Hovedsaker
- Bygging av ny sjukeheim på sjukehustomta i Florø
- Gratis fritidskort til alle barn i alderen 8 – 16 år
- Fleire miljøarbeidarar i skulane og på institusjonane
- Bidra til etablering av bufellesskap for eldre
- Auke tilskot til frivillige organisasjonar
- Styrkje kyrkja sin økonomi
GRUNNSYN
KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi.
Verdigrunnlaget vårt er forankra i det kristne menneskesynet, at alle menneske har lik verdi, nestekjærleiken og forvaltaransvaret.
TRYGG OPPVEKST
Vi vil arbeide for at barn og unge skal vekse opp i eit trygt og godt nærmiljø. Gode miljø i heim, skule og fritid er avgjerande for ein sunn og god oppvekst.
Kinn KrF vil:
- Arbeide for eit aktivt og forpliktande samarbeid mellom heim og skule for å motverke mobbing, rusmisbruk og vald
- Arbeide for at det blir etablert leikeareal ved utbygging av bustadfelt.
- Stimulere til gode rusfrie og allsidige fritidsaktivitetar slik at barn og unge får bruke og utvikle sine evner og ressursar i sitt eige nærmiljø og i naturen.
- Stimulere til eit godt samarbeid mellom dei frivillige organisasjonane, kyrkja og kommunen
- Støtte tiltak for å styrke og hjelpe vanskelegstilte familiar.
BARNEHAGE
Krf går inn for at alle som ynskjer det skal få plass i barnehage. KrF ynskjer at barnehagane skal vere fleksible og tilpassa behovet til familien. Private og offentlege barnehagar skal utfylle kvarandre.
SKULE – FRITID
KrF vil ha ein skule som baserer seg på grunnleggjande verdiar i vår kristne og humanistiske arv og i menneskerettane.
KrF vil styrkje skulen sitt fokus på kunnskap og grunnleggjande ferdigheiter som er viktige for å gi barn og unge god ballast for å meistre utfordringar i samfunnet og i eige liv.
Kinn KrF vil:
- Arbeide for at skulane og skulebygga skal vere viktige nærmiljøsenter for aktivitetar i grendene
- Arbeide for at vi skal ha god kvalitet i SFO tilbodet, med leksehjelp og oppfølging.
- Arbeide for å betre skuleskyssordningane for å unngå unødig lange ventetider.
- Gje gratis fritidskort til alle barn i alderen 8 – 16 år
- Sikre ei god norskopplæring til innvandrarar og inkludere dei i samfunnet.
- Prioritere gymsal til Florø barneskule
KYRKJE, KUNST OG KULTUR
Kyrkje og kristenliv saman med eit mangearta kulturliv er ein kulturarv som KrF vil vere med å ta vare på og føre vidare til etterkomarane våre.
Kunst og kultur må halde etiske mål.
Kinn KrF vil arbeide for at:
- Det vert tilrettelagt for at samarbeidet mellom det offentlege, kyrkja og dei frivillige organisasjonane vert styrka.
- Løyvingane av kulturmidlar til frivillige organisasjonar vert auka
- Kulturskulen får midlar for halde fram med opplæring og kulturformidling i form av song, musikk, dans, drama og biletkunst.
- Bibliotek og informasjonstenesta i kommunen skal halde eit høgt nivå.
- Kyrkjeleg fellesråd får budsjettrammer som gjer det mogeleg å utføre lovpålagde tenester og oppgåver som:
– å vedlikehalde kyrkjene som brukshus og som kulturskattar
– å halde kyrkjegardane i ein verdig stand
HELSE- OG SOSIALOMSORG,
KrF vil arbeide for at det skal vere eit godt helse og sosialtilbod for alle grupper og innbyggarar i kommunen.
Kinn KrF vil arbeide for:
- Å betre tilbodet innan psykisk helsevern, særleg med tanke på barn og unge, flyktningar og innvandrarar mellom anna ved å legge til rette for fysisk aktivitet
- Å legge til rette for bygging av rimelege husvære for vanskelegstilte
- Å auke omsorgsløna til dei som tek nødvendig ansvar for hjelpetrengande
- Å gje medarbeidarar i barnevernet fagutvikling for å styrke barnevernstenestene
- Å vidareføre og styrkje frivillighetsentralen
- Å vidareutvikle «Leve heile livet» programmet i kommunen.
- At bygging av sjukeheim vert starta på sjukehustomta
- Etablering av bufellesskap for eldre
EDRUSKAP – RUSVERN
Problema som alkohol og narkotika påfører den einskilde og samfunnet er aukande også i vår kommune. KrF ser rusmiddelbruken mellom unge som eit av dei mest alvorlege teikna på sviktande oppvekstmiljø. KrF vil halde fram kampen mot desse nedbrytande kreftene, og vil støtte positive tiltak mot rusgiftene.
Kinn KrF vil:
- Seie ja til ein rusfri livsstil og prioritere førebyggande edruskapsarbeid.
- Gje støtte til rusfrie ungdomsmiljø og arrangement
- Evaluere og styrkje det rusrelaterte arbeidet i samarbeid med ideelle aktørar
- Føre ein aktiv edruskapspolitikk
- Sikre god kontroll med alkoholomsetninga for å hindre omsetning av alkohol til mindreårige
- Støtte ettervernsarbeid for russkadde.
DISTRIKT- OG SENTRUMSUTVIKLING
KrF ser det som viktig at vi får til ei kontinuerleg positiv distrikts- og sentrumsutvikling.
Dette er viktig både for å oppretthalde folketalet og bidra til tilflytting til kommunen.
Levande bygder og attraktive bysentrum vil vere positivt for reiselivet og næringslivet.
Kinn KrF vil:
- Arbeide for opprusting av parkar og leikeområde.
- Støtte etablering av nye gang og sykkelstiar samt opprusting av turstiar i kommunen
- Arbeide for utvikling av nærmiljøsenter i grendene.
- Arbeide for tilrettelegging av kaipromenade langs Florø Havn.
SAMFERDSLE
Eit godt utbygt samferdsletilbod er viktig for trivsel og utvikling både i distrikta og i dei sentrumsnære delane av kommunen.
Kinn KrF vil arbeide for:
- Gode kommunikasjonar på sjø, på land og i lufta.
- Arbeide for snarleg realisering av Stad skipstunnel
- Fortgang i realisering av kystvegen og få ned reisetida mellom Florø og Måløy
- God standard på dei kommunale vegane med fokus på tryggleik.
- Vidare utbetring av hovudtrafikkåra gjennom Florø sentrum.
- Utbetring av vegen frå Måløy – Holvik – Vågsvåg – Oppedal
- Utbetring av vegen mellom Kapellneset og Raudeberg
- Å halde oppe eit godt kommunikasjonstilbod til øyane og indre distrikt slik at ein kan halde busetnaden i distrikta oppe.
- Å ha gode pendlarruter inkl. ekspressbussruter mellom Florø og Førde
- Å ha gode pendlarruter mellom Florø og Måløy
- Vidareføring av arbeidet med 45 minutts regionen
- Vidareføre plan for veg over Grønenga og Terøya til Saga/Årebrot
- Fleire pendlarparkeringsplassar
NÆRINGSLIV
KrF ser det som svært viktig at kommunen legg tilhøva til rette for vidare utbygging av eit variert næringsliv. Det må og leggast til rette for at eksisterande bedrifter skal få høve til utvikling og ekspansjon. Kommunen må vere ein aktiv medspelar i å sikre dei arbeidsplassane vi har, og såleis vere med på å skape varige og trygge arbeidsplassar.
Kinn Krf vil arbeide for:
- At kommunen til ei kvar tid har areal tilgjengeleg for industritomter.
- Utvikling av Rota som framtidig industri, nærings og bustadområde.
- At kommunen sitt planverk tek vare på dyrka jord og skog, slik at jord og skogbruk framleis kan vere ei viktig næring i distrikta, men det må likevel visast stor fleksibilitet når det gjeld byggeløyve til unge som vil flytte heim for å busette seg på garden
- Å betre tilhøva i jordbruket ved å stø tiltak for alternativ sysselsetting innan jordbruket m.a. ved å utnytte produksjonar i skogbruk, gards- og bygdeturisme, innlandsfiske og jakt.
- At fiske kan vere ein viktig næringsveg i vårt distrikt.
- At havbruk kan vere ei vekstnæring i distriktet, men tilpassa dei avgrensingar som natur og miljø set.
- Å auke utbygging og bruk av fornybar og berekraftig energi.
- At nye arbeidsplassar innan fiskeindustri og fiskeforedling kan etablerast.
- At nye arbeidsplassar tilknytt verftsindustrien kan etablerast.
- At det må bli eit tettare samarbeid mellom næringslivet i nord og sør i kommunen
- At dei store naturressursane, olje og gass utanfor kysten vår må gje nye oppdrag og etableringar knyta til Fjord Base og næringslivet elles i kommunen.
- At det blir tilrettelagt slik at næringsverksemder med tilhøyrande arbeidsplassar på ein god måte kan verta fasa over til berekraftige og framtidsretta næringar.
- At turistnæringa skal vere ei vekstnæring i kommunen, og at marknadsføring av Kinn som reisemål vert styrka.
- At kommunen får fleire offentlege arbeidsplassar, både fylkeskommunale og statlege.
- At næringsutviklingsarbeidet som Aksello og Måløy Vekst har vore aktivt del i vert styrka og vidareutvikla.
- At Måløy storsenter får utvikle seg vidare og at Statens vegvesen tek aktiv del i å utbetre avkøyrsla frå Rv 15
MILJØVERN
Ut frå KrF si grunnleggande forståing er naturen og skaparverket ei gåve vi har til forvaltning.
Målet er å overlevere natur og miljø i betre stand til våre etterkomarar enn då vi sjølve overtok ansvaret. Det må førast ein aktiv miljøpolitikk som viser at kommunen tek på alvor ansvaret sitt for ressursforvaltninga og miljøet.
Kinn KrF vil arbeide for at:
- Kommunen legg til rette for ei forsvarleg handtering av boss og miljøfarleg avfall.
- At Temaplan for klima, berekraft og naturmangfald 2022 – 2032 vert eit levande dokument som kommunestyret har fast årleg gjennomgang av.
- Kommunen i all si planlegging tek klart omsyn til natur og miljø.
- Kommunen skal sette krav til miljøsertifisering av sine leverandørar.
- At kommunen har ei heilskapleg arealforvaltning som reduserer naturtapet og tek omsyn til naturmangfaldet
- At Ålfoten landskapsvernområde skal få nasjonalparkstatus.
- Det blir oppretta ein miljøpris i kommunen
- At det blir arbeidd med å redusere matsvinn ved å styrke kunnskapen om haldningar til mat gjennom samarbeid mellom folkehelse, ulike organisasjonar og skulane.
KOMMUNEØKONOMI
KrF vil arbeide for at kommunen skal ha ein effektiv organisasjon, med godt kvalifiserte medarbeidarar som stadig arbeider med forbetring av tenestetilbodet og kontinuerleg arbeider for å redusere sine driftskostnadar.
KrF vil arbeide aktivt for å oppnå stordriftsfordelar ved strukturendringar i kommunen si drift, samtidig som ein opprettheld eit delt kommunesenter
Kommunen må ha ein økonomi som gjer det mogeleg å gje innbyggarane gode tenester og å ha tilstrekkeleg bemanning i skulane og på institusjonane for å redusere sjukefråværet.
Investeringane må haldast på eit forsvarleg nivå og fleire store investeringar må utsettast eller bli gjennomførte i samarbeid med private interessentar
KrF vil arbeide aktivt for å få Bremanger inn som ein del av Kinn Kommune slik at kommunen kan bli ein geografisk samanhengande kommune og slik at formålet med kommunereforma lettare kan realiserast.