Våre hovudsaker
Auka satsning på psykisk helse
Tilbodet må styrkjast for å møta auka behov. Fleire psykologar. Styrkja
helse-team på skulane og auka satsing på Ungdomstenesta. Utvida samarbeidet med ideelle tiltak, som t.d. Basecamp, Homestart, PitStop og Dale Oen Academy.
Fritidskort for 8-16 åringar
Det er stadig fleire barn i kommunen vår som veks opp i fattigdom. Familieøkonomien skal ikkje vere til hinder for at barna deltar i fritidsaktivitetar. Derfor vil vi innføre eit fritidskort på 1800 kr pr barn til dekning av utgifter til fritidsaktivitetar.
Betre støtte og omsorg for personar med handikap og nedsett funksjonsevne
Personar med handikap nedsett funksjonsevne skal kunne leve fullverdige liv i kommunen vår. Ventelistene på tilpassa bustader skal reduserast kraftig, vi skal styrka omsorgstilbodet og utvida ordninga med fritidskontaktar. Vi vil spele aktivt på lag med ideelle aktørar som til dømes Homestart og Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU Øygarden).
Sikra det kristne fundamentet og den kristne kulturarva i kommunen vår
Vi vil støtte opp om kristen verdi- og kulturformidling, sikra at kyrkja får gode økonomiske vilkår, tilby gudstenester for skular og barnehagar til jul og påske, og styrkje tilskot til bedehus, forsamlingshus og leirstadene Skjergardsheimen og Fjell-ly.
Samlivskurs og foreldrerettleiing for alle førstegangsforeldre
Gode samliv mellom mor og far er nøkkelen til ei trygg oppvekst, og ei god oppvekst varer heile livet. Både kommunale og ideelle aktørar kan bidra med å løfte rettleiingstilbodet.
Omsorgsbustader for eldre i lokalsentra
Dei gamle må få bu nær familien. Barnebarn og oldebarn skal kunne gå eller sykle til besteforeldre og ikkje vere avhengige av å bli køyrd med bil til Straume, Ågotnes eller Skogsvåg.
Auka satsing på nyetablering og skalering av småbedrifter
Høvet for nyetableringar er gode i tida som kjem, ikkje minst knytt til etableringa av Bergen Havn på Ågotnes, Trollvind og det nye CO2 -anlegget på Kollsnes. Desse moglegheitene må vi utnytte gjennom ei sterkare satsing på inkubatorar og aktiv mentor-ordning for gründerar.
Program for Øygarden KrF 2023-2027
Kristne verdiar har vore avgjerande for utviklinga av lovene, menneskerettane og demokratiet i landet vårt. Desse verdiane gjer inspirasjon til politisk kamp for menneskeverdet, omsorg for dei sårbare og aktiv forvalting av skaparverket. Kristne verdiar og kulturarv har i over 1000 år vore det byggjande fundamentet for samfunnet vårt. Uavhengig av livssyn er dette trygge og gode verdiar å basere livet og samfunnet på. Vi vil fremje og verne om denne arva.
Vi ber om di støtte slik at dei kristendemokratiske verdiane, og politikken som følgjer av dei, også i framtida kan vere eit positivt fundament i Øygarden kommune.
I tillegg til dei sju hovudsakene på første side av programmet, gir vi her ei oversikt over sentrale saker vi vil kjempe for på dei ulike politikkområda.
Familie og oppvekst
Familien er ein grunnleggjande byggjestein i samfunnet. KrF ynskjer at Øygarden kommune skal vere attraktiv for barnefamiliar. Vi vil arbeide for gode oppvekstvilkår for barn og unge og sikre kvalifisert hjelp til heimar og einskildpersonar i heile kommunen. Kommunen skal sjå dei sårbare og utsette barna og trappe opp kampen mot barnefattigdom. Skulen skal vere ein trygg plass der alle vert inkluderte og den einskilde elev får utvikla sine gudgitte talent og skaparevner.
Krf vil arbeide for å:
- Innføre fritidskort for barn i alderen 8-16 år. Det er stadig fleire barn i kommunen vår som veks opp i fattigdom. Familieøkonomien skal ikkje vere til hinder for at barna skal kunne delta i fritidsaktivitetar. Difor vil vi innføre eit fritidskort på 1800 kr pr barn til dekking av utgifter til fritidsaktivitetar.
- Halde barnetrygda utanfor når inntekta blir lagt til grunn for sosialstønad.
- Gje samlivskurs og foreldrerettleiing til alle førstegangsforeldre.
- Styrkje Ungdomstenesta. Ungdomstenesta er eit utadretta tverrfagleg prosjekt der ungdom som slit får praktisk hjelp og støtte. Prosjektperioden er over i 2023. Vi vil fortsette og styrkje dette viktige arbeidet.
- Evaluere og betre det lokale barnevernet.
- Evaluere og styrkje det rusrelaterte arbeidet i samarbeid med ideelle aktørar.
- Sørge for at alle familiar med funksjonshemma barn får ein eigen kontakt som følgjer dei i kommunen.
Omsorg og støtte for dei med handikapp og nedsett funksjonsevne
KrF vil prioritera støtteordningar for personar med handikapp eller nedsett funksjonsevne, slik at dei kan leve fullverdige og gode liv i kommunen vår.
Krf vil arbeide for å:
- Redusere ventelistene på tilpassa bustader, styrka omsorgstilbodet og utvida ordninga med fritidskontakter.
- Spele aktivt på lag med ideelle aktørar som til dømes Homestart og Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU Øygarden) for å betre dei kommunale støttetiltaka
- Inngå samarbeid med HELT MED-stiftinga om inkludering av personar med nedsett funksjonsevne i det ordinære arbeidsliv. HELT MED er jobbspesialistar som koplar arbeidsgivarar og menneske med funksjonsnedsetting og finn gode individuelle løysingar.
- Integrere menneske med handikapp eller funksjonsnedsetting i dei vanlege bumiljøa i hele kommunen.
- Legge til rette for fritids- og idrettsaktivitetar for menneske med handikapp eller nedsatt funksjonsevne.
- Styrke ordninga med fritidskontakter
- Gje funksjonshemma like muligheter som andre til å bruke dei kommunale fritidstilboda i sommarferien.
Helse & omsorg
Det gode arbeidet på helse- og omsorgsfeltet må vidareførast. Innbyggjarane skal oppleve omsorg og verdigheit, uavhengig av kulturell bakgrunn, sosial status, helse eller økonomi. Dei åndelege behova blant sjuke og eldre skal ivaretakast. Helsetenestene skal fremje livshjelp og likeverd, og nå ut til innbyggjarane i heile kommunen.
KrF vil arbeida for:
- Fleire psykologar i kommunen. For mange vert ventetida for lang i dag, og når ein får hjelp, vert det for lenge mellom møta.
- Styrka helseteam på skolane. Fleire helsefaglege ressursar nær elevane.
- Prioritere støtte til, og samarbeid med, Basecamp, Homestart, Pitstop, Dale Oen Academy og andre verksemder som gir hjelp og støtte til personar med psykiske helseutfordringar
- Styrkje tilgangen på åndeleg omsorg i helsetenesta. Betre samarbeidet mellom helsetenesta, kyrkja og dei kristne organisasjonane.
- Sjukepleiarar på alle omsorgssenter og sjukeheimar.
- Få fleire tenester inn i lokalmedisinsk senter på Straume.
Skule og barnehage
Ved sida av heimen, er barnehage, SFO og skule viktige arenaer for borna. Sidan borna har ulike behov, må tilbodet organiserast på deira premisser. Kvaliteten må sikrast gjennom høg vaksentettleik, kompetent personale, gode lokale og uteområde.
Barnhagar og skular i kommunen skal ha god kvalitet og byggje vidare på den kristne kulturarven. Her er det plass til og behov for både offentlege og private tilbod. Det er grunnleggjande positivt at foreldre har høve til å velgje skular med alternative pedagogiske arbeidsformer og livssyn.
Krf vil arbeide for:
- Støtte og fylgje opp foreldre-initiativ om ny kristen skule på Ågotnes.
- Sikra at private skular får same tilskot til SFO som dei kommunale skulane
- Tryggare skulevegar. Prioritera strekningen Berge til Stranda skule.
- Styrkje symjeopplæringa i skulen slik at alle kan symje etter ferdig grunnskule.
- Sikre at undervisninga om kjønn og seksualitet er oppdatert og forskingsbasert. Skulen skal ikkje være arena for ideologisk kamp der den biologiske kjønnsforståelsen vert sett til side, men skal sikre ein forskingsbasert kunnskapsformidling der alle elevar blir møtt med respekt.
- Sikre tidleg innsats og tilrettelegging for elevar med spesielle behov
- Styrka helseteam på skulane. Fleire helsefaglege ressursar nær elevane.
- Løpande opptak i barnehagen gjennom året
- Tettare oppfølging av ungdom som droppar ut av skulen. Betre koordinering og samarbeid mellom skulen, Ungdomstenesta og dei ideelle organisasjonane.
- Leggje betre til rette for stimulering av dei fagleg sterke elevane gjennom heile skuleløpet
- Gje tilskot til ekskursjonar til Fjell festning og Nordsjøfartsmuseet, som del av eit fredsfremjande arbeid
Seniorar og eldre
I Øygarden kommune skal våre seniorar kunne leve sjølvstendige, aktive og trygge liv med god livskvalitet. Det er viktig å motvirke einsemd og skape kontakt mellom generasjonane. Kommunen vår skal vera ein stad der det er godt å bli gammal. Vi skal ha nok sjukeheimsplassar, tilrettelagte omsorgsbustadar og ei god heimeteneste. Dei eldre må få tilbod om ulike senioraktivitetar som gjev livskvalitet og livsglede.
KrF vil arbeide for å:
- Legge til rette for at dei som ynskjer det kan få bu i eigen heim i staden for på sjukeheim
- Utvikle og ta i bruk ny velferdsteknologi – innanfor gode etiske rammer
- Livsløpstun i alle lokalsentra. Dei gamle må få bu nær familien. Barnebarn og oldebarn skal kunne gå eller sykle til besteforeldre og ikkje vere avhengige av å bli køyrd med bil til Straume, Ågotnes eller Skogsvåg.
- Kartlegge omfanget av einsemd blant eldre og sette i verk målretta tiltak med basis i ny kunnskap.
- Involvere fleire eldre som ressursar i frivillig sektor på tvers av generasjonane. Mange eldre er aktive i ideelle organisasjonar, men det er også mange som ikkje vert utfordra eller rekna med, sjølv om dei både har motivasjon og evne til å bidra.
- Sikre god omsorg ved livets slutt og samarbeide tett med pårørande.
- Vidareføre satsinga “Sjef i eige liv”, med gode hjelpemidlar og tilrettelegging
Kristenliv og frivillig arbeid
Det er god oppslutning om frivillige organisasjonar, lag og foreiningar i kommunen. Denne innsatsen gir stor gevinst til samfunnet og livskvalitet til den enkelte. KrF vil støtte og leggje til rette for frivillig arbeid innanfor idrett, kultur, friluftsliv og kristent arbeid. Det er eit særskilt ansvar for kommunen å styrkje rammevilkåra for kyrkja, og KrF vil være ein aktiv støttespelar for kyrkja og anna kristent arbeid.
Krf vil arbeide for å:
- Utgreie behovet for ny kyrkje på Rong
- Styrkje det diakonale arbeidet i kyrkja og dei ideelle organisasjonane
- Halde oppe nivået på resten av arbeidet i kyrkja
- Legge til rette for ideelle organisasjonar:
- Støtte Homestart sitt arbeid med integrering av flyktningfamiliar og hjelp til andre familiar i ein sårbar livsfase.
- Støtte Basecamp, PitStop og Dale Oen Academy sitt viktige arbeid for ungdom som slit
- Støtte leirstadane Fjell-ly og Skjergardsheimen
- Gje tilskot til skuleskyss til gudstenester før jul og påske
- Iverksette nye tiltak for å engasjere fleire ungdommar i frivillig arbeid. Å bety noko for andre gir styrka livskvalitet.
Arbeid, næring og gründerskap
I kommunen vår har vi både store og små verksemder. Mykje av næringslivet er prega av bedrifter med lokalt eigarskap og tilknyting. Mange av dei er familiebedrifter og berebjelkar i lokalsamfunnet. Dei tilbyr arbeidsplassar lokalt og bidreg med det til busetnad, stabilitet og tryggleik i heile kommunen. Dette gir gode bygder, mindre trafikk, kø og forureining. KrF er opptatt av å sikre at alle som kan, skal ha eit arbeid der dei kan få bruke sine skaparevner, vere trygge og ha godt samspel med andre.
Krf vil arbeide for:
- Å legge aktivt til rette for etablering av nye lokale verksemder knytta til det nye anlegget for CO2-fangst- i Naturgassparken (Northern Light), Trollvind og Bergen Havn på Ågotnes. Evaluere og oppgradere aktivitetane i Gründerparken Vest og Vest Næringsråd til å handtera dei nye utfordringane innan vekst
- Å innføre mentor-ordning for bedrifter med potensiale for internasjonal vekst.
- At kommunal drift og forvaltning skal vere pådrivar i å ta imot lærlingar, og at kommunen skal ta inn så mange lærlingar som mogleg.
- At alle kontraktørar med meir enn 10 tilsette skal ha lærlingordning
- At kommunen skal vere ein pådrivar for å få innvandrarar inn i både offentleg og privat arbeidsliv
- Oppdeling av kommunale kontraktar. Innføre krav om at innkjøpskontrakter skal delast opp i delkontrakter der det er praktisk mogleg og økonomisk ansvarleg
- Program for stadutvikling. Utvikle en strategi for stadutvikling, med klare mål og tiltak for å styrke kommunen sin attraktivitet for bedrifter, arbeidskraft og turistar
- Å utvikle eksisterande industri-områder – og legge til rette for nye. Kommunen må ligge i forkant og tilby industri-areal til nye bedrifter når behovet melder seg.
- Å inngå samarbeid med HELT MED-stiftinga om inkludering av personar med nedsett funksjonsevne i det ordinære arbeidsliv. HELT MED er jobbspesialistar som koplar arbeidsgivarar og menneske med funksjonsnedsetting saman og finn gode individuelle løysingar.
Infrastruktur og samferdsle
Næringslivet og innbyggjarar er avhengige av effektive transportårer. Det grøne skiftet krev at ein legg opp til klima- og miljøvenlege alternativ på veg og sjø. Tenlege og trygge vegar må difor prioriterast. Krf skal vere ein pådrivar for berekraftige transportalternativ.
Krf vil arbeide for:
- Å få opprusta vegen på vestsida av Sotra – vestsidevegen
- Ny veg frå nord til sør på Sotra
- Å fullføre utbygging av breiband og mobildekning i heile kommunen
- Fortau på strekninga Berge til Stranda skule og Glesnes – Spildepollen
- Å ferdigstille utbetring av vegen frå Hjelme kyrkje til Hellesund/ Kalfaret
- Gratis parkeringsplassar ved kollektivknutepunkta, både for bilar og syklar
- Ladestasjonar for elbilar på viktige turiststader
- Betre kapasitet på toalett, bosslevering og tømmestasjonar for bubilar i heile kommunen
Klima & miljø
Skaparverket er ei gåve til mennesket. Berekraftig forvaltning og vern om naturen skal vere sentralt i vår politikk. Lokalt i Øygarden kommune skal dette vere styrande når politiske prioriteringar skal gjerast.
KrF vil forvalta dette ved å:
- Gjere Øygarden til nullutslippskommune innan 2030. Det skal lagast eit klimabudsjett med konkrete og forpliktande tiltak for å nå målet
- Arbeide for å rydde og halde kyststripa vår rein for all forureining
- Leggje til rette for, og støtte, berekraftig forvalting i landbruk, havbruk, fiske og fangst.
- Sikre at alle får anledning til å drive friluftsliv som helsefremmande, trivselsskapande og miljøvenleg aktivitet i naturen og nærmiljøet
- Arbeide for at alle folketette område i kommunen har nærleik til urørt natur og andre fri-areal både på land og sjø.
- Gjere det lettare for rullestolbrukarar å ta seg fram til vatn med fiske (pilotprosjekt).
- Sørge for at område av verdi for rekreasjon og friluftsliv vert sikra og forvalta slik at naturgrunnlaget vert tatt vare på. Ta vare på og verne friluftsområdet mellom Knarvik, Hjelteryggen, Foldnes og Våge, samt Midtmarka mellom Morland og Ulveset.
- Arbeide for støyskjerming ved vegutbygging
- Etablere kompetanse på, og stimulere til å ta i bruk, solcelleteknologi
Inndekning av nye tiltak
- Auka skatteinntekter frå høgre næringsaktivitet (nye bedrifter og vekst i etablerte).
- Kutta kostnader i kommuneadministrasjonen.