Kviteseid KrF kommuneprogram 2023-27

Verdiar 

Vårt verdigrunnlag er henta frå Bibelen. Kristendommen og kristenretten har danna grunnlaget for det samfunnet vi i dag lever i, og Kviteseid KrF vil byggje vidare på kristne sanningar om mennesket og skaparverket. 

Innleiing 

Kviteseid KrF ynskjer å vera til stades for deg som innbyggjar i kommunen, og legg vekt på at kommunen er tenesteytar. Kommunen er til for innbyggjarane. Målet er at innbyggjarane skal oppleva det som trygt og godt å leva i kommunen vår. Borna våre er den største rikdommen vi har. Dersom dei har det bra, har stort sett foreldra det bra. Aktivt arbeid for integrering, og fokus på mobbing er eit viktig verktøy då.

KrF trur på eit samfunn som er bygd nedanfrå der familien, som det minste og mest avgjerande fellesskapet, dannar fundamentet for samfunnet vårt. Familien, saman med dei mindre fellesskapa og nettverka, skapar gode oppvekst- og levevilkår for kvar einskild. 

KrF ynskjer eit samfunn kor folk sine individuelle initiativ og prestasjonar vert belønna. Det er viktig at kommunen spelar på lag med dei som tek risiko for å få avkastning og nye arbeidsplassar. 

For KrF er menneskeverdet heilt sentralt. Kvar einskild av oss er unike, og av uendeleg og ukrenkelig verdi. 

Rammevilkår og økonomi gjer det naudsynt å føreta prioriteringar i forvaltninga. Då er det viktig for KrF å vera rettferdig, og arbeida for at dei rammevilkåra og midlane vi rår over vært nytta så rettferdig og effektivt som mogleg. 

Kviteseid kommune er ein distriktskommune. God samferdsel er difor avgjerande for å oppretthalda og auka busetjinga. Det er viktig for Kviteseid KrF å skapa eit samfunn der det er godt å leva, der folk kan trivast, og der nye innbyggjarar opplever seg velkomne.

Samferdsel 

Kviteseid er avhengig av god kommunikasjon. Både næringslivet og den einskilde innbyggjar treng eit godt vegnett og gode kollektivtrafikktilbod. Riksveg 41, E134 og mange kommunale vegar  må få naudsynt opprusting.

Barn og unge er både dagen og framtida sine trafikanter. Korleis dei opplever transportkvardagen og kva behov og ønsker dei har, er viktig i planlegginga  av fremtidig vegar og GS vegar.

Kommunale vegar må få nødvendig oppgraderinf og vedlikehald, sommar og vinter.

KrF sitt mål er: 

  • Betre kollektivtilbod med buss.
  • God trafikktryggleik, særskilt for mjuke trafikantar. 
  • Barn og unge sine synspunkt skal takast omsyn til ved planlegging av trafikkløysingar. 
  • Leggja til rette for miljøtiltak. 

For å oppnå dette vil KrF arbeida for: 

  • Utbetring av Kviteseidkrysset. 
  • Gang- og sykkelveg frå Kviteseid til Kvitsund.t.
  • Å tilretteleggja busstilbodet slik at det vert meir nytta. 
  • Auka bruk av miljøvenlege energikjelder for buss.
  • Etablering av biogassanlegg i Brunkeberg
  • Tilretteleggja for nullutsleppsbilar. Ladestasjon v/ E134 i Morgedal og RV 41 ved Vrådal.
  • Auke rammene for kommunale vegar, slik at dei har tilfredsstillande standard. 

Landbruk, Skogbruk 

Kviteseid kommune er ein viktig landbrukskommune med eit betydeleg skogbruk med godt klima.

Primærnæringane sysselset mange i kommunen vår. Dei held i hevd, og nyttar store landareal, og er ein viktig del for å få ei vakkert og innbydande bygd å bu i. Dyr på beite er viktig både for klima og utsjånad. 

Dei siste åra er det investert store ressursar i nyetableringar. KrF ser svært positivt på dette, og ynskjer å vera med på å oppretthalde trygge og føreseielege rammebetingelser. 

KrF sitt mål er; 

  • Eit allsidig, sterkt og bærekraftig landbruk, med fokus på vern av matjord. 
  • Stimulera til at lokale ressursar vert utnytta og foredla, småskala mat.
  • At kommunen skal vera tilretteleggjar og vera imøtekommande. Dette gjeld både rådgjeving, nyetableringar og utvidingar.

For å oppnå dette vil KrF arbeida for: 

  • Oppretthalda eit sterkt fagmiljø innan landbruk og skogbruk. 
  • Å byggja opp kompetanse og fagmiljø blant bønder ved bruk av næringsfond. 
  • Målretta og føreseieleg politikk overfor næringane, med konkrete møtepunkt mellom kommune, politikarar og næringsliv. 
  • God service og rask sakshandsaming. 
  • Støtte til nydyrking av matjord. 

Næringsliv.

Privat initiativ og eigarskap har alltid vore ei av nøkkelfaktorane og grunnpilarane for utvikling av næringslivet. KrF vil arbeida for at næringslivet i kommunen får gode rammevilkår. Dette er avgjerande for at privat kapital blir investert i nye verksemder. Det er også viktig for å sikra god drift og vidareutvikling. 

Eit blomstrande og levedyktig næringsliv er godt for lokalsamfunnet, og ein av dei viktigaste føresetnadene for at folk skal busetja seg i kommunen.

Statlege arbeidsplassar,  interkommunale selskap og Kvitsund Gymnas er også eindel av næringslivet. Dei er svært viktige for kommunen, og vi må stadig vera svært aktive for å halde på desse arbeidsplassane. 

KrF sitt mål er; 

  • Eit allsidig og robust næringsliv 
  • Stimulera til at lokale ressursar vert utnytta og foredla. 
  • At kommunen skal vera tilretteleggjar og vera imøtekommande overfor næringsliv. 
  • Oppretthalde og legge tilrette for eksisterande og nye statlege arbeidsplassar.
  • Sikre drifta av Kvitsund Gymnas og legge tilrette for utviding av tilbodet.
  • Fleire interkommunale selskap til kommunen.

For å oppnå dette vil KrF arbeida for: 

  • Tilretteleggja for meir nærings- og industriareal.
  • Målretta og føreseieleg politikk overfor næringslivet. 
  • Eit framleis godt samarbeid med Kviteseid Næringslag.
  • Styrka samarbeidet med alle næringsforeningar og næringslag. 
  • God service og rask sakshandsaming. 
  • Arbeida for god infrastruktur med god fiber- og mobildekning. 
  • Aktivt arbeid mot sentrale politikerar for å sikre statlege arbeidsplassar.
  • Aktivt arbeid for å tilrettelegge og sikre interkommunale selskap.

Turisme og Reiseliv 

Turisme er ei svært viktig næring i Kviteseid, og ei næring i vekst. Kviteseid har svært mange kvalitetar som turistar etterspør, både innan overnatting og naturopplevingar. 

KrF sitt mål er; 

  • At reiselivsnæringa i kommunen og regionen får utvikla seg og veksa. 
  • At reiselivsaktørar i kommunen kan få del i turismen. 

For å oppnå dette vil KrF arbeida for: 

  • Tilretteleggja for reiseliv i kommuneplanen og arealplanar. 
  • Satsa vidare på tilrettelegging for turistar, mellom anna med gode og informative skilt som viser veg til stiar, utsiktspunkt og attraksjonar. 
  • Satse på sykkelstier for å gje fleire ei god naturoppleving, både turistar og fastbuande. 
  • Sikre at Kanalbåtane har fortsatt fast  stoppestad ved Kviteseid bryggje.
  • arbeide for å sikre drift ved både private og offentlege museum/ attraksjonar.
  • Pådrivar/tilretteleggar for å få attraksjonar og ulike turistilbud  “på nett”.
  • Utvide bryggjekapasiteten i sentrum.
  • Tilrettelegge for diesel og bensin pumper nede ved bryggja.
  • Tilrettelegge for betre  overnattingstilbod i Kviteseid sentrum.
  • Utvide bobilparkeringa og auke servicetibodet i nærheten av Kviteseid sentrum.

Barn og Familie 

Gode relasjonar og trygge omgjevnader er avgjerande for barn si utvikling. KrF sin familiepolitikk legg forholda til rette for ein trygg og god oppvekst. 

KrF sitt mål er: 

  • At alle barn kan få ein trygg og god oppvekst. 
  • Førebyggja familieoppløysing. 
  • Trygge og utviklande nærmiljø. 

For å oppnå dette vil KrF arbeida for: 

  • Støtte tilbod om samlivskurs for foreldre. 
  • God støttekontaktordning. 
  • Hjelp til familiar med rusproblem. 
  • Støtte abortførebyggande tiltak.
  • Rask og rett hjelp frå barnevernet når det er naudsynt. 
  • Støtte intergreringsarbeid i bygdene våre. 
  • Utvikle og halde leikeplassane ved barnehagane og skulane i god stand. 
  • Trygge skulevegar. 
  • Ta vare på borna sine behov ved planlegging og utbyggingar, 
  • Arbeide med å etablere Barne- og Familiehjelpen i kommunen. Dette skal vera eit lågterskeltilbod for familiar, barn og unge som har små og store utfordringar.

Skule, Barnehage og Skulefritidsordning (SFO) 

Born i skule og barnehage har ulike evner, anlegg og bakgrunn. Det er skulen og barnehagen si største utfordring å sjå den einskilde og utruste kvar elev med dei kunnskapar og ferdigheiter som trengs for å delta i samfunnet. KrF meiner at ein god skule skal formidle kunnskap, verdiar og kulturarv som hjelper born og unge til meistring og sosial utvikling. 

KrF sitt mål er: 

  • Arbeide for at tilsette i barnehage og skule har god kompetanse og høve til vidare- og etterutdanning. 
  • Kommunen må satsa på tidleg innsats og støtte til born som har spesielle behov. 
  • God norskopplæring til born av innvandrarar. 
  • Oppretthalde full barnehagedekning 
  • SFO skal vera eit godt tilbod med god kvalitet. Born med spesielle behov må også ivaretakast i dette tilbodet. 
  • Arbeide for at elevar som går over i vidaregåande opplæring fullfører og får ei utdanning dei kan byggja vidare på. 
  • Nullvisjon mot mobbing på alle skular og barnehagar i kommunen. 

For å oppnå dette vil KrF arbeide for:    

  • Syta for god ressurstilgang til skular, barnehagar og SFO. 
  • Kommunen må prioritere opp innsatsen mot mobbing. Det skal vera ein enkel måte for foreldre og foresatte å få kontakt med skulen dersom det er den minste misstanke om mobbing eller anna trakasering av elevane. Slike varsel må gå rett til tops i kommunen. 
  • Auke kapasiteten ved Kviteseid barnehage. 
  • Oppgradere eksisterande barnehagebygg i Kviteseid. 
  • Betalingsfri SFO til born med særskilte behov frå 5. til 7. klasse. 
  • Eit varmt måletid to ganger i veka, og brømat kvar dag. 
  • Satse på førebyggande tiltak ved å oppretthalde godt samarbeid med PPT, skulehelsetenesta, psykisk helse og barnevernet. 
  • Arbeide for gode uteområde på skular og barnehagar, som innbyr til fysisk aktivitet. 
  • SFO-tilbodet skal til ei kvar tid tilfredstilla dei krav som gjeld i høve til bemanning og storleik på areal. 

Kultur 

Kultur har eigenverdi. Den medverkar til auka livskvalitet og god folkehelse, og gjev oss noko å leva for og ikkje bare leva av. KrF er oppteken av å ta vare på den kristne og nasjonale kulturarven og samtidig gje rom for nye impulsar. 

Frivillige organisasjonar representerer mangfaldet i kommunen, og er viktige for å skapa gode lokalsamfunn. Dei frivillige organisasjonane dannar fellesskap og samhald på tvers av generasjonar og samfunnslag, og bidreg til å skapa viktige treffpunkt. 

KrF sitt mål er: 

  • Gje det frie og sjølvstendige lag- og organisasjonsarbeidet god støtte, med særleg vekt på barne- og ungdomsarbeid. 
  • Styrkja integrering og fleirkulturell samhandling. 
  • Styrkja Kulturskulen. 

For å oppnå dette vil KrF arbeida for: 

  • Auka satsinga på Kulturskulen. 
  • Gje Kyrkja og andre kristne menighetar gode rammevilkår. 
  • Gje gode rammevilkår for Frivilligsentralen. 
  • Gje støtte til arbeid med fleirkulturell samhandling. 
  • Leggja til rette for gode og varierte tilbod innan idrett og friluftsliv, inkludert turstiar. 
  • Verna om kulturminna 
  • Arbeida for gode støtteordningar til felles  forsamlingshus/møteplassar i dei ulike bygdene.
  • Arbeide for at fritidskortet blir innført i kommunen.Då vil barn og unge kunne få delta på fritidsaktiviteter uten at økonomi skal vera eit hinder. Gjeld kulturskulen, fotball osb.

Helse og Omsorg 

God helse er viktig for oss alle. Ei helse- og omsorgsteneste som kan hjelpe når det er behov for det, er difor heilt sentralt for Kviteseid KrF. Dette gjeld for alle fasar i livet. For å oppretthalda og styrkja ei god folkehelse er førebygging viktig. 

KrF sitt mål er; 

  • Innbyggjarane er trygge på at dei får den hjelpa dei treng. 
  • Oppretthalda god folkehelse gjennom satsing på helseførebyggjande tiltak og psykisk helse. 
  • Høg kvalitet og kompetanse i alle ledd. 
  • Vere med å bidra til meiningsfulle aktivitetar for innbyggjarar som fell utanfor det ordinære arbeidslivet. 

For å oppnå dette vil KrF arbeide for: 

  • Å prioritera førebyggande arbeid på alle nivå og for alle aldersgrupper. 
  • Å prioritera arbeid for psykisk helse i alle aldrar, og særskilt blant born og unge. Ei god skulehelseteneste er difor viktig i førebyggingsarbeidet. 
  • Gode heimetenester, slik at dei som ynskjer det kan bu lengst mogleg heime. 
  • Auke talet på tilgjenglege plassar på KOS til 35 stk
  • Ein restriktiv alkoholpolitikk der dei sosiale og helsemessige sidene ved alkohol også vert vurdert. Alkoholpolitikk er først og fremst eit område innan helse og omsorg, og ikkje næringspolitikk. 
  • Støtta haldningsskapande arbeid og tiltak mot rus. 
  • Tilbod om rusbehandling i både private og offentlege institusjonar. 
  • Sikra god tannhelseteneste i kommunen, 
  • Sikre god legedekning, og jobbe for stabile fastlegar. 
  • Sikra god legevaktsordning i kommunen i nært samarbeid med nabokommunane.
  • Sikra god jordmorordning i kommunen gjennom samarbeid med andre vest-telemark kommunar.
  • Sikre gode tilrettelagte arbeidsplassar gjennom Kvito ol.

Arealforvaltning 

Kviteseid kommune er rik på areal og naturressursar. 

Desse må forvaltast til beste for noverande og komande generasjonar. 

KrF sitt mål er: 

  • Ei langsiktig arealplanlegging bl.a. i ny kommuneplan, der innspel frå grunneigerar også skal lyttast til. 
  • At planarbeidet skal ta omsyn til miljø, natur og jordvern på ein balansert måte. 
  • Ta omsyn til born og unge sine behov. 

For å oppnå dette vil KrF arbeida for: 

  • At det til ei kvar tid er nok attraktive bustadtomter og næringsareal. 
  • At spreidd bustadbygging framleis skal vere mogleg. 
  • Rett og rask sakshandsaming i kommunen, særskilt i byggjesaker. 
  • Innføring av «funksjonell strandsone» i ny kommuneplan, og elles ta vare på strandsona for allmenn ferdsel og god estetikk. 
  • At landbruksarealet vert auka gjennom tilskot til nydyrking. 
  • Sikre beskatning av kraftressursane til beste for lokalsamfunnet. 
  • At omsyn til born og unge sine behov vert vurdert i alle saker der det er aktuelt 
  • Grøne lunger sentrumsnært er viktig for trivsel

Klima og Miljø 

Kviteseid Kommune er ein del av ein større samanheng og eit lite samfunn i verda. Det er likevel viktig å sjå til at vi tek vår del av ansvaret for klimautfordringane verda står overfor. 

KrF sitt mål er: 

  • Ei langsiktig klimasatsing der konkrete miljøtiltak vert teke med i planar og investeringar. 

For å oppnå dette vil KrF arbeida for: 

  • At alle nye kommunale køyretøy (person- og varebilar) bør vera nullutsleppskøyretøy. 
  • At alle nye kommunale bygg skal vera lav- eller plussenergibygg. 
  • legge tilrette for solenergi på kommunale areal.
  • Leggja til rette for fleire ladestasjonar for el-bilar , Morgedal og Vrådal

Kommunal Personalpolitikk 

Kommunen skal gi best mogleg tenester til innbyggjarane sine. Til å utføra desse tenestene, er dei tilsette den viktigaste ressursen kommunen rår over. 

Målet er trygge og motiverte tilsette som gjev innbyggjarane rett og god bistand og hjelp. 

For å oppnå dette vil Krf arbeide for: 

  • Respekt for, og oppfylgjing av gjeldande regelverk for arbeidstakarar. 
  • Fagleg styrking og personleg utvikling. (kurs og liknande.) 
  • Ekstra fokus på tilsette ved omstillingar. 
  • At kommunen opptrer som ein forståelsefull arbeidsgjevar. Dersom nokon vil auke eller redusere stillingsprosenten sin, skal kommunen tilrettelegge for det.
  • Midlertidige tilsettingar over lang tid bør unngåast.
  • Gode velferdsordningar. 
  • Opprette varig tilrettelagde arbeidsplassar i kommunal regi, blant anna gjennom samarbeid med Kvito.