Valprogram for Stranda Kristelege Folkeparti 2023-2027
Stranda KrF
Ynskjer å utvikle eit varmare lokalsamfunn og setje menneskeverd i sentrum.
Familie, barn og ungdom
KrF går inn for
- å leggje til rette for unge psykisk- eller fysisk funksjonshemma i arbeidsliv og fritid – at barn og unge skal få vekse opp i eit rus- fritt miljø inkludert kulturhus, idretts- og skianlegg
- å oppretthalde godt tilpassa barnehage- tilbod og skulefritidsordningar
- å stimulere til eit variert barne- og ungdomsarbeid i alle bygdelaga
Helse og omsorg
KrF går inn for
- å prioritere omsorg for svake grupper framfor generell auke av velferd
- å prioritere gode og tenlege avlastnings- tilbod inkludert tiltak for demente
- å prioritere tiltak for betre folkehelse i samarbeid med lag og organisasjonar -saman med foreldra å styrke det rusføre- byggande arbeidet blant barn og ungdom -å redusere tilgang til alkohol for å avgrense skadeverknader
- etablere nye omsorgssbustader i Stranda tettstad
Skule og utdanning
KrF går inn for
- at det kristne verdisynet skal prege skule og utdanning
- rehabilitering av Ringstad skule
- at Stranda kommune skal vere eit godt vertskap for Stranda vgs og Vestborg vgs
- at dei vidaregåande skulane bør ha eit variert fagtilbod som er tilpassa lokalt næringsliv
- å leggje til rette for fleire lærlingeplassar i kommunal verksemd
Kyrkje og kristenliv
KrF går inn for
- at kyrkja og kristeleg arbeid må få gode arbeidsvilkår
- å yte midlar til drift og vedlikehald av kyrkjebygg og gravlundar
Kultur, idrett og friluftsliv
KrF går inn for
- å innføre fritidskort for barn og unge
- å vidareføre eit variert tilbod i kulturskulen -å sikre område til turløyper og friluftsformål -å medverke til at nye innbyggjarar blir betre integrerte i lokalsamfunnet
Samferdsel
KrF går inn for
- å prioritere trafikktryggingstiltak og opp- rusting av kommunale vegar
- å bygge planlagd gangveg Langlo-Ødegård -at det blir bygd gangveg i Meieribakken på Ringstad
- å arbeide for ny fylkesveg Hellesylt-Grodås -å arbeide for rassikringstiltak ved Grande på fv 63 Geiranger – Eidsdal
- å arbeide for heilårsveg Geiranger-Grotli
- å arbeide for planlegging og gjennomføring av tunell Engeset-Hole
Miljø og ressursforvaltning
KrF går inn for
- å sikre område med verdfull natur i planarbeid
- berekraftig bruk av verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland
- å arbeide vidare med alternative energi- kjelder
- å motivere til klimavennleg forbruk
Bustad- og hytteområde
KrF går inn for
- å leggje til rette for bustadbygging i alle bygdelaga
- at utbyggingsplanar må sikre varierte bustadtyper, gode nærmiljø, leikeplassar og trafikktrygging
- at planlegging av nye hytteområde må ta omsyn til natur og friluftsinteresser
Næringsliv og landbruk
KrF går inn for
- å arbeide for gode rammevilkår for nærings- livet inkludert reiseliv
- aktivt arbeid med næringsutvikling og sikre tilgang på næringsareal
- å oppretthalde eit aktiv landbruk og medverke til høvelege attåtnæringar
- å stimulere til godt stell av kulturlandskap
Folkestyret
KrF går inn for
- at det må leggast til rette slik at alle yrkes- og aldersgrupper kan delta i politisk arbeid
- at ungdomsrådet, eldrerådet og rådet for funksjonshemma skal ha aktive roller
- at dei som blir berørte av offentlege planar, må takast med på råd m.a. ved folkemøte
Økonomi
KrF vil føre ein ansvarleg økonomisk politikk i høve til dei ressursane kommunen rår over. KrF vil arbeide for å trappe ned eigedoms- skatten i Stranda kommune.