Program Austevoll 2023-2027

Tid til det viktigaste

KrF vil arbeide for eit varmt og verdiforankra samfunn, der alle har lik verdi, opplever rettferd og der ressursane vert forvalta ansvarleg til beste for alle menneske. KrF vil arbeida for at Austevoll kommune skal vera ein omsorgsfull og inkluderande kommune. Ein trygg plass for born og unge å veksa opp og ein kommune der ulike menneske får høve til å utvikla sitt potensiale til beste for fellesskapet.

Kristne verdiar som menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik er grunnsteinane i Krf sin politikk. Uavhengig av livssyn, meiner KrF at ein verdiorientert ideologi med menneskeverdet i sentrum er den beste grunnmuren å byggja samfunnet vårt på.

Det kristne menneskesynet byggjer på at mennesket er skapt i Guds bilete. Dette gjev alle menneske ein unik verdi som ingen har rett til å krenka. Difor vil vern av menneske frå unnfangelse til naturleg død, alltid stå sentralt i KrF sin politikk. Menneska er skapt til å leva i fellesskap, men vi er skapt forskjellige og gjeve både stor fridom og stort ansvar.

Nestekjærleik inneber ei radikal grunnhaldning til korleis vi skal møta våre medmenneske. Dette må få konsekvensar for politikken vi ynskjer å fremja. Nestekjærleiken gjeld alle menneske, uavhengig kven dei er og kvar dei bur. Dette utfordrar oss til aktiv handling

Forvaltaransvaret omhandlar eit grunnleggjande ansvar me menneske har fått til å forvalta skaparverket. Det gjeld både natur-, økonomiske- og menneskelege ressursar. Naturen gjev oss store moglegheiter, men stiller oss samstundes overfor eit stort ansvar. Austevoll kommune er rik på ressursar og omset for store verdiar. Desse må forvaltast på ein berekraftig måte til beste for våre innbyggjarar og våre etterkomarar

Austevoll og framtida

Krf ynskjer fokus på demografien i kommunen, korleis folketalet utviklar seg, ikkje minst barnetalet, innvandring etc. Me ynskjer framleis ein spreidd busetnad med gode grender på alle øyane våre. KrF ser med bekymring på utviklinga i barnefødslar og ein aukande mangel på kompetanse i viktige stillingar i kommunen. For å stå rusta til å møte utfordringane som ligg føre oss, må me arbeida for å gjera Austevoll kommune til ein attraktiv plass for dei unge og for familiar som ynskjer å busetja seg i kommunen. Krf ynskjer eit Austevollssamfunn som er konkurransedyktig nok til å trekkja til seg nye austevollingar gjennom:

  • rimelege tilbod på gode tomter og tilgang til strand med friluftsliv
  • gode barnehagar og skular med dugande lærarar og spesialpedagogar
  • eit velfungerande legeteam og eit kompetent helsepersonell
  • ein aktiv, nyskapande jobbmarknad
  • eit oppgradert og velfungerande vegnett
  • betre fastlandsforbindelse
  • legge til rette for aktivitetar for og i samarbeid med unge

Nærings- og arbeidsliv

Små og mellomstore bedrifter er ryggrada i næringslivet vårt, og KrF ynskjer å gje desse gode kår og i framtida. KrF vil arbeide for:

  • ei tilrettelegging for næringslivet som gjev berekraftige arbeidsplassar og verdiskaping
  • å legge til rette for etablering av nye aktørar og gründerverksemder
  • å stimulere til samarbeid mellom private og kommunale interesser slik at nye næringar og næringsområde vert etablert og godt nytta
  • landbruket slik at det framleis kan gje grunnlag for ei effektiv småskaladrift.
  • at reiselivsnæringa kan vekse og tilføre nye arbeidsplassar og aktivitetar

Fiskeri/ havbruk

Austevoll er ein av Noregs største fiskerikommunar og er ein maktfaktor innan havbruk. Austevoll KrF vil arbeide for:

  • at oppdrettsnæringa får høvelege område for lokalitetar i arealplanen og at det offentlege gjev rammer som gjer det mogeleg å auke verdiskaping og sysselsetting i denne næringa i kommunen vår.
  • arbeide for eit forutsigbart skattesystem i samarbeid med havbruksnæringa.
  • ein fiskeripolitikk som sikrar lønsemd, vekstpotensiale og arbeidsplassar innan fiskeri
  • arbeide for at fiskeriforvaltninga sikrar Austevollsfiskarane tilgang til dei tradisjonelle fiskeria,
  • at strukturkvoter fell tilbake til dei respektive fartøygruppene.
  • satsinga på ressursforskinga må styrkast slik at ho står i stil med dei enorme verdiane me haustar frå havet.
  • restriktiv utbygging av havvind som ikkje kjem i konflikt med fiskeriinteresser
  • god rekruttering og styrking av fiskarfagskulen sin posisjon

Økonomi/ drift

Austevoll kommune har god økonomi med eit solid disposisjonsfond, men med auka finans- og driftsutgifter kombinert med usikre inntekter frå havbruksfondet, er det viktig med ansvarleg styring av drift og investeringar. KrF ynskjer difor:

  • å avgrense investeringar til eit forsvarleg nivå til ein ser at gjeldsnivået er handterleg på lengre sikt
  • å fortsette samarbeidet med private aktørar der dette er naturleg
  • å gjere investeringar som har stor samfunnsnytte
  • vurdere bompengar som finansiering av vegutbygging
  • jobbe for godt samarbeid mellom kommune og entreprenørar/ utbyggjarar

Havbruksfondet har vore ei viktig inntektskjelde til kommunen. KrF er kritisk til den sittande regjering si innføring av grunnrenteskatt på havbruk og meiner dette er feil måte å skattlegge ei viktig distriktsnæring.

Oppvekst og opplæring

Ein god barndom varer heile livet

KrF ynskjer gode skuler og barnehagar som byggjer på det kristne menneske- og verdisynet, vår kulturarv, menneskerettane og dei demokratiske tradisjonane. KrF ynskjer eit barne- og familietilpassa samfunn og satsar på:

  • kontantstøtte til familiar som ynskjer å ha barnet heime
  • bevisst verdiprioritering i skulen
  • høg lærartettleik i skulen for å sikre god læring
  • eit inkluderande og godt skulemiljø fritt for mobbing og rus
  • språkopplæring og aktiv integrering av innvandrarar
  • godt samarbeid med privat næringsliv for å gje elevane god erfaring frå yrkeslivet
  • fritidskort; økonomisk stønad til fritidsaktivitetar
  • familiekontor; eit lågterskeltilbod for føresette som samarbeider med barnevernet, PPt, barnehagane og skulane
  • halda fram med  ungdomslosar som koordinerer og styrkjer oppvekst for borna og ungdommane våre i kommunen
  • bøker i undervisninga i alle relevante fag opp til 7. klasse.
  • erstatte 1. klasse med førskule, ta tilbake leken for dei minste.
  • at kommunen/skulen utarbeider ein plan for korleis få meir fysisk aktivitet og
    praktisk undervisning inn på alle trinn som ein del av undervisninga i alle skulefag
  • at born ikkje må utsetjast for såkalla «rosa kompetanse» der følelsar og udokumenterte teoriar om meir ein to kjønn står sentralt.

Krf er for ein sterk offentleg skule, men vil og laga rom for at ideelle skular skal ha gode og forutsigbare rammevilkår. Gjennom endring av Lov for privatskular og endring i økonomisk stønad er rammevilkåra vorte forverra for ideelle skular. Krf vil arbeida for at desse vert betra att.

Dei ideelle skulane bidrar til å sikra foreldra sin rett til å velja alternativ opplæring for borna sine. Dei gjev eit bidrag til mangfald og er eit viktig supplement og korrigering til den offentlege skulen.

Helse- og sosiale tenester

Austevoll kommune har mange dyktige hender i arbeid for å yte gode helsetenester til dei som treng det.  Austevoll KrF ynskjer å støtte opp om dei som arbeidar i dei ulike tenestene kvar dag, og bidra til at innbyggjarane får gode tenester der dei treng det, og når dei treng det.

Me har store endringar og behov for helse- og omsorgstenester som møter oss allereie i dag. Fleire lever med alvorleg sjukdom og fleire får kroniske og livsstils relaterte sjukdommar. Austevoll KrF ynskjer å bidra til at Austevoll kommune kan verta i stand til å gje eit heilskapleg og godt habilitering- og rehabiliteringstilbod. Austevoll KrF ynskjer å bidra til at eit godt rehabiliteringstilbod vert etablert i kommunen.

Me som samfunn skal stilla opp for dei som slit med rusavhengigheit og Austevoll KrF ynskjer å støtta opp om gode tilbod til dei som treng å bli rusfrie og på vegen vidare. KrF vil ikkje gje opp sårbare menneske i deira håp om eit liv utan rusavhengigheta. Eit mangfaldig behandlingstilbod der også ideelle aktørar spelar ei viktig rolle er avgjerande for å få til eit behandlingstilbod som er tilpassa den enkelte behov.

Austevoll KrF ynskjer å fremma gode tilbod for menneske med nedsett funksjon og/eller spesielle behov. Me ynskjer å støtte opp om gode tiltak for Eidsbøen bufellesskap slik at bebuarar og brukarane får gode teneste.

Psykisk helse er like viktig som den fysiske helsa, og me ynskjer å støtte opp om gode tenestetilbod for barn, unge og vaksne i kommunen som treng psykiatrisk hjelp.

Me støttar arbeidet til helsestasjonen og skulehelsetenesta som når ut til born og unge i barnehagane og skulane. Deira arbeid inn mot førebyggjande helse hos barn og unge er så viktig for framtida til samfunnet vårt.

Austevoll KrF er nøgd med måten pleie- og omsorgstenestene vert formidla der brukarane vert godt ivaretatt. KrF vil medverke til:

  • avlastning og tilbod til menneske med særskilte behov
  • ordning med omsorgsløn og avlastningstilbod til dei som tek ansvar for pleietrengande familiemedlemmar
  • fortsette å markere seg som eit parti som tek psykisk helse blant barn og unge på alvor
  • edruskap i alle miljø og styrke informasjons- og haldningsskapande arbeid i skulen mtp alkohol og rus
  • ha ein restriktiv skjenkeløyvepolitikk
  • Sjå mogelegheitene for å nytte velferdsteknologi for å kunne gjere om nokre av omsorgsbustadene på Storebø Brygge til institusjonsplassar.
  • intensivere kampen mot einsemd ved å sikra alle eldre tilbod som måltidsfellesskap, eta saman-garanti og aktivitetsgaranti, der alle eldre skal verta sikra tilbod om eit aktivitetstilbod kvar veke
  • sikrar gode opplæringstilbod og moglegheiter for vidare utdanning
  • opprettar fleire tverrfaglege team, der helsefagarbeidar, sjukepleiarar, reinhaldarar og andre yrkesgrupper jobbar samen for eit heilheitleg tilbod
  • ha en pårørandesatsing der me styrker ordningar som pårørandestøtte, avlastning på resept, moglegheit for å overføre permisjon og pårørandedager
  • det blir lagd til rette for etablering av demenskor i kommunen
  • at musikkterapeutar bidrar med sin kompetanse inn mot kommunens demenskor,
    sjukeheim og dagsenter, for å kvalitetssikre tilboda
  • spela på lag med ideelle og private aktørar som ein del av vårt felles velferdstilbod
  • sikra trygg åndeleg omsorg for alle eldre i kommunen
  • å forhindre digitalt utanforskap

KrF er og nøgd med initiativet om oppfølging av rusmiddelpolitisk handlingsplan slik at ein m.a. fekk tilsett rusmiddelkonsulent. Helsekoordinatorstillinga er ein suksess.

Samferdsle

Austevoll er Noregs største kommune som er avhengig av ferje. Dette vil vera ei stor politisk sak for Austevoll dei neste åra. Det var eit kjempeløft å knyta Austevolls samfunnet saman med bruer og no må me syta for at dei mange bygdene, små og store, får vera med når Austevoll veks vidare. Me har ein spreidd busetting og utfordrande geografiske tilhøve som krev ekstra satsing og merksemd med tanke på samferdsle. KrF vil arbeide for:

  • trygging av vegstrekningar der dei mjuke trafikantane er særleg utsatt, herunder: ferdigstilling av Storebøvegen, ny bru i Torangsvåg, betre standard på vegstrekninga Selbjørnsbrua – Liabrotet / Bekkjarvik, utbetre strekninga Eidsbøen-Haukanes, utbetring av vegen i Hillebrotet på Store Kalsøy, og fleire møteplassar mellom Økland og Barmen
  • KrF vil arbeide for eit betre ferjetilbod med fleire seine avgangar. Nattferje bør bli eit tilbod. Tryggleiksbemanninga må vere på eit slikt nivå at ein er rusta for uønska hendingar i dårleg vær.
  • Sjå på moglegheita med bompengefinansiering for å få realisert vegprosjekt

Det vil vera avgjerande for Austevoll korleis sambandet med omverda/fastlandet blir utvikla og det er difor viktig å få bygd E39, Hordfast, over Rekstern. Det vil gje Austevoll ei effektiv tilknyting til omverda enten med bru eller ferje. KrF vil jobbe for å få så stor statleg støtte som mogleg gjennom fergeavløysingsmidlar og helst få bru til Austevoll som ein del av Hordfast.

Miljø- og ressursforvaltning

KrF er opptatt av å ta vare på dei miljøkvalitetane og ressursane me har på ein berekraftig måte. Det inneber at ein lyt gjere bevisste prioriteringar i enkelte vedtak og planprosessar der ein ser motstridande interesser. KrF vil difor:

  • legge til rette for at delar av strandsone og utmark vert tilgjengeleg for allmenta
  • arbeide for å ivareta kystlyngheia som kjenneteiknar store deler av Austevoll. Lyngheia vår er viktig for kulturlandskapet, det biologiske mangfaldet, friluftslivet og villsaudrifta
  • vurdere å opprette stilling som naturforvaltar
  • ha fokus på rein strandsone og legge til rette for strandrydding
  • støtte ei berekraftig hausting av naturressursane
  • stoppe utbygging av havvind som kjem i konflikt med fiskeriinteresser
  • intensivere arbeidet med etablering og produksjon av kjernekraft i Norge
  • bremse/ stoppe elektrifisering av sokkelen

Kultur og frivillige organisasjonar

KrF ser på det frivillige arbeidet som ei viktig drivkraft i det sivile samfunnet. Dei frivillige organisasjonane dannar fellesskap og samhald på tvers av generasjonar og samfunnslag, og bidreg til å skapa viktige treffpunkt. KrF vil støtte og leggja til rette for frivillig arbeid innafor idrett, kultur, friluftsliv og kristent arbeid. Det er eit særskilt ansvar for kommunen å styrkja rammevilkåra for kyrkja, og KrF vil være ein aktiv støttespelar for kyrkja og anna kristent arbeid. KrF vil at Austevoll kommune skal gje støtte til etablering av fritidstilbod med låg terskel for born og unge. Austevoll KrF vil støtta arbeidet for å få på plass eit kyrkjelydshus, helst i nærleiken av kyrkja på Storebø.