Kommuneprogram 2023-2027

GRUNNSYN
Det kristne verdigrunnlaget og menneskesynet skal vera basis for KrF sine politiske standpunkt. Likeverd mellom menneske, omsorg for svake grupper, vern om ekteskap og familie og respekt for Skaparen og skaparverket er viktige drivkrefter bak vårt politiske engasjement.

SUNN DRIFT OG ØKONOMISK BEREKRAFT
KrF vil arbeida for effektiv drift av kommunen og ein berekraftig kommuneøkonomi, samtidig som skule, pleie og omsorg blir prioritert. Når det gjeld investering i fireårsperioden vil nytt helsesenter prioriterast, deretter fornying av skulebygg på Bjerkreim og Vikeså. Me vil sjå på muligheten for å redusera eigedomsskatten på bustader.

FOLKEHELSE FOR ALLE, OG HJELP NÅR DET TRENGST
Innbyggjarane skal kjenna at Bjerkreim er ein god og trygg kommune å bu i. I fellesskap skal me jobba for god folkehelse, høg livskvalitet og god mulighet for eigenomsorg

KrF vil arbeida for:
• førebyggjande arbeid og lågterskeltilbod retta mot barn og unge si psykiske og fysiske helse
• vidareføring av foreldrekurs
• at frisklivssentralen i kommunen har ressursar til å gi eit heilskapleg og tilpassa tilbod når det gjeld fysisk aktivitet, kosthald og røykeslutt – i samarbeid med fysioterapi, treningssenter og frivillege
• at alle arrangement og tiltak som får kommunal stønad skal vera alkoholfrie og at det ikkje vert servert alkohol i kommunale bygg
• ei restriktiv haldning ved søknad om etablering av nye skjenkestader, og god oppfølging av eksisterande løyver
• at det nye helsesenteret vert framtidsretta og har fokus på brukarar, tilsette og omsynet til omstillingsbehov i helsevesenet
• vidare satsing på akutthjelper-ordninga
• at kommunen er tilrettelagt for aktiv og sjølvstendig alderdom, også når hjelpebehovet aukar. Det kan for eksempel vera aktuelt med base for heimesjukepleie i private leilighetsbygg
• vidareutvikla dagsentertilbodet og legga til rette for samarbeid med frivillige
• satsing både på velferdsteknologi og god personleg kontakt mellom brukar og personell
• fortsatt god, lokal barnevernsteneste
• vidareutvikla miljøtenesta og etablera tilrettelagte bustader
• at Bjerkreim kommune framleis tek imot og integrerer flyktningar


KYRKJE, KULTUR OG FRIVILLEG ARBEID

Kyrkja og kristenlivet har rike tradisjonar, og kyrkje og bedehus må framleis sikrast gode arbeidsforhold i Bjerkreim. Dugnad og det rike organisasjonslivet i Bjerkreim er avgjerande for det varierte kulturelle tilbodet kommunen har. Kulturarbeidet er viktig for å ta vare på og vidareformidla tradisjon og eigenart. Samtidig er mangfald og fornying viktig for å gjera kommunen attraktiv å bu i.

KrF vil arbeida for:
• gode arbeidsvilkår for frivillige lag og organisasjonar – standardsvar frå kommunen skal vera “ja”
• gode vilkår for trusopplæringa
• mangfold i organisasjonsliv – respekt for organisasjonane sin eigenart og retningslinjer
• at kyrkja har ressursar til å kunna gje innbyggjarar i alle livets fasar eit meiningsfullt tilbod
• at kommunale bygg må kunne lånast gratis for barne- og ungdomsaktivitetar
• laurdagsope bibliotek, og fleire publikumsretta arrangement på biblioteket
• kulturopplevingar i alle delar av kommunen og gode konsertlokale
• utlånssentral for utstyr til idrett, friluftsliv etc
• eit allsidig tilbod i kulturskulen
• godt samarbeid med frivillige organisasjonar for å inkludera nye innbyggarar

FRILUFTSLIV, NATUR OG KLIMA
Bjerkreim sin flotte natur må brukast aktivt og forvaltast ansvarleg. Forureining av luft, vatn og jord, må motarbeidast. Me ynskjer å invitera til friluftsliv og turisme i ein aktiv landbrukskommune der kulturlandskapet er ein viktig del av opplevinga.

KrF vil arbeida for
• støtte til vedlikehald og opparbeiding av tur-
stiar og skiløyper i samarbeid med grunneigarar
• fortsetja satsinga på Bjerkreim som turist-
destinasjon
• å halda nede vegetasjonen langs vegar og vassdrag
• at Bjerkreimselva fortsatt skal vera ei god og attraktiv lakseelv
• at kommunen gir støtte til oppryddingsdugnad i regi av lag og foreiningar
• aktivt samarbeida med DIM for publikumsvenlege og framtidsretta renovasjons- og gjenvinningsordningar
• god tilgang til hurtigladestasjon for el-bilar
• eit fortsatt fokus på flaumsikring, gjerne i kombinasjon med kraftproduksjon
• miljøvennleg utbygging og oppgradering av mindre vasskraftverk
• at eventuelle nye energiproduksjonsanlegg skal vurderast av kommunen på eit overordna plan-nivå
• at det blir lagt stor vekt på omsyn til naboar og innbyggarar forøvrig, naturmangfold og landskap i alle saker om omhandlar energiproduksjon
• KrF vil ikkje opna for vindkraftverk aust for E39

LEVANDE LANDBRUK
Bjerkreim kommune har stolte landbrukstradisjonar og KrF skal arbeida for å sikra næringa gode kår for framtida, og såleis legga grunnlag for fortsatt matproduksjon, busetting og verdiskaping i heile kommunen.

KrF vil arbeida for:
• at landbrukskontoret framleis skal vera ein god medspelar for landbruksnæringa
• lokalt tilskott til investering og nydyrking i landbruket
• at bu- og drivepliktsreglane vert praktiserte slik at dei som har næringsinntekta si i landbruket i størst mogleg grad er dei som eig gardane
• oppretthalda eit sterkt jordvern slik at Bjerk-reim òg i framtida skal vera ein aktiv landbrukskommune
• at overskotsmasse frå ny E39 blir brukt til nydyrking

UTDANNING, ARBEIDSPLASSAR OG GODE PENDLEMULIGHETER
Innbyggarar i Bjerkreim skal kunne nytta det rike utdanningstilbodet i regionen. Kommunen skal bidra til framtidsretta arbeidsplassar lokalt, og gode pendlemuligheter.

KrF vil arbeida for:
• dagleg skuleskyss frå heile kommunen til dei vidaregåande skulane, til dømes Øksnevad VGS
• at Bjerkreim skal vera ein attraktiv kommune for lærlingar
• kompetanseheving og etterutdanning
• målretta og forpliktande ordningar med utdanningsstipend
• aktivt samarbeid med andre fagmiljø, til dømes sjukehus og universitet
• at kommunen er ein aktiv samarbeidspartnar for etablering og utvikling av arbeidsplassar
• tilgang på byggeklare næringstomter for nye og eksisterande verksemder
• betre kollektivtransport med felles billett


BARN, UNGE OG FAMILIE
Barnefamiliane skal ha gode vilkår. Dette er spesielt viktig når trenden i samfunnet er at befolkninga blir stadig eldre. Skal me i framtida kunne gi gode tenester, og samtidig oppretthalda eit aktivt næringsliv, må det vera attraktivt å få barn, veksa opp og etablera seg i Bjerkreim.

KrF vil arbeida for:
• samlivskurs
• kommunal kontantstøtte og full barnehagedekning med fortløpande opptak
• gode tilbod i kommunal og privat barnehage
• god og tilrettelagt undervisning i godt vedlikehaldne skular
• at barnehagar og skular formidlar den kristne kulturarva
• at det blir innført skulemåltid i ungdomsskulen
• i spørsmål som gjeld skulerute for dei yngste elevane, skal foreldra høyrast og vektleggast
• aktivitetstilbod for barn i feriar og på planleggingsdagar
• mobilfri sone i skulen
• trygge skulevegar

TRYGGLEIK OG FELLESSKAP
Kommune og lokalsamfunn skal aktivt jobba for at alle har sunne og trygge fellesskap å høyra til. KrF vil motverka utanforskap og etablering av gjengmiljø og liknande.

KrF vil arbeida for:
• gode, trygge og rusfrie arenaer på fritida
• at tenester for barn og unge, for eksempel helsestasjon og frisklivssentral, kan vera med der ungdom samlast
• at Bjerkreim kommune innfører fritidskort på 2000 kr for aldersgruppa 6 – 17 år
• trygge og opplyste uteområde, om nødvendig med kameraovervaking for å unngå hærverk
• fortsatt aktivt arbeid mot mobbing, både digitalt og i nærmiljø, mellom anna ved å styrka foreldrekompetansen
• synleg politi i tett samarbeid med innbyggarar og tenester
• nulltoleranse for gjengkriminalitet
• å tilby tilpassa lære-, praksis- og trainee-stillingar i kommunen, med oppfølging og tilrettelegging for å unngå dropout

FRAMTID OG UTVIKLING
Innbyggjarane må oppleva at dei vert godt mottekne av politikarar og tilsette når dei har bruk for kommunale tenester. God service og rask sakshandsaming er ein føresetnad for all kommunal forvalting.
Særleg er det viktig å legga til rette for at ungdom ynskjer å etablera seg med bustad i kommunen.

KrF vil arbeida for:
• at Vikeså i løpet av perioden skal utvikla seg til eit attraktivt og vakkert sentrum
• ein sentrumsplan for Bjerkreim sentrum
• at kommunale bygg og anlegg vert tekne godt vare på med jamt vedlikehald
• at dei kommunale vegane vert rusta opp og vedlikehaldne, med ein standard som ivaretar møtande trafikk
• eit aktivt forhold til planlegging og utbygging av E39, mellom anna med omsyn til jordvern, utvikling av næringsliv og tilknytning til kollektivtilbod
• breiband og mobildekning for alle husstandar i kommunen
• tilgjengelege bustadtomter både på Bjerkreim og Vikeså
• at det vert lagt til rette for små bustadfelt ute i krinsane
• at Bjerkreim fortsatt skal vera eigen kommune