Program Kvinnherad KrF 2023-2027

Under følgjer valprogrammet for Kvinnherad KrF for kommunestyreperioden for 2023 til 2027.

Målet til Kvinnherad Kristeleg Folkeparti er å skapa eit godt samfunn for det einskilde mennesket. Vi set menneskeverdet, forvaltaransvaret og nestekjærleiken i sentrum for vår politikk. Vi vil at Kvinnherad kommune skal vera ein triveleg stad å bu og veksa opp i, slik at nye innbyggjarar finn det attraktivt å busetja seg her.