KrF byggjer politikken sin på den kristendemokratiske ideologien. Vårt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar. Eit samfunn i forandring treng forankring. Tillit, fellesskap og tryggleik vert skapt gjennom menneske som engasjerer seg, bryr seg om og tek ansvar for kvarandre. Vi trur gode samfunn vert bygde nedanifrå og i samspel mellom enkeltmennesket, familien, frivillig verksemd, næringsliv og offentlege styresmakter.
Respekten for at kvart enkelt menneske er unikt og uendeleg verdifullt, er ein sentral verdi for KrF. Slår vi ring om menneskeverdet, får vi eit varmare samfunn.
Stryn kommune har store rikdomar – natur, kultur, historie, næringsliv og tusenvis tilreisande som besøker bygdene våre gjennom eit år. Den aller største ressursen er likevel menneska som bur her. I lokalpolitikken skal vi forvalte ressursane på ein slik måte at Stryn blir ein endå betre kommune å bu i – for alle!
KrF ynskjer særleg å vere ei stemme for dei som ikkje ropar så høgt sjølve. Vi vil ha ein politikk som tek vare på einskildmennesket og fellesskapet. Vi seier ja til eit varmare samfunn!
Familie, oppvekst og opplæring
Stryn KrF vil arbeide for :
- nok ressursar og rett kompetanse i alle tenester for barn og unge.
- tiltak som støttar foreldrerolla – frå barseltid til tenåringsfasen
- at barnehage og skule får nok ressursar til å gje det enkelte barn tilpassa opplæring
- at lærarane får meir tid til kvar elev, at fleire yrkesgrupper kjem inn i skulen, samt styrke skule/heim-samarbeidet.
- godt koordinert tverretatleg samarbeid som sikrar barn og unge rett hjelp til rett tid
- desentralisert barnehage- og skulestruktur med SFO
- framleis sikre fleksibilitet i barnehageopptaket
- sommaropne barnehagar
- at skuledagen på 1. trinn gjev rom for fri leik og leikbasert læring, gjerne etter modell frå pedagogisk utviklingsarbeid ved Tonning skule
- leksefri 1.-4. trinn
- sikre grunnleggande dugleik i lesing og skriving
- mobilfri skule
- gratis SFO for dei elevane som har rett til SFO også etter 4. trinn.
- trygg skuleveg for alle barn
- prioritere utbygging av Tonning skule
- ei føremålstenleg og framtidsretta løysing for bygningar og uteområde ved Stryn ungdomsskule
- tiltak som førebyggjer mobbing – fokus på sosiale media
- at barnevernet har nok faglege ressursar, prioritere styrking av Familieteamet
- at Stryn vidaregåande skule vert oppretthalden, med breidde i studietilbodet
Helse og omsorg
Stryn KrF vil arbeide for:
- at helse- og omsorgsetaten har tenester som er kjenneteikna av kompetanse, kvalitet, kontinuitet og at dei er tilgjengeleg for alle
- auka satsing på førebyggjande helsearbeid gjennom styrking av helsestasjon, Frisklivssentralen og kvardagsrehabilitering
- barn og unge si psykiske helse, med særleg vekt på tverretatleg samarbeid, førebyggjande tiltak og tidleg innsats
- eit godt psykisk helsevern som gjev oppfølging i eller nær heimen
- å styrke oppfølging og hjelp til pårørande for barn, ungdom og vaksne med alvorlege fysiske eller psykiske helseutfordringar, med tilbod om avlastning og/eller hjelp i heimen
- eit seniorvenleg samfunn – med vekt på meistring og eldre som ein ressurs
- at det er nok institusjonsplassar for dei som treng det, og individuelt tilpassa hjelp for dei heimebuande som treng kommunale tenester.
- bruk av velferdsteknologi som fremjar tryggleik og meistring, og gjev auka funksjonsevne
- å realisere utbygging av Stryn omsorgssenter
- oppretthalde institusjonskjøkken i full drift ved begge omsorgssentera
- at par som ynskjer det, der begge har trong for tyngre omsorgstenester, skal kunne bu saman på omsorgssenter eller i omsorgsbustad
- at brukarane av kommunale bu- og omsorgstenester er sikra eit tilpassa aktivitets- og velferdstilbod, der også åndeleg omsorg vert ivareteke.
- å opprette stilling som musikkterapeut
- at omsorgssentera har tilrettelagde rom for pårørande til dei som er i Livets siste dagar
- fleksible turnusordningar med mål om auka rekruttering og fleire heile stillingsheimlar
- styrka rekruttering av nyutdanna helsepersonell (stipend, bustadordning o.a.)
- styrke støttekontaktordninga
- at Stryn kommune har ei god ordning for BPA (brukarstyrt personleg assistent)
- ein solidarisk alkohol- og ruspolitikk som reduserer alkoholforbruket, – gjennom:
- god sals- og skjenkekontroll
- at alle kommunale arrangement er alkoholfri
- at sports- og idrettsarrangement er alkoholfri
- at Stryn blir «Av- og-til»-kommune som er eit nettverk for lokal alkoholførebygging
- tverretatleg innsats (særleg mellom skulane og politiet) for å forebygge og avdekke bruk av narkotika
Næringsliv, samfunnsutvikling og samferdsel
Stryn KrF vil arbeide for:
- at FN sine berekraftsmål ligg til grunn for all samfunnsplanlegging
- offensiv kommunal planlegging som legg til rette for:
- ledige bustadtomter i alle bygdelag i kommunen
- tilgjengelege gjennomgangsbustader og omsorgsbustader i alle bygder
- næringsareal i alle deler av kommunen
- bevare gjennomgåande turstiar ved utbygginga av Tonningkamben
- at kommunen skal ha eit levedyktig landbruk for å oppretthalde lokal matproduksjon og levande bygder
- å støtte utviklingsprosjekt som fremjar rekruttering og nyskaping i landbruk og skogbruk.
- å støtte opp om grøn omsorg, gardsturisme og anna næringsverksemd knytt til landbrukseigedomar
- å prioritere kommunale vegar for å oppretthalde busetnad og verdiskaping i grisgrendte deler av kommunen
- å oppretthalde samarbeidet mellom skule og næringsliv
- å framleis ta imot og busette flyktningar, og styrke integreringsarbeidet gjennom samspelet mellom offentleg og frivillig innsats
- jobbe for desentralisert høgare utdanning for å behalde ungdommen og rekruttere arbeidskraft.
- at Stryn kommune som arbeidsgjevar gjev større rom for permisjonar ved t.d. ynskje om anna jobb ein tidsavgrensa periode
- at regelverk for opningstid i butikkane skal verne søndagen som kviledag
- eit sterkare folkehelseperspektiv med auka satsing på gang- og sykkelvegar, prioritere trygge skulevegar
- å styrke trafikktryggleiken i Stryn sentrum
- at Stryn sentrum vert lagt til rette for bruk av rullestol
- gjere strakstiltak for å sikre mjuke trafikkantar i samband med aktivitetsbasert turisme i Olden og Loen
- at kommunen er pådrivar for utbetring av fylkesvegane til Oldedalen, Lodalen, og strekninga Vegtun-Hopland
- at kommunen er pådrivar for rask utbygging av ny Rv.15 for sikker veg over Strynefjellet
Klima og miljø
Stryn KrF vil arbeide for:
- levande og attraktive bygder med vedlikehald og utvikling av kulturlandskapet
- å sikre at matjord vert nytta til matproduksjon gjennom eit strengt jordvern og driveplikt, men at arealvern likevel ikkje må vere til hinder for fornuftig bruk og utvikling i bygdene
- ei klimavenleg utvikling av cruisetrafikken gjennom skjerpa miljøkrav, der etablering av landstraum er eitt alternativ
- at kommunen sine anbod- og innkjøpsordningar legg stor vekt på klima og miljø
- fleire ladepunkt for el-bilar ved kommunale bygg
- at kommunale bygg oppfyller krava til å bli Miljøfyrtårn
- å stimulere til gjenbruk og gjenvinning av ressursar
- at Stryn aktivt profilerer sin status som Nasjonalparkkommune, gjennom ansvarleg forvaltning og lokalt tilpassa merkevarebygging.
Livssyn, kultur og fritid
Stryn KrF vil arbeide for:
- at alle opplever at trusfridom er ein grunnleggande rett, og blir møtt med respekt for å praktisere trua si
- vedlikehald og drift av kyrkjene
- eit vigsla kyrkjelydslokale i Stryn sentrum
- å sikre god nok kapasitet ved alle gravplassane, og halde gravplassane i god stand
- etablering av namna minnelund for urner på alle gravplassane
- stimulere til auka bruk av urnegravlegging ved å gje kommunalt tilskot ved kremasjon.
- universelle støtteordningar som t.d. «Fritidskortet» for auka deltaking i sosiale aktivitetar, for å hindre utanforskap blant barn og unge
- å opprette fritidsmentor i kommunen, som kan rettleie inn i fritidsaktivitetar, og fange opp og formidle hjelp til dei familiane som treng ekstra støtte
- økonomisk stønad til rusfrie ungdomstiltak innan ulike interessefelt t.d. samlingsplass for motorinteressert ungdom
- å auke kulturmidlane til lag og organisasjonar, og stimulere til kulturelt mangfald
- sikre Frivilligsentralen ei føreseieleg drift
- sikre god samhandling mellom frivillige organisasjonar og kommunale teneste
- prioritere varmtvassbasseng i utviklinga av symjehallen
- at kommunen tek ansvar for å sikre lokale kulturminne med høg verneverdi
- utvikling av kulturskulen med vekt på kvalitativt gode opplæringstilbod som er desentralisert og tilgjengeleg for alle
- at det skal vere enkelt og rimeleg for frivillige lag og organisasjonar å leige kommunale bygg