Bjørnafjorden KrF

Program for Bjørnafjorden KrF 2019-2023

Saman for eit varmare samfunn

Kristne verdiar som menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik er grunnsteinane i krf sin politikk. Me trur gode samfunn blir bygde nedanfrå og i samspel mellom enkeltmennesket, familien, privat og frivillig verksemd og offentlege styresmakter. Mennesket har eigenverdi. Menneskeverdet er ukrenkeleg frå livet vert unnfanga til ein naturleg død. Verdiane våre forpliktar oss på korleis me tar vare på og brukar naturen og naturressursane. Me vil utfordra materialismen, vera restriktive på naturen sine vegne og forvalta naturressursane på ein berekraftig måte. Kommunen skal bidra til å løyse klimautfordringa. Saman kan me skapa eit varmt og inkluderande samfunn med plass til alle.

1. Arealforvaltning

1.1 miljø og berekraftig utvikling

KrF ønskjer ei samfunnsstyring som prioriterer livskvalitet framfor forbruksvekst. Krf sin visjon er at Noreg skal bli eit nullutsleppssamfunn. Krf meiner at Bjørnafjorden kommune må arbeida for å kutta i eigne klimautslepp og støtta tiltak som reduserer andre sine utslepp.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

Å ta vare på naturmangfaldet i kommunenÅ forvalta strandsona, kystlina og innlandsvassdraga på ein slik måte at både born og vaksne kan nytta områda til friluftslivÅ utvikla turstiar, og leggja til rette for friluftslivÅ ha som mål å redusera den samla energibruken og stimulere til auka satsing på bruk av ulike former for fornybar og miljøvenleg energi, både i offentleg og privat samanhengÅ utvikla det kollektive rutetilbodet på tvers av den nye kommunenÅ leggja til rette for miljøvenlege transportløysingar, ladestasjonar for elbilar og sykkelstiar langs kommunale vegarÅ oppfordra til bruk, og sjølv bruka produkt som er produsert gjennom rettferdig handel

1.2 SENTRUMSUTVIKLING

Bjørnafjorden KrF ønskjer å vera med å utvikla og styrkja senterstrukturen i Bjørnafjorden kommune, med Osøyro som kommunesenter og Eikelandsosen som kommunedelsenter. God sentrumsutvikling krev gjennomtenkte løysingar.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Miljøvenlege løysingar i Osøyro og Eikelandsosen med omsyn til parkering, gang- og sykkelfasilitetar, levande uteområde og felles grøntareal
  • At Osøyro og Eikelandsosen skal styrkja rolla si som senter for ulike, viktige samfunnsfunksjonar som: Handels- og næringssenter
  • Bustadområde med høg kvalitet
  • Kyrkje-, kultur- og opplevingsstad
  • Skulesenter
  • Kommunikasjonsknutepunkt
  • Administrasjonssenter for offentleg verksemd

Leggja til rette for å utvikla hensiktsmessige nærsenter

1.3 PLANLAGT UTVIKLING AV VEKST I KOMMUNEN

Det er venta stor tilvekst i kommunen når den nye vegen mellom Os og Bergen er ferdig. Krf vil vera med å sørga for ei styrt utvikling av område for tomter til både bustader og næringsliv. Det er viktig at bustadområde blir utvikla i område der kommunen kan levera offentlege tenester og infrastruktur, slik at skule, kulturtilbod, transport og helsevesen er i stand til å handtera auken i folketalet. I deler av kommunen er utfordringa å halda folketalet oppe, og det er viktig at ein også her legg til rette for både bustader, næringsliv og nærleik til offentlege tenester.

Krf vil leggja vekt på å få ein tenleg arealdel i kommuneplanen. Gjennom arbeidet med arealplanen vil me setja fokus på dei områda me særleg ønskjer å prioritera i Bjørnafjorden kommune dei komande åra når det gjeld bustadbygging, landbruksområde, næringsområde, friluftsområde m.m.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Å sørga for gode planar slik at ein kan sikra styrt utbygging og avgrensa bruk av dispensasjonar
  • At ein er tru mot dei planane som er vedtekne
  • Å sikra gode bufferlinjer mellom landbruk, bustader og næring
  • Å auka fokus på estetikk i byggjesaker
  • Å fokusera på hensiktsmessige gang- og sykkelvegar

1.4 NÆRINGSLIV

Bjørnafjorden kommune må ha ein nær dialog med verksemdene for å inspirera til nyetableringar i næringslivet. Eit aktivt og solid næringsliv gir inntekter og arbeidsplassar i kommunen. Det langsiktige målet må vera eit variert og berekraftig næringsliv med arbeidsplassar som tek vare på både handverksmessig og teoretisk kompetanse, og som har eit grønt fokus.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Å utvikla Lyseparken, og leggje til rette for etablering av nye næringsverksemder og arbeidsplassar
  • Å leggja til rette for nye verksemder i kommunen
  • Gode og enkle rutinar for etablering av nye bedrifter
  • Å prioritera god infrastruktur som også tener næringslive
  • tAt det vert etablert allsidige arbeidsplassar for menneske med nedsett funksjonsevne
  • At kommunen skal vera pådrivar for å integrera flyktningar i arbeidslivet
  • Å vera med å støtta opp om lokale tiltak for turisme og reiseliv, t.d. ved å utarbeida reiselivsplan
  • At søndagane framleis skal vera ein annleis dag slik at ein ikkje endrar dagens reglar om opningstider for butikkar

1.5 LANDBRUK OG JORDVERN

Landbruket er ein stor ressurs i kommunen. Den framtidige utviklinga av landbruket må skje i nært samarbeid med næringa sjølv. I Noreg utgjer dyrka mark berre 3 % av landarealet. Årleg blir det bygd ned ca. 10 000 dekar med matjord i Noreg, eller 1550 fotballbaner! Bustader, næringsliv og transport er dei tre føremåla som legg mest beslag på matjord.

Trass i klare mål og skjerpa tiltak på landsbasis for å bremsa utviklinga, fortset nedbygginga av den beste matjorda. Det er viktig for Bjørnafjorden krf å ha klare lokale mål og tankar om framtida for landbruket i bygdene våre. Difor ser me det som viktig at Bjørnafjorden kommune yter sitt for å bevara og utvikla norsk landbruk.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Å vidareutvikla det interkommunale samarbeidet innan landbruk og skogbruk
  • Å styrkja det tradisjonelle dyrehaldet i landbruket
  • Ei meir berekraftig hjorteforvaltning, og å få ned talet på hjort som lir ved å redusera minstearealet
  • Å redusera talet på gjæser
  • Å støtta lokale produsentar i produksjon og omsetnad av lokal mat
  • Å leggja til rette for ulike tiltak som tek vare på kulturlandskapet ved å stimulera til støtteordningar for rydding, grøfting og gjerding
  • At dersom dyrka jord vert nedbygd, skal utbyggar syte for oppdyrking av tilsvarande areal
  • At nye byggefelt ikkje må koma i konflikt med landbruksområde

1.6 LEVANDE BYGDER

Bjørnafjorden kommune er ein stor kommune i areal og er samansett av mange bygder med eit levande engasjement. Krf vil ta vare på den gode kontakten med bygdene og bygdeutvala, og lytta til innspel, idear og tankar dei har. Det er også viktig å stimulera dei ulike idrettslaga, leggja til rette for kulturaktivitetar, friluftsliv og framleis drift av kyrkjebygg i bygdene. Kommunen har eit mål om folkeauke, og då treng ein gode tenestetilbod innan rimeleg avstand til der folk bur, eller ønskjer å busetja seg. Den nye kommunen er langstrakt, og utfordringane vil variera frå bygd til bygd. Bjørnafjorden krf vil arbeida for gode levevilkår i heile kommunen.

2. SAMFERDSEL

Ei positiv utvikling innan samferdsel er viktig for at Bjørnafjorden kommune framleis skal vera ein attraktiv stad å bu og driva næring.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • At det kjem bru over Samnangerfjorden
  • Å sikra gode vegløysingar og kollektivløysingar som knyter kommunen betre saman
  • Gode ferjesamband og båtsamband i kommunen og mot nabokommunane
  • Å gjera om vedtaket om Hordfast og bru over Bjørnafjorden og heller arbeida for ein indre, ferjefri kyststamveg gjennom Fusa.
  • Trygge gang- og sykkelvegar til barnehagar og skular
  • At Midthordlandsdiagonalen blir realisert

3. FAMILIE OG OPPVEKST

Menneske er skapte til å vera i fellesskap. Familien er det første og for mange det viktigaste av alle fellesskapa vi gjennom livet blir ein del av. Eit samfunn som er bra for barna, er eit samfunn som er bra for alle. Krf sitt fremste mål er derfor eit barnevenleg samfunn.

3.1 BARNEHAGE

Barnehagetilbodet må organiserast på barna og familiane sine premissar. Kvaliteten i barnehagane må sikrast gjennom krav til vaksentettleik, kompetansekrav til personalet i barnehagen, gode lokale og uteområde

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Å arbeida for ein tenleg barnehagestruktur, med barnehagar der folk bur, slik at familiane ikkje brukar unødvendig tid og pengar på transport
  • Arbeida for ei familievenleg og fleksibel ordning når det gjeld opptak i barnehage
  • At private barnehagetilbod må få føreseielege rammer
  • Sikra at det er tilstrekkeleg vaksentettleik i barnehagane

3.2 SKULE

Skulen er den viktigaste arenaen i samfunnet for felles læring og utvikling. Krf vil ha ein skule som i samarbeid og forståing med heimen, utrustar barn til å møte livet. God læring er avhengig av både fagleg innhald og rom for menneskeleg danning og utvikling.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Tidleg innsats i skulen
  • Målretta innsats gjennom vidareføring av BLR (Betre læringsresultat).
  • Utvida Meistringsteamet til å omfatte skulane i Fusa
  • Leggja til rette for kompetanseheving gjennom til dømes vidareutdanning, kollegarettleiing og mentorordning for nye lærarar.
  • Styrkja arbeidet med trivsel og sosial meistring
  • At det vert sett av ressursar til digitale verktøy og kompetanse
  • At SFO skal vera eit tilbod på alle skular uavhengig av søkjarmasse
  • Oppretthalda gode kulturtilbod i skulen.
  • Sørga for at Fusanisto blir vidareført og arbeida for at skulane i Os får eit liknande tilbod.
  • Ein tenleg skulestruktur som vektlegg omsynet til reiseveg for borna og utvikling av levande bygder
  • At eventuelle endringar i skulestrukturen blir utgreidd og at ein tenkjer langsiktig.

3.4 UNG I BJØRNAFJORDEN KOMMUNE

Bjørnafjorden KrF ønskjer å ta vare på ungdomane i kommunen vår. Me ønskjer å skapa trygge rammer og gode rusfrie arenaer for ungdom. Det er viktig å inkludera ungdom i politiske avgjerder som gjeld dei. Gode vilkår for ungdom er òg viktig i forhold til framtidig folkeauke og behov for arbeidskraft.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Å utvikla ungdomsrådet sitt arbeid
  • Å leggja til rette for gode møtestadar for ungdom
  • Å støtta eksisterande og nye ungdomstiltak
  • Å bidra til å utvikla nye utdannings- og yrkesval gjennom dei vidaregåande skulane

3.5 FAMILIE

Familien er den mest grunnleggjande arenaen for å høyra til, vera nær og ha fellesskap. Stabile og trygge familiar gjev trygge barn som veks opp til å bli trygge vaksne. Familiepolitikken skal støtta opp om familielivet og gjera det mogleg for familiane å organisera liva sine sjølve.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Å innføra kommunal kontantstønad for barn mellom 2 og 3 år.
  • Å utvikla tilbod for småbarnsforeldre, gjerne i samarbeid med kyrkje og/eller frivillige organisasjonar
  • Å støtta ordningar som inkluderer alle barn
  • Å jobba for å bekjempa barnefattigdom
  • Å leggja til rette for tomter og bustadar for førstegongsetablerarar og vanskelegstilte husstandar
  • Å ha gode avlastningsordningar for familiar med store omsorgsoppgåver i heimen.
  • Å sikra at barnevernet har nok ressursar

4. AKTIV I BJØRNAFJORDEN KOMMUNE

4.1 KULTUR, IDRETT OG FRIVILLIG ARBEID

Kultur, idrett og frivillig arbeid er noko av det mest verdifulle i ein kommune. Frivillige lag og enkeltpersonar er svært viktige supplement til det offentlege tenestetilbodet. Frivilligheita er med å skapa dei levande bygdene i Bjørnafjorden kommune. Fysisk aktivitet er òg viktig for livskvalitet, folkehelse og trivsel.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • At idrettslaga kan halda fram det gode arbeidet dei gjer og jobba for eit variert fysisk aktivitetstilbod for born, unge og vaksne i kommunen
  • Å oppretthalda gode bibliotektenester i kommunen
  • At alle som ønskjer det skal få tilbod om plass i kulturskulen
  • Å styrkja den kommunale innsatsen på kulturområdet generelt og støtta opp om lag og organisasjonar
  • Tett samarbeid med bygdeutval og andre frivillige organisasjonar for å styrkja levande bygder
  • Å utnytta tilskotsordningar til idrettsanlegg
  • Å vidareutvikla Frivilligsentralane i kommunen
  • Å støtta opp om etablerte og nye møteplassar der våre nye landsmenn er ein naturleg del av fellesskapet
  • Leggja til rette for verdifullt førebyggjande helsearbeid som skjer i regi av frivillige

4.2 KRISTENT ARBEID I BJØRNAFJORDEN KOMMUNE

Den norske kyrkja og dei andre kristne forsamlingane har stor betydning for mange i kommunen. Bjørnefjorden krf ønskjer at det blir lagt til rette for at kristne forsamlingar kan veksa og ha ein naturleg plass i bygdene.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Tilstrekkelege og føreseielege rammer for Den norske kyrkja.
  • At rammene til kyrkjer, bårehus og andre bygg må vera tilstrekkelege til å ta vare på bygningane på ein verdig måte, og at standarden på kyrkjegardane må vera god
  • At kommunen skal nytta seg av det tilbodet som kyrkjer og forsamlingar kan tilby, særleg retta mot barn, ungdom og småbarnsfamiliar
  • Diakonstilling i heile kommunen
  • Å leggja til rette for kyrkjer og forsamlingar i kommunen

5. MENNESKEVERD, OMSORG I ALLE FASAR OG EIN VERDIG ALDERDOM

5.1 BETRE ALDERDOM

KrF vil leggja til rette for ein verdig alderdom for alle. Me står framfor ei eldrebølgje og dette krev auka ressursar generelt, og særleg innan heimetenesta, då mange ynskjer å bu heime lengst mogleg. Når behovet melder seg er det òg viktig å ha eit godt sjukeheimstilbod i kommunen. Bjørnafjorden krf ønskjer å arbeida for å oppretthalda ein sentralisert sjukeheimsfunksjon.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Å halda oppe nivået på tenestene for heimesjukepleie og heimehjelp slik at ein skal kunna bu heime så lenge ein ønskjer, gjerne ved å ta i bruk velferdsteknologi.
  • Å bidra til omsorg og aktiv livshjelp for dei som kjempar ved livets slutt
  • At bemanninga vert halde oppe slik at dei tilsette har tid nok til å ta seg av heile mennesket, ikkje berre fysiske behov
  • Å fortsett ha fokus på kompetanseheving, til glede for pasientar, arbeidstakarar og arbeidsplassar
  • Sørgja for kvalitet i kvardagen til dei eldre, mellom anna med god aktivitørteneste og tilbod frå den kulturelle spaserstokken.
  • Å etablere eige kjøken på Luranetunet.

5.2 FOLKEHELSE OG FØREBYGGING

Det aller viktigaste helsearbeidet er arbeidet for å hindra at folk blir sjuke. Førebygging må difor få eit endå sterkare fokus enn det har hatt. Førebyggjande og helsefremjande tiltak må retta seg mot personar i alle aldersgrupper med ulike behov og føresetnader. Det førebyggjande arbeidet må fokusera på både psykisk og fysisk helse.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Eit godt tilbod innan førebyggjande helsearbeid – mellom anna helsestasjonar, skulehelsetenesta og fysioterapitenesta
  • Sikra ei god jordmorteneste i heile kommunen
  • Leggja til rette for lågterskeltilbod innan psykisk helse, med fokus på barn og unge
  • Støtta kommunale og frivillige folkehelsetiltak
  • Ein folkehelsekoordinator for heile kommunen

5.3 PSYKISK HELSEVERN

For Bjørnafjorden KrF er det viktig å setja fokus på den psykiske helsa til innbyggjarane. I følgje levekårsundersøkinga som vart gjennomført i 2017/18, viser det seg at mange unge som veks opp i bygdene våre har utfordringar med eigen psykiske helse. Bjørnafjorden krf ønskjer å laga trygge, gode miljø og arenaer for at den psykiske helsa skal verta betre. Det er viktig å oppretthalda, og gjerne styrkja, tilbodet ein har inn mot skulane, når det gjeld skulehelsetenesta.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Oppretthalda/styrkja tilbod kring helsesjukepleiar, både skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom
  • Gje gode rammer for PP-tenesta i kommunen
  • Styrkja/ oppretta psykologteneste for alle innbyggjarar i kommunen
  • Jobba aktivt for førebygging i skulane

5.4 EIT SAMFUNN MED PLASS FOR ALLE

Alle menneske skal ha høve til å leva sjølvstendige liv. KrF arbeider for samfunnsmessig likestilling for alle menneske, uavhengig av funksjonshemmingar, diagnosar eller vanskar. Me har eit ansvar for å redusera menneskeskapte barrierar som stengjer menneske ute frå aktiv deltaking.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • At det blir lagt til rette for varierte og tilrettelagde arbeidsplassar for funksjonshemma
  • Å byggja ut ferietilbod for personar med nedsett funksjonsevne
  • Å styrkja fritidstilboda for utviklingshemma
  • At dei ulike dagsentera vert styrkte og får eigna lokale
  • Universell utforming på alle område som kommunen har ansvar for, slik at menneske i større grad kan vera sjølvhjelpne.

5.5 FLYKTNINGAR OG INTEGRERING

Me har eit felles moralsk ansvar for å hjelpa medmenneske i nød, også dei utanfor kommune- og landegrensene. Noreg tek årleg i mot tusenvis av menneske på flukt frå for eksempel krig, uro, menneskerettsovergrep eller miljøkatastrofar. Busetting av flyktningar med godkjent opphald i Noreg er ein nasjonal dugnad.

Me må leggje til rette for at alle første- og andregenerasjons nordmenn i størst mogleg grad tar del på alle samfunnsarenaer – anten det er innanfor arbeid, utdanning, kultur, politikk, idrett eller frivillig arbeid.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Vidare god integrering av flyktningar som blir busett i kommunen
  • Støtta både kommunale og frivillige tiltak som fremjar integrering
  • At kommunen legg til rette for at dei som blir busett kjem i arbeid

5.6 RUSPOLITIKK

Nøkkelomgrepa i krf sin ruspolitikk er solidaritet med dei som slit, omsorg for dei som har problem, og førebygging av skadar. Som samfunn har me eit ansvar for å redusera skadeverknadane av rusmiddel og gje rusavhengige hjelp til å bli rusfrie og begynna eit nytt liv. Ein offensiv ruspolitikk handlar om aktivt førebyggjande arbeid. Bjørnafjorden krf ønskjer ein restriktiv skjenkepolitikk med skjenketider som tek omsyn til alle innbyggjarane i kommunen. Førebygging blant unge er viktig for å hindra rekruttering til rusmiljøet. Debut-alderen for rusmidlar kan vera avgjerande for om ein blir avhengig når ein blir eldre. Gjennom å gje støtte til frivillige organisasjonar, kan dette bli ein vinn-vinn-situasjon både for kommunen og sivilsamfunnet. Rusfrie soner i idrett, kultur- og kyrkjeliv gjev ungdom høve til utvikling og modning utan rusmiddel. Krf ønskjer å gje tilbod om foreldrerettleiing, som vil kunna hjelpa foreldre til å bli tydelege og trygge ansvarspersonar.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Å gje støtte til frivillige organisasjonar som driv med førebyggjande aktivitet mot rus
  • Å ha ein restriktiv skjenkepolitikk
  • Å vidareføra krav til kursing og kompetanse for dei som får skjenkeløyve, slik praksisen er i Fusa i dag
  • Å ha betre og hyppigare kontroll med stadane som sel og skjenker alkohol
  • Å sikra god undervisning om rus i skulen, både til elevar, foreldre og lærarar

6. ØKONOMI

Bjørnafjorden kommune vil få ein svært krevjande økonomisk start. I intensjonsavtalen mellom Fusa og Os står det bla: «Det er eit mål at det ikkje skal vera eigedomsskatt i Bjørnafjorden kommune» og at «Skattar og avgifter skal harmoniserast….». I tillegg skal ingen mista jobben pga. Effektivisering av samanslåinga. Dette vil vera med på å utfordra kommuneøkonomien kraftig. Bjørnafjorden krf vil arbeida for at me skal ha ein ansvarleg kommuneøkonomi. Det er viktig å gjera kloke val som sikrar ei langsiktig økonomistyring. Bjørnafjorden krf meiner gode tenester er viktigare enn lave skattar.

Bjørnafjorden KrF vil arbeida for:

  • Ansvarleg langsiktig økonomisk styring med tydelege prioriteringar.
  • Å setje «tæring etter næring» og avgrense varige drifts- og investeringskostnader.
  • Å unngå at det må innførast eigedomsskatt i den nye kommunen.
  • At kommunen skal få statlege ressursar som svarar til dei oppgåvene kommunen får
  • At me får behalda meir av verdiskapinga som skjer i kommunen