Program Alver 2023-2027

KrF-politikarane ser på oppgåva som folkevald som ei ansvarsfull oppgåve. Vi møter godt førebudde til dei politske møta. KrF tar ansvar og vil vera eit styringsparti. Vi er konstruktive og samarbeidsvillige, og vi trur at alle har noko å bidra med. Saman med dei andre folkevalde vil vi leita etter gode politiske løysingar til det beste for innbyggjarane i Alver.

Verdigrunnlag

Kristeleg Folkeparti byggjer sin politikk på det kristne verdigrunnlaget. Bibelen gjev klare verdiar og normer som forpliktar og inspirerer oss som enkeltmenneske og samfunnsborgarar. Difor set KrF menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik i sentrum for all politisk verksemd. KrF trur at det gode samfunnet vert bygd nedanfrå, i samspel mellom det enkelte mennesket, familien, privat og frivillig verksemd og offentlege styresmakter. KrF meiner at politiske avgjerder skal takast så nær dei det gjeld som råd. Derfor er deltaking i lokaldemokratiet viktig.

KrF vil setja innbyggjarane i sentrum for sin politikk og arbeida for at tenestetilbodet frå kommunen har høg kvalitet og er nært  der folk bur. KrF ønskjer eit samfunn der alle blir møtt med respekt. Eit samfunn som er godt for barna, er eit samfunn som er godt for alle.

KrF vil:

  • ha gode lokalsamfunn i heile kommunen.
  • sikra gode oppvekstvilkår for born og unge.
  • arbeide for  gode helsetenester frå livet startar til livets slutt.
  • byggja Alver kommune som attraktiv kommune å bu og driva næringsverksemd i, og leggja vekt på Fensfjordbassenget som eit nasjonalt og internasjonalt tyngdepunkt for vekst og utvikling innan grøn industri.
  • sikra ein sunn kommuneøkonomi.

Næring og landbruk

Eit levande og livskraftig næringsliv er ein føresetnad for eit sunt og levande lokalsamfunn. Alver kommune må arbeida aktivt for å sikra verdiskaping og arbeidsplassar. Å ha eit arbeid er fundamentalt for å ha stabile økonomiske kår og ein trygg kvardag.

KrF vil vera med på å leggja til rette for gode og føreseielege rammer for næringslivet, både for små og store verksemder, og vi vil særleg stø opp under dei som vil etablera og byggja eiga verksemd i kommunen. God infrastruktur og kommunikasjon er ein viktig føresetnad for næringslivet og for ein konkurransedyktig region i vekst.

KrF vil:

  • at kommunen skal spela på lag med næringslivet i heile kommunen, slik at verksemdene aktivt får ta del i samfunnsutviklinga.
  • at næringslivet skal ha gode og forutsigbare rammer for utvikling og verdiskaping.
  • leggja vekt på Fensfjordbassenget som eit nasjonalt og internasjonalt tyngdepunkt for vekst og utvikling innan grøn industri, inkludert prosjekt som Greenspot Mongstad.
  • at sakshandsaming skal vera god og effektiv, slik at Alver kommune vert ein god og attraktiv vertskommune å driva næring i.
  • arbeida for at TCM (Teknologisenter Mongstad) skal vidareførast på Mongstad.
  • sikra tilstrekkeleg byggjeklart næringsareal i kommunen, med god utnyttingsgrad.
  • vera pådrivar for og tilretteleggja vidare for digital infrastruktur for næringsliv og innbyggjarar i heile kommunen. Dette gjeld ikkje minst tilgang på breiband og god mobildekning.
  • at strategisk næringsplan skal brukast for å stimulera til nyetableringar som kan skapa varige og veksande verksemder.
  • vidareutvikla og bruka næringsfondet aktivt.
  • at kommunen skal ha god dialog med havbruksnæringa for å sikra bærekraftig drift og utvikling.

Primærnæringane skal ha gode kår. I bygdene er landbruket ein viktig ressurs både for verdiskaping, matproduksjon, beredskap og pleie av kulturlandskapet.

KrF vil:

  • støtta opp om landbruket og lytta aktivt til næringa sine synspunkt i aktuelle saker.
  • redusera nedbygging av dyrka mark til eit minimum. Overskotsmassar frå nedbygging bør så langt mogleg nyttast til framtidig matproduksjon.
  • sikra gode nok vegar til å henta ut tømmer.
  • at landsbruksomsyn skal vektleggjast i viltforvaltninga.
  • at kommunen utviser stor fleksibilitet i samband med gardsbygningar og kombinasjonsdrift (landbruk kombinert med anna næringsverksemd). 

Busetnad, geografi og samferdsle

Alver kommune vil ha trong for både tett og spreidd busetnad. Det er viktig at folk så langt det er mogleg kan bu nær arbeidsplassen sin, og der dei trivst. KrF vil derfor arbeida for kommunale planar og rammer som gjer det mogleg å leggja til rette for ulike busetjingsmønster. Vi vil også tilpassa føresegner og planar til ulike delar av kommunen.

KrF vil:

  • bidra til å oppretthalda og utvikla levande bygder i heile kommunen.
  • tillata utbygging i kommunen slik at folk skal kunna bu der dei ynskjer, samstundes som vi anerkjenner og legg til rette for at den største veksten truleg vil skje i sentrale delar av kommunen.
  • leggja til rette for nye attraktive bustadområde for folk i etableringsfasen i sentrumsnære strok.
  • leggja til rette for nyskapande, berekrafitge og inkluderande buformer.
  • at kommunen skal bidra aktivt til utvikling av Knarvik som regionsenter.
  • sikra god dekning for mobil og breiband i heile kommunen.
  • bruka det kommunale tomteselskapet som verkemiddel, t.d. for gjennomføring av bustadsosial handlingsplan.
  • ikkje ha eigedomsskatt på hus og hytter.

God samferdsle er avgjerande for kvardagsliv, næringsliv og lokalsamfunn . Det gjeld gode og tenlege vegar og reisenettverk for bil, båt, buss og anna.

KrF vil:

  • vera pådrivar for prioritering av ny E39 (strekninga mellom Klauvaneset og Vågsbotn) mot Bergen.
  • sikra at ny Alversundbru vert bygd.
  • gjennomføra ei planmessig opprusting av kommunale vegar og at Alver kommune skal vera ein pådrivar overfor Vestland  fylke for å få opprusta fylkesvegane, særleg flaskehalsar.
  • vera pådrivar for eit godt kollektivtilbod i heile kommunen og vidareutvikling av snøggbåttilbodet til Bergen.
  • at det vert bygd ut tilstrekkeleg med parkering og innfartsparkering i kommunen.
  • arbeida for at det blir utvikla ei god og tenleg bussordning for området Frekhaug – Knarvik – Alversund.
  • at det vert brukt offentleg-privat samarbeid der det er naturleg for å utnytta ressursane betre.
  • fortsetja trafikksikringsarbeidet i kommunen, og at Alver kommune skal vera “Trafikksikker kommune”.

Oppvekst

Heim, barnehage og skule må vera stader der barn og unge opplever tryggleik, omsorg og mestring. Trivsel er også ein føresetnad for læring. Dei ulike lokalsamfunna må vera trygge oppvekstmiljø der barn og unge kan byggja gode sosiale nettverk og kjenna seg inkludert. Vi må stå saman i kampen mot einsemd og utanforskap.

Familie

KrF ser på familien som den grunnleggjande byggjesteinen i samfunnet. Det er i familien dei første og nære relasjonane utviklar seg og skapar grunnlag for enkeltmennesket sin vekst. Barn er ulike og familiar er ulike, og det er difor viktig å gje familien fridom og støtte til å fylla den rolla. KrF vil satsa sterkare på førebyggjande tiltak. Det skal vera mogleg å få hjelp når familien treng det.

KrF vil:

  • ta omsyn til barn i alt planarbeid.
  • leggja til rette for samlivs- og foreldrekurs.
  • oppretta ei eiga eining som ivaretar lågterskel familie- og foreldreveiledning (ref. “Barne- og familiehjelpen” i Bergen og “Familiens hus” på Osterøy), lausrive frå Barnevernet – som eit lavterskeltilbod som kan brukast av alle under oppvekstparaplyen.
  • sikra at barnevernet er i stand til å gje familiar god hjelp og støtte, og sikra brei fagleg kompetanse i barnervernet (jfr. “Barnevernsreformen”).

Barnehage

Ein god barndom varer heile livet. Mange barn har store delar av kvardagen sin i barnehage. Barnehagen skal vera ein trygg og god stad å vera for barna, ein stad der dei får utvikla seg gjennom leik, samspel og kreativ utfalding. KrF meiner at ulike barnehagar – kommunale og private – er med på å sikra mangfald og gje gode barnehagetenester.

KrF vil:

  • ha eit fleksibelt barnehagetilbod tilpassa familiane sine behov og barna sitt beste.
  • fokusera på tidleg innsats for dei som treng ekstra oppfølgjing.
  • sikra likeverdige og føreseielege økonomiske rammer for alle barnehagane.
  • vektleggja eit godt samarbeid mellom kommunen og dei private barnehagane.
  • sikra gode friluftsområde for barnehagane i nærmiljøet.
  • at det skal utarbeidast ein barnehageplan for Alver kommune.
  • oppretthalda spesialpedagogisk team i kommunen.

Skule

Skulen er ein viktig arena for læring og utvikling. KrF vil ha ein skule som i samarbeid og forståing med heimen utrustar barn og ungdom til å møta livet. God læring er avhengig av både fagleg innhald, trivsel og rom for menneskeleg danning og utvikling. Skulen skal vera prega av ein kultur som bygger på gjensidig respekt mellom elevar, lærarar og heim.

KrF vil:

  • at alle elevar skal få eit godt opplæringstilbod med utgangspunkt i sine føresetnader, og at også elevar med stort læringspotensiale skal få relevante utfordringar.
  • ha ein livssynsåpen skule der tru har ein naturleg plass.
  • formidla kunnskap om den kristne kulturarven, mellom anna gjennom julegudstenester for barnehagar og skular i kommunen.
  • at det vert arbeidd systematisk og førebyggjande for god kultur i skulen og for å hindra mobbing.
  • ha ei god og tilgjengeleg skulehelseteneste
  • styrkja arbeidet for barn og unge si psykiske helse.
  • satsa systematisk på lærarane sin kompetanse gjennom etter- og videreutdanning.
  • leggja til rette for godt samarbeid med friskulane i kommunen.
  • vidareutvikla satsinga på MOT i ungdomsskolen.
  • at det skal utarbeidast ein skulebruksplan for Alver kommune.
  • realisera ny ungdomsskule på Frekhaug.
  • arbeida for ny skule på Eikanger i tråd med gjeldande planar.

Ungdom

Det skal vera godt å vera ung i Alver. KrF vil arbeida for gode møteplassar for ungdom; både arenaer for aktivitet og arenaer der dei unge sjølve tar initiativ og er delaktige.

KrF vil:

  • samarbeida godt med og støtta frivillige lag og organisasjonar.
  • at ungdom skal bli lytta til, og at samarbeidet med ungdomsrådet skal styrkjast.
  • støtta rusfrie aktivitetar og arenaer for ungdom.
  • støtta aktivitetar som legg til rette for personar med særskilte behov.
  • leggja til rette for gode møteplassar der ungdommar får utfalda seg.
  • vidareføra SALTO.

Kultur, idrett, livssyn og frivillig arbeid

Menneske som på ulikt vis brukar tid og krefter på å gjera ein innsats for andre, er av uvurderleg verdi for eit lokalmiljø. Frivillig aktivitet og arbeid knyttar folk saman og skaper felleskap og tilhøyrsle. Det skaper eit varmare samfunn og gjev meining i menneska sine liv. Kultur, idrett og livssynsarbeid er viktige arenaer for frivillig arbeid, og dette legg grunnlag for kreativitet, opplevingar, mestring og inkludering. Det er difor viktig at kommunen samarbeider godt med dei frivillige og legg til rette for breidde innan frivillige lag- og organisasjonar, kultur, idrett, musikk, og kyrkjeliv. Samstundes treng vi også å styrkja det profesjonelle arbeidet på desse områda, og å auka kompetansen og få til meir samarbeid på tvers av det profesjonelle og frivillige arbeidet, kommunen, og anna næring.

KrF vil:

  • støtta og byggja opp under frivillig engasjement, slik at ulike frivillige initiativ skal få blomstra.
  • arbeida for realisering av kulturhus og badeanlegg i Knarvik.
  • at det skal leggjast betre til rette for oversikt over organisasjonar og arrangement i kommunen.
  • arbeida for meir samarbeid og koordinering, og betre utnytting av dei ressursane vi har i kommunen.
  • leggja til rette for kulturelle aktivitetar for eldre.
  • arbeida for frivilligkoordinator innan helse og omsorg i kommunen.
  • styrkja frivillig sektor som viktig nettverk for eit inkluderande samfunn, særleg for utsette grupper.
  • leggja til rette for profesjonelle kunstnarar i Alver kommune.
  • følgja opp intensjonsavtalen om tomt til ny arbeidskyrkje på Frekhaug.
  • særleg støtta lag og organisasjoner som legg til rette for at menneske med nedsett funksjonsevne får høve til å delta.
  • gje musikkmiljøet i kommunen gode vekst- og arbeidsvilkår.
  • arbeida for at frivilligsentralen skal ha gode arbeidsvilkår.
  • oppretthalda ein god kulturskule og det skal vera høve til å søkja friplass i kulturskulen.
  • vidareutvikla biblioteket si rolle som møteplass, kulturberar og informasjonsformidlar.
  • at Alver kommune skal prøva ut ei ordning med utlånsbil til bruk av frivillige som gjer ein innsats for å gje menneske som elles ikkje har høve til det f.eks kultur- og naturopplevingar.
  • få etablert Fargespill i Alver kommune.

Helse og omsorg

Alle menneske er unike og har uendeleg verdi, uavhengig av alder og funksjonsnivå. KrF meiner at vi som samfunn og fellesskap skal stilla opp når livet er sårbart. Difor er det viktig å verna om livet og gje gode livsvilkår til alle, frå unnfanging til naturleg død. Helse- og omsorgstenestene skal byggja på respekt for alle menneske, og brukarane skal stå i sentrum. Alle skal ha tilgang på godt helsetilbod og få hjelp til å klara seg i ulike livssituasjonar.

KrF vil:

  • sikra gode, stabile og desentraliserte helsetenester i kommunen.
  • at brukaren skal stå i sentrum – tenestetilbodet skal koordinerast og tilpassast ut frå kva brukaren treng.
  • satsa på innovasjon og nyskaping i helse- og omsorgstjenestene i samarbeid med frivillige, lokalsamfunn og næringsliv.
  • styrkja arbeidet innan psykiatri, halda fram med dagtilbodet og sikra eit godt og tilgjengeleg psykososialt kriseteam.
  • styrkja jordmortenesta i kommunen og greia ut trong for eit jordmorsenter.
  • styrkja helsestasjonen og skulehelsetenesta i takt med folketalsutviklinga og halda fram med ungdommens helsestasjon.
  • sikra ordninga med omsorgslønn og brukarstyrt personleg assistent og gje god informasjon om dette.
  • at personar med trong for helse- og omsorgstjenester skal kunna få ferieopphold også utanfor kommunen.
  • at Helsehuset skal utviklast som ei helseklynge og bli eit ressurssenter for regionen.
  • halda fram satsinga på vekstverksemder i kommunen.

Kommunen har eit stort ansvar for å gje hjelp og tilbod til menneske som har ei psykisk liding og/eller er avhengig av rusmiddel. KrF meiner den psykiske helsa må takast på alvor like mykje som den fysiske helsa. Vi må aldri gje opp trua på at  menneske har ressursar og evner til endring i sitt eige liv. Alver KrF ynskjer eit samfunn med plass til alle, der alle i størst mogleg grad kan leva frie og sjølvstendige liv.

KrF vil:

  • styrkja det kommunale arbeidet innan psykisk helse og rus og sikra eit framleis desentralisert tenestetilbod for målgruppa.
  • ha ein restriktiv, solidarisk og omsynsfull ruspolitikk med vekt på forebygging. Omsyn til barn og andre sosialpolitiske omsyn skal ha avgjerande vekt i alkoholpolitiske saker.
  • bidra til at personar med psykiske lidingar og personar som er avhengige av rus, får riktig tilbod og rehabilitering, også ved ideelle organisasjoner dersom det er formålstenleg.
  • leggja til rette for god oppfølging etter rehabilitering, innlegging på institusjon eller fengselsopphald.
  • videreutvikla dagtilboda innan psykisk helse og rus.
  • arbeida for flere ettervernstiltak både i kommunal regi og i samarbeid med ideelle organisasjonar.
  • sikra mellombels tilbod om bustad – enten i kommunal regi eller gjennom driftsavtale med ideelle organisasjoner.
  • arbeide for å redusere ventetid for psykologhjelp i kommunen.

Eldreomsorga skal byggjast på dei same prinsippa om likeverd og tilpassing til den enkelte som resten av helsetilbodet i kommunen. Det er viktig å sjå potensialet for kvar enkelt, ikkje berre fokusera på nedsett helse og redusert funksjonsnivå.

KrF vil:

  • at kommunen skal ha nok sjukeheimsplassar og ulike typar bustader som er tilrettelagt for eldre.
  • utforska om kommunen å på sikt kan byggja ein “eldrelandsby” der dei som bur der, kan få eit tenestetilbod på det nivået dei treng; frå å klara seg sjølv til å få døgnkontinuerleg pleie.
  • ta vare på og styrkja eit tilpassa og differensiert dagtilbod for personar med demens og halda fram med dagsenter/seniorsenter/aktivitetssenter i kommunen.
  • satsa vidare på bruk av velferdsteknologi.
  • satsa vidare på rehabilitering og kvardagsrehabilitering og ha eit godt opplegg for dei som vert utskrivne frå sjukehus og treng vidare pleie.
  • vidareføra eksisterande ordning med institusjonskjøkken.
  • arbeida inn mot sentrale styresmakter for at ordninga med omsorgslønn og brukarstyrt personleg assistent o.l., skal gjelda også etter at brukaren har fylt 67 år.

Sosial

KrF vil bidra til sosial og økonomisk tryggleik for alle innbyggjarane i Alver kommune. Dette omfattar at kvar enkelt må få sjanse til å leva og bu sjølvstendig, og at det må leggjast til rette for overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. KrF vil forebyggja sosiale problem ved at utsette barn og unge og deira familiar får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.

KrF vil:

  • arbeida fram og prioritera tiltak som fremjar stabile oppvekstvilkår og trygge heimar.
  • sikra at barnetrygda vert halden utanfor når ein reknar storleiken på sosialhjelp, og at dette ikkje fører til reduksjon i økonomisk sosialhjelp knytt til barn og unge.
  • auka fokus på inkluderande arbeidsliv med tilretteleggjing og inkludering som gjev plass til alle.
  • ha eit NAV-kontor med åpningstider som gjer det tilgjengeleg for innbyggjarane, som held fram med tiltak for ungdommar og flyktninger utan arbeid, og som held fram arbeid med tett kontakt med arbeidsgjevarar.
  • at Alver skal ta eit solidarisk ansvar for mottak og busetjing av flyktningar, også dei med særskilte behov.
  • ha eit variert og tilpassa introduksjonsprogram som fungerer for dei det gjeld.

Natur, Friluftsliv og Folkehelse

Friluftsliv står sterkt i Alver. Natur- og friluftsliv gjev rom for avkobling og livsutfalding, både i nærmiljøet og i regionen elles. Friluftsliv er også viktig for folkehelsa.

KrF vil:

  • seia nei til vindkraftutbygging i fjella våre.
  • leggja til rette for eit aktivt liv i kvardagen med gode tilhøve for idrett og friluftsliv.
  • ta vare på og utvikla tur- og friluftsområde i heile kommunen.
  • sikra naudsynt areal til leik og friluftsliv i nærmiljøa, ikkje minst rundt skular og barnehagar.
  • sikra at Lonena framleis er eit attraktivt friluftsområde.
  • styrkja folkehelsearbeidet i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
  • samarbeida med frivillige og grunneigarar som legg ned ein innsats for å ta vare på og utvikla turstiane i kommunen, mellom anna ved at kommunen betaler for materiale til bygging av mellom anna kloppar og god skilting.
  • arbeida for å gjera naturopplevingar meir tilgjengelege for menneske med nedsett funksjonsevne.
  • prioritera tursti av høg kvalitet frå Løypetona til Dalstø.
  • leggja til rette for parkeringsplasser ved turområde.
  • arbeida for fleire rasteplassar og utsiktspunkt langs vegnettet i kommunen.
  • leggja til rette for parsellhagar og mat på tak.
  • utforska Knarvik kai som potensiell offentleg badeplass.
  • jobba for å ta vare på turområde ved utbygging.

Klima og miljø

Menneska har ansvar for å forvalta skaparverket og omgjevnadene slik at løysingar på dagens utfordringar ikkje går utover framtidige generasjonar. Vi skal forvalta jorda best mogleg og syta for ei berekraftig utvikling ved å ta ansvar for biologisk mangfald, det lokale og det globale miljøet.

KrF vil:

  • at det vert teke langsiktige og berekraftige miljøomsyn i planlegging og bruk av areal.
  • at det i tettbygde område i kommunen vert teke vare på “grøne lunger” der innbyggjarane kan leika og finna rekreasjon.
  • at det i arbeid med planar og regulering vert teke vare på landskapssilhuettar og utsiktspunkt.
  • at kommunen skal ha ei miljøvenleg drift av offentleg areal for å ta vare på artsmangfaldet.
  • redusera materielt forbruk ved auka fokus på gjenbruk i kommunal sektor.
  • arbeida vidare med energiøkonomisering i kommunen, blant anna ved at alternative energikjelder vert vurdert ved større offentlege og/eller private byggeprosjekt, t.d. solceller på tak.
  • at miljøvenlege materiale og energiløysingar skal brukast i kommunale bygg.
  • ha sykkelparkering ved kommunale og offentlege bygg.
  • prioritera lokale leverandørar ved kommunale innkjøp der økonomi og regelverk tillet det.
  • at det skal utarbeidast ein klimaplan for Alver kommune.

Den kommunale organisasjonen

Alver kommune yter tenester til innbyggjarar og næringsliv i kommunen. Kommunen må vera en serviceorientert, nyskapande og framtidsretta leverandør av tenester. Alle innbyggjarar skal bli møtt på ein respektfull og profesjonell måte av den kommunale organisasjonen, og kvar einskild skal bli sett og lytta til i tråd med det kristne menneskesynet.

Alver er ein stor arbeidsgjevar, og dei tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs. Det er avgjerande at kommunen er ein god, attraktiv og profesjonell arbeidsgjevar som gjev dei tilsette godt rom til utvikling og kompetanseheving. 

KrF vil at Alver kommune:

  • er tilgjengeleg, profesjonell og serviceorientert i møte med alle, og i alle former for sakshandsaming.
  • gjev god informasjon og held fristar i møte med innbyggjarar og næringsliv. 
  • skal vera ein attraktiv arbeidsgjevar og kontinuerleg arbeida for eit godt arbeidsmiljø.
  • aktivt skal byggja dei tilsette sin kompetanse og utvikla kompetanseplaner for alle tilsette.
  • gjev tilbod om heile stillingar til dei som ynskjer det, så langt det er praktisk mogleg.
  • skal sikra at det er trygt å vera tilsett og tenestemottakar i Alver kommune.
  • skal ha ein eigen plan for seniorpolitikk.
  •  skal arbeida med Klart språk.