Program Sunnfjord KrF 2023-2027

Ei kristen verdiforankring 

KrF sin visjon er eit varmt og inkluderande samfunn. KrF sitt verdigrunnlag  er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggande menneskerettar. Sunnfjord KrF vil arbeide for at: 

  • Tru og livssyn skal ha ein naturleg plass i det offentlege rommet. 
  • Vi har eit samfunn der alle er inkludert. 
  • Samfunnet er berekraftig på alle nivå med ei rettferdig fordeling av ressursane, lokalt,  nasjonalt og globalt. 
  • Politikarane skal ta omsyn til heile kommunen i planane for utvikling. 
  • Tenestene til innbyggjarane vert opplevde som gode. 
  • Kommunen sine tettstader vert utvikla vidare i samarbeid med næringsliv, frivillige organisasjonar, bygdelag og politikarar. 
  • Sunnfjord Krf vil arbeide for at Sunnfjord vert eit tyngdepunkt i Vestland særleg med tanke på kultur og høgare utdanning.
  • Tenleg infrastruktur i alle bygder. 
  • Utfordringar som einslege har  vert teke tak i. 
  • Integrering av nye landsmenn. 
  • Folketalsutviklinga i kommunen må takast på alvor. Fleire eldre og færre barn og unge  betyr at vi må auke tenestetilbodet innan helse og omsorg, særleg i Førde. 

Trygg oppvekst, barnehagar og skular 

  • Nulltoleranse for mobbing i heile kommunen og særleg barnehagar og skular.
  • Den digitale satsinga må ikkje gå på kostnad av lærebøker på papir til elevane i grunnskulen.
  • Sande skule vert ferdig bygd i perioden. 
  • Planlegginga og ombygginga av Hafstad vgs til nye Førde ungdomsskule er viktig for at Førde  barneskule på sikt skal få betre eigna skulelokale. 
  • Tusenfryd barnehage må erstattast av ny barnehage på Slåtten. 
  • Aktivitetstilbod og ferieopphald til barn i familiar med låg inntekt. 
  • Fritidskort for barn og unge i Sunnfjord vert utvida og når fleire. 
  • Innføre gratis buss for barn opp til 6 år og la barnebilletten vere gyldig fram til 18 år (Vestland KrF). 
  • KrF ønskjer å legge til rette for at dei yngste elevane kan ha ein halv skuledag eller fridag i  veka, der dette er ei ordning i dag. 
  • Det må leggast til rette for opplæring av korpsaspirantar i skuletida slik det har fungert i  nokre bygder. Trygge gang og sykkelvegar. Trafikktryggingsplanen for Sunnfjord er viktig og må rullerast  årleg. Arbeidet med hjartesone på alle skular er viktig tiltak. 
  • Gode friluftsområde med tilrettelegging av uteaktivitetar for alle. Rulleskibane på Langeland  er eit godt døme på slike tiltak. 
  • Legge til rette for alkoholfrie soner der barn og unge ferdast, til dømes idrettsarrangement. 

Kultur og idrett 

  • Legge til rette for dei ulike fritidstilboda inkludert breiddeidrett. I bygdene er skulane ein  viktig møtestad. KrF vil at lag med aktivitetar for barn og unge skal prioriterast når det gjeld  utlån av lokale. 
    • Symjebassenget i Førdehuset må oppgraderast for framtidig bruk. 
    • Vi har eit ansvar for å ta vare på historia og formidle den til nye generasjonar. Sunnfjord  museum og Astruptunet må rustast for å møte framtida. 
    • Det er ei mengd kulturminne i Sunnfjord. Det er ikkje avklara kven som tek ansvaret for å  vedlikehalde dei svært gamle kulturminna som er freda og ikkje lenger kan sjåast på som  private. Dette kunne vere eit samarbeid mellom lokale frivillige og kommunen, der  kommunen stiller med kompetanse. 
    • Institusjonane Teater Vestland, Folkemusikkfestivalen og Kunstmuseet er sentrale når vi  peikar på Førde som kulturby. 
    • NRK Sogn og Fjordane og Nynorsk mediesenter er viktige for heile regionen, identitet og  språk. Samlinga i Nynorskhuset er ei viktig satsing.
    • Godt kulturskuletilbod der vi vidarefører ordninga med redusert eller gratis kulturskule for  elevar som elles ikkje ville fått det grunna foreldre sin økonomi. 

Betre alderdom, helse og omsorg når du treng det 

  • Helsearbeid i skulane  må prioriterast.
  • Talet på eldre i Sunnfjord kommune er veksande, medan talet på barn og unge er minkande.  Dette må få konsekvensar for budsjett og økonomiplan. Det er i Førde særleg trong for fleire  institusjonsplassar og omsorgsbustader. Vi må skape gode arbeidsplassar der folk ynskjer å vere.
    • Avlastingsplassar for sjuke må prioriterast på alle institusjonane. 
    • Dagsentertilbod for menneske med demens, gjerne i samarbeid med frivillige  organisasjonar.  
    • Kommunen kan støtte ulike initiativ, døme: oppretting av demenskor ved å legge til rette for  eigna lokale og skyssordningar. 
    • Serviceskyssen skal oppretthaldast og utviklast vidare. 
    • Heimetenesta treng styrking (medisinsk hjelp til sjuke som kan og vil bu heime). Ein måte er  å avlaste tenesta i Førde slik at middagskøyringa der vert utført av andre, gjerne frivillige,  slik som i Jølster, Naustdal og Gaular. 
    • Styrking av kvardagsrehabilitering er viktig for at eldre og sjuke kan bu lenger heime.
    • Ergoterapeut må vere tilgjengeleg i heile kommunen. 
    • Auka livskvalitet for eldre på institusjon ved aktivitetstilbod og besøksordningar av frivillige. Den kulturelle spaserstokken skal gje kulturelle opplevingar for eldre i heile kommunen.
  • Det må leggast til rette for palliativt/lindrande rom i alle delar av kommunen. Så langt det er mogleg, legge til rette for at dei som ønsker å døy heime får mogelegheit til  det (treng t.d. sjukepleiarar som kan gje medisin)

Rusmiddelpolitikk for auka livskvalitet 

  • Temadag for alle politikarane i kommunen før handsaminga av den ruspolitiske  handlingsplanen for Sunnfjord i komande periode. Det er lovpålagt at alle kommunar skal lage ein slik plan og den må vedtakast i kvar kommunestyreperiode. 
  • Restriktiv tildeling av sals- og skjenkeløyve. Desse vert handsama administrativt i tråd med  vedteken plan. 
  • Kommunen skal ha rusmiddelkonsulent. 
  • Haldningsarbeid i høve rusbruk må prioriterast og Sunnfjord kan bli ein «av-og-til  kommune». 

Kyrkja har ein viktig plass i bygdene våre

  • Det må løyvast midlar til godt vedlikehald av kyrkjebygningane, gravplassane og kyrkjegardane.
  • Ordførar og kommunedirektør har minst eit årleg møtepunkt med kyrkjeverje og  fellesrådsleiar. 
  • Diakoniarbeidet skal halde fram. 
  • Arbeide for eit konstruktivt samarbeid mellom kyrkja og ulike institusjonar, barnehagar,  skular. 
  • Trusopplæringa må få gode vilkår. 

Busetnad og næringsliv 

God kommunikasjon er viktig for oss som bur her og for dei som vurderer å flytte til Sunnfjord.  Mobildekning, fiber til grendene og gode nok vegar gjennom bygdene er viktig både for  næringsliv og innbyggjarar: 

  • Samarbeide for å utvide rutetilbodet på Bringeland lufthamn. 
    • Kollektivtilbodet i Sunnfjord må styrkast, særleg sjå på bybussen i Førde. 
    • Halde kontakten med utflytte ungdomar og gje velkomsthelsing til nye innbyggjarar.
    • Planlegge for ulike bustadformer i Førde og satse for at fleire skal kunne få startlån eller  leige for å eige sin eigen bustad. 
    • Arbeide for rask: 
  • oppstart av E-39 frå Storehaug til Bruland, 
  • realisering av fylkesveg 57 Dale – Storehaug med bru over Svesundet, 
  • rassikring riksveg 5 Førde – Naustdal. 
    • Påverke politikarane i Vestland til å utbetre rasfarlege parti og flaskehalsar på fylkesvegane.  Ei uløyst sak i Førde gjeld fv 609 Kvernbergtunnelen som er stengd for gåande og syklande  frå Ulltang. Her må kommunen vere løysingsorientert og forhandle med Vestland om  aktuelle tiltak. 
    • Det må samarbeidast og planleggast for ei betre organisering av parkeringa i Førde sentrum. 
    • KrF vil at heile kommunen, i tillegg til Førde, vert ein sykkelkommune. Satsing på gang og  sykkelvegar i tettstadene Bygstad, Naustdal, Sande, Skei og Vassenden. 
    • Næringslivet skal oppleve ein ja-kommune.  Ta godt imot gründerane og legge til rette for nye arbeidsplassar. 
  • Utbetre fylkesveg 611 Naustdal – Engebø.
    • Støtte opp om Frivilligsentralen. Legge til rette for at frivilligsentralane kan utvikle og  vidareføre dei gode tiltaka. 

Landbruk og teknisk 

  • Halde oppe gode avløysarordningar i landbruket, vidareføre ordninga med landbruksvikar.
  • Oppfordre til at fråflytte gardsbruk vert halde i hevd eller selde til interesserte busetjarar.
  • Sunnfjord kommune er den største landbrukskommunen i Vestland, i areal. Eigen  matvareproduksjon må oppretthaldast. 
  • Stimulere til rydding og beiting av kulturlandskap og vern av dyrka jord. 
  • KrF er oppteken av avgifter og betaling for ulike tenester skal opplevast føreseielege og  rettferdige, og at kommunen kommuniserer tydeleg. 
  • Brannstasjon i Førde er eit av dei større tiltaka som må prioriterast i perioden. 

Miljø, naturvern og friluftsliv 

  • Gjennomføre vedtekne tiltak og rullere kommunen sin miljø- og energiplan.
    • Enøktiltak på kommunale bygg. 
    • Redusere mengde avfall gjennom kjeldesortering og gjenbruk. 
    • Kommunen vurderer innkjøp av brukte møblar og inventar i sine utleigebustader.
    • Einslege bør få redusert gebyr på kommunale avgifter. 
    • Frivillige organisasjonar som organiserer gjenbruk, må få levere boss gratis og ikkje betale  som bedriftskunde. 
    • Undersøkje vassdraga, gjennomføre handlingsplan for reinsing. 
    • Legge til rette for badeplassar med toalett og bossdunkar. 
    • Redusere matsvinn ved å styrke kunnskapen om haldningar til mat. For å få til dette er  samarbeid mellom folkehelse, ulike organisasjonar og skulane viktig. 
    • Meir informasjon til husstandar om ordningar med heimekompostering. 
    • Arbeide for at SUM komposterer og tilbyr hagejord for dei som vil kjøpe det.
    • Arbeide for fleire ladepunkt for elbil.
    • Stimulere til rydding av skog og kratt langs vegane for ei betre
    • naturoppleving.
    • Snøheia utbygginga av vindturbinar dersom det tilfell lokalegrunneigarar nok.