Program Sogndal KrF 2023-2027

KrF vil at Sogndal skal vera ein god kommune å bu i, med mangfald, rom for utvikling og nærleik til tenestene. Både nye og gamle innbyggjarar skal kjenna på glede og tryggleik og vera stolte over å vera ein del av i Sogndal kommune.
Alle menneske har ein ukrenkeleg verdi. Det er difor viktig at alle møter tenester med høg kvalitet der ein tek på alvor at menneske har både fysiske, psykiske, sosiale og åndelege behov. Sogndal skal vere ein livssynsopen kommune.
Saman vil vi byggja ein sterk Sogndal kommune. KrF ynskjer å ta i bruk og å framheva dei ulike særprega bygdene i kommunen vår har. Vi ynskjer å dra nytte av potensialet i eit sterkt sentrum i Sogndal, i høg kunnskap og spennande arbeidsliv på Leikanger og i turistmagneten Balestrand. Samstundes vil vi leggja til rette for vekst i næringsliv, fleire arbeidsplassar og større tilflytting i alle delar av kommunen.

Vårt verdigrunnlag

Det kristne menneskesynet inneber at alle har ein unik eigenverdi og eit ukrenkeleg menneskeverd. Som menneske har vi både åndelege og materielle behov og samfunnet må leggja til rette for at heile mennesket skal få koma til uttrykk.


Nestekjærleikstanken forpliktar oss til å setja dei svakaste i samfunnet først. Storsamfunnet skal stilla opp, sjølv i krevjande livsfasar. Vi vil og løfta fram dei viktige fellesskapa: familiane,
skulane, studentmiljøet, arbeidsplassane og dei mange frivillige organisasjonane og laga.


Forvaltaransvar. Vi er ansvarlege for å forvalta skaparverket. Det høyrer også til dei som kjem etter oss. Økonomiske og menneskelege ressursar må forvaltast på ein ansvarleg måte. Klimautfordringa må takast på alvor

Oppvekst, skule og utdanning

KrF vil at skulane og barnehagane i samarbeid med heimane skal gje elevane trygge oppvekstvilkår og gje opplæring med høg kvalitet. Vi ynskjer at kristne grunnverdiar som nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og ansvar for skaparverket skal leggjast vekt på i skulane.

KrF vil:

  • sikra eit likeverdig barnehage- og skuletilbod i alle delar av kommunen
  • sikra at alle får eit barnehagetilbod i nærmiljøet
  • ha ein opptrappingsplan for å auka vaksentettleik i barnehage og skule.
  • Bemanningsnorma skal i barnehagen gjelde heile opningstida og lærarnorma på klassenivå for å sikre fagleg kompetanse
  • ha minst to barnehageopptak i året
  • sikra fleksible ordningar slik at foreldra kan velja kor mange dagar per veke dei vil ha
  • borna i barnehagen, og betala deretter
  • styrkja symjeopplæringa i skulen
  • auka innsatsen mot mobbing
  • at skulane og barnehagane legg vekt på eit godt samarbeid med kyrkja om formidling av den kristne kulturarven ved mellom anna skulegudstenester
  • at det skal vere rom for elevinitierte aktivitetar, som t.d. skulelag i skuletida
  • at alle skulane og barnehagane skal vera miljøfyrtårnsertifiserte
  • bygge ny barneskule og ruste opp Leikanger ungdomsskule
  • bygge ut Trudvang skule der den ligg i dag
  • auke løyvingar til vedlikehald til skular og barnehagar

Studentar

KrF ynskjer å leggja til rette for at alle studentane i Sogndal skal trivast i kommunen vår, og at mange vil busetja seg her etter studietida.

KrF vil

  • sikra at alle studentane, uavhengig av folkeregistrert adresse, har eit godt
  • helsetilbod i kommunen
  • halda fram det gode samarbeidet med Sygna vidaregåande skule
  • støtta eit godt samarbeid mellom Sogndal Folkehøgskule og kommunen
  • arbeida for eit breitt fagtilbod ved Sogndal vidaregåande skule

Helse og omsorg

KrF ynskjer å arbeida for eit samfunn som gjev alle tryggleik og gode helsetilbod. Vi vil prioritera tiltak for dei som slit med einsemd, og dei som har psykiske helseproblem. Vi vil arbeida for å redusera dei negative konsekvensane rusmiddel fører med seg.


KrF vil

  • sikra god livskvalitet til alle grupper i kommunen, særleg for personar med nedsett funksjonsevne
  • utvida lågterskeltilbodet for born og ungdom, sikre god koordinering der brukarar treng mange tenester
  • styrke den kommunale psykiske helsetenesta ved tilsetting av psykologar og sikre eit godt tverrfaglege tilbod
  • syte for at barnevernet har tilstrekkelege ressursar og kompetanse, at barn vert ivaretekne og familiar vert møtte med fagleg rette tiltak
  • gjennom ruspolitisk handlingsplan fastsetja rusfrie område og avgrensa tidsrom for sal og skjenking av alkohol
  • tilby gratis samlivskurs i kommunen
  • sikre god eldreomsorg. Her under bygge omsorgsbustader i dei større sentra med tilrettelagt tilbod for deltaking i høvelege sosiale aktivitetar og tilstellingar
  • få på plass tilbod om pårørandestøtte for heimebuande eldre med omsorgsbehov
  • at tilsette i eldreomsorga skal få kompetanse til å fange opp og møte eksistensielle
  • og åndelege behov, i tillegg til dei andre grunnleggande fysiske, psykiske og sosiale behova
  • at ein set i gang systematisk satsing på rekruttering av helsearbeidarar i kommunen, her under stimulering av eige personale som vil heva sin kompetanse ved t.d. desentralisert sjukepleiarutdanning
  • at sjukeheimane i kommunen skal vere fyrtårnsertifiserte
  • sikre god koordinering i saker der brukarane treng mange ulike tenester

Kyrkje, kultur og frivillig arbeid

KrF ynskjer å ta vare på kristenarven vår og leggja til rette for gode kår for kyrkje, kristne organisasjonar og andre frie trussamfunn. Vi ynskjer å ha eit breitt kulturtilbod i kommunen og vil støtta arbeidet frivillige lag og organisasjonar driv.


KrF vil

  • at kyrkjene og kyrkjegardane skal ha eit godt og verdig vedlikehald
  • at kyrkja skal få tilstrekkelege ressursar til å gjennomføra trusopplæring og å utføra diakonalt arbeid
  • at arbeidet med kyrkjestova på Kaupanger vert fullført
  • at kyrkja på Leikanger skal få bårerom og toalett som stettar dagens krav
  • legge til rette for tenlege lokale for trus- og livssynssamfunn.
  • at kulturskuletilbodet skal vera breitt og ha god kvalitet
  • innføre kommunalt fritidskort for barn og unge i alderen 6 – 16 år
  • gje støtte til frivillige lag og organisasjonar.
  • KrF vil prioritera tiltak innan kultur- og organisasjonsliv der organisasjonar går saman om prosjekt
  • støtta det frivillige song- og musikkarbeidet
  • støtta fullføring av arbeidet med bygdebøker i dei ulike bygdene
  • arbeida for at lokale aktivitets- og friluftsområde er tilgjengeleg for alle
  • brukargrupper

Næringsliv og landbruk

KrF ynskjer at kommunen legg til rette for vekst og nyetablering, og held fram med å vere ein gründerkommune. Kommunen må arbeida aktivt for at fylkeskommunale tenester vert verande og at nye oppgåver vert lagde til kommunen. Kommunen skal fremja det grøne skiftet i næringslivet og prioritera bedrifter som vel klimasmarte løysingar.


KrF ynskjer at Sogndal kommune skal vera ein aktiv medspelar for å utvikle landbruket i kommunen med fokus på å utnytta dei klimatiske fordelane vi har for fruktdyrking, gode beiteområde og skogsdrift.


KrF vil

  • leggja til rette for etablering av nye bedrifter og at etablerte bedrifter kan utvikla seg vidare
  • Sogndal kommune skal vere ein attraktiv stad for bærekraftige industriinvesteringar
  • satsa på vidareutvikling av reiselivsprofilen til kommunen, spesielt i Balestrand, Fjærland og Sogndalsdalen
  • leggja tilhøva til rette for at Høgskulen på Vestlandet får gode vilkår for vekst i Sogndal
  • at alle elevar skal ha gjennomført ein entreprenørskap-aktivitet i løpet av året – gjerne i samband med Ungt Entreprenørskap
  • vera restriktiv til bruk av dyrka mark til bustader og industriføremål
  • støtta tiltak som hindrar attgroing av kulturlandskapet
  • støtta tiltak som kan redusera rovvilt-skadar på husdyr
  • at kommunen samarbeider med landbruksnæringa om ein landbruksplan

Samferdsel, arbeid og busetjing

For KrF er det viktig at det skal vere gode kommunikasjonstilbod i Sogndal kommune. Det skal vera attraktivt å busetja seg i alle delar av kommunen og det skal vera gode arbeids- og bu-forhold i kommunen. Gode pendlarruter og rusta opp vegar er eit viktig grep for å redusera klimaavtrykket.

Krf vil

  • at bru over Esefjorden skal byggjast raskast mogleg, og at riksveg 55 vert tofeltsveg gjennom heile kommunen
  • sikra born og unge trygg skuleveg og byggja eigen gang- og sykkelveg ved vegar med stor trafikk
  • ha gode vegar til, og parkeringsplassar ved, turområde
  • ha gode kollektive pendlarruter til og frå arbeid i alle delar av kommunen
  • sikra nok ladestasjonar for elbil i alle tettstadane i kommunen
  • rusta opp og leggja fast dekke på dei kommunale vegane
  • arbeida for å flytta gjennomgangstrafikken ut frå sentrum, til dømes ved tunnel bak Sogndal sentrum
  • leggja forholda til rette slik at nye familiar ynskjer å busetja seg i alle delar av kommunen
  • at kommunen skal vere positiv til mottak av flyktningar
  • støtta tiltak som gjev god integrering og førebyggjer diskriminering, rasisme og antisemittism