ANSVAR FOR KVARANDRE – Tid til det viktigaste
Kristne verdiar som menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik er grunnsteinane i KrF sin politikk. Me meiner at samfunn vert bygde nedanfrå og opp, i eit godt samspel mellom enkeltmenneske, familien, frivilligheita, trussamfunna, næringslivet og det offentlege. Mennesket har ein eigen verdi, og menneskeverdet er ukrenkeleg frå befrukting til ein naturleg død. KrF vil ha eit samfunn der alle kjenner at dei høyer til og har ein meiningsfylt kvardag. Verdiane våre forpliktar oss til å ta vare på og bruka naturen og naturressursane på ein berekraftig måte.
For Bømlo KrF er det viktig at Bømlo òg i framtida skal vera ein god stad å veksa opp, bu og leva. Då må me leggja til rette for folkevekst og sørgja for at me har ein sunn økonomi slik at me kan møta utfordringane som kjem. For å få til dette, treng me attraktive arbeidsplassar og gode stader å bu.
Framover blir det fleire eldre på Bømlo, samstundes som det blir færre med skattbar inntekt. Det må me som kommune vera førebudde på. Difor meiner me det er viktig med godt førebyggjande folkehelsearbeid som tek omsyn til heile mennesket, også åndeleg. Eldre er ein ressurs, og mange har mykje å bidra med i møte med yngre generasjonar og i frivillig arbeid. Samstundes er det viktig at hjelpa er tilgjengeleg når livet endrar seg.
Kommunen må styrast på ein trygg og ansvarleg måte. Me har vore med på viktige grep som gjer at me er godt budde på framtida. Mange skular er oppdaterte, me har tilstrekkeleg med institusjonsplassar og det er bygd gode vegar.
I kommande periode står Bømlo, som andre kommunar, føre utfordringar knytte til endring i demografi, kamp om arbeidskraft og det som ser ut til å bli ein trongare økonomi. Bømlo KrF vil vera med på å ta dei nødvendige vanskelege avgjerslene samstundes som me legg til rette for vekst gjennom satsing på lokalt næringsliv.
Familie og oppvekst
Barn er ulike, og familiar er ulike. Det viktigaste me kan gjera for å sikra alle barn ein trygg og god oppvekst, er å styrkja familiane og tilby opplæring og støtte til foreldre. I barnehagen, i skulen og på SFO skal alle barn oppleva å bli sett, få utvikla seg og kjenna på meistring. Krf ønskjer å styrkja samarbeidet med frivillige og kunna utvida laget rundt barnet.
KrF vil:
- sikra valfridom for familiane
- tilby samlivs- og foreldrekurs til alle foreldre
- vurdera kommunal kontantstøtte
- at alle skal få rask og rett hjelp frå hjelpeapparatet når behova melder seg
- støtta integreringsarbeid i bygdene våre
- ha trygge nærmiljø og leggja til rette for gode møteplassar på tvers av generasjonane
- sikra at ordninga med fritidskort blir vidareført på Bømlo
Barnehage, skule og SFO
Barn har ulik bakgrunn og ulike evner og føresetnader. Barnehagen og skulen må sjå den enkelte og leggja til rette for utvikling og læring i samarbeid med foreldra. Alle elevar har rett til tilpassa opplæring. Førebygging og tidleg innsats kan vera avgjerande for god utvikling.
Barnehagar og skular skal ha trygge og gode miljø der den enkelte skal oppleva meistring og vera inkludert.
KrF vil at førsteklassingane skal få ein god skulestart som tek omsyn til seksåringane si utvikling og behovet for leik og fysisk aktivitet.
KrF vil:
- at det vert sett inn tidleg innsats og rett hjelp når vanskar vert avdekka
- at arbeid mot mobbing skal ha høg prioritet i skule og barnehage
- ha særleg fokus på haldningsarbeid og nettvett
- vurdera mobilfrie skular i samråd med elevar og foreldre
- ha høg kompetanse og tilbod om vidare- og etterutdanning i barnehage og skule
- vera positive til oppretting av ein kommunal barnehage om det vert behov for det
- ønska velkommen frivillige vaksne, lyttevenner, som kjem til skulen og les med elevane
- gjera Bømlo til ein «leksebevisst kommune»
- leggja til rette for at ungdomsskular kan prøva ut karakterfri skulekvardag, med vekt på gode vurderingstilbakemeldingar, i 8. og delvis 9. trinn
- vidareføra førebyggjande tiltak gjennom barne- og familietenesta (PPT, helsestasjon, skulehelsetenesta og tiltaksteam)
- arbeida målretta for å styrka samarbeidet med barnevernet
- vidareføra ordninga med SLT/MOT-koordinator og invitera til eit breitt samarbeid for reduksjon av mobbing, rusbruk, vald og overgrep
- støtta og utvikla Bømlo ungdomsråd slik at det framleis har ei aktiv rolle i lokaldemokratiet
- oppretthalda ei god vaksenopplæring
- jobba for utvida fagopplæring, òg for personar utan ungdomsrett
- arbeida for å eit godt samarbeid med den vidaregåande opplæringa på Bømlo, òg for grupper som treng tilrettelegging
- sikra gode overgangar frå barnehage til skule, frå barneskule til ungdomsskule, og til den vidaregåande skulen
Helse og omsorg
God helse er viktig for oss alle. Dette gjeld for alle fasar i livet. KrF ønskjer å verna om dei svake og leggja til rette for ein verdig og aktiv alderdom.
Me vil arbeida for å styrkja folkehelsearbeidet i kommunen. Det må leggjast til rette for auka fysisk aktivitet for alle aldersgrupper, og alle må kunna delta i meiningsfulle fritidsaktiveter. For KrF er det viktig at samfunnet viser respekt for menneske sine åndelege behov.
Bømlo skal vera eit seniorvennleg samfunn der eldre får brukt ressursane sine og får den omsorga dei treng.
KrF vil:
- leggja til rette for aktivitets- og seniorsenter fleire stader i kommunen
- samarbeida med frivillige om til dømes matutkjøring og besøksvenn
- etablera eit «omsorg pluss»-tilbod både på Moster, Langevåg og Svortland
- ha tenester tilpassa den enkelte sitt behov
- sikra at dei som mottar hjelp, og pårørande, får vera med på å utforma tilbodet dei får
- at det skal vera enkelt for tilsette i helsesektoren å ta etter- og vidareutdanning
- sikra gode dagtilbod for eldre og demente
- at sjukeheimsplass skal vera tilgjengeleg når det trengs
- vera ein demensvennleg kommune
- utvikla ulike buformer, gjerne bufellesskap, for eldre med høve til døgnomsorg, og bustader tilrettelagt for demenssjukdom, gjerne i samarbeid med private utbyggjarar
- styrkja arbeidet med psykisk helse i kommunen og oppretthalda eit godt dagtilbod
- sikra ei framtidsretta heimeteneste med fokus på førebyggjande helsearbeid
- at Bømlo skal tilby velferdsteknologi for å sikra meistring og medverknad i eige liv
- ha eit godt og tilrettelagt arbeids- og aktivitetstilbod for utviklingshemma
- finna løysingar for samarbeid med private bedrifter om tilrettelagte arbeidsplassar
- arbeida for at Bømlo kommune og bedrifter på Bømlo implementerer HELT MED – eit program for inkludering av personar med utviklingshemming i det ordinære arbeidslivet
- styrkja innsatsen for integrering i arbeidslivet, også gjennom tilrettelagte opplæringsløp for flyktningar
- støtta haldningsskapande arbeid og tiltak mot rus, spesielt retta mot barn og unge
- sikra alkoholfrie soner, mellom anna på opphaldsstader for barn og unge
- at i alkoholpolitiske spørsmål skal omsyn til folkehelse gå føre næringspolitiske omsyn
Levande lokalsamfunn
Gode lokalsamfunn er nære fellesskap der me saman hjelper kvarandre med å leva gode liv. Tillit, fellesskap og tryggleik vert skapt gjennom aktive menneske som engasjerer seg, bryr seg om og heiar på kvarandre.
KrF meiner at samfunn vert bygde nedanfrå og opp, i eit godt samspel mellom enkeltmenneske, familien, frivilligheita, trussamfunna, næringsliv og det offentlege. Sterke bygder gir eit sterkt Bømlo. Me ønskjer gode desentraliserte tilbod og trygge miljø for alle gjennom heile livet. Å ha arbeidsplassar nær der folk bur er viktig for å bidra til eit godt tilbod i lokalsamfunnet. Me meiner det er viktig å høyra dei lokale stemmene gjennom grendeutval, velforeiningar og gardslag.
Det offentlege må ha ei aktiv rolle i å sikra levande lokalsenter i kommunen, med butikkar, servicetilbod og møteplassar. Kommunen kan bidra gjennom planverk, og ved å byggja vegar, gangvegar og leikeplassar.
KrF vil:
- leggja til rette for å få unge til å flytta heim igjen og gjera kommunen attraktiv for nye tilflyttarar
- innføra velkomstpakke med informasjon til nye innbyggjarar
- leggja til rette for vekst og utvikling i bygdene, arbeida for å ha attraktive og tilgjengelege tomter i alle skulekrinsane, og leggja til rette for eit variert næringsliv
- at kommunen aukar innsatsen for å sikre løysingar for båtplass til fleire, både ved kommunale anlegg, samarbeid med lokale båtlag og ved å vurdera krav om netto ekstra båtplassar i fellesanlegg ved større naustanlegg
- arbeida for å styrka den interne bussforbindelsen i kommunen
- ha ein aktiv dialog med fylket om prøveordningar på Bømlo etter modell av “kom-og-hent-meg-bussen”
- arbeida for universelt utforma turstiar i våre lokalsenter
- realisera gangveg langs Storavatnet frå kulturhuset til Hollundskjosen, og arbeida for gangveg og trygg skuleveg rundt heile vatnet
- sikra trygg skuleveg ved Rubbestadneset skule
- rusta opp skulen ved Våge og vurdera om det må byggjast nye bygg
- finna løysing for ny gymsal, eventuelt fleirbrukshall, i samarbeid med grendeutvalet, sportsklubben og FAU på Våge
- gjera klar for, og vurdera å byggja, fleirbrukshall på Moster
- sjå på behov og moglegheit for å auka hallkapasitet på Svortland
Klima og miljø
Klimaendringane er ein av dei største utfordringane me har. KrF tar forvaltaransvaret på alvor. Me skal verna om naturen og miljøet lokalt, men òg ta ansvar for ei berekraftig utvikling og eit redusert forbruk. Det biologiske mangfaldet og det globale klimaet er òg vårt ansvar.
KrF ønskjer å ta vare på urørt natur og redusera det menneskelege fotavtrykket i naturen som kjem av forureining og forsøpling.
KrF vil:
- utarbeida ein plan for energisparing i kommunale bygg
- arbeida for at alle kommunale nybygg skal vera lågenergibygg
- arbeida for at det vert etablert ladepunkt i delsentra
- jobba mot regionale og sentrale myndigheiter for å få eit vesentleg betre kollektivtilbod på Bømlo
- framleis prioritera støtteordningar til tiltak mot attgroinga av kulturlandskapet
- arbeida for betre sorteringsordning av avfall frå hytter og fritidsbustader
- arbeida for at gjenvinningsbutikkar får fritak frå næringsbetaling på avfall
- yta tilskot for vedlikehald og skilting av turstiar, og sikra tilgjenge og parkering
- sikra tilgang til sjø og sjøliv for dei som ønskjer det, både gjennom å verna om naturlege badeplassar og ved å leggja ut nye områder for småbåthamner
Kultur og frivillig arbeid
KrF ser på det frivillige arbeidet som sjølve drivkrafta i det sivile samfunnet. Dei frivillige organisasjonane dannar fellesskap og samhald på tvers av generasjonar og samfunnslag og skapar viktige treffpunkt. Me vil difor arbeida for at det skal vera enklast mogleg for frivillige organisasjonar å driva med arbeidet sitt i kommunen.
KrF vil at Bømlo kommune skal gje støtte til etablering av fritidstilbod med låg terskel for born og unge, og styrkja kristne aktivitetstilbod.
KrF vil:
- sikra at ordninga med fritidskort blir vidareført i Bømlo
- oppretthalda tilskotsordningar for barne- og ungdomsarbeid i regi av lokale kyrkjesamfunn, bedehus, idrettslag og frivillige lag og organisasjonar
- styrkja integrering og fleirkulturell samhandling gjennom frivillige lag og organisasjonar
- gi naudsynte rammer slik at Bømlo kulturskule kan halda fram med å tilby eit variert og desentralisert tilbod
- gi investeringstilskot til nybygg og tilbygg for kristne forsamlings- og allbrukshus likestilt med kommunale tilskot til idretts- og kulturanlegg
- ta ungdommane med på råd for å få fram nye prosjekt
- gi naudsynte løyvingar til Kyrkjeleg fellesråd for å oppretthalda eit godt tilbod innan diakoni og undervisning
- framleis ha fokus på vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar
- gi økonomisk støtte til aktørar i kulturlivet for vidare satsing på sogespel på Moster og andre kulturarrangement
- arbeida for gode rammer for utvikling av Moster amfi og kyrkjehistoriske senter AS
og arbeida for at det vert sikre midlar over statsbudsjettet
- vera med å sikra at Moster og Bømlo gamle kyrkjer blir godt ivaretekne
Næring
Bømlo KrF ønskjer å vera ein aktiv støttespelar for lokale bedrifter og leggja til rette for vidare utvikling, nyskaping og vekst for arbeidslivet på Bømlo.
Det er viktig å ha arbeidsplassar der folk bur. Bedrifter som jobbar for lokal verdiskaping er viktige samfunnsentreprenørar. God samferdsel er eit vilkår for ein berekraftig kommune, og KrF meiner ei framtidsretta utbygging av samferdsel er naudsynt for ei sunn kommuneutvikling.
Me må ta omsyn til mjuke trafikantar, og Bømlo KrF vil jobba for å finna løysingar for å ferdast trygt og enkelt i dei ulike lokalsentra på Bømlo.
Landbruk og jordvern må ivaretakast på ein berekraftig måte.
KrF vil:
- sikra tilstrekkeleg areal til næringsverksemd, og slik leggja til rette for at nye arbeidsplassar kan bli etablerte i kommunen
- vera ein aktiv støttespelar for planlagt industriutbygging i Rubbestadneset
- at kommunen skal ha ei aktiv rolle i å få meir aktivitet på industrifeltet Serklau på Moster
- hjelpa lokale bedrifter som bidrar til verdiskaping og utvikling av lokalsamfunnet
- oppretthalda snøggbåttilbodet til og frå Rubbestadneset
- arbeida for betre koordinering av kollektivtrafikken innan kommunegrensene og betre samordning med snøggbåt og kystbuss
- arbeida for at kystbussen kan køyra innom Gassasundet eller korrespondera med buss derifrå
- arbeida for å sikra effektiv skuleskyss og bruke dei unge si stemme aktivt i dette arbeidet
- at kommunen skal ha ei aktiv eigarrolle i kommunale selskap og vera positiv til å evaluera og, om nødvendig, endra struktur i desse
- halda fast på ferjesambandet mellom Langevåg og Buavåg, med tilfredsstillande ferjemateriell og oppretthalda eit godt rutetilbod til Espevær
- støtta opp om tiltak for auka bubil-, camping-, sykkel- og båtturisme
- at Bømlo kommune skal ha ei aktiv rolle i å legga til rette for berekraftig utvikling i marin aktivitet som havbruk
Jordbruk, jordvern og skogbruk
Bømlo KrF vil ha gode vilkår for dei som driv med jordbruk – dette er den beste forma for jordvern. Det handlar om matproduksjon, landbrukspleie og miljø.
KrF vil:
- vera restriktive med å regulera om produktivt jordbruksareal til anna føremål
- behalda kommunalt tilsett veterinær
- ha eit godt fungerande landbrukskontor
- vera positive til bygging av jordbruksvegar
- at dyrka jord som må takast for naudsynt samfunnsutbygging, skal takast vare på og tilbakeførast eigedomen på nytt areal
- ha auka satsing på skog, noko som vil vera positivt for kommunen sin miljørekneskap
- vidareføra kommunalt tilskot til beiterydding
- framleis vera positive til skogsvegutbygging
- arbeida for kommunalt tilskot til skogplanting av gran (ikkje sitkagran)
- arbeida for interkommunalt samarbeid om utskipingskai for tømmer