SAMAN FOR EIT VARMARE SAMFUNN
Kristne verdiar som menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik er grunnsteinane i KrF sin politikk. Vi trur gode samfunn blir bygde nedanfrå i tillit og i samspel mellom enkeltmennesket, familien, privat og frivillig verksemd og offentlege styresmakter. Menneskeverdet er ukrenkeleg frå
livet vert unnfanga til ein naturleg død. Verdiane våre forpliktar oss på korleis vi tar vare på og brukar naturen og naturressursane. vi vil utfordre materialismen, vera restriktive på naturen sine vegne og forvalta naturressursane på ein berekraftig måte. Kommunen skal bidra til å løyse klimautfordringa. Saman kan vi skapa eit varmt og inkluderande samfunn med plass til alle.
ØKONOMI
KrF vil arbeida for at vi skal ha ein ansvarleg kommuneøkonomi. Kommunen er i ein krevjande økonomisk situasjon med behov for store kostnadsreduksjonar dei komande åra. Tenester må effektiviserast og det må gjerast prioriteringar. Som eit ansvarleg kristendemokratisk parti vil KrF
skjerme utsette og svake grupper. KrF vil gjera kloke val og prioriteringar i samarbeid med andre parti, for å sikre god og langsiktig økonomistyring. Vi vil gjere det vi kan for å unngå å måtte innføre eigedomsskatt, men for KrF vil til sjuande og sist forsvarlege tenester være viktigare enn lave skattar.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- å setje «tæring etter næring» og avgrense varige drifts- og investeringskostnader.
- tydelege økonomiske prioriteringar
- å følgje opp og styre etter vedtekne budsjett
- tverrpolitisk ansvarleg og føreseieleg økonomisk styring.
- å ha som mål å redusera den samla energibruken og stimulere til auka satsing på bruk av ulike former for fornybar og miljøvenleg energi, både i offentleg og privat samanheng
- å redusera bruken av plast og fokusere på plastforureininga
- å leggja til rette for miljøvenlege transportløysingar, ladestasjonar for el-bilar og sykkelstiar langs kommunale vegar
- å oppfordra til bruk, og sjølv bruka produkt som er produsert gjennom rettferdig handel
AREALFORVALTNING
MILJØ OG BEREKRAFTIG UTVIKLING
KrF ønskjer ei samfunnsstyring som prioriterer livskvalitet framfor forbruksvekst. KrF meiner at Bjørnafjorden kommune må arbeida for å kutta i eigne klimautslepp og støtta tiltak som reduserer andre sine utslepp.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- å ta vare på naturmangfaldet i kommunen
- å forvalta strandsona, kystlina og innlandsvassdraga på ein slik måte at både born og vaksne kan nytta områda til friluftsliv
- å utvikla turstiar, og leggja til rette for friluftsliv
SENTRUMSUTVIKLING
Bjørnafjorden Krf ønskjer å vera med å utvikla og styrkja senterstrukturen i Bjørnafjorden kommune, med Osøyro som kommunesenter og Eikelandsosen som kommunedelsenter. God sentrumsutvikling krev gjennomtenkte løysingar.
Bjørnafjorden Krf vil arbeida for:
- miljøvenlege løysingar i Osøyro og Eikelandsosen med omsyn til parkering, , levande uteområde, felles grøntareal, gang- og sykkelfasilitetar
- at Osøyro og Eikelandsosen skal styrkja rolla si som senter for ulike, viktige samfunnsfunksjonar som: handels- og næringssenter, bustadområde med høg kvalitet, kyrkje-, kultur- og opplevingsstad, skulesenter, kommunikasjonsknutepunkt, og administrasjonssenter for offentleg verksemd
- leggja til rette for å utvikla hensiktsmessige nærsenter
UTVIKLING, VEKST OG LEVANDE BYGDAR
Med ny veg mellom Os og Bergen ventar vi betydeleg utvikling av bustadar og næringsliv i kommunen. Krf vil arbeide for utvikling av område for tomter til både bustader og næringsliv. Det er viktig at bustadområde blir utvikla i område der kommunen kan levera offentlege tenester og infrastruktur, slik at skule, kulturtilbod, transport og helsevesen er i stand til å handtera auken i folketalet. I deler av kommunen er utfordringa å halda folketalet oppe, og det er viktig at ein også her legg til rette for bustader i heile kommunen.
Bjørnafjorden kommune er ein stor kommune i areal og er samansett av mange bygder med eit levande engasjement. KrF vil ta vare på den gode kontakten med bygdene og bygdeutvala, og lytta til innspel, idear og tankar dei har. Kommunen har eit mål om folkeauke, og då treng ein gode tenestetilbod innan rimeleg avstand til der folk bur, eller ønskjer å busetja seg. Den nye kommunen er langstrakt, og utfordringane vil variera frå bygd til bygd. Bjørnafjorden KrF vil arbeida for gode levevilkår i heile kommunen.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- å sørga for gode planar slik at ein kan sikra utvikling og utbygging og med minst mogleg bruk av dispensasjonar
- at ein er tru mot dei planane som er vedtekne
- å sikra gode bufferlinjer mellom landbruk, bustader og næring
- å fokusera på hensiktsmessige gang- og sykkelvegar
NÆRINGSLIV
Det er viktig at Bjørnafjorden kommune har ein god dialog med næringslivet for å stimulere og inspirere til nyetableringar. Eit aktivt og solid næringsliv gir inntekter og arbeidsplassar i kommunen. Det langsiktige målet til KRF er eit variert og berekraftig næringsliv med arbeidsplassar som tek vare på både handverksmessig og teoretisk kompetanse, og som har eit grønt fokus.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- at utviklinga og bruken av Lyseparken, Samnøy og andre næringsområde skal halde fram · å leggja til rette for nye verksemder i kommunen
- gode og enklare rutinar for etablering av nye bedrifter
- å prioritera god infrastruktur som også tener næringslivet
- at det vert etablert allsidige arbeidsplassar for menneske med nedsett funksjonsevne
- at kommunen skal vere pådrivar for å gje små og mellomstore bedrifter betre skattevilkår
- at kommunen skal vera pådrivar for å integrera flyktningar i arbeidslivet
- at søndagane framleis skal vera ein annleis dag slik at ein ikkje endrar dagens reglar om opningstider for butikkar
LANDBRUK OG JORDVERN
Landbruket er ein stor ressurs i kommunen. Den framtidige utviklinga av landbruket må skje i nært samarbeid med næringa sjølv. I Noreg utgjer dyrka mark berre 3 % av landarealet. Bustader, næringsliv og transport er dei tre føremåla som legg mest beslag på matjord.
Trass i klare mål og skjerpa tiltak på landsbasis for å bremsa utviklinga, fortset nedbygginga av den beste matjorda. Det er viktig for Bjørnafjorden KrF å ha klare lokale mål og tankar om framtida for landbruket i bygdene våre. Difor ser vi det som viktig at Bjørnafjorden kommune yter sitt for å bevara og utvikla norsk landbruk.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- å vidareutvikla det interkommunale samarbeidet innan landbruk og skogbruk
- å styrkja det tradisjonelle dyrehaldet i landbruket
- ei meir berekraftig hjorteforvaltning med ein reduksjon av bestanden
- å støtta lokale produsentar i produksjon og omsetnad av lokal mat
- å leggja til rette for ulike tiltak som tek vare på kulturlandskapet ved å stimulera til støtteordningar for rydding, grøfting og gjerding
- at dersom dyrka jord vert nedbygd, skal utbyggar syte for oppdyrking av tilsvarande areal · at nye byggefelt ikkje må koma i konflikt med landbruksområde
- ei god veterinærordning slik at god dyrevelferd blir sikra
SAMFERDSEL
Ei positiv utvikling innan samferdsel er viktig for at Bjørnafjorden kommune framleis skal vera ein attraktiv stad å bu og driva næring.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- å sikra gode vegløysingar og kollektivløysingar som knyter heile kommunen betre saman · å trygge gang- og sykkelvegar til barnehagar og skular
- å utbedra vegen mellom Eikelandsosen og Osøyro
- å påverke sentrale styresmakter til å prioritere ei bruløysing over fjorden
FAMILIE OG OPPVEKST
Heim, barnehage og skule må vera stader der barn og unge opplever tryggleik, omsorg og meistring. Trivsel er ein føresetnad for læring. Dei ulike lokalsamfunna må vera trygge oppvekstmiljø der barn og unge kan byggja gode sosiale nettverk og kjenna seg inkludert. Vi må stå saman i kampen mot einsemd og utanforskap. I ei tid med krevande kommuneøkonomi må det prioriterast for å sikre god nok kvalitet i barnehage og skule. For KrF er omsynet til barna det viktigaste. KrF vil difor vudere barnehage- og skulestrukturen og gjennomføre tiltak for å få ned kostnadane. Krf ynskjer at skule og barnehage skal vere ei motrøyst mot normoppløysande ideologiar i samfunnet.
BARNEHAGE
Barnehagetilbodet må organiserast på barna og familiane sine premissar. Kvaliteten i barnehagane må sikrast gjennom krav til vaksentettleik, kompetansekrav til personalet i barnehagen, gode lokale og uteområde
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- ein tenleg barnehagestruktur, som vektlegg omsyn til reiseveg, levande bygdar og berekraftig kommuneøkonomi
- ei familievenleg og fleksibel ordning når det gjeld opptak i barnehage
- å sikra at det er tilstrekkeleg vaksentettleik i barnehagane
- at private barnehagar kan etablerast
SKULE
Skulen er den viktigaste arenaen i samfunnet for felles læring og utvikling. KrF vil ha ein skule som i samarbeid og forståing med heimen, utrustar barn til å møte livet. God læring er avhengig av både fagleg innhald og rom for menneskeleg danning og utvikling.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- tidleg innsats i skulen
- å gje føreseielege rammer for Ungdomsteamet.
- å leggja til rette for kompetanseheving gjennom til dømes vidareutdanning, kollegarettleiing og mentorordning for nye lærarar
- å styrkja arbeidet med trivsel og sosial meistring
- ein mobilfriskule
- å styrkja arbeidet mot utanforskap og mot mobbing
- at ein får eit betre Ferie-SFO tilbod på alle skulane slik at fleire kan nytte seg av dette
- å oppretthalda gode kulturtilbod i skulen og opplæring i lokal kultur og historie
- ein tenleg skulestruktur som vektlegg omsynet til reiseveg for borna og utvikling av levande bygder og berekraftig kommuneøkonomi
- at alle elevar skal få tilbod om gudsteneste i løpet året
- å lage ein plan for bruk av digitale verktøy og auka kompetanse
UNG I BJØRNAFJORDEN KOMMUNE
Bjørnafjorden KrF ønskjer å ta vare på ungdomane i kommunen vår. Vi ønskjer å skape trygge rammer og gode rusfrie arenaer for ungdom. Det er viktig å inkludera ungdom i politiske avgjerder som gjeld dei. Gode vilkår for ungdom er òg viktig med tanke på framtidig folkeauke og behov for arbeidskraft.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- å støtte Ungdomsrådet sitt vidare arbeid
- å leggja til rette for gode og trygge møtestadar for ungdom
- å støtta eksisterande og nye ungdomstiltak, koordinere med frivillege lag og organisasjonar, der kyrkja og trussamfunn har ei sentral rolle
- å bidra til å utvikla nye utdannings- og yrkesval gjennom dei vidaregåande skulane og sikra nok lærlingplassar
- å gje Fjorden Arena og Ung Arena gode og føreseielege rammer
FAMILIE
Familien er den mest grunnleggjande arenaen for å høyra til, vera nær og ha fellesskap. Stabile og trygge familiar gjev trygge barn som veks opp til å bli trygge vaksne. Familiepolitikken skal støtta opp om familielivet og gjera det mogleg for familiane å organisera liva sine sjølve.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- å innføra kommunal kontantstønad for barn mellom 1 til 3 år.
- å utvikla tilbod for småbarnsforeldre, gjerne i samarbeid med trussamfunn og/eller frivillige organisasjonar
- å støtta ordningar som inkluderer alle barn
- å bekjempa barnefattigdom
- å leggja til rette for tomter og bustadar for førstegongsetablerarar og vanskelegstilte familiar
- å ha gode avlastningsordningar for familiar med store omsorgsoppgåver i heimen
- å sikra at barnevernet har nok ressursar
- å legge betre til rette for omsorgsløn
AKTIV I BJØRNAFJORDEN KOMMUNE
KULTUR, IDRETT OG FRIVILLIG ARBEID
Kultur, idrett og frivillig arbeid er noko av det mest verdifulle i ein kommune. Frivillige lag og enkeltpersonar er svært viktige supplement til det offentlege tenestetilbodet. Frivilligheita er med å skapa dei levande bygdene i Bjørnafjorden kommune. Fysisk aktivitet er òg viktig for livskvalitet, folkehelse og trivsel.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- at idrettslaga kan halda fram det gode arbeidet dei gjer, og jobba for eit variert fysisk aktivitetstilbod for born, unge og vaksne i kommunen
- å oppretthalda gode bibliotektenester i kommunen
- at alle som ønskjer det skal få tilbod om plass i kulturskulen
- å styrkja den kommunale innsatsen på kulturområde generelt og støtta opp om lag og organisasjonar
- tett samarbeid med bygdeutval, tru- og livssynsamfunn og
- andre frivillige organisasjonar for å styrkja levande bygder
- å utnytta tilskotsordningar til idrettsanlegg
- å vidareutvikla Frivilligsentralane i kommunen
- å støtta opp om etablerte og nye møteplassar der våre nye landsmenn er ein naturleg del av fellesskapet
- å leggja til rette for verdifullt førebyggjande helsearbeid som skjer i regi av frivillige
KYRKJA
Den norske kyrkja og dei andre kristne forsamlingane har stor betydning for mange i kommunen.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- å gje Den norsk kyrkja i Bjørnafjorden føreseielege og forsvarlege rammer slik at kyrkjebygga i kommunen kan takast vare på, gravferdforvaltninga kan drivast forsvarleg og at kyrkja som ein aktør i samfunnet har rom for å drive sitt omfattande arbeid i lokalsamfunnet.
- at kommunen skal nytta seg av det tilbodet som kyrkjer og forsamlingar kan tilby, særleg retta mot barn, ungdom og småbarnsfamiliar
- å leggja til rette for kyrkjer og forsamlingar i kommunen
MENNESKEVERD, OMSORG I ALLE FASAR OG EIN VERDIG ALDERDOM
VERDIG ALDERDOM
KrF vil leggja til rette for ein verdig alderdom for alle. Ein stram kommuneøkonomi i møte med ei eldrebølgje stiller krav til organisering, prioritering og effektivisering innan både heimetenesta og sjukeheimstenesta. Reforma «Leve hele livet» skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger, ha tryggleik for at dei får god hjelp når dei har trong for det, at pårørande kan bidra utan at de blir utslitne og at tilsette kan bruke kompetanse sin i tenestene. Kommunen må prioritere og skjerme dei mest trengande slik at alle får dei lovpålagde tenestene dei har krav på. Når behovet melder seg, er det òg viktig å ha eit godt sjukeheimstilbod i kommunen.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- å legge til rette for at ein skal kunna bu heime så lenge som mogleg og ein rådgivning som tar sikte på at folk skal bu heime lengre
- omsorg og aktiv livshjelp for dei som kjempar ved livets slutt
- at effektivisering skal gjerast gjennom organisering og prioritering, ikkje ved større arbeidsbelastning for dei tilsette
- at tenestene organiserast slik at brukarane får dei lovpålagte tenestene
- ein fokus på heile menneske og ikkje berre på dei fysiske behova
- å fortsett ha fokus på kompetanseheving, til glede for pasientar, arbeidstakarar og arbeidsplassar
- kvalitet i kvardagen til dei eldre, mellom anna med tilbod frå den kulturelle spaserstokken og gjennom å stimulere til bruk av frivillige aktørar
FOLKEHELSE OG FØREBYGGING
Det aller viktigaste helsearbeidet er arbeidet for å hindra at folk blir sjuke. Førebygging må difor få eit endå sterkare fokus enn det har hatt. Førebyggjande og helsefremjande tiltak må retta seg mot personar i alle aldersgrupper med ulike behov og føresetnader. Det førebyggjande arbeidet må fokusera på både psykisk og fysisk helse. Bjørnafjorden KrF ønskjer å laga trygge, gode miljø og arenaer for at den psykiske helsa skal verta betre.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- styrkje foreldrekompetansen, gjennom til dømes kurs og fagdagar.
- eit godt tilbod innan førebyggjande helsearbeid – mellom anna helsestasjonar, skulehelsetenesta og fysioterapitenesta
- førebyggjande arbeid mot sjølvmord, særleg gutar, ved oppfølging av den vedtatte tiltaksplanen i kommunen.
- å sikra ei god jordmortenesta i kommunen
- å leggja til rette for lågterskeltilbod innan psykisk helse, med fokus på barn og unge, som helsestasjon for ungdom
- å gje gode rammer for PP-tenesta i kommunen
- å styrkja/ oppretta psykologteneste for alle innbyggjarar i kommunen
EIT SAMFUNN MED PLASS FOR ALLE
Alle menneske skal ha høve til å leva sjølvstendige liv. KrF arbeider for samfunnsmessig likestilling for alle menneske, uavhengig av funksjonshemmingar, diagnosar eller vanskar. Me har eit ansvar for å redusera menneskeskapte barrierar som stengjer menneske ute frå aktiv deltaking.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- å videreutvikle det gode arbeidet vi har på ASVO. Leggje til rette for varierte og tilpassa arbeidsplassar for funksjonshemma
- å styrkje fritidstilboda for utviklingshemma
FLYKTNINGAR OG INTEGRERING
Vi har eit felles moralsk ansvar for å hjelpe medmenneske i nød, også dei utanfor kommune- og landegrensene. Noreg tek årleg i mot tusenvis av menneske på flukt. Busetting av flyktningar med godkjent opphald i Noreg er i fyrste rekkje ein nasjonal dugnad. Det er viktig at Bjørnafjorden kommune tek sin del av ansvaret.
Vi må leggje til rette for at alle første- og andregenerasjons nordmenn i størst mogleg grad tar del på alle samfunnsarenaer – anten det er innanfor arbeid, utdanning, kultur, politikk, idrett eller frivillig arbeid.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- å tilpasse antal vi tek i mot ut frå tildelte nasjonale økonomiske rammer
- å støtta både kommunale og frivillige tiltak som fremjar integrering
- at kommunen legg til rette for at dei som blir busett kjem i arbeid
RUSPOLITIKK
Nøkkelomgrepa i KrF sin ruspolitikk er solidaritet med dei som slit, omsorg for dei som har problem, og førebygging av skadar. Som samfunn har vi eit ansvar for å redusere skadeverknadane av rusmiddel og gje rusavhengige hjelp til å bli rusfrie og begynne eit nytt liv.
Ein offensiv ruspolitikk handlar om aktivt førebyggjande arbeid. Bjørnafjorden KrF ønskjer ein restriktiv skjenkepolitikk med skjenketider som tek omsyn til alle innbyggjarane i kommunen. Førebygging blant unge er viktig for å hindre rekruttering til rusmiljøet.
Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:
- å ha ein restriktiv skjenkepolitikk
- å vidareføre krav til kursing og kompetanse for dei som får skjenkeløyve
- å ha god og hyppig kontroll med stadane som sel og skjenker alkohol
- å sikre god undervisning om rus i skulen, både til elevar, foreldre og lærarar.
- At MOT får fortsetje sitt arbeid i skulen, og til dømes og gje tilbod om foreldrerettleiing,
- å støtte frivillige organisasjonar som driv med førebyggjande aktivitet mot rus.
- å tilby “Sterk og Klar” IOGT sitt foreldrestøttande program på ungdomstrinnet