Program Fitjar KrF 2023-2027

KRF SI LISTE

Fitjar KrF stiller ved dette valet ei liste med mange gode unge kandidatar som kan visa til stort engasjement innan organisasjonsliv og frivillig arbeid. Lista består av både kandidatar som har vakse opp i Fitjar, og kandidatar som har flytta til bygda. Fleire av kandidatane har brei erfaring frå politisk arbeid, medan andre kan bidra med fornying i det politiske arbeidet. Kandidatane har eit stort engasjement for Fitjarbygda og ynskjer å vera med og utvikla Fitjar til at det blir ein enda betre stad å bu for unge og gamle.

ORDFØRARKANDIDATEN

Me i Fitjar KrF meiner at den beste ordførarkandidaten til å vera med å styra Fitjar dei neste fire åra er  Harald Rydland:

  • Harald har lang erfaring som politikar, og er godt kjent i Fitjar kommune.
  • Han har eit stort kontaktnett lokalt, regionalt og nasjonalt som vil koma Fitjarbygda til gode
  • Han har hatt mange leiarverv i ulike organisasjoner, noko som gjer at han har eit breitt kunnskapsfelt
  • Han er tydeleg på at han står i sentrum av norsk politikk, og dermed kan samarbeida til begge sider i politikken
  • Harald er ein positiv og løysingsorientert person som det er lett å samarbeida med.
  • Harald har igjennom perioden vist at han kan styra kommunen gjennom skiftande tider med pandemi, stram kommuneøkonomi og andre store og små utfordringar
  • Harald er ein inkluderande politikar som likar å ha breie politiske vedtak som kan stå seg over tid, og som kan gje ein god å føreseieleg politisk retning i Fitjar.
  • Me vil oppmoda alle til å stemma på KrF og Harald Rydland ved valet den  11. september

POLITIKK

I Fitjar er me heldige og kan visa til svært godt samarbeid mellom kommunen, det lokale næringslivet og dei frivillige organisasjonane. Dette er av stor verdi for å utvikla og driva eit godt lokalsamfunn. Fitjar KrF og ordførarkandidaten vår vil arbeida for at dette gode fellesskapet skal få halda fram.

Fitjar kommune skal vera ein attraktiv stad for unge familiar som ser etter ein stad å busetja seg. Slik Fitjar KrF og ordførarkandidat Harald Rydland ser det, er dette eit overordna tema som må gå igjen i alt arbeid som kommunestyret driv med. Lukkast me med dette, vil bygda vår vera sikra ei god framtid, og det vil vera godt for folk i alle aldrar å bu i Fitjar.

For å nå målet, vil Fitjar KrF arbeida med fem fokusområde (5G) som bidreg til å sikra bulyst, aktivitet og trivsel:

  • Gode plassar å bu
  • Gode arbeidsplassar og rikt næringsliv
  • Gode offentlege tenester og tilbod
  • Gode tilbod innan kultur- og fritidsaktivitetar
  • Gode tilbod i eit triveleg sentrum

Fitjar kommune har alt mykje godt å visa til på alle desse områda. Fitjar KrF vil arbeida for å ta vare på, og vidareutvikla alt det me har av gode tenester og tilbod i Fitjar. Gjennom arbeidet i kommunestyret, og i samarbeid med andre aktørar, vil KrF sine kandidatar ta tak i fleire gode idear og saker som kan gjera Fitjarbygda enno meir attraktiv og framtidsretta.

For ein del av tiltaka må me ta atterhald om at kommuneøkonomien tillet at dei vert gjennomført, medan andre tiltak kan vera med å styrka kommuneøkonomien, både direkte og indirekte.

Innafor dei ulike områda vil me nemna ein del saker som me i Fitjar KrF, i samarbeid med andre parti og aktørar, vil arbeida for i neste kommunestyreperiode.

GODE PLASSAR Å BU

  • Me vil leggja til rette for fine bustadtomtar i sentrum og krinsande gjennom rullering av arealdelen til kommuneplanen i kommande periode
  • Me vil arbeida for at det til ei kvar tid er eit variert utval av bustader å velja i for dei som vil busetja seg i Fitjar
  • Me vil arbeida for privat/offentlig samarbeid i samband med bustadbygging
  • Me vil prøva å legga til rette for at det i kommuneplanen blir sett av areal til eldretun i grendene.
  • Me vil at det skal verta enklare å få lov til å leggja ut flytebryggjer i Fitjar kommune
  • Me vil fylgja opp hovudplanen for vatn- og avlaup  og syta for at kommunen til ei kvar tid leverer vatn av høg kvalitet
  • Me vil at det skal vera råd å ha innlagt vatn og toalett i naust, der det kan koplast til offentlege anlegg.

GODE ARBEIDSPLASSAR OG RIKT NÆRINGSLIV

  • Me vil at kommunen skal visa ei positiv haldning overfor etablert næringsliv og dei som kan tenkja seg å starta ny næring i Fitjar
  • Me vil arbeida for eit strengt vern av dyrka jord, og for at det vert krevd nydyrking eller flytting av matjord ved nedbygging av dyrka areal
  • Me vil leggja til rette for at ei bærekraftig havbruksnæring skal få tilgang til gode lokalitetar og vilkår i Fitjar, og at nye områder blir lagt inn i kommuneplanen
  • Me vil at alle veksemder som tek oppdrag for Fitjar kommune skal oppfylla  seriøsitetskrava kommunen har sett
  • Me vil at deler av det som kommunen set av til næringsføremål skal kunna brukast til å støtta etablerarar med hjelp, t.d. gjennom Atheno
  • Me vil arbeida aktivt med trafikksikringsplanen og oppfølging av den, for å ha trygge og gode vegar i Fitjar.

GODE OFFENTELEGE TENESTER OG TILBOD

Fitjar kommune skal levera tenester av høg kvalitet og dei tilsette skal ha gode arbeidsvilkår

Helse og omsorg

  • Me vil at kjøkkendrifta på sjukeheimen skal halda fram og levera sunn og godt mat til brukarane.
  • Me vil arbeida for meir brukarmedverknad i helse- og omsorgstenestene, etter modell frå skule, barnehage og prøveprosjektet på sjukeheimen
  • Me vil halda fram arbeidet for å få tilbake eit godt tannhelsetilbod i Fitjar gjennom offentleg/privat samarbeid
  • Me vil arbeida at Fitjar kommune skal få fleire VTA-plassar, og prøva å få til lokale aktivitetar i tilknytning til dette
  • Me vil arbeida for at det kan etablerast eit tilbod om «Grøn omsorg» på eit småbruk i Fitjar
  • Me vil arbeida for at Fitjar kommune skal ha ei god og respektfullt rusomsorg
  • Me vil arbeida for å styrka heimetenestene, slik at fleire eldre kan bu heime
  • Me vil førebyggja ungt utanforskap ved å styrka  arbeidet for god psykisk helse for barn og unge

Skule og barnehage

  • Me vil arbeida for ta vare på grendaskulane så lenge dei har elevgrunnlag som sikrar eit godt pedagogisk tilbod, og kommuneøkonomien tillet det.
  • Me vil syta for at det til ei kvar tid er tilgang på nok barnehageplassar, både i kommunal og privat regi
  • Me vil syta for god symjeundervisning i skulen, og leggja til rette for at foreldra kan engasjera seg i borna si symjeopplæring
  • Me vil arbeida for gode og effektive tiltak for å hindra mobbing
  • Me vil jobba for å få fleire praktiske valfag inn i skulen, i samarbeid med næringslivet.
  • Me vil arbeida for tidleg innsats for dei som treng ekstra oppfølging og hjelp i barnehage og skule.
  • Me vil arbeida for at det skal vere eit godt fysisk og psykisk skulemiljø for alle, både elevar og lærarar

Andre kommunale tenester

  • Me vil syta for at Fitjar brann- og redning har god kompetanse og tenleg utstyr for å utføra oppdraget sitt

Kommunalt og regionalt samarbeid

  • Fitjar KrF seier nei til kommunesamenslåing
  • Me vil arbeida for interkommunalt, regionalt eller privat samarbeid på område der kommunen åleine ikkje er i stand til å levera gode nok tenester for innbyggjarane
  • Me vil støtta opp om Sunnhorlandsådet, som er ein viktig aktør for Sunnhordlandskommunane framover

Statlege- og fylkeskommunale tenester

  • Me vil arbeida for at statlege og fylkeskommunale tenester og arbeidsplassar kan leggjast til Fitjar
  • Me vil påverka fylkeskommunen til å leggja til rette for eit godt kollektivtilbod i Fitjar
  • Me vil gjera alt med kan for å påverka til at Fitjar vidaregåande skule skal vidareførast og få utvikla seg til ein framtidsretta skule, i tett samarbeid med lokalsamfunnet

Kommuneøkonomi

  • Me vil arbeida for at kommunen skal ha stabil og god økonomi
  • Me vil arbeida for at det ikkje skal vera høgare kommunale avgifter og gebyr i Fitjar enn kommunar det er naturleg å samanlikna seg med.
  • Me vil arbeida for at investeringer som blir gjort er framtidsretta med låg energibruk og lite vedlikehaldsbehov

GODE TILBOD INNAN FRITID OG KULTUR

  • Me vil at Kommunen skal støtta positive tiltak som eldsjeler og frivillige organisasjonar driv innan kulturlivet i Fitjar
  • Me vil at kommunen skal støtta tiltak som framhevar den rike lokalhistoria i me har i Fitjar
  • Me vil arbeida vidare med tiltaksplanen for Fitjarfjellet for å fremja folkehelse og friluftsliv i kombinasjon med næring
  • Me vil arbeida for at det ikkje skal komma fleire vindmøller i Fitjarfjellet.
  • Me vil få greidd ut kva eit lokalt fritidskort ville kosta.
  • Me vil støtta bygging av gode anlegg for idrett, friluftsliv og kulturaktivitetar i heile kommunen
  • Me vil halda fram arbeidet med å etablera eit e-sportsenter i Fitjar
  • Me vil at snarast råd skal etablerast eit samarbeid mellom kommunen og andre aktørar for å få bygd  toalettanegg ved Olstjødno
  • GODE TILBOD I EIT TRIVELEG SENTRUM
  • Me vil arbeida for eit triveleg sentrum med med gode tilbod innan handel og service, og nok parkeringsareal for dei som skal handla og har andre ærend i sentrum
  • Me vil at Fitjar sentrum skal vera ein god møteplass for folk i alle aldrar, der dei kan få utfalda seg med eit mangfald av aktivitetar
  • Me vil støtta opp om tiltaka som den nye reguleringsplanen for sentrum opnar for
  • Me vil halda fram arbeidet med å få snøggbåten til å stoppa i Fitjar sentrum