Lokalprogram

Program for Ørsta KrF 2023-2027

Ørsta KrF

Ørsta KrF vil byggje  kommunen vår for nye  generasjonar.  Byggjesteinar som menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik legg eit godt  grunnlag for eit samfunn der born, unge og vaksne kan få utfalde seg og vekse. 

Frivillige lag og organisasjonar legg ned eit stort  og viktig arbeid.

Ørsta KrF vil styrkje dette viktige arbeidet og vil leggje til rette for at frivillige  aktørar får betre vilkår.

Ørsta KrF vil vektleggje desse sakene: 

SKULE, OPPVEKST OG KULTUR

KrF vil at barnehagar, skular og kulturliv skal byggje på respekt for den kristne arven.

Ørsta KrF vil arbeide for:

  • sikrare skulevegar, naudsynt rehabilitering av skulebygg  og auka lærartettleik
  • å sikre foreldre valfridom når det gjeld å kunne sende borna sine til friskular
  • å støtte det kulturarbeidet som vert drive av kristne, humanitære og sosiale organisasjonar
  • å støtte barne- og  ungdomsarbeid som fremjar positiv  sjølvaktivitet
  • å gi tilskot til forsamlingshus
  • at rom i kommunale bygg vert stilte til disposisjon for  byggjande kulturaktivitetar og frivillige lag
  • å styrke drifta av Kulturskulen
  • å arbeide for eit betre SFO-tilbod
  • nybygg til Ørsta vidaregåande skule
  • at barn i barnehage og skule skal møte vaksne med ulik yrkeskompetanse.
  • at barn i skule og barnehage skal ha trygge og inkluderande dagar saman med andre.

HELSE OG OMSORG

Ut frå Kristeleg Folkeparti sitt menneskesyn er det ei høgt prioritert oppgåve å gi aktiv livshjelp frå fosterstadiet til den naturlege død. Ørsta KrF ynskjer difor å gi innbyggjarane varme, tryggleik og omsorg i alle fasar av livet. 

Ørsta KrF vil arbeide for: 

  • helsefremjande haldningar, ein sunn og god livsstil m.a. gjennom Frisklivssentralen
  • å styrkje arbeidsmåtar som fremjar meistring i alle livsfasar
  • eit koordinert og fleksibelt helse- og omsorgstilbod som er best mogleg tilpassa den einskilde i alle livsfasar
  • å leggje til rette for aktivitets- og trivselstiltak gjennom godt samarbeid med frivillige organisasjonar
  • eit lokalsamfunn som inkluderer personar med nedsett  funksjonsevne i fritidsaktivitetar og i arbeidsliv
  • å la Frivilligsentralen vere eit godt knutepunkt for mange  helsefremjande aktivitetar
  • å oppretthalde og utvikle ordninga med brukarstyrt personleg  assistanse (BPA)
  • å stimulere til førebyggjande vaksinasjonsprogram
  • å sikre Volda sjukehus som fullverdig lokalsjukehus med  akuttilbod og fødeavdeling
  • mindre uønska deltid i helse- og omsorgssektoren

ELDREPOLITIKK

Ørsta KrF vil arbeide for:

  • å styrke heimebasert omsorg
  • eit differensiert omsorgstilbod og til omsorgsløn
  • å sikre tilgjengelege korttidsplassar
  • framleis allsidig drift ved Aktivitetssenteret på Bakk-Ola-marka
  • å bruke den ressursen eldre kan utgjere som frivillige i t.d. barnehagar, kulturskular, kyrkjer, idrett m.m.

EIT SAMFUNN FOR ALLE

Ørsta KrF vil arbeide for: 

  • at tilhøva vert lagt til rette slik at alle kan vere mest mogleg  sjølvhjelpte – både ute, i eigen bustad og i offentlege bygg.
  • at fysiske hindringar vert fjerna og at eit tilstrekkeleg tal  parkeringsplassar vert reserverte og merka for rørslehemma
  • å leggje til rette fritidstilbod for alle, t.d. fiskeplassar og badeplassar
  • at tilhøva vert lagt til rette slik at folk i alle aldrar kan vere mest mogleg sjølvhjelpte – både ute og inne og at ein byggjer universelt.
  • at kommunen skal medverke til vidare utbygging av gang- og sykkelvegar
  • at Ørsta kommune også aktivt støtte førebyggjande arbeid mot mobbing og utanforskap
  • at Ørsta framleis skal vere ein Fairtraid-kommune
  • at Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag framleis skal få halde til i dagens lokale. Slik sikrar vi også at vi tek vare på dagens tilfluktsrom

KAMP MOT RUSGIFTENE

KrF vil framleis føre ein målretta kamp mot alle rusgifter. Vi ser rusgiftene som vårt største sosiale problem. Vi støttar derfor IOGT sine haldnings– skapande kampanjar, som oppmodar til kvite dagar utan rus når  ein er saman med born. 

Ørsta KrF vil arbeide for: 

  • opplysning og informasjon som kan føre til mindre rus
  • å støtte rusfrie kulturtilbod, som t.d. Kaihuset
  • å redusere opningstid og skjenketid på skjenkestadane
  • å støtte frivillige organisasjonar som driv rusførebyggjande arbeid at bensinstasjonar ikkje skal få løyve til å selje alkohol

HEIM OG BUMILJØ 

Vern og styrking av heimen. Gode, trygge heimar er grunnlaget for eit godt samfunn. 

Ørsta KrF vil arbeide for: 

  • tiltak som kan verne og styrke heimen t.d. samlivskurs og  kontakt med familievernkontoret i Ålesund
  • at barnehagane framleis skal ha kristen verdiforankring
  • at kommunen skal leggje til rette for bustadbygging i  krinsane
  • å styrke det førebyggjande barnevernet
  • avlastingstilbod til familiar med særlege behov
  • ein reinare kommune, redusere matsvinn og drive med kjeldesortering

KYRKJE OG KRISTENSAMFUNN 

Den kristne innsatsen gjennom forkynning, sjelesorg og sosialt arbeid har grunnleggjande verdi for folket vårt. 

Ørsta KrF vil arbeide for: 

  • at kyrkja får arbeidsvilkår og midlar som gjev høve til å oppretthalde  aktiviteten i samsvar med Kyrkjelova 
  • at dei frikyrkjelege og frivillige organisasjonane får støtte og  gode arbeidsvilkår
  • at ein vidarefører ordninga med midlar til trusopplæring i frivillige  organisasjonar
  • å arbeide for at helgefreden vert verna, ved å seie ja til søndagen  som ein annleis dag
  • at kyrkjene kan tilby barnehage- og skulegudstenester

UNGDOMSPOLITIKK

Ørsta KrF vil arbeide for: 

  • å leggje til rette for rusfrie fritidstilbod og vidareføre arbeidet med Kaihuset
  • å sikre drift av Ungdomsrådet og involvere dei i fleire saker
  • at tilgang på lærlingplassar vert auka
  • å støtte Natteramn-arbeidet
  • å få ein helsestasjon for ungdom i Ørsta
  • psykologtenester for ungdom
  • at ungdomane får ein rusfri stad å vere nattetid i helgane 

RESSURS- OG NATURVERN 

Miljøet vi lever i har svært mykje å seie for helse og trivsel. Utfordringane i Ørsta kommune er å ta vare på rein luft og reint vatn for framtida.

Ørsta KrF vil arbeide for: 

  • å ta vare på kulturlandskapet og matjorda
  • å sikre og vedlikehalde naturområde til allment bruk
  • å vere ein pådrivar for at tiltaka i Ørsta kommune sin klimaplan  vert oppfylte, samt stimulere til at innbyggjarane kan gjere  gode og miljøretta val
  • eit berekraftig samfunn der vi tek klimautfordringane på alvor
  • miljøsertifisering av kommunale einingar
  • å leggje til rette for bruk av fornybar energi

SAMFERDSEL/KOMMUNIKASJON

Ørsta KrF vil arbeide for: 

  • E39 Ørstafjordkryssinga for å flytte trafikken utanom Ørsta sentrum   
  • lenging av Torvmyrvegen for å avlaste flyplasskrysset
  • lenging av Leitevegen og samtidig legge til rette for bustadtomter
  • trafikktryggingstiltak for mjuke trafikantar
  • at kommunen skal medverke til vidare utbygging av gang- og sykkelvegar
  • gode kommunikasjonar via kommunale og regionale vegar og gjennom fly- og ferjetilbod
  • å leggje til rette for kollektive transportmiddel t.d gjennom utvida  ringbussrute

LANDBRUK OG NÆRING 

Ørsta KrF vil arbeide for:

  • å oppretthalde det gode samarbeidet med Volda kommune
  • å gje bedrifter og etablerarar føreseielege og gode arbeidsvilkår 
  • å leggje til rette for nyetableringar og gründerskap gjennom tilskot og rådgjeving
  • å gje årlege tilskot til Ørsta Næringskontor
  • å sikre nødvendig næringsareal
  • å leggje til rette for tilleggsnæringar i landbruket, t.d. turisme
  • at landbruket får gode kår
  • at verksemder inkluderer personar med nedsett funksjonsevne  i arbeidslivet 
  • å oppretthalde Ørsta trafikkstasjon
  • at Ørsta kommune kan vere medspelar for å realisere Ørsta sirkelhage. Ein hage som er open for ulike grupper

Kommunesamarbeid 2019–2023

Søre Sunnmøre har i løpet av dei siste åra utvikla seg til ein samla bu- og arbeidsmarknad. Ikkje minst bind nye vegsamband kommunane og folket saman på nye måtar. Det er difor ønskeleg at desse kommunane utviklar eit tettare samarbeid. For oss gjeld dette i særleg grad Volda og Ørsta som har føresetnader til å framstå som tyngdepunkt i ein ny og utvida region.

Fellespunkt for Ørsta KrF og Volda KrF

  • Fram til eventuell kommunesamanslåing ynskjer vi å halde fram det gode samarbeidet mellom Volda og Ørsta om felles løysingar og tenestetilbod.
  • Volda sjukehus som lokalsjukehus med akuttkirurgisk tilbod og fødeavdeling.
  • Arbeide for utvikling av Ørsta/Volda lufthamn Hovden og for auka kapasitet på flyrutene.
  • Framskunde E39 med tunnel mellom Volda sentrum og Furene.
  • Samanhengande gang- og sykkelveg mellom Volda og Ørsta.

10 GODE GRUNNAR FOR Å VELJE ØRSTA KRF

Ørsta KrF

Kristeleg Folkeparti har som hovudmål å fremje ein demokratisk politikk bygd på det kristne verdigrunnlaget. Dei som står på KrF-lista vil arbeide for å ta vare på menneskeverdet, praktisere nestekjærleik og ta forvaltaransvaret alvorleg.

Ørsta KrF vil:

  1. Fremje ein politikk bygd på kristne verdiar
  2. Drive førebyggjande arbeid mot mobbing
  3. Styrke familiane gjennom tilbod om samlivskurs og møte med famlievernkontor
  4. Styrke rusfrie fritidstilbod og sikre drifta av Kaihuset
  5. Sikre gode skuletilbod og skulebygg i kommunen
  6. At alle innbyggjarane saman skal kunne bidra på miljøfronten t.d. når det gjeld avfallssortering og mindre matsvinn
  7. At Ørsta kommune skal vere ryddig og fin
  8. Sikre drifta av Frivilligsentralen
  9. Ta vare på kulturlandskapet og matjorda
  10. Fokusere på folkehelsearbeid, støtte Frisklivssentralen og folkehelsekoordinatoren sitt arbeid