Lokalprogram

Partiprogram for Aukra KrF

2023-2027

Aukra Kr.F. vil jobbe for eit varmt, inkluderande og verdiforankra samfunn der alle har lik verdi, blir behandla rettferdig og opplever at ressursane blir forvalta til beste for dei som bur i kommunen.

Trygg oppvekst

Gode oppvekstvilkår for barn og unge er ei hjertesak for Aukra KrF. Kunnskap og mestring gjer det mogeleg for oss å ta ansvar for liva våre og realisere potensialet vårt. For å greie dette må vi sikre godt kvalifisert personale og nok ressursar. Aukra KrF vil leggje vekt på å skape mangfald, fleksibilitet og kvalitet i barnehagane og skolane i Aukra.

Aukra KrF vil arbeide for:

  • ein god og framtidsretta barnehage og skole med godt kvalifisert personale
  • tydeleg fokus på inkludering for å arbeide for ein mobbefri barnehage og skole
  • nok ressursar til å byggje gode team rundt det enkelte barn og den enkelte elev
  • å stimulere til etter- og vidarutdanningstilbod for å møte nye behov
  • auka psykologressurs til barn og unge
  • at barn og unge med funksjonshemmingar blir sikra eit godt og fullverdig undervisnings- og fritidstilbod
  • oppretthalde kokkestillingar i barnehage og skole
  • å styrke samarbeidet mellom skole og næringsliv
  • å sikre det interkommunale barnevernssamarbeidet slik at dei betre kan innfri lovpålagte krav
  • foreldrekurs til alle som blir foreldre for første gong
  • å innføre ”fritidskort”, for alle barn og unge frå 6-18 år, som kan brukast til å dekke deltakaravgift på fritidsaktivtetar
  • få etablert eit eige tilbod til ungdom med ekstra utfordringar
  • Utbygging av ungdomsbustader «Leie før eie»
  • Sikre møteplassar med vaksenpersonar for ungdom etter kl.16.00

Verdig alderdom

Det skal vere godt å bli gamal i Aukra kommune. Ein god og trygg alderdom handlar om å kunne ta ansvar for seg sjølv og eiga helse så lenge som mogeleg. Når behova for hjelp melder seg, skal dei eldre kjenne seg trygge på at dei får gode helse- og omsorgstenester. Aukra KrF vil leggje vekt på kvalifisert og nok personale i eldreomsorga.

Aukra KrF vil arbeide for:

  • at kommunen må leggje til rette for at innbyggjarane i Aukra skal kunne bu i eigen bustad så lenge som mogeleg
  • at eldre har ein trygg heim anten dei bur på sjukeheim, omsorgsbustad eller i eigen bustad
  • god balanse mellom heimebaserte tenester, omsorgsbustader og sjukeheimsplassar
  • gode dagaktivitetstilbod
  • betre aktivitetstilbod for dei som bur på institusjon -aktivitør på Aukra Omsorgssenter
  • å etablere ei ordning med ”spiseven” for heimebuande eldre
  • å ha fokus på hovudpunkta i kvalitetsreforma ”Leve hele livet”; mat, aktivitet, fellesskap,helsehjelp, bufellesskap for eldre og samanheng i tenesta.
  • vidareutvikle samarbeidet med frivillige organisasjonar som kan gje eldre meiningsfullaktivitet i kvardagen, menneskeleg fellesskap og kontakt med ulike generasjonar

Idrett og kultur – noko å leve for

Kultur gjer livet rikare og meir meiningsfylt. Vi treng ikkje berre noko å leve av, men også noko å leve for. Eit godt og variert idretts -og kulturtilbod er med og bidreg til engasjement og bulyst. Idretts -og kulturlivet er ein del av eit førebyggjande arbeid for å fremje helse, trivsel og bulyst.

Aukra KrF vil arbeide for:

  • å auke støtta til frivillige lag og organisasjonar
  • å leggje til rette for eit variert fritidstilbod for barn og unge
  • å bidra til bygging av ny idrettshall i eit samarbeid mellom kommune, idrettslag ognæringsliv (istaden for ombygging av eksisterande hall)
  • sikre støtte til bedehus, kyrkja og andre samfunnshus i kommunen
  • å bidra til god og variert drift ved Aukra kulturhus og Julsundet fleirbrukshus
  • å sikre at Aukra kulturskole fortsatt får gode vilkår
  • å bevare kulturmiljøet og kulturminna i kommunen
  • bygging av sambrukshus for kyrkjelege og livsynsmessige aktivitetar i Julsundet
  • å arbeide for at innvandrarar og flyktningar kan delta og engasjere seg i kulturliv, idrettog frivillig arbeid.

Noko å leve av – trygge arbeidsplassar, skapande næringsliv og aktiv rekruttering

Aukra KrF ønskjer å støtte opp om dei verksemdene som er i kommunen slik at arbeidsplassane kan tryggjast og nye komme til. Aukra KrF ser det og som svært viktig å arbeide for god rekruttering til kommunale stillingar og bidra til kompetanseheving.

Aukra KrF vil arbeide for:

  • å legge til rette for etablering av nye verksemder og støtte opp om eksisterande arbeidsplassar
  • å fronte etablering av hydrogenfabrikk
  • auka satsing på turisme og reiseliv i samarbeid med Aukra næringsforum
  • å gje gründarar gode vilkår for å starte eiga verksemd i samarbeid med t.d. Aukranæringsforum
  • å ta initiativ til årleg treff for ungdom med informasjon om framtidig jobb i Aukrakommune
  • arrangere vår eigen næringskonferanse med fokus på ungdom, næringsutvikling ogrekrutering
  • å vere pådrivar for aktiv rekruttering av kvalifisert personale til barnehage, skole ogeldreomsorg
  • å sende digitale nyheitsbrev til ungdommar som startar opp på vidaregåenade skole og ihøgare utdanning
  • å innføre «Aukrapakka» for ungdom som flyttar tilbake til kommunen etter utdanning –redusert pris på tomt, gratis barnehage for første barn
  • å sikre god analog informasjon – ikkje alle kan ta til seg informasjon via digitale media.
  • å utvikle Nerbøvågen, i samarbeid med Molde og Romsdal Havn, til å bli eit meirattraktivt område for nye interessentar og skape nye mulegheiter for allereie etablertebedrifter.
  • arbeide for å få etablert flytebrygge for mindre fiskebåtar på Nautneset
  • å sikre gode støtteordningar for jordbruksnæringa i kommunen
  • arbeide for å ta vare på matjorda, oppretthalde matvareproduksjonen og stimulere tilgrøfting og kanalrensking
  • sette av midlar til å fjerne Sitkagran – etablere eit samarbeidsprosjekt mellom frivillige,grunneigarar og kommunen

Klima og miljø

Aukra KrF ønskjer ein offensiv miljøpolitikk for å skape økologisk bærekraft slik at komande generasjonar skal ha like moglegheiter som oss. Miljøperspektivet må integrerast i alle sektorar. Menneskeskapte klimaendringar er ei av dei største utfordringane vil står overfor. Vi må tenke globalt og handle lokalt.

Aukra KrF vil arbeide for:

  • at all kommunal og privat verksemd må ha fokus på energisparing
  • kommunen må levere årlege klimaregnskap
  • følge opp at tiltaka i klima -og miløplana blir iverksatt
  • å forvalte naturområda i kommune på ein skånsom og god måte
  • å gjennomføre faste strandryddedagar
  • at alle nye bilar som blir innkjøp til kommunen skal vere nullutsleppsbilar
  • auka bruk av sykkel – «Aukra Norges beste sykkelkommune!»
  • Jobbe for samanhengande sykkelveg mellom Aukra og Molde

Psykisk helse, rus og folkehelse

Helseutfordringane i åra som kjem vil først og fremst knytte seg til livsstilssjukdomar og psykisk helse. Dette er helseutfordringar som kan førebyggjast. Vi må derfor leggje til rette for at folk kan ta ansvar for si eiga helse gjennom sunn livsstil, samtidig som vi sikrar nødvendig helsehjelp til alle som treng det.

Aukra KrF vil arbeide for:

  • prioritere det førebyggjande folkehelsearbeidet
  • ha eit nært samarbeid mellom den kommunale helsetjenesta og psykiatrien for å sikre at
  • alle som treng helsehjelp får rask behandling
  • å sikre god beredskap i heile kommunen med mellom anna ambulansekai på Orten
  • sikre ei god og stabil fastlegeordning
  • fokus på ernæring i barnehage, skole og hos eldre
  • arbeide for ein restriktiv og førebyggjande ruspolitikk
  • arrangere årlege dialogmøter med rus som tema

Samferdsel og trygg trafikk

God og sikker kommunikasjon er viktig. Å halde stø kurs i arbeidet med fastlandssamband blir ei sentral oppgave for KrF. Betre kommunikasjonar opnar opp for ein større bu- og arbeidsmarknad. Dette vil bety mykje for folket i kommunen, for næringslivet og for ungdom som vurderer å flytte tilbake til kommunen. Det er òg viktig å arbeide for fleire trafikktryggingstiltak i Aukra kommune.

Aukra KrF vil arbeide for:

  • å aktivt støtte planane for realisering av Kjerringsundet og omklassifisering av Kjerringsundet til riksveg
  • å aktivt støtte planane for realisering av Møreaksen – fjordkrysning av Romsdalsfjorden
  • at fergavgangane mellom Aukra-Hollingsholm og utasundsruta oppretthaldast
  • Opprusting av vegen mellom Hauglandkrysset og flyplassen
  • Trafikktryggingsplan med fokus på vidare utbygging av gang -og sykklevegar og betretrafikktryggleik
  • å få eit betre kollektivtilbod og fleire busskur i kommunen – dei som går på vidaregåandeskole må hentast i den bygda dei bur
  • å starte ein prosess med utbetring og utviding av moloen på Rindarøy
Slagord valgkamp 2023