Program Osterøy KrF 2023-2027

Tid til det viktigaste – Tid som verdi

Familie – fridom til å velgje

Me er alle forskjellige og gjennomsnittspersonen finst ikkje. Kommunale tenester må heie på mangfaldet.

  • Tilpassa løysinger
    • Tilrettelagt undervisning i skulen
      • Skulebenken passar mange, men ikkje alle. KrF meiner at alle elevar har krav på å bli sett, høyrd og tekne på alvor.
    • BPA
      • KrF vil at fleire skal kjenne til ordninga og dei lovefsta rettene dei har. BPA motverkar utanforskap og gjer sjølvkjensle og livskvalitet
    • Avlasting
      • Mange pårørande legg ned ein formidabel innsats, men kan òg ha trong for eit lite avbrekk. KrF vil ha systematisk og føreseieleg avlasting for alle som har behov.
    • Eldreomsorg
      • KrF vil ha ei eldreomsorg prega av klåre hovud, bankande hjarte og varme hender. Og ikkje minst ressursar nok til å gje pasientar og deira pårørande ekte valfridom.

Næringsliv – fridom til å skape

Ein plass å bu, ein jobb å ha. Osterøy har mange solide og ansvarlege bedrifter som òg er samfunnsbyggjarar. Dei beste løysingane kjem når det offentlege samarbeider med private og frivillege aktørar til det beste for alle partar.

  • Lokale arbeidsplassar
    • KrF vil ha eit aktivt samarbeid mellom kommune og næringsliv. Lokalt næringsliv gjer arbeidsplassar og utvikling.
  • Effektive planprosessar
    • Ingen likar å vente, ikkje minst når store ting står på spel. KrF vil ha grundige og effektive prosessar som spelar på lag med næringsliv og innbyggjarar
  • Kommunen som medspelar
    • Osterøy har mange innbyggjarar og mange bedrifter, men ikkje ein for mykje. KrF vil legge til rette for fleire bedrifter og fleire ostringar.

Natur og miljø – vare framtida for borna våre

Me har berre ei Osterøy og ansvaret for å ta vare på ho ligg hjå oss alle. Me treng vekst og utvikling, men me må òg ta vare på miljø og natur.

  • Nei til monstermaster på Osterøy!
    • Straum må me ha og så billeg som mogleg. Men fleire master over øyne? Ikkje aktuelt!
  • Fjordane som livsnerve
    • Dei var motorvegar i gamle dagar, men er livsnerva i dag. Matfat og badeplass, næring og friluftsliv. Og med trong for at me alle vernar om dei. Osterøy KrF vil ha
  • Vakte urørt natur
    • Alle nye planar og søknader som inneber inngrep i urørt natur skal handsamast med spesiell merksemd på dette

Osterøy kommune – tenester til dei som treng det

KrF vil etablere eit levekårsutval på politisk nivå. Eit slikt utval vil betre kommunikasjon og samhandling mellom politikarar og administrasjon. Levekårsutvalet vil og gje heradstyret meir kunnskap og gjere politikarane betre i stand til å gjere dei rette vedtaka.

KrF vil halde på eksisterande barnehage- og skulestruktur i heile perioden. Barnehagar og skular i bygda er så mykje meir enn plassar for leik og læring. Dei er på mange vis navet i bygdehjulet. 17. mai, påskemarkering og julefeiring er tett samanvevd med barnehage og skule. Bygda vert rett og slett ikkje det samen utan!

Osterøy KrF vil framskunde Omsorg+. Å grave ut tomta og reise bygget tek den tida det tar, men KrF vil syte for at ikkje andre prosessar stoggar framdrifta.

Alle er opptekne av straum no for tida, òg Osterøy KrF. Men til monstermaster seier me tvert nei. Nokre ting kjem rett og slett med ein alt for høg pris.