Program Kvam 2023-2027

Menneskeverd i sentrum

Grunnlag og mål

KrF byggjer politikken på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi. Verdigrunnlaget er forankra i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken, forvaltaransvaret og dei ti boda. Samfunnet må verna om ekteskapet som tryggaste samlivsform og gje alle gode levevilkår.

KrF vil leggja vekt på eit godt samarbeid mellom dei ulike bygdene i heradet, og eit aktivt samspel mellom offentleg, privat og frivillig arbeid.

Det er viktig for Kvam KrF å skapa eit samfunn der det er godt å leva, der folk kan trivast, og der nye innbyggjarar opplever seg velkomne.

Oppvekst

Barnehagen er ein viktig samfunnsinstitusjon som i samarbeid med heimen skal gje born gode vilkår for leik, læring og omsorg. Barnehage og skule skal vera dannings- og utdanningsinstitusjonar med eit sosialt og verdimessig trygt miljø.

KrF vil:

  • at Kvam herad viderefører eit lokalt Fritidskort som dekker medlemskap i ein fritidsaktivitet
  • sikra elevane eit best mogleg opplæringstilbod, tilpassa den einskilde elev sine evner og føresetnad
  • ha fokus på å forebygge og redusere skolevegring og utenforskap
  • at Kvam herad skal tilby gratis samlivskurs
  • styrkje skulehelsetenesta
  • arbeide for gode uteområde på skular og barnehagar, som innbyr til fysisk aktivitet
  • oppretthalda eit godt samarbeid mellom barnehage/skule og kyrkja, særleg ved dei kristne høgtidene
  • vere pådrivar for lokale fagtilbod i vidaregåande skule
  • at Kvam framleis skal ha eit velfungerande barnevern med høg kompetanse
  • arbeide for trygge skulevegar

Helse og velferd (Helse, omsorg og livskvalitet)

Alle menneske har unik verdi og har derfor krav på livskvalitet i alle aldrar. KrF vil arbeida for gode velferdsordningar og vera ein pådrivar for tiltak som fremmar folkehelsa.

KrF vil:

  • at Kvam skal ha gode lågterskeltilbod for born og unge
  • sikra godt tilbod innan psykisk helsevern, særleg for born og unge
  • arbeide for å gje rusavhengige og deira pårørande rask hjelp og støtte
  • arbeida for at russkadar vert reduserte ved haldningsskapande arbeid, og ein restriktiv alkoholpolitikk
  • at i alkoholpolitiske spørsmål skal omsyn til folkehelse gå føre næringspolitiske omsyn
  • styrke privat og offentleg samarbeid med utbygging av bustader for menneske med ulike behov, som f eks eldretun
  • gje gode tilbod til demente og pårørande i Kvam
  • sikra nok heildøgers omsorgsplassar
  • arbeida for at Kvam herad og bedrifter i Kvam inngår samarbeid med ‘HELT MED’ – eit program for å inkludera personar med utviklingshemming i det ordinære arbeidslivet
  • gje tilbod om tilrettelagt arbeid for menneske med nedsett funksjonsevne
  • arbeide for aktivitetar også for menn på dagsentera
  • arbeide for at eldre kan leva eit aktivt liv og ta i bruk eldre som ein ressurs

Kultur og frivillig arbeid

Kvam skal vera ein kulturkommune. Kunst og kultur har verdi i seg sjølv og er grunnleggjande viktig for oss menneske. KrF ynskjer ei samfunnsutvikling som tek vare på og støttar opp om frivillig arbeid.

KrF vil:

  • at Kvam herad vidarefører eit lokalt Fritidskort som dekkjer medlemskap i ein fritidsaktivitet
  • at kulturskulen framleis får gode arbeidsvilkår
  • stimulera frivillig arbeid ved å gje økonomisk støtte til frivillige lag og organisasjonar
  • at Grannehjelpa skal ha gode rammer
  • styrke integreringsarbeidet lokalt i samspel mellom offentleg og frivillig innsats
  • jobba for at Hardanger fartøyvernsenter skal ha gode vilkår
  • gje støtte til arbeid med fleirkulturell samhandling
  • verna om kulturminna

Kyrkja

Kyrkja og andre trussamfunn er dei fremste kulturberarane og formidlarane av kristen tru og kultur. Saman spelar dei ei viktig rolle i lokalt samfunnsliv.

KrF vil:

  • sikra kyrkjeleg fellesråd økonomi til å gjennomføra lovpålagte oppgåver
  • arbeida for at kommunen skal ha godt vedlikehaldne kyrkjer og velstelte kyrkjegardar
  • legge til rette for godt samarbeid mellom kyrkja og barnehage/skule

Bustadbygging og bygdeutvikling

Kvam herad skal vera ein god kommune å bu i. Heradet må planleggja slik at det er tilstrekkeleg areal for bustader, landbruk og næring.

KrF vil:

  • at Kvam herad skal vera ein aktiv tilretteleggjar for byggeklare tomter, både kommunale og private
  • ha fokus på å leggja til rette for å få unge til å flytta heim igjen og gjera kommunen attraktiv for nye tilflyttarar
  • at grendeutvala vert nytta av heradet slik at det stimulerer til lokale initiativ
  • at kulturlandskapet vert teke godt vare på
  • at Kvam herad i større grad skal prioritere vedlikehald av kommunale bygg eller eventuelt selja dei
  • utvikle lokalsentra og regionsenteret vidare
  • arbeide for å få på plass “tenestebustader” til nytilsette i Kvam herad som må flytta til Kvam

Næring og samferdsel

Eit velfungerande, lønsamt og mangfaldig landbruk og næringsliv er ein føresetnad for å sikra velferdssamfunnet og busetnad i bygdene våre. Eit tenleg vegnett er viktig for utvikling av både busetnad og næringsliv.

KrF vil:

  • gje lokalt næringsliv gode rammevilkår
  • ha ei berekraftig oppdrettsnæring som jobbar for ny teknologi
  • vera pådrivar i å skapa nye arbeidsplassar, og stimulere til gründerverksemd
  • at Kvam herad skal tilretteleggja næringsareal
  • stimulera til eit natur- og kulturbasert reiseliv
  • at Kvam herad skal vera aktive når det gjeld å oppretta lærlingplassar
  • jobbe for eit godt samarbeid mellom skule og næringsliv
  • seie nei til sundagsopne butikkar
  • ha «gul stripe» Norheimsund – Granvin
  • at Kvam herad må vera ein aktiv pådrivar i samferdselsprosjekt om tryggast mogleg veg til Bergen
  • arbeida for trafikkløysing utanom Norheimsund sentrum
  • arbeida for samanhengande gang- og sykkelvegar i heile Kvam
  • at fylkesveg 49 vert utbetra frå Tørvikbygd til Mundheim
  • vedlikehalda, rassikra og opprusta kommunale og fylkeskommunale vegar i sentrumsstrøk og byggjefelt vidare
  • betra kollektivtilbodet innad i kommunen

Natur og miljø

Forvaltaransvaret er heilt grunnleggjande i miljøpolitikken vår. Derfor skal me forvalta naturen på ein god måte og sikra ei berekraftig utvikling.

KrF vil:

  • at Kvam herad skal jobbe aktivt med å redusere klimaavtrykk i naturen
  • arbeide for gjenbruk og gjenvinning av ressursar
  • at Kvam herad i størst mogleg grad skal handle lokalt
  • at det skal leggjast stor vekt på jordvern, naturvern og miljøomsyn i all planlegging
  • stimulera grendelag og frivillige organisasjonar til engasjement i kampen for betre klima og miljø
  • at heradet skal bruke anbuds- og innkjøpsregelverket aktivt for å sikre klima og miljø
  • sikra nærområde til friluftsliv, også for dei med nedsett funksjonsevne.
  • støtta det frivillige arbeidet for opparbeiding, merking og vedlikehald av turløyper
  • stimulera til fleire ladestasjonar (bil, sykkel og elektriske rullestolar)
  • satse vidare på energiøkonomisering av kommunale bygg