mellom Vestlandet og Austlandet og vurdera å støtta eit eventuelt prosjekt økonomis