KrF byggjer sin politikk på den kristendemokratiske ideologien. Vårt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggende menneskerettar og har si forankring i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvalteransvaret.
FAMILIE
KrF går inn for:
- avlastningsordningar for familiar med tunge omsorgsoppgåver.
- Innføre « Fritidskortet» slik at alle barn skal få høve til å delta på fritidsaktivitetar, uavhengig av familien sin økonomi.
- å sikre ei ordning for fleksibel uttak av foreldrepermisjon
OPPVEKST
KrF går inn for:
- at borna sine behov skal stå sentralt i all offentleg planlegging.
- å jobbe for ei reell bemanningsnorm i barnehagane, slik at fleire tilsette er til stades saman med borna større delar av dagen
- å sikre leikeareal ved utbygging av sentrumsområder og bustadfelt.
- å sikre trygge skulevegar
- at skulane får ressursar nok til innkjøp av nødvendig utstyr og læremidlar.
- å legge til rette for meir fleksibel skulestart, der foreldra har større innverknad.
- Starte prøveordning med «leksefri skule» i Gloppen
- at born og unge som ikkje greier å følgje vanleg undervisning, vert sikra nødvendige ressursar.
- aktiv støtte til å utvikle Firda vidaregåande skule, gjerne med yrkesretta linjer
- at Gloppen skal vere ein attraktiv stad for elevar ved Nordfjord folkehøgskule og at kommunen må støtte opp om utviklinga av skulen.
- å gje støtte til rusfrie ungdomsmiljø og arrangement.
- å fullføre utbygging av Hyen skule som ein 1-10 skule
- å få på plass funksjonsplan for Sandane skule og Nordstranda skule.
- at skulane er sikra uteområde for leik og fysisk aktivitet for alle.
- Skulegudstenester og bruk av salmar / kristne songar vil vere naturleg med vår tradisjon og kultur i Gloppen.
- Legge til rette for at frivillige kan gjere ein innsats for barn og unge
INTEGRERINGSPOLITIKK
KrF går inn for:
- at Gloppen skal ta sitt ansvar for å oppfylle nasjonale mål for mottak av flyktningar
- ei god organisering av det kommunale tenestetilbod til innvandrarar.
- Arbeide for at næringslivet har gode ordningar for å integrere innvandrarar og tilflyttarar i arbeidslivet
- at Gloppen Kommune får på plass ein velkomstpakke for innvandrarar og tilflyttarar, der ein finn praktisk informasjon og orientering om Gloppen.
HELSE- OG VELFERDSPOLITIKK
KrF går inn for:
- å behalde eiga legevaktsordning
- å prioritere lokalt laga mat frå det kommunale kjøkkenet.
- fagutvikling for medarbeidarar i barnevernet for å styrke kvaliteten i barnevernstenestene.
- å styrke det psykiske helsevernet, spesielt blant barn og unge.
- å behalde helsestasjon for ungdom og styrkje skulehelsetenesta
- tilrettelegging for integrering av funksjonshemma i samfunnsliv og fritidstilbod.
- å fremje rusførebyggande arbeid blant born og unge, og føre ein restriktiv ruspolitikk. Denne må legge like stor vekt på helse- som næringspolitikk
- å styrkje informasjonsarbeidet om skadelege sider ved alkoholbruken. Arbeide for alkoholfrie arenaer og fokus på «Av og til» i samband med høgtider og feriar.
- at kommunen samarbeider med Frivilligsentralen, kyrkja og frivillige organisasjonar om besøksteneste for heimebuande eldre og bebuarar i institusjon.
- at Gloppen kommune skal ha ei god ordning for Brukarstyrt Personleg Assistent (BPA)
- Barnekoordinatorgaranti med fokus på barna og foreldra sine behov
EIN GOD ALDERDOM
KrF går inn for:
- å legge tilhøva til rette slik at eldre får hjelp til å bu i eigen heim så lenge som råd.
- å arbeide for auka kunnskap, forståing og åpenheit rundt demens.
- gode tilbod for heimebuande med demens.
- at Gloppen skal framleis vere med i ordninga som demensvenleg kommune
- kommunal deltaking i utbygging av sentrumsnære bustader for eldre.
- vidare satsing på velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering.
- at det vert lagt til rette for at eldre kan få del i kulturelle opplevingar.
- universell utforming for alle bygg med offentlege funksjonar.
- Legge til rette for at frivillige kan gjere ein innsats innan eldreomsorga
- Ha gode ordningar for pårørande og brukarmedvirkning i eldreomsorga
- Gi økonomisk støtte til Seniornett Gloppen og Sandane Datastove sin aktivitet med å auke datakompetansen og inkludere eldre i den digitale kvardagen.
KYRKJE OG KULTUR
KrF går inn for:
- å legge til rette for eit livssynsåpent samfunn som tek menneska sine åndeleg behov på alvor
- at trussamfunna får gode vilkår til å løyse oppgåvene sine.
- å styrke Gloppen kyrkjelege fellesråd sin økonomi.
- at ein så langt råd er vernar om helgedagsfreden og går inn for søndagsstengde butikkar.
- at det vert gjeve meir midlar til frivilleg barne- og ungdomsarbeid og då særskilt lågterkseltilbod som inkluderar alle.
- støtte til kulturlivet må aukast minst i takt med konsumprisindeks
- at ulike kulturtilbod som t.d. kulturskulen kjem alle deler av kommunen til del.
- støtte opp om tiltak for å ivareta kulturminne.
- å styrkje det frivillege og profesjonelle kulturarbeidet i kommunen
NÆRING OG SYSSELSETTING, PLANARBEID OG BUSTADBYGGING
KrF går inn for:
- ei arealplanlegging som i tide klargjer høvelege område til både nærings- og bustadføremål.
- ein aktiv bustadpolitikk i heile kommunene med god balanse mellom offentleg og privat bustadbygging/regulering.
- å legge til rette for spreidd busetnad og oppretthalde busetjinga ute i grendene ved å gjere det lettare å få byggje på enkeltståande tomter i LNF- område.
- å legge til rette for kostnadseffektive utbyggingar i form av auka utnyttingsgrad i sentrumsnære områder.
- at det vert høve til utbygging av småkraftverk der tilhøva ligg til rette for det.
- at ein i all planlegging legg vekt på berekraftig arealbruk av natur- og kulturlandskap.
- at Gloppen skal vere ein ja- kommune i høve næringsutvikling og ha attraktive næringsareal. Kommunen skal yte god service til små og mellomstore-bedrifter som vil skape arbeidsplassar i kommunen.
- å effektivisere planarbeidet og korte ned tida på vedtak av kommunale planar.
- å sikre god beredskap på alle nivå i kommunen
- at Sandane sentrum må utviklast som ein attraktiv handels og servicestad.
- å arbeide for at fleire statlege arbeidsplassar vert lagt til distrikta og både politisk og administrativ leiing i kommunen må ha ein strategi og fokus på dette.
- å få på plass byggjeklart næringsareal på Byrkjelo, som inkluderer areal til biogassanlegg.
- å få på plass ei sentrumsplan for Byrkjelo.
- Kommunen må ha ein beredskapsplan som gjev tryggleik på alle nivå i kommunen
LANDBRUK
KrF går inn for:
- å følgje opp gjeldane lov om bu- og driveplikt på landbrukseigedomar
- å verne matjorda. Om byggjing på dyrka mark er einaste utveg, må det leggjast føringar på at matjord vert flytta/erstatta på nytt areal.
- at jordvernomsyn bør vektleggast også ved statlege samferdsleprosjekt.
- å oppretthalde ei god veterinærteneste i kommunen.
- å legge til rette for prosjekt for satsing på rekruttering og nyskaping i landbruk og skogbruk.
- støtte til småskala produksjon av matvarer på grunnlag av lokale råvarer.
- å støtte opp om anna næringsverksemd knytta til landbrukseigedomar som gardsturisme, serveringsstadar m.m.
- å tilrettelegge for areal og miljø som kan auke mjølkeproduksjonen i kommunen
- å støtte auka verdiskaping innan bioenergi.
- å støtte opp om tiltak som kan hindre attgroing av kulturlandskap.
- å leggje til rette for bruk og vedlikehald av støylane, både som ressurs i landbruket, og som ei viktig kulturarv.
- å stimulere til auka produksjon innan frukt, bær og grønnsaksproduksjon
- å sikre ei god forvaltning av hjortestammen og gje støtte til tiltak som kan hindre at hjorten øydelegg for landbruksproduksjonen.
INDUSTRI
KrF går inn for:
- å styrke samarbeidet mellom kommunen og næringslivet
- å bidra til låg terskel for bedrifter som ynskjer å etablere seg i kommunen.
- å bidra til å profilere kommunen som ein attraktiv kommune for industri- og teknologi.
- at det må vere tilgjengeleg areal og lokalitetar for ulike typar bedrifter.
- at kommunen skal vere ein aktiv aksjonær i SFE og legge til rette for eit godt samarbeid. Kommunen skal også ha forventning om årleg utbytte.
- ei allsidig næringsutvikling ved å stimulere til utvikling av både produserande og tenesteytande bedrifter.
- Kommunen må i større grad regulere og opparbeide areal som dekker næringslivet sitt behov.
REISELIV
KrF går inn for:
- at det vert utarbeidd lett tilgjengelig og god informasjon om Gloppen for turistar.
- å stimulere til samarbeid mellom grunneigarane og reiselivsinteressene.
- ei sterkare fokusering på m.a. bygdeturisme, hyttebygging og den opplevingsturismen som er basert på friluftsliv.
- setje av meir areal til hyttefelt og legge til rette for utleigehus på gardsbruk.
- at kommunen aktivt skal bidra til utvikling av Trivselsskogen og andre naturbaserte tilbod.
- auka satsing på aktivitets- opplevingsbasert turisme.
SAMFERDSLE
KrF går inn for:
- gode pendlarruter både inn og og ut kommunen.
- ei aktiv satsing på gang og sykkelvegar i heile kommunen, fullføre gang og sykkelveg Sandane – Fitje, og arbeide for strekninga Øyrane – Sandane sentrum.
- at kommunen må arbeide aktivt for rassikring av fv 615, at Hyen –Storebru vert opprusta, og oppstart av kommunedelplan for denne vegen.
- at Sandane lufthamn skal oppretthaldast og få betre rutetilbod og bygging av hangar
- ferjefri Anda – Lote må på plass og kommunen må saman med Nordfjordbrua as vere pådrivar for at dette skal skje.
- kommunen må vere ein pådrivar for å få utbetra E39 Byrkjelo – Sandane
NATUR, MILJØ OG FRILUFTSLIV
KrF går inn for:
- å bidra til nærmiljø- og trivselstiltak som både tek vare på naturen og gjer naturen tilgjengeleg for flest mogleg.
- å sikre at også personar med ulike handicap kan få utøve eit aktivt friluftsliv.
- å stimulere til auka bruk av elsykkel og elbil i kommunen.
- at det i kommunen er ein auka satsing på energieffektive løysingar, som t.d fjordvarme og solceller.
- støylane våre som viktige kulturminne. Påbygg og ombygging av gamle støylshus må ivareta byggjeskikk og støylsmiljø så langt som råd, der ein også tek omsyn til nye behov.
- å arbeide for å få på plass nasjonal godkjenning av klima og miljøline ved Firda vidaregåande skule.
- sterk vektlegging av klima- og miljøtema i grunnskulen i Gloppen i samarbeid med miljølina ved Firda vidaregåande skule.
- å opprette ein miljøpris i kommunen.
- å arbeide for ein sirkulær økonomi med gjenbruk og gjenvinning av ressursar.
- å arbeide for at Gloppen så langt som muleg kan bli ein plastfri kommune. Vere ein konstruktiv samarbeidspartnar når idrettsanlegg må fornyast, og unngå plast på område der ny miljøvenleg teknologi gjev gode alternativ.
- å støtte haldningsskapande arbeid og frivillige lag og organisasjonar som arbeider for eit betre klima og miljø.
GLOPPEN OG SAMARBEID
Gloppen har mange funksjonar som krev gode alliansar til andre kommunar, regionar og fylket. Det blir viktig å byggje gode relasjonar til dei nye samanslegne kommunane i Sunnfjord og Nordfjord. Kommunen har regionale funksjonar knytt til Sandane lufthamn. Ferja Anda – Lote, Firda vidaregåande skule, Nordfjord Folkemuseum og Nordfjord Miljøverk. Å sikre framtida for desse viktige tenestene i kommunen vil krevje gode alliansar både inn mot andre kommunar, fylkeskommunen og staten. KrF vil bruke det nettverk ein har både til fylkespartiet og partiet sentralt til å utvikle kommunen.
Gloppen er avhengig av eit fungerande bu- og arbeidsområde utover kommunegrensene.
KrF er for samarbeid mellom kommunane der det er nødvendig for å sikre god kvalitet på tenestene.
GJENNOMFØRING AV PROGRAMMET
Gjennomføring av programmet er avhengig av den kommunale økonomien og at det kan etablerast eit politisk fleirtal for våre forslag.