Hjelmeland KrF Kommuneprogram 2023-2027
Verdiar
Vårt verdigrunnlag er henta frå Bibelen. Kristendommen og kristenretten har danna grunnlaget for det samfunnet vi i dag lever i, og Hjelmeland KrF vil byggje vidare på kristne sanningar om mennesket og skaparverket.
Innleiing
Hjelmeland KrF ynskjer å vera til stades for deg som innbyggjar i kommunen, og legg vekt på at kommunen er tenesteytar. Kommunen er til for innbyggjarane. Målet er at innbyggjarane skal oppleva det som trygt og godt å leva i kommunen vår, og at alle innbyggjarar kjenner seg sett, høyrt og forstått.
KrF trur på eit samfunn som er bygd nedanfrå der familien, som det minste og mest avgjerande fellesskapet, dannar fundamentet for samfunnet vårt. Familien, saman med dei mindre fellesskapa og nettverka, skapar gode oppvekst- og levevilkår for kvar einskild. Vi er for livet, og mot aktiv dødshjelp.
KrF ynskjer eit samfunn kor folk sine individuelle initiativ og prestasjonar vert belønna. Det er viktig at kommunen spelar på lag med dei som tek risiko for å etablera verdiskaping og nye arbeidsplassar.
For KrF er menneskeverdet heilt sentralt, og avgjerande i politikken. Kvar einskild av oss er unike, og av uendeleg og ukrenkeleg verdi.
Rammevilkår og økonomi gjer det naudsynt å føreta prioriteringar i forvaltninga. Då er det viktig for KrF å vera rettferdig, og arbeida for at dei rammevilkåra og midlane vi rår over vært nytta så rettferdig og effektivt som mogleg.
Samferdsel
Hjelmeland er avhengig av god kommunikasjon. Både næringslivet og den einskilde innbyggjar treng eit godt vegnett og gode kollektivtrafikktilbod. Riksveg 13 er hovudferdselsåra i, og gjennom kommunen.
Barn og unge er både dagen og framtida sine trafikantar. Korleis dei opplever transportkvardagen og kva behov og ynskjer dei har, er viktig i planlegginga av framtidig transportsystem.
Krf sitt mål er eit godt vegnett og eit godt kollektivtilbod
For å oppnå dette vil Krf arbeida for:
• Utbedtring av fylkesveg frå Kleppakrysset via Fister til Fisterkrysset.
• Utbetring og rassikring av Riksveg 13 Nesvik-Røldal.
• Utbetring/omlegging av vegen frå Viganeset/Hundsnes mot Rv 13.
• Å tilretteleggja busstilbodet slik at det vert meir nytta.
• Å oppretthalde dagens hurtigbåttilbod.
• Tilretteleggja for nullutsleppsbilar.
• Bygging av Årdals-tunellen
Landbruk, Skogbruk og Fruktdyrking
Landbruk er ein av dei viktigaste næringane i Hjelmeland, og vil også i framtida vera ein bærebjelke i samfunnet vårt. Vi har eit betydeleg skogbruk og ei fruktnæring som har satsa stort dei siste åra. Primærnæringane sysselset flest i kommunen vår. Dei held i hevd store landareal.
Landbruket har i alle år tilpassa seg nye krav til dyrevelferd, produksjonsvilkår og lønnsemd. Dei neste åra må svært mange mjølkeprodusentar innfri krav om lausdrift, noko som betyr stor investeringar.
KrF sitt mål er eit allsidig, sterkt og berekraftig landbruk, og vi ynskjer å stimulera til at lokale ressursar vert utnytta og foredla. Kulturlandskapet i kommunen er forma gjennom generasjonar med beitedyr. Dette vil vi sikra for framtida.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
• Målretta og føreseieleg politikk overfor næringane, med konkrete møtepunkt mellom kommune, politikarar og næringsliv.
• Sikre vidare støtte til nydyrking av matjord.
• Arbeida for at flest mogleg melkeprodusentar opprettheld drifta si.
• Å oppretthalde den historisk viktige sauenæringa og vidareutvikle denne slik at komande generasjonar kan tene pengar på sauehaldet, for eksempel med tilskot til nybygging eller rehabilitering av sauefjøs.
• Utnytta tilgjengelege kompetansemiljø innan landbruk og fruktdyrking
Næringsliv, Byggeråstoff og Havbruk
Privat initiativ og eigarskap har alltid vore ei av nøkkelfaktorane og grunnpilarane for utvikling av næringslivet. KrF vil arbeida for at næringslivet i kommunen får gode rammevilkår. Dette er avgjerande for at privat kapital blir investert i nye verksemder. Det er også viktig for å sikra god drift og vidareutvikling.
Eit blomstrande og levedyktig næringsliv er godt for lokalsamfunnet, og ein av dei viktigaste føresetnadaene for at folk skal busetja seg i kommunen.
Næringslivet skal møta ein positiv og fleksibel kommune som stimulerer til nyetablering og vidareutvikling av eksisterande næringar.
KrF sitt mål er at Hjelmeland skal vera utprega næringsvenleg kommune og Norges leiande kommune innan havbruk.
KrF arbeider for:
• Tilretteleggja for meir nærings- og industriareal mellom anna på Moldfallet ved Fister.
• Eit framleis godt samarbeid med Hjelmeland Handels- og Serviceforening.
• Styrka samarbeidet med Næringsforeningen i Stavanger og Greater Stavanger.
Turisme og Reiseliv
Hjelmeland har svært mange kvalitetar som turistar etterspør, frå naturopplevingar, til sidersmaking og fruktsafari. I regionen er både Lysefjorden og Preikestolen mellom Norges mest besøkte turistattraksjonar.
KrF ynskjer at reiselivsnæringa i kommunen og regionen får utvikla seg og veksa.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
• Tilretteleggja for reiseliv i kommuneplanen og arealplanar.
• Satsa vidare på tilrettelegging for turistar langs Riksveg 13, mellom anna med gode og informative skilt som viser veg til utsiktspunkt og attraksjonar.
• Vidareutvikla samarbeidet med Hjelmeland Turlag, Reisemål Ryfylke, Region Stavanger, Lysefjorden Utvikling, Stiftelsen Preikestolen og Stavanger Turistforening.
• Vi vil innby influenserar til kommunen for å skapa blest om attraksjonane.
Barn og Familie
Gode relasjonar og trygge omgjevnader er avgjerande for barn si utvikling. Familiane og heimane er ansvarlege for at barna får ein trygg og god oppvekst, og at dei blir oppseia til å verta ansvarlege og gode samfunnsborgarar. Derfor vil KRF støtte opp om familiane og heimen som er det viktigaste i barna sine liv.
KrF meiner at livet startar ved unnfanginga, og at menneskeverdet og vernet om livet må starte frå då.
KrF vil at alle barn skal få ein trygg og god oppvekst.
KrF arbeider for:
• Støtte tilbod om samlivskurs for foreldre.
• God støttekontaktordning.
• Hjelp til familiar med rusproblem.
• Støtte abortførebyggande tiltak
• Ta vare på borna sine behov ved planlegging og utbyggingar, til dømes ved involvering av Barn og unges kommunestyre
• Gratis basseng for barn og foreldre
• Ekstra søppeldunk til familiar med bleiebarn
• Å utreia moglegheiten for ein lokal og meir fleksibel fødselspermisjonsordning enn den som staten tilbyr i dag.
Skule, Barnehage og Skulefritidsordning (SFO)
Foreldre og foresatte er hovedansvarlege for barns oppseiing, utvikling og opplæring med skule, barnehage og SFO som samarbeidspartnarar. Skule, barnehage og SFO skal byggja på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon.
Born i skule og barnehage har ulike evner, anlegg og bakgrunn. Det er skulen og barnehagen si største utfordring å sjå den einskilde og utruste kvar elev med dei haldningar , kunnskapar og ferdigheiter som trengs for å delta i samfunnet.
KrF vil at skulen skal formidla kunnskap, verdiar og kulturarv, og saman med foreldra utruste born og unge til meistring og sosial utvikling.
For å oppnå dette vil KrF arbeide for:
• At alle barn har rett til barnehage
• Syta for god ressurstilgang til skular, barnehagar og SFO.
• Ein time fysisk aktivitet kvar dag frå 1. til 10. klasse.
• Smart-mobilfri skule frå 1. til 10. klasse.
• Arbeide for å redusera barn og unge sin bruk av smarttelefonar og sosiale medier.
• Styrke praktiske alternativ i ein teoritung skule.
• Satse på førebyggande tiltak ved å oppretthalde godt samarbeid med PPT, skulehelsetenesta, psykisk helse og barnevernet.
• Nullvisjon mot mobbing
• Arbeide for gode uteområde på skular og barnehagar, som innbyr til fysisk aktivitet.
• Arbeida for å få på plass fleire læreplassar i kommunen.
• God norskopplæring til born som ikkje har norsk som morsmål.
• KrF vil fremja ei vitenskapeleg og biologisk forankra forståing av kjønn og kjønnsidentitet.
Eldre
Innbyggjerar som er vorten eldre sit på kunnskap som er verdifull. Dei har levd eit liv og har livserfaring frå alle sider ved tilvære. Eldre er mykje meir enn eldreomsorg. Dei er ein viktig ressurs i samfunnet. Eldre er ein ressurs i familien, i det frivillige arbeidet, og i lokalsamfunnet elles. Kommunen skal yta ei eldreomsorg som gjev innbyggjarane tryggleik og som er forutseieleg. Det er eit mål at eldre skal kunna bu heime så lenge som mogleg.
KrF meiner livet er ukrenkeleg, og er imot aktiv dødshjelp.
KrF vil at innbyggjarane skal føla seg trygge også når dei vert eldre.
For å oppnå dette vil KrF arbeide for:
• Gode heimetenester, slik at dei som ynskjer det kan bu lengst mogleg heime. Blant anna ved smarthusteknologi/kvardagsrehabilitering.
• At familiemedlemmer og andre som vil avlaste kommunen sine omsorgstenester kan få kompensasjon for dette.
• Musikkterapi i omsorgstenesten og oppretting av demenskor
• Å legge til rette turstiar for eldre og bevegelseshemma med kvilebenker og kvilesteinar i samband med omsorgssentera og omsorgsbustadane.
• Å kunna tilby kurs og opplæring i det digitale samfunnet.
• Pårørande som ressurs – demensvennleg samfunn
Helse og Omsorg
God helse er viktig for alle. Ei helse- og omsorgsteneste som kan hjelpe når det er behov for det, er difor heilt sentralt for Hjelmeland KrF. Dette gjeld for alle fasar i livet. For å oppretthalda og styrkja ei god folkehelse er førebyggjing viktig.
KrF vil at Innbyggjarane i Hjelmeland skal vera trygge på at dei får god hjelp når dei treng det.
For å oppnå dette vil KrF arbeide for:
• Å prioritera førebyggjande arbeid på alle nivå og for alle aldersgrupper.
• Å prioritera arbeid for psykisk helse i alle aldrar, og særskilt blant born og unge. Ei god skulehelseteneste er difor viktig i førebyggingsarbeidet.
• Ein restriktiv alkoholpolitikk der dei sosiale og helsemessige sidene ved alkohol også vert vurdert. Alkoholpolitikk er først og fremst eit område innan helse og omsorg, og ikkje næringspolitikk.
• Støtta haldningsskapande arbeid og tiltak mot rus.
• Tilbod om rusbehandling i både privat og offentleg regi.
• Helsestasjon for ungdom
• Sikra god tannhelseteneste i kommunen.
• Sikra god fastlege – og legevaktsordning i kommunen.
• Sikra god jordmorordning i kommunen og oppretta ei heil stilling som jordmor.
Kultur, tru og livssyn
Kultur har eigenverdi. Den medverkar til auka livskvalitet og god folkehelse, og gjev oss noko å leva for og ikkje bare leva av. KrF er oppteken av å ta vare på den kristne og nasjonale kulturarven og samtidig gje rom for nye impulsar.
Frivillige organisasjonar representerer mangfaldet i kommunen, og er viktige for å skapa gode lokalsamfunn. Dei frivillige organisasjonane dannar fellesskap og samhald på tvers av generasjonar og samfunnslag, og bidreg til å skapa viktige treffpunkt.
KrF vil at kulturlivet i kommunen skal vera mangfaldig og rikt på impulsar, læring og nye inntrykk. Kulturen skal tryggje og utfordre oss, og djupast sett vera oppdragande for liva våre.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
• Vi vil styrkja satsinga på kulturskulen ved å utvida tilbodet og redusera eigenbetalinga.
• Støtta og vera pådrivar for konsertar, utstillingar, debattar og liknande.
• Byggje vidare på eit godt bibliotek som viktig institusjon i kulturlivet.
• Gje Kyrkja gode rammevilkår.
• Gje gode rammevilkår for Frivilligsentralen.
• Gje støtte til arbeid med fleirkulturell samhandling.
• Verna om kulturminna, t.d. Årdal gamle kyrkje og Vigatunet.
• Gode støtteordningar til alle forsamlingshus som er jamleg i bruk.
• Byggje hall til padeltennis
• Halda fram med fritidskortet
• Transporttilbod til fritidsaktivitetar.
• Sikre at teatermiljøet har gode rammevilkår
Arealforvaltning
Hjelmeland Kommune er ein stor kommune som er rik på naturressursar.
Areal og ressursar må forvaltast til beste for noverande og komande generasjonar.
KrF ynskjer langsiktig arealplanlegging som tar omsyn til miljø, natur og jordvern.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
• At det til ei kvar tid er nok attraktive bustadtomter og næringsareal.
• Satsing på sentrumsområda i Hjelmeland, Fister og Årdal ved at kommunen driv ein aktiv bustadpolitikk.
• At landbruksarealet vert auka gjennom tilskot til nydyrking.
• At omsyn til born og unge sine behov vert vurdert i alle saker der det er aktuelt
Kraft og energiforsyning
Hjelmeland Kommune er ein kraftkommune med betydelege vasskraftanlegg. Hjelmeland kommune har teke og tar eit betydeleg ansvar for at det vert produsert rein energi i Norge.
Vasskraftanlegg legg beslag på store areal og betyr nedbygging av areal og vassdrag. Dette har betydelege konsekvensar for natur, dyreliv og grunneigarar.
Konsesjonskraft er kommunen si tilmålte erstatning for alle ulemper med denne typen inngrep. KrF er opptatt av å behalda ordninga med konsesjonskraft, og at denne skal kome innbyggjarane til gode.
KrF vil ha ei forsvarleg forvaltning av kraftinntekter.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
• Sikra god forvaltning av fallrettar og vasskraft.
• Sikre beskattning av kraftressursane til beste for lokalsamfunnet.
• Utgreie om det er mogleg å selje konsesjonskrafta til innbyggjarane til ein fast pris.
• Sikre at det ikkje blir bygd kommersielle vindkraftparkar i Hjelmeland.
• Dersom atomkraft blir mogleg i Norge vil vi vera positive til lokalisering i Hjelmeland.
Klima og Miljø
Hjelmeland Kommune er eit lite samfunn i verda, men likevel ein del av ein større samanheng. Som del av forvaltaransvaret er det viktig å sjå til at vi tek klimautfordringane me står overfor på alvor.
KrF ynskjer ei klimasatsing der konkrete miljøtiltak vert teke med i planar og investeringar for å sikre lokale og globale levevilkår for noverande og framtidige generasjonar.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
• Vurdere eit klimarekneskap for den kommunale forvaltninga.
• At klimaengasjementet som no kjem frå ungdommen blir tatt på alvor og støtta opp under.
• At alle nye kommunale køyretøy (person- og varebilar) skal vera nullutsleppskøyretøy.
• At alle nye kommunale bygg skal vera lav- eller plussenergibygg.
• Leggja til rette for fleire ladestasjonar for el-bilar
• Å sjå på tiltak for å hindra insekts død, spesielt med tanke på pollinerande insekt.
• At me som kommune skal vera positive til berekraftig energi, men unngå utbygging av vindmøller i heiane våre.
Kommunal Personalpolitikk
Kommunen skal gi best mogleg tenester til innbyggjarane sine. Til å utføra desse tenestene, er dei tilsette den viktigaste ressursen kommunen rår over.
Målet er trygge og motiverte tilsette som gjev innbyggjarane rett og god bistand og hjelp.
For å oppnå dette vil Krf arbeide for:
• Respekt for, og oppfylgjing av gjeldande regelverk for arbeidstakarar.
• Fagleg styrking og personleg utvikling. (kurs og liknande.).
• Ekstra fokus på tilsette ved omstillingar.
• Gode velferdsordningar.
• Tilrettelegga for inkluderande arbeidsplassar.
• Tilrettelegging av gode arbeidsforhold for tilsette med nedsatt funksjonsevne.
• Opprette varig tilrettelagde arbeidsplassar i kommunal regi, blant anna gjennom samarbeid med «Helt med»-ordninga.