Hovudsakene til KrF dei neste fire åra er
- Å legge til rette for familiar, god oppvekst og skape sterke band mellom ungdom og heimstad
- At Gulen skal vere ein god kommune å bli gammal i
- At kommunen skal samarbeide godt med næringslivet, ha avklara arealplanar og styrke vegstandard og kollektivtilbod.
Samfunnsutvikling; Næringsliv, miljø, samferdsel
Det er viktig for KrF at vi har ei god utvikling i heile den vidstrekte kommunen. Vi må bygge vidare på naturlege og eksisterande tyngdepunkt og fordelar, slik som til dømes industrimiljøet i Sløvåg og Skipavika, Gulen som ein sterkt og attraktiv oppdrettskommune og den sterke nasjonale kulturarven knytt til Gulatinget.
For å gjere det vil Gulen KrF:
- Legge til rette for byggeklare tomter
- Ha ein oppdatert arealplan og ein naturmangfaldsplan som tar vare på urørt natur
- Tilby effektiv sakshandsaming
- Utbetre og ha godt vedlikehald på kommunale vegar
- Arbeide for at fylket prioriterer rassikring og utbetring av Instefjord-tunellane og utbetring av Fylkesveg 57
- Styrke jordvernet, særleg på god matjord, og medverke til eit aktivt landbruk
- Legge til rette for nisjenæringar og kortreist mat
- Tilrettelegging for verksemder som utviklar klima- og miljøvenlege løysingar
- Ha energiøkonomisering og -effektivisering på nye og gamle kommunale bygg
- Vere medviten til eige forbruk og legge til rette for gjenbruk
- Ikkje støtte vindkraftutbygging på fjella i Gulen
- Legge til rette for fleire parkeringsplassar ved knutepunkt for offentlig transport
- Etablere El-bil ladarar i bygdesentra, og vurdere ladarar for fritidsbåtar i dei største hamnene
- Vidareføre etablerertilskot og fritak frå eigedomsskatt dei ti første åra på eit nybygd hus
- Auke tal lærlingeplassar
- Legge til rette for skule- og næringslivssamarbeid
- Tilby sommarjobb til ungdom
Familie og oppvekst
Familien er det mest grunnleggande fellesskapet i samfunnet. I dag er familieformene mangfaldige. For alle typar familiar må det leggast til rette for forplikting, stabilitet rundt familielivet og sikring av barn sine rettar. Det er i familien de første og nære relasjonar utviklar seg, og det er familien som har hovudansvaret for borna og oppdragelsen deira.
Det er også mange som er åleinebuande. Dei må også både kjenne seg inkludert i familieomgrepet og få merksemd på sine behov.
Saker KrF vil arbeide for:
- Kommunal kontantstøtte frå statleg støtte opphøyrer og til barnet er 2 år
- Tilby samlivskurs for førstegangsforeldre
- Arbeide for god grunnbemanning i barnehagen
- Fleksibelt barnehageopptak
- Prioritere tidleg innsats
- Barnevernet er ei viktig hjelp og ei teneste som vi vil prioritere
- Gje skulane ressursar til god og tilpassa opplæring
- Legge til rette for samarbeid mellom skulane, og at ungdomen frå Gulen skal bli godt kjende med kvarandre
- Demokratiopplæring, mellom anna gjennom ungdomsråd, med ansvar og eigne midlar
- Gje gode tilbod innan avlastning, dagtilbod, arbeid og bustad for menneske med funksjonsnedsettingar.
- Årleg løyving til trygge skulevegar. Prioritere gjennom Eivindvik sentrum.
- Førebygge rusmisbruk gjennom haldningsskapande arbeid, avgrensa tilgang og gode kontrollrutiner
- Busette fleire flyktningar
- Tilby god norskopplæring og hjelp til integrering for flyktningar og arbeidsinnvandrarar
Eldre
Dagens eldre er spreke og aktive, og tilfører samfunnet mykje i form av frivillig arbeid. KrF vil legge til rette for det, mellom anna med støtte til kulturelt arbeid, møteplassar og Frivillig-sentral.
KrF vil arbeide for å:
- Tilby data-kurs / hjelp for å hindre digitalt utenforskap
- Sikre at Eldrerådet får gjere arbeidet sitt med å gje høyring på saker som vedkjem dei
- At organiseringa i open omsorg må ta omsyn til helsetilstand, avstandar og kompetanse. Målet er at folk skal kunne bu heime så lenge dei vil og det er forsvarleg.
- Gje pårørande høve til å vere ein ressurs, samtidig som dei får avlastning når dei treng det.
- Utvide tilbodet for menneske med demens-sjukdom i samsvar med behovet.
- Styrke habiliterings- og rehabiliteringstenesta, mellom anna ved å tilby fysio- og ergoterapiteneste.
- Sikre tilbodet til sørvis-skyss og tilrettelagt transport.
- Legge til rette for møteplassar mellom generasjonane
- Tilby aktivitør-teneste og opplevingar mellom anna gjennom «Den kulturelle spaserstokken»
- Ha godt samarbeid med kyrkja (evt andre trussamfunn) for at dei som bur på institusjon får dekka åndelege behov
Helse
Helsa er viktig for oss alle. Vi må både førebygge, vedlikehalde og behandle. Ei av dei største utfordringane kommunen har framover er nok ressursar i form av folk til å gå inn i omsorgsarbeid. Vanskane med å skaffe fastlegar er ei nasjonal utfordring, men vi vil som kommune strekke oss langt for å sikre god legedekning og legevakt. KrF ønskje å bygge robuste og kompetente helsetenester for framtida, tenester som vert opplevd trygge både for tenestemottakar og tilsett.
KrF vil særleg fokusere på følgjande:
- Legetenesta er svært viktig teneste for innbyggarane. Legekontora på Byrknes og Brekke må ha ei opningstid som samsvarar med behovet
- Ha ei betre tilsynsordning for lege ved bu- og omsorgssentra
- Jordmortenesta må styrkast og gjerast meir tilgjengeleg
- Helsestasjon for både små born, skuleelevar og ungdom.
- Alle barselkvinner skal få heimebesøk av jordmor eller helsesjukepleiar seinast to veker etter fødsel.
- Psykisk uhelse er aukande, og Gulen må sikre at hjelpe-tilbodet til denne gruppa er både lett tilgjengeleg og godt tilrettelagt
- Legge til rette for godt offentleg tannlegetilbod for prioriterte grupper, og samtidig arbeide for at fylket vil kjøpe tenester hos tannlegen i Sløvåg.
- Fokusere på kva som skal til å for å rekruttere og behalde fagpersonell, og sette inn ønska tiltak. Det kan vere å gje tilsette sjanse til å påverke eigen turnus og stillingsstorleik. Som hovudregel vil vi legge til rette for heiltidsstillingar. Tilby kompetansemidlar, som eit ledd i å sikre kompetent arbeidskraft. Legge til rette for tverrfaglege fagmiljø, evt i samarbeid med nabokommunane, for å vere ein attraktiv arbeidsgjevar. Og ikkje minst, lytte til dei tilsette for saman å finne beste måten å bruke samla ressursar på.
Kultur og frivillig arbeid
«Det trengs ei heil bygd for å oppdra eit barn». Samhandling og møteplassar på tvers av bygdene, generasjonar og interesser er av styrkane våre. KrF vil føre ein kulturpolitikk som gjev rom for både amatørar og profesjonelle, og som gjer kunst og kultur tilgjengeleg for alle.
KrF vil:
- Utgreie kommunalt fritidskort til born mellom 6 og 18 år
- At biblioteka skal ha lengre opningstid og gje gratis kulturtilbod.
- Støtte opp om møteplassar i bygdesentra
- Oppmuntre og medverke til årleg «Ung Kultur Møtest»
- Styrke kulturskulen og ha eit breitt spekter av tilbod, gjerne saman med andre kommunar
- Samarbeid mellom kommune, kyrkje og andre frivillige organisasjonar om kulturopplevingar
- At frivillige lag og organisasjonar skal få bruke offentlege bygg gratis.
- Gje rammer som gjer at kyrkjene og kyrkjegardane vert haldne ved like og stelt på ein verdig måte. Kommunen er økonomisk ansvarleg for kyrkja, rammene må følgje løns- og prisutvikling og kyrkja må behandlast likt med andre kommunale etatar
- Samarbeide med kyrkja om barne- og ungdomsarbeid, diakoni og skulegudstenester
- Gje tilskot til å oppretthalde eigen prestestilling i Gulen kommune.
- Vidareutvikle Tusenårsstaden Gulatinget og saman med stat og fylke bygge eit visningsbygg
- Delta i utviklinga av Kystpilegrimsleia
- Sikre god drift av Frivillig-sentralen, og samarbeide med lag- og organisasjonar
- Sikre at alle kan delta på aktivitetar, både ut frå geografi og økonomi
- Medverke til at det blir bygt basseng og fleirbrukshall.
Verdigrunnlaget vårt byggjer på den kristnekulturarven, grunnleggande menneskerettar og er forankra i det kristne menneskesynet, nestekjærleik og forvaltaransvaret.