Program Stord 2023-2027

KrF bygger sin politikk på den kristendemokratiske ideologi. Vårt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettigheitar og har si forankring i det kristnemenneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret.

KrF er eit verdiparti bygd på overtydinga om at dei kristne verdiane er det beste grunnlaget for åutvikla politiske løysningar for samfunnet vårt. Samtidig må det settast klare grenser for politikken sitt virkefelt.

Trusfridom er grunnleggjande i kristendemokratisk ideologi, og politikken skal difor aldri blanda seg inn i menneska sine personlege trusforhold. Målet med politisk arbeid er eit best mogleg samfunn for alle, uavhengig av tru.

KOMMUNAL DRIFT OG ØKONOMISTYRING
Stord KrF er opptekne av å ha eit velfungerande folkestyre der ulike grupper i lokalsamfunnet har høve til å påverke og ta del i utviklinga i samfunnet her me bur. Det er viktig at forvaltninga er open, slik at ein sikrar demokratiske prosessar og avgjerder.

  • Stord KrF vil føre ein ansvarleg økonomisk politikk. Me er opptekne av ein nøktern bruk av kommunen sine pengar, slik at det er eit berekraftig og balansert forhold mellom inntekter og utgifter.
  • Stord KrF vil prioritera dei mest sårbare gruppene i kommunen når budsjettet skal handsamast. KrF er klar til å ta dei nødvendige prioriteringane til beste for innbyggarane.
  • Stord KrF er i utgangspunktet negativ til eigedomsskatt, og vil redusera denne så snart kommuneøkonomien tillèt det. Så lenge det er eigedomsskatt vil Stord KrF at inntektene i første omgang skal nyttast til investering og nedbetaling av gjeld, deretter til å løfta levekåra der utfordringane er størst.
  • KrF er uroa for dei høge kommunale avgiftene på Stord og vil arbeida for ein reduksjon av desse.

KOMMUNESTRUKTUR OG LOKALDEMOKRATI

Stord KrF vil ha eit sterkt lokaldemokrati der saker vert handsama lokalt. Gode kommunale tenester er viktige for eit levande lokalsamfunn. Stord KrF vil arbeida for at tenesteproduksjonen kan gjerast lokalt, også i framtida.

KrF vil:

  • Ha ei open og offentleg forvaltning med like gode kommunale tenester i alle deler av kommunen.
  • Legge til rette for at Huglo skal vere eit livskraftig samfunn, slik at det vert attraktivt for nye familiar å busette seg der.
  • Arbeida for eit tett samarbeid mellom kommunane i Sunnhordland for å sikra at statlege og regionale funksjonar og investeringar vert lagt til regionen vår.

OPPVEKST OG SKULE

Stord skal vere ein god kommune å veksa opp i. Stord KrF vil la omsynet til borna vege tungt i saker som gjeld trygge heimar, barnehagar, skular, skulevegar og oppvekstmiljø. Det er klart at førebygging og tidleg innsats er det som gir best resultat, og difor vil me satsa på barnehage og skule.

  • Familien som samfunnet sin viktigaste grunnstein må vernast og styrkast. Stord KrF vi legga vekt på å skapa eit inkluderande oppvekstmiljø for alle born og unge. Stord KrF vil arbeida for eit velfungerande barnevern i Sunnhordland og støtte tiltak som kan hjelpe foreldre i å vere tydelege og trygge ansvarspersonar og sikre at familiar i krise får god hjelp
  • Ein god offentleg skule er ei av kommunen sine hovudoppgåver. Me vil arbeida for tenlege skulebygg og leggje til rette for gode læringsmiljø for alle elevar.
  • Lærarane er skulen sin viktigaste ressurs og må ha gode arbeidsvilkår. Me vil sikra at skulane har tilstrekkeleg lærardekning til å oppfylle dei krava lærarplanen set. Stord KrF ynskjer tiltak som gjer at lærarane kan bruke meir tid på elevane si læring og utvikling. Me vil legge til rette for gode læringsmiljø som bygger robuste og inkluderande born og ungdom ved at skulane kan fokusera på dei tverrfaglege emna i læreplanen; demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring. Me bur på ei øy med nærheit til sjø og ser difor behovet for å legge til rette for god symjeopplæring. Stord KrF vil arbeida for å tilpasse dei fysiske rammene til den nye lærarplanen samt skape gode møteplassar også utanom skuletida.
  • Stord KrF vil styrke skulane med naudsynte spesialtenester samt utvide helsesjuke-pleiartenesta til å dekke heile skuletida.
  • Stord KrF vil at den kristne kulturarven skal prega barnehage- og skulemiljøet. Me vil at skulegudstenester i kristne høgtider skal inngå som ein naturleg del av skulen sine aktivitetar. Om lokale kristne skulelag ynskjer å etablera eit frivillig tilbod i grunnskulen, vil me støtta dette.
  • Stord KrF vil leggje til rette for gode kommunale og private barnehagar i alle delar av kommunen. KrF ynskjer forsøksordning med auka grunnbemanning i ein kommunal og ein privat barnehage. Minst ein av desse skal ha barnehagelærarutdanning.
  • Me vil arbeida for å sikra tilstrekkeleg bemanning til å oppfylle kommunen sin plan for inkluderande barnehage, skule og SFO, også utover bemanningsnorma om naudsynt. Me vil arbeida for at SFO skal vere eit reelt tilbod til alle og sjå på ordningar for søskenmoderasjon.
  • Me vil støtte opp om initiativ til kristne privatskular.

KULTUR , IDRETT OG FRIVILLIG ARBEID

Stord KrF vil støtte opp om dei mange gode fritids-, idretts- og kulturtilboda i kommunen. Dette er verdifulle arenaer og gode møteplassar for barn, unge og vaksne. Difor er det å ha gode rammer for frivillig arbeid, kultur og idrett viktig.

  • Kulturskulen har stor verdi i lokalsamfunnet, og Stord KrF vil oppretthalde gode tilbod i kulturskulen. Me meiner det er viktig at tilbodet i kulturskulen har lav eigenbetaling. Me vil arbeide for at kulturskulen har eit tilbod også til psykisk utviklingshemma.
  • HVL er ein viktig institusjon i vårt lokalsamfunn, også i kultursamanheng, og må takast vare på. Me ønskjer eit tett samarbeid mellom HVL, kommunen og dei ulike laga og organisasjonane.
  • Stord KrF ønskjer å oppretthalde eit godt idrettstilbod, slik me har gjennom dei ulike idrettslaga på Stord. Me vil stimulera det frivillige engasjementet og leggje til rette for breidde og mangfald i idretten. Kommunen må legge til rette for godt samarbeid med idrettslaga, mellom anna med gode avtalar om bygg og anlegg.
  • Stord KrF vil bidra til god integrering av flyktningar og innvandrarar som kjem til kommunen. Me må ha møteplassar for å knyte kontaktar. Det er viktig at både kommunen og frivillige er med og tek ansvar. Idrettslag, kyrkje og frivillige organisasjonar er viktige medspelarar i dette arbeidet.
  • Stord KrF vil vidareføre og utvikle Frivilligsentralen og BUA. Me vil bruke fritidskortet til å sikre at born og unge i familiar med dårleg råd får delta i fritidsaktivitetar
  • Stord KrF vil arbeide for heilårsveg til Heio og for betre parkeringstilhøve på Heio.

KYRKJE OG KRISTENLIV

Stord KrF vil verne om den kristne kulturarven.

  • Kyrkja har ein sentral og viktig plass i våre lokalsamfunn. Stord KrF vil arbeide for å ta vare på den kulturarven kyrkja representerer. Partiet vil støtte arbeidet kyrkja og frivillige kristne organisasjonar driv for alle aldersgrupper i samfunnet.
  • Stord KrF vil sikre godt vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar, og vere med å leggje til rette for kyrkjelydshus ved Stord kyrkje. Me vil sikra dei økonomiske rammene for kyrkja, godt vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar og betre parkeringstilhøve ved Stord kyrkje.
  • Stord KrF vil verne om helgedagsfreden og halde på søndagen som ein annleisdag.
  • Stord KrF vil legge til rette for at kristne lag og organisasjonar kan søke kommunale midlar til sine arrangement og drift.

FØREBYGGING, HELSE OG TRYGG ALDERDOM

Stord KrF vil ha eit helsetilbod som er lett tilgjengeleg for alle brukar i kommunen.

  • Me ser at behova særleg innan helse og omsorg er sterkt aukande, og vi arbeida for eit godt tilbod til dei eldre i kommunen. Det må vere jamvekt mellom heimebaserte tenester, omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.
  • Kommunen treng fleire sjukeheimsplassar, og me vil bygge ny sjukeheim. Me støttar private aktørar som ønskjer å bygge seniorbustader med fellesrom og aktivitetsmoglegheiter.
  • Krf ønskjer at kommunen skal ha eit godt tilbod av hjelpemidlar til heimebuande med ulike behov. Me vil at kommunen skal ta i bruk velferdsteknologi, der dette betrar situasjonen for både brukarar, familie og pleiarar. Me ønskjer ei større satsing på rehabilitering i heimen og dagplassar. Kommunikasjonen med kommunen må være enkel, også for dei som ikkje nyttar digitale medium.
  • Stord KrF vil støtte frivillig arbeid retta mot eldre og uføre, og styrke samarbeidet med frivillige organisasjonar, som Røde Kors og kristne lag og organisasjonar.
  • Stord Krf vil satse på førebyggjande helsearbeid.
  • Stord Krf vil at mottaksapparatet for ferdigbehandla pasientar må styrkast, slik samhandlingsreforma føreset. Krf vil styrke koordinerande eining slik at personar med samansette problemstillingar får god hjelp.
  • Me vil legge til rette for betre samarbeid mellom faginstansar og  pårørande til personar med fysiske og psykiske utfordringar.
  • Krf vil vidareutvikle arbeids- og aktivitetstilbod for utviklingshemma og andre med særskilde utfordringar. Me vil betre ettervernet av rusmisbrukarar, og ha god oppfølging for pasientar med psykiske lidingar.
  • Krf vil sikre akutt- og fødetilboda ved Stord sjukehus.

RUSPOLITIKK

Rus- og alkoholproblem er ei av våre største sosiale utfordringar og medfører store helseproblem. Redusert rusmisbruk vil auke livskvaliteten for mange, ikkje minst for born, og vere positivt for samfunnet.

  • Førebygging blant unge er viktig for å hindre rekruttering til rusmiljøa. Stord KrF vil styrke tiltak som prioriterer rusfrie soner i idrett, kultur- og kristenliv som gir dei unge høve til utvikling og modning utan bruk av rusmiddel. Me vil at idrettsarenaer og arrangement der born og unge er til stades skal vera rusfrie.
  • Stord KrF vil styrke skulane i det førebyggjande arbeidet, gjerne i samarbeid med SLT-koordinator og politiet.
  • Foreldre og omsorgspersonar er den viktigaste ressursen i førebyggjande arbeid og me vil støtte tilbod der foreldre ønskjer rettleiing.
  • Stord KrF vil arbeide for å redusere alkoholforbruk fordi me ser at rus er årsak til mange samfunnsproblem som kriminalitet, utrygge oppvekstmiljø, fattigdom, samlivsproblem, vald, hærverk og ulykker. Me vil blant anna arbeide for reduserte skjenketider, gjerne i samarbeid med nabokommunane og redusere salstider på alkohol i butikkar. Me vil og ha hyppig kontroll med skjenke- og salsstader og bruke sanksjonar ved brot. Stord KrF vil ikkje gi kommunal stønad til arrangement der det vert servert alkohol.
  • Stord KrF ønskjer gode behandlingsplassar og rehabilitering for menneske med rusproblem. Tett oppfølging og god koordinering av ettervern er avgjerande for at rusbehandling skal lukkast. Me ønskjer satsing på mellom anna arbeidsretta tiltak. Stord KrF vil ha bustadar for oppfølging av bustadlause rusmisbrukarar.

NÆRING

Stord KrF er eit parti for næringsliv, innovasjon og gründerskap og vil at kommunen skal vere ein attraktiv næringskommune og regionssenter. Me står rotfesta i Hans Nielsen Hauge si ånd mellom anna gründerskap, hardt arbeid og samfunnsansvar er sentrale verdiar.

  • Stord KrF vil ha ein god infrastruktur og føreseielege rammer for næringsetablering. Me vil styrke det kommunale næringsfondet og ta det aktivt i bruk i næringsarbeidet. Me vil sørge for gode kommunale planar for byutvikling og følgje desse.
  • Stord KrF meiner det er viktig at kommunen legg til rette for framtidsretta verksemder som bidreg til det grøne skiftet. Me vil leggje til rette for gründerar og vidareføre det gode samarbeidet med Atheno.
  • Stord KrF vil arbeide for at Stord og Sunnhordland har tilgang på meir kraft i regionen for å ha forutsetning for utvikling av næringsliv og ivaretaking av eksisterande industri.
  • Stord KrF vil stimulere til samarbeidsprosjekt mellom næringslivet, kommunen og Høgskulen på Vestlandet.
  • Stord KrF meiner satsing på ungt entreprenørskap er viktig for å gje ungdom tru på eigne skapande krefter. Prosjekt der ein etablerer samarbeid mellom skule og næringsliv må prioriterast.
  • Stord Krf vil at kommunen tek inn nok lærlingar og vidarefører samarbeidet med opplæringskontoret. Me støttar, og ynskjer å legga til rette for, fleksible ordningar som lar ungdom og vaksne å ta fagbrev.
  • Stord Krf vil støtta reiseliv og turisme og løfta fram det viktige arbeidet som blir gjort ved gruvene på Litlabø.

KLIMA OG MILJØ

Forvaltaransvaret er sentralt i den kristendemokratiske politikken. Dagens utfordringar må løysast utan å skapa problem for framtidige generasjonar. Dette er styrande for alle politikkområde, men gjeld spesielt innanfor klima og miljø.

  • Politikken må legge til rette for reduserte klimautslepp samstundes som ein tek vare på lokalt naturmiljø. Redusert energibruk og omlegging til grønare energikjelder gjev reduserte klimautslepp og Stord KrF vil difor leggje til rette for ei slik utvikling, særleg innan transportsektoren på land/vatn og for nye bustadfelt/næringsområde. Me vil ha fokus på at kommunen vel løysingar for eiga drift som er i tråd med FN sine bærekraftmål.
  • Lokalt naturmiljø er viktig for naturmangfald, oppvekst og folkehelse, både nært der folk bur og som større friluftsområde. Stord KrF vil difor ta vare på og utvikle desse verdiane.
  • Stord KrF vil leggje til rette for verksemder som utviklar klimavenlege løysingar. Me vil at offentlege bygg i Stord skal ha klimavennlege løysingar sett i eit livsløps perspektiv og at alle kommunalt innkjøpte bilar skal vere nullutsleppsbilar.
  • Stord KrF vil i størst mogleg grad behalda opne bekkeløp og sikre grøne lunger ved all arealplanlegging.
  • Stord KrF vil ikkje ha vindmøller på Stord-øya utanfor vindparken som alt er bygd.
  • Byggje ut samanhengande sykkelvegnett

SAMFERDSLE

Stord KrF vil arbeida for trygge skulevegar og ei satsing på kollektivtilbodet.

  • Stord KrF vil legge til rette for ei sterkare satsing på kollektivtrafikk, særleg i og rundt Leirvik, mellom Leirvik og Sagvåg, Leirvik-Rommetveit og mellom Leirvik og Bremnes. Me vil ha god kvalitet og frekvens på kollektivtrafikken og meiner at både tilgjenge, avgangsfrekvens og konkurransedyktige prisar er nødvendige for å auke bruk av kollektive reiseformer.
  • Stord KrF vil arbeide for rask realisering av ferjefri E39 og at framtidig trase mellom Stord og Kvinnherad må sjåast i samanheng med denne prosessen. Me er positive til Sunnfast prosjektet som vil binda Sunnhordland saman og gi kortare reisetider internt i regionen, utan å bygge ny ferjekai på Stord.
  • Stord KrF vil at E39 skal kryssa over Langenuen etter det «søre alternativ» dvs. ved Jektevik.
  • Stord KrF vil sikre gode ferjeruter mellom Nordhuglo og Jektevik og arbeida for eit betre rutetilbod for hurtigbåtar i Sunnhordlandsbassenget og mot Bergen.