TRYGG OPPVEKST
For KrF kjem barna først. Alle barn er velkomne i samfunnet, og den viktigaste investeringa i ei betre framtid, er å sikre barn og unge trygge og gode oppvekstvilkår.
Askvoll KrF vil:
- prioritere viktige velferdstenester som lege, jordmor, helsestasjon og barnevern. Vi vil ha særleg merksemd på psykisk helse
- tilby samlivskurs og foreldrerettleiing
- tilby kommunal kontantstøtte dersom statleg støtte opphøyrer, og til barnet er to år
- ha gode og varierte barnehagetilbod i nærmiljøet. Opningstidene må så godt det let seg gjere, vere tilpassa og relevante for brukarane.
- at barnehageopptaket skal vere kontinuerleg gjennom heile året
- sikre god grunnbemanning i barnehagane
- at skulane får ressursar til å kunne legge forholda til rette for eit positivt læringsmiljø, og eit opplæringstilbod tilpassa eleven sitt behov
- oppretthalde eit desentralisert skuletilbod i kommunen
- at alle læremiddel er tilgjengelege på nynorsk
- sikre trygge skulevegar for alle
- at vedlikehald av skule- og barnehagebygg vert prioritert
- sikre at ungdomsrådet blir høyrt, og at rådet får ansvar for eigne midlar
- arbeide for gode tilbod innan avlastning, dagtilbod/arbeid og butilbod for barn,
unge og vaksne som har særlege behov
- førebyggje rusmisbruk gjennom haldningsskapande arbeid, avgrensa tilgang og gode kontrollrutinar
- legge til rette for og støtte rusfrie fritidstilbod i heile kommunen
- oppretthalde eit godt tilbod i musikk- og kulturskulen i heile kommunen
- arbeide for fritidskort til alle barn mellom 6 og 15 år
- vidareutvikle tilbodet på BUA med utlån av fritidsutstyr til alle
- jobbe for at kommunen tilbyr sommarjobb for ungdom
LEVANDE BYGDER
Det må vere attraktivt å bu i heile Askvoll kommune. Skal vi ha utvikling må vi ha engasjement. Vi må i sterkare grad utnytte kommunen si gode plassering ved kysten.
Askvoll KrF vil:
- sikre eksisterande arbeidsplassar. Arbeidet med å skape nye må halde fram, og vi vil legge tilhøva til rette for ulike industritiltak
- legge til rette for attraktive bustadområde i alle grendene i kommunen, og at ein så langt råd er, kan få byggje der ein kjenner seg heime
- at jordbruks- og fiskerinæringa i kommunen vert styrka og utvikla vidare
- legge til rette for reiseliv og turisme der dette er naturleg
- vere med å vidareføre og støtte det viktige arbeidet som vert gjort rundt om i
velforeiningar og bygdelag
Kjensla av å vere velkomen og å høyre heime er viktig når ein skal busette seg.
Askvoll KrF vil:
- gje ei velkomsthelsing med informasjon om kva Askvoll har å by på, til nye innbyggjarar
- legge til rette for mottak og integrering av flyktningar
- styrke bibliotektenesta, det frivillige arbeidet og lokale møtepunkt
- støtte og vidareutvikle det gode tilbodet som vert gjort gjennom Frivilligsentralen
Eit godt utbygt samferdslenett er eit grunnlag for å få ein grisgrendt kommune til å fungere som ein heilskap.
Askvoll KrF vil arbeide for :
- at Atløysambandet blir realisert
- betre vedlikehald av kommunale vegar
- betre rutetilbod som korresponderer både sjøvegen og landevegen
- å styrke sambandet mellom grendene i kommunen og mellom Askvoll og Fjaler
BETRE ALDERDOM
Dei eldre er ein ressurs i samfunnet. For KrF er det viktig at eldre kjenner seg inkluderte, at dei kjenner seg trygge og at dei kan bestemme over sin eigen kvardag.
Askvoll KrF vil arbeide for:
- at hjelpetrengande skal få god oppfølging
- at folk får bu heime så lenge dei sjølve ønskjer det, og det let seg gjennomføre
- at dei sjuke eldre får plass ved sjukeheimen
- tenlege tiltak for å rekruttere nok og godt kvalifisert omsorgspersonell
- gode tilbod innan kultur, samlingsstunder og dagtilbod for eldre og sjuke, gjerne i samarbeid med frivillige personar, lag og organisasjonar
- å styrke tilbodet til sørvis-skyss og tilrettelagt transport i alle delar av kommunen
KYRKJA
KrF ynskjer å gje kyrkja rammer som set ho i stand til å utføre oppgåvene sine. KrF helsar velkomen eit nært samarbeid mellom kyrkja og kommunen om både barne- og ungdomsarbeid, diakoni og andre tenester. KrF vil at kyrkjehus og kyrkjegardar vert haldne vedlike og stelte på ein verdig måte.
MILJØ
Å ta vare på miljøet rundt oss er å investere i framtida, samt vår eigen trivsel. For KrF er det viktig at ein i all den kommunale planlegginga medverkar til å sikre naturen sitt mangfald.
Askvoll KrF vil:
- ha eit sterkt jordvern, særleg på god matjord
- bygge ut ladestasjonar i heile kommunen
- arbeide for energiøkonomisering på nye og gamle bygg, med auka fokus på utnytting av solenergi
- jobbe aktivt for å bekjempe plastforureining i naturen
Livet krev mykje av oss,
og Askvoll KrF vil jobbe for at vi skal ha tid til det viktigaste!