Verdigrunnlaget
Krf sin visjon er eit varmt og verdiforankra samfunn, der alle har lik verdi, opplever rettferd, og at ressursane vert forvalta ansvarleg til beste for alle som bur i Kvinnherad.
Kristne verdiar som menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik er grunnlaget for Krf sin politikk. Vi trur det gode samfunn vert bygd nedanfrå og i samspel mellom enkeltmennesket, familien, privat og frivillig verksemd og offentlege styresmakter.
Vi er opptatt av dei svakaste i samfunnet. Eit rikt samfunn gir rom for mangfald der alle vert inkludert og får høve til å leve frie og sjølvstendige liv. Innbyggjarane sine ulike eigenskaper, kjønn, kulturell bakgrunn, religiøst og politisk ståstad, seksuell orientering, språk eller økonomi skal ikkje legga grenser for mennesket sin plass i fellesskap i skule, fritid og arbeidsliv.
Kommuneøkonomi
- Krf vil arbeide for at Kvinnherad kommune har ein sunn økonomi, og vil derfor vurdera dei tiltak som trengst for ansvarleg økonomisk utvikling
- Det er et mål å ikkje auke lånegjelda i perioden. Nye investeringar skal ikkje auka den samla lånegjelda.
Klima og miljø
- I kommunale planar skal det takast omsyn til biologisk mangfald og verdien av urørt natur.
- Vi ynsker ikkje å opne for vindmølleutbygging i Kvinnherad- fjella. Vi vil derimot flytta innsatsen over på utvikling av maritim vindkraft.
- Gi barn kunnskap og naturforståing slik at dei blir gode forvaltarar t.d ved besøk på Folgefonnsenteret.
- Vere restriktive med nye inngrep i Kvinnherad-naturen i form av vidare vasskraftutbygging, men støttar effektivisering og modernisering av eksisterande anlegg.
- Satsa videre på fleire ladepunkt for elektriske framkomstmiddel
- Støtte prosjekt med hydrogendrevne snøggbåtar
- Støtte tiltak mot marin forsøpling.
- Støtte tiltak for å redusere matsvinn.
- Vi ynskjer å innføre henteordning av glass og metall frå SIM
Samferdsel
- arbeide for kortare reisetid mot E39
- støtte elektrifisering av ferjer og arbeide for god frekvens og raskare ferjesamband
- målretta arbeid mot fylket for rassikringstiltak og vegvelikehold
- Støtte gjennomføring av prosjekt i Kvinnheradpakken
- Prioritere videre utbygging av gang og sykkelvegar
- Gjere busstilbodet meir attraktivt. Vurdere prøveprosjekt med «hent-meg-buss»
- Betra korrespondanse mellom dei ulike kollektivtilboda
Helse og omsorg
- Innføre kommunal ordning med førebyggjande heimebesøk for eldre
- Legge til rette for at eldre får bu i eigen heim så lenge som mogleg. Satse på omsorgsteknologi og kvardagsrehabilitering
- Innføre prøveprosjekt med auka grunnbemanning på institusjonar med høgt sjukefråvær.
- Kommunal satsing på folkehelsearbeid
- Sjå på tiltak som lønnsauke og meir attraktive turnusar, for å skaffe nok kompetent helsepersonell
- Auke talet på antall lærlingar i helsefag
- Ha tilgong på god brukarstyrt personleg assistent- ordning (BPA) for menneske med nedsette funksjonsevner
- Sikre at familiar med funskjonshemma barn får hjelp av koordinator i hjelpeapparatet så tidleg som råd.
- Vurdere etablering av fastlønna legestillingar for å rekruttere og halde på legar.
Skule, barnehage og SFO
- Satse videre på tiltak for tidleg innsats i skulen
- Legge til rette for praktiske fag i ungdomsskulen
- Krf ønskjer eit desentralisert skuletilbod. Dersom elevtalet framleis går ned, kan Krf vere med å sjå på endring i skulestrukturen
- Elevar bør få tilbod om skulegudsteneste til jul og/eller påske
- Prioritere helsesjukepleiar på skulane og satse på forebyggande helsearbeid for å styrke barn og unge si psykise helse
Barn og familie
- Barna sitt perspektiv skal leggast vekt på i politiske saker
- Barnetrygda skal haldast utanfor sosial stønad
- Styrke barnevernet og gi støtte til foreldrerettleiingskurs
- Legge tilrette for innføring av fritidskort
Kultur, frivillig arbeid og ruspolitikk
- Arbeide for rusfrie fritidstilbod for ungdom
- Arrangement som er ope for barn skal vere rusfrie, samt arrangement rundt idrett
- Me vil jobbe for ein restriktiv alkoholpolitikk der dei sosiale og helsemessige sidene ved alkohol vert vurdert.
- Legge til rette for frivillig arbeid i dei kommunale helsetilboda og møte mellom generasjonar i barnehage og skule.
- Gje kyrkja stabile rammevilkår.
- Arbeide for gode støtteordningar til frivillige lag for barn og unge
- Pådrivar overfor staten til støtte for kulturminne som Fjelberg prestegard, Baroniet og Halsnøy kloster
Landbruk, distrikt og strandsone
- Produsere mat der folk bur
- Satse på fornying av skog
- Verna dyrka mark til matproduksjon og satse på å auke dyrka areal
- Ta hensyn til dyrkbar mark i vidare reguleringsarbeid
- Ta vare på strandsona til glede og nytte for alle
- Støtte tiltak mot attgroing av kulturlandskap og langs vegane. I kommunal utbygging bør det prioriterast innsektvenleg planting
- Vurdere innskjerping av buplikt for å stimulere til at fleire etablerer seg i bygdene våre.
Samfunns- og næringsutvikling
- Legge til rette for satsing på auka, berekraftig turisme som næring
- Vi vil ligge i forkant når det gjeld nyetablering av arbeidsplasser og særleg ha fokus på framtidsretta teknologi og miljøvenlege løysingar
- Vi vil gå gjennom retningslinjene for næringsfondet og spissa desse inn mot det grøne skiftet
- Vi vil at kommune skal ha eit aktivt eigarskap og jamnleg vurdere kva selskap vi skal vere medeigar i.
- Vi ynskjer å stimulere næringsutviklinga m.a ved å styrke samarbeidet mellom kommunen og Kvinnherad næringsservice
Flyktningar
- Vi ser på flyktningar som ein ressurs i bygdene våre
- Vi ynskjer å ta imot det antal flyktningar som staten legg opp til og kan utvide talet dersom integreringa og busetnad lykkast.