I eit samfunn i forandring treng vi forankring. Vår kristne kulturarv er ein viktig del av vår identitet. Å kjenne vår fortid, og å vere trygt forankra i arv og tradisjon er viktig både for å forstå samfunnet vi lever i, og for å møte nye kulturar og tradisjonar.
KrF vil bidra til å byggje eit godt samfunn i alle delar av kommunen. Vi trur at samspel mellom einskildmennesket, familien, skule, kyrkje, frivillege aktørar, privat og offentleg verksemd er viktig.
FAMILIE
Gode og trygge tilhøve for familiane er berande element i vår nærmiljøpolitikk. Borna har rett til å vekse opp i trygge kår. Tilhøva må leggast til rette for at foreldra sjølve får velje om begge skal vere i arbeid utanom heimen, eller om den eine skal vere heime medan borna er små. Dette kan skje i ei veksling mellom bruk av barnehage og kontantstøtte.
KrF går inn for:
- avlastningsordningar for familiar med tunge omsorgsoppgåver.
- gjennom « Fritidskortet» å legge til rette for at alle barn skal få høve til å delta på fritidsaktivitetar, uavhengig av familien sin økonomi.
- at barnetrygda blir halde utanfor beregningsgrunnlaget for sosialhjelp.
- å sikre at familiane får fleksibilitet gjennom mulighet for kombinasjon av kontantstøtte og barnehage.
OPPVEKST
Det nære lokalmiljø med skule, leikeplassar, barnehage og ulike former for aktivitetstilbod er viktig for borna sin oppvekst.
Skulen må få rammer og ressursar nok til å leggje til rette for kunnskapstileigning og sosial læring. I ei tid med kamp om verdiar, må skulen vere ein viktig verdiformidlar. Skulegudstenester og bruk av salmar / kristne songar vil vere naturleg med vår tradisjon og kultur i Gloppen.
KrF går inn for:
- at borna sine behov skal stå sentralt i all offentleg planlegging.
- å sikre leikeareal ved utbygging av sentrumsområder og bustadfelt.
- mest mogeleg lik foreldrebetaling i offentlege og private barnehagar.
- å sikre trygge skulevegar
- at skulane får ressursar nok til innkjøp av nødvendig utstyr og læremidlar.
- å legge til rette for meir fleksibel skulestart, der foreldra har større innverknad.
- å avklare om det er grunnlag for å starte prøveordning med «leksefri skule» i Gloppen
- at born og unge som ikkje greier å følgje vanleg undervisning, vert sikra nødvendige ressursar.
- aktiv støtte til å oppretthalde og utvikle Firda vidaregåande skule.
- at Gloppen skal vere ein attraktiv stad for elevar ved Nordfjord folkehøgskule og at kommunen må støtte opp om utviklinga av skulen.
- å gje støtte til rusfrie ungdomsmiljø og arrangement.
- å fullføre utbygging av Hyen skule og idrett.
- å få på plass funksjonsplan for Sandane skule og Nordstranda skule.
- at skulane er sikra uteområde for samhandling og fysisk aktivitet for alle.
INTEGRERINGSPOLITIKK
Gloppen må føre ein aktiv integreringspolitikk, der ein legg tilrette for bustadar, opplæring og arbeidslivstiltak. I dette ligg det å ha gode planar for opplæring og gode tiltak for å få våre nye landsmenn ut i det ordinære arbeidslivet.
KrF går inn for:
- ei god organisering av det kommunale tenestetilbod til innvandrarar.
- at Gloppen Kommune må ta sitt ansvar for å busette flyktninger.
- at Gloppen Kommune får på plass ein velkomstpakke for innvandrarar og tilflyttarar, der ein finn praktisk informasjon og orientering om Gloppen.
- at Gloppen blir eit regionalt senter for språkopplæring for flyktningar og andre framandspråklege.
HELSE- OG SOSIALPOLITIKK
Alle i Gloppen kommune må vere trygge på å få den hjelp og omsorg dei treng. Helse- og sosialpolitikken si hovudoppgåve er å gi nødvendige helsetenester og styrkje folkehelsa.
Vi ønskjer ein restriktiv og kunnskapsbasert alkoholpolitikk av omsyn til den enkelte, familiar og samfunnet.
KrF går inn for:
- å behalde eiga legevaktsordning
- å prioritere lokalt laga mat frå det kommunale kjøkkenet.
- å styrke det kommunale tiltaksapparatet i barnevernstenesta, som ein naturleg konsekvens av nedbygging av statlege tiltakstenester.
- fagutvikling for medarbeidarar i barnevernet for å styrke kvaliteten i barnevernstenestene.
- helseførebyggande arbeid ved å legge til rette for fysisk aktivitet.
- å styrke det psykiske helsevernet, spesielt blant barn og unge.
- å behalde helsestasjon for ungdom og styrkje skulehelsetenesta
- tilrettelegging for integrering av funksjonshemma i samfunnsliv og fritidstilbod.
- å fremje rusførebyggande arbeid blant born og unge.
- å føre ein restriktiv alkoholpolitikk.
- å styrkje informasjonsarbeidet om skadelege sider ved alkoholbruken. Arbeide for alkoholfrie arenaer og fokus på «Av og til» i samband med høgtider og feriar.
- at kommunen samarbeider med Frivilligsentralen, kyrkja og frivillige organisasjonar om besøksteneste for heimebuande eldre og bebuarar i institusjon.
- å styrke omsorgsløna til dei som tek nødvendig ansvar for hjelpetrengande.
- at Gloppen kommune skal ha ei god ordning for Brukarstyrt Personleg Assistent (BPA)
- innføring av koordinatorgaranti allereide før fødsel i kommunen slik at alle familiar som får eller har funksjonshemma barn får sine rettar oppfylt.
EIN GOD ALDERDOM
Ein verdig, trygg og meiningsfull alderdom er ein hjørnestein i KrF sin politikk. Pensjonistane representerer viktige ressursar som bygdene våre har bruk for. Fram til 2030 vil vi få ein stor auke i personar over 67 år. Utviklinga syner også at vi får ein auke i talet personar med demens.
KrF går inn for:
- å legge tilhøva til rette slik at eldre får hjelp til å bu i eigen heim så lenge som råd.
- å arbeide for auka kunnskap, forståing og åpenheit rundt demens, og arbeide vidare med Gloppen som demensvenleg samfunn.
- eit dagtilbod for heimebuande med demens.
- tilrettelegging av høvelege bu- og hjelpetilbod utanfor heimen for dei som treng det.
- tilrettelegging av sentrumsnære bustader for eldre.
- at tekniske hjelpemiddel og rehabiliteringstiltak skal ha høg prioritet.
- vidare satsing på velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering.
- at det vert nok personalressursar i institusjon, heildøgnsbemanna omsorgsbustadar, bufelleskap og heimeteneste slik at behova for dei eldre vert stetta.
- at dei eldre sine røynsler og evner må aktivt nyttast i kontaktskapande arbeid i høve til andre eldre, men også i høve til born og ungdom.
- at det vert lagt til rette for at eldre kan få del i kulturelle opplevingar.
- universell utforming for alle bygg med offentlege funksjonar.
KYRKJE OG KULTUR
For mange er det viktig å ha ein grunnvoll og ei retning for livet. Den norske kyrkja, frikyrkjene og dei frivillige kristne organisasjonane i Gloppen er viktige medspelarar i ei positiv utvikling av kommunen vår.
Mange andre ulike lag og organisasjonar rundt om i heile kommunen er gjennom aktiviteten sin viktige kultur- og tradisjonsberarar. Dei bidreg til eit godt fellesskap og at folk trivast i lokalsamfunnet vårt. Det varierte kulturlivet i Trivselshagen er viktig for svært mange.
KrF går inn for:
- at trussamfunna får gode vilkår til å løyse oppgåvene sine. Vi ser på trusopplæring som ei grunnleggjande oppgåve
- å styrke Gloppen kyrkjelege fellesråd sin økonomi.
- at ein så langt råd er vernar om helgedagsfreden og går inn for søndagsstengde butikkar.
- at det vert gjeve meir midlar til frivilleg barne- og ungdomsarbeid og då særskilt lågterkseltilbod som inkluderar alle.
- at ulike kulturtilbod som t.d. kulturskulen kjem alle deler av kommunen til del.
- støtte opp om det generelle kulturlivet i Gloppen med lag og organisasjonar og vedlikehald av grendehus.
- støtte opp om tiltak for å ivareta kulturminne.
- at det i Trivselshagen vert lagt til rette for aktivitet for flest mogeleg.
NÆRING OG SYSSELSETTING, PLANARBEID OG BUSTADBYGGING
Eit viktig grunnlag for utvikling i kommunen er at ein har eit velfungerande og allsidig næringsliv som skaper arbeidsplassar og driv lønsamt. Eit tett samarbeid mellom kommunen og næringslivet er avgjerande for å lukkast i dette arbeidet. Kommunen har hovudansvaret for å planlegge og gjennomføre infrastrukturtiltak som m.a. attraktive nærings- og bustadareal, gode kommunikasjonar og eit godt offentleg tenestetilbod. Det bør vere attraktive bustadfelt i alle bygder i kommunen.
KrF går inn for:
- ei arealplanlegging som i tide klargjer høvelege område til både nærings- og bustadføremål.
- å legge til rette for kombinert bruk av bygg til bustad og næringsføremål.
- at Hyen skal prioriterast når det gjeld kommunalt bustadfelt.
- at Nordstranda må få bustadfelt i kommunal eller privat regi.
- ein aktiv bustadpolitikk med god balanse mellom offentleg og privat bustadbygging.
- rimelege tomter og gjennomgangsbustader for familiar i etableringsfasen og innvandrarar.
- å legge til rette for spreidd busetnad og oppretthalde busetjinga ute i grendene ved å gjere det lettare å få byggje på enkeltståande tomter i LNF- område.
- å finne verkemiddel for å unngå at einebustader står tomme mesteparten av året.
- å legge til rette for kostnadseffektive utbyggingar i form av auka utnyttingsgrad i sentrumsnære områder.
- at det vert høve til utbygging av småkraftverk der tilhøva ligg til rette for det.
- at ein i all planlegging legg vekt på berekraftig arealbruk av natur- og kulturlandskap.
- ein offensiv politikk for attraktive næringsareal i kommunen tilpassa næringslivet sine behov.
- at Gloppen skal vere ein ja- kommune i høve næringsutvikling. Kommunen skal yte god service til alle som vil skape noko i kommunen og som gjev nye arbeidsplassar.
- å effektivisere planarbeidet og korte ned tida på vedtak av kommunale planar.
- at Sandane sentrum må utviklast som ein attraktiv handels og servicestad.
- Sentrumplanen for Sandane må gje rom for å ta i bruk nye areal og funksjonar. Og dei næringsdrivande må ha gode rammevilkår.
- å arbeide for at fleire statlege arbeidsplassar vert lagt til distrikta og både politisk og administrativ leiing i kommunen må ha ein strategi og fokus på dette.
- å bygge ut Kattahamrane til eit byggeklart næringsområde.
- å få på plass byggjeklart næringsareal på Byrkjelo.
- å få på plass ei sentrumsplan for Byrkjelo.
LANDBRUK
Landbruk er ei svært viktig næring for Gloppen, og kommunen må legge til rette for å oppretthalde og vidareutvikle aktiviteten i landbruket og sjå på denne aktiviteten som eit viktig grunnlag for anna næringsutvikling. Melkeproduksjon er bærebjelken i landbruket og grunnlaget for Tine Meieriet på Byrkjelo. Småfe, frukt og bær er også viktige næringar innan landbruket i Gloppen og må utviklast vidare. Eit variert landbruk er også viktig for å ivareta kulturlandskapet vårt og å oppretthalde busetnaden ute i grendene.
KrF går inn for:
- å handheve bu og driveplikta gjennom aktiv arealpolitikk i kommunen.
- å følgje opp gjeldane lov om buplikt på landbrukseigedomar og handheve buplikta.
- så langt som råd å verne matjorda. Om byggjing på dyrka mark synast som einaste utveg, må det leggjast føringar på at jord som vert fjerna gjev best mogleg nytte annan stad.
- at jordvernomsyn bør vektleggast også ved statlege samferdsleprosjekt.
- å framleis ha landbrukssjef i Gloppen.
- å oppretthalde ei god veterinærteneste i kommunen.
- å legge til rette for prosjekt for satsing på rekruttering og nyskaping i landbruk og skogbruk.
- støtte til småskala produksjon av matvarer på grunnlag av lokale råvarer.
- å støtte opp om anna næringsverksemd knytta til landbrukseigedomar som gardsturisme, serveringsstadar m.m.
- å tilrettelegge for areal og miljø som kan auke mjølkeproduksjonen i kommunen
- å støtte auka verdiskaping innan bioenergi.
- å sikre gode returordningar for landbruksplast og anna avfall.
- å støtte opp om tiltak som kan hindre attgroing av kulturlandskap.
- å leggje til rette for bruk og vedlikehald av støylane, både som ressurs i landbruket, og som ei viktig kulturarv.
- at kommunen samarbeider med alle faginstansar innan landbruket for å betre rammevilkåra.
- å stimulere til økologisk landbruk inklusive frukt, bær og grønnsaksproduksjon
- å sikre ei god forvaltning av hjortestammen og gje støtte til tiltak som kan hindre at hjorten øydelegg for landbruksproduksjonen.
INDUSTRI
Gloppen har industri- og teknologibedrifter som er leiande innan sitt felt både nasjonalt og internasjonalt. I ei allsidig næringsutvikling er det viktig å stimulere til utvikling av både produserande og tenesteytande bedrifter. Som kraftsenter i fylket har Gloppen ein brei kompetanse innan el-kraft.
KrF går inn for:
- å styrke samarbeidet mellom kommunen og næringslivet
- at verksemdene i kommunen vert stimulerte til positiv vidareutvikling
- å bidra til låg terskel for bedrifter som ynskjer å etablere seg i kommunen.
- å bidra til å profilere kommunen som ein attraktiv kommune for industri- og teknologi.
- at det må vere tilgjengeleg areal og lokalitetar for ulike typar bedrifter.
- at kraftressursane i Gloppeelva vert vidareutvikla og forvalta på ein god måte.
- å invitere til eit godt samarbeid mellom Gloppen kommune og Sogn og Fjordane Energi, og at kommunen skal vere ein aktiv aksjonær i selskapet.
- ei allsidig næringsutvikling ved å stimulere til utvikling av både produserande og tenesteytande bedrifter.
REISELIV
Gloppen har store ressursar innan turisme og reiseliv. Her er høve til ulike turopplegg i flott natur, og med overnattingsplassar på campingplassar, hotell, sommarhotell og gardsturisme.
KrF går inn for:
- at det vert utarbeidd lett tilgjengelig og god informasjon om Gloppen for turistar.
- å stimulere til samarbeid mellom grunneigarane og reiselivsinteressene.
- ei sterkare fokusering på m.a. bygdeturisme, hyttebygging og den opplevingsturismen som er basert på friluftsliv.
- setje av meir areal til hyttefelt og legge til rette for utleigehus på gardsbruk.
- At kommunen aktivt skal bidra til utvikling av Trivselsskogen og andre naturbaserte tilbod.
- Stisyklingssenteret på Vereide må utviklast i samarbeid med Nordfjord folkehøgskule, og vi ynskjer å vidareføre satsinga på sykkelturisme i Gloppen
SAMFERDSLE
Med si sentrale plassering i fylket er kommunen eit trafikk-knutepunkt for både sjø- land- og lufttrafikk.
KrF går inn for:
- gode pendlarruter til Førde, Eid og Hyen.
- eit koordinert kollektivtilbod som også vert knytt saman med skulerutene.
- ei aktiv satsing for å sikre dei mjuke trafikantane og sikre trygge skulevegar.
- gang og sykkelveg frå Sandane sentrum til Fitje. Om nødvendig må kommunen vurdere å forskottere dette arbeidet.
- at kommunen må arbeide aktivt for rassikring av fv 615, at Hyen –Storebru vert opprusta, og oppstart av kommunedelplan for denne vegen.
- Gang og sykkelveg Øyrane – Sandane sentrum.
- at Sandane lufthamn skal oppretthaldast og få betre rutetilbod.
- ferjefri Anda – Lote må på plass og kommunen må saman med Nordfjordbrua as vere pådrivar for at dette skal skje.
- kommunen må vere ein pådrivar for å få utbetra E39 Byrkjelo – Sandane
NATUR, MILJØ OG FRILUFTSLIV
Forvaltaransvaret pålegg oss å sikre natur og miljø for framtidige generasjonar.
God forvaltning og aktiv bruk av inn- og utmark er viktig for å ta vare på landskapet og sikre miljø og busetnad i bygdene våre.
KrF går inn for:
- å bidra til nærmiljø- og trivselstiltak som både tek vare på naturen og gjer naturen tilgjengeleg for flest mogleg.
- å sikre at også personar med ulike handicap kan få utøve eit aktivt friluftsliv.
- å stimulere til etablering av mindre nærmiljøtiltak i bygdene, som til dømes rydding av stiar.
- å stimulere til auka bruk av elsykkel og elbil i kommunen.
- At alle kommunen sine bygg, som barnehagar, skular og omsorgsbustader etc. vert miljøfyrtårnsertifiserte.
- at offentleg drift skal vere tufta på miljøtankegang og at ein skal nytte miljøvenlege løysingar der dette let seg gjere.
- at verneforskriftene for nasjonalparkane som Gloppen er ein del av vert ivaretekne samtidig som ein legg til rette for at grunneigarane kan nytte utmarksområda til beite og at ein til ein viss grad legg til rette for skånsam friluftsliv og ferdsel.
- å verne om dei mange flotte støylane våre som viktige kulturminne. Påbygg og ombygging av gamle støylshus må ivareta byggjeskikk og støylsmiljø så langt som råd, der ein også tek omsyn til nye behov.
- at ved planleggjing av vegar, hytter og hyttefelt må ein ta omsyn til kulturlandskapet. Ein må ta særskilde omsyn nær støylar og støylsmiljø.
- å utarbeide ei heilskapleg plan med klare retningslinjer for støylane og støylsområda, for å balansere verneinteresser opp mot naudsynt bruk.
- å arbeide for å vidareutvikle klima og miljøline ved Firda vidaregåande skule til landsline.
- sterk vektlegging av klima- og miljøtema i grunnskulen i Gloppen i samarbeid med fagmiljøet ved Firda vidaregåande skule.
- å opprette ein miljøpris i kommunen.
- å arbeide for ein sirkulær økonomi med gjenbruk og gjenvinning av ressursar.
- å arbeide for at Gloppen så langt som muleg kan bli ein plastfri kommune. Dette kan til dømes bety å vere konstruktiv samarbeidspartnar når idrettsanlegg må fornyast, og unngå plast på område der ny miljøvenleg teknologi gjev gode alternativ.
- å støtte haldningsskapande arbeid og frivillige lag og organisasjonar som arbeider for eit betre klima og miljø.
GLOPPEN OG SAMARBEID
Gloppen har mange funksjonar som krev gode alliansar til andre kommunar, regionar og fylket. Det blir viktig å byggje gode relasjonar til dei nye samanslegne kommunane i Sunnfjord og Nordfjord. Kommunen har regionale funksjonar knytt til Sandane lufthamn. Ferja Anda – Lote, Firda vidaregåande skule, Nordfjord Folkemuseum og Nordfjord Miljøverk. Å sikre framtida for desse viktige tenestene i kommunen vil krevje gode alliansar både inn mot andre kommunar, fylkeskommunen og staten. KrF vil bruke det nettverk ein har både til fylkespartiet og partiet sentralt til å utvikle kommunen.
Gloppen er avhengig av eit fungerande bu- og arbeidsområde utover kommunegrensene.
Når det er snakk om kommunesamanslåing ser Gloppen KrF det mest naturleg å sjå til nabokommunane i Nordfjord, som alternativ til at Gloppen framleis kan vere eigen kommune.
GJENNOMFØRING AV PROGRAMMET
Når det gjeld gjennomføring av dette programmet så er det sjølvsagt avhengig av den kommunale økonomien til ei kvar tid og at det kan etablerast eit politisk fleirtal for våre forslag. KrF har som målsetting å kome i ein posisjon i neste kommunestyreperiode der vi saman med andre parti kan utgjere eit fleirtal.