Politisk plattform 2023–2027 Vestland fylkeskommune for for samarbeidspartia, beståande av Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne.
Innhald
- Saman bygger me framtida
- Næring og arbeid i Vestland
- Samferdsel, kollektiv og mobilitet i Vestland
- Opplæring i Vestland
- Klima, miljø og natur
- Kultur bygger samfunn
- Tannhelse
Saman bygger me framtida
Fylket vårt skal vera ein trygg og god plass for folk å bu, og det skal vera gode offentlege tenestetilbod i alle delar av fylket, trygge arbeidsplassar, tenlege og sikre vegar, eit velutbygd kollektivtilbod og breiband til alle.
Me forpliktar oss til å arbeida for likeverd, likestilling og realisering av menneskerettar for alle menneske. Me vil byggja eit samfunn med små forskjellar og tillit mellom folk. Samfunnet skal vera livsynsope og med respekt for dei val folk tar for liva sine.
Vestland er framtidas region. Me har ressursane, kompetansen og menneska som skal til for å skapa verdiar og innhaldsrike liv. Me må sikra livsgrunnlaget til framtida sine generasjonar gjennom krav til nullutslepp innan 2030. Fylket skal gjennom samfunnsplanlegging, regionalplanlegging og politikkutforming bidra til god folkehelse og at FN sine klima-, natur- og berekraftsmål blir nådd.
Vestland står på terskelen til ein ny grøn industrialder. Klimagassutsleppa må reduserast samstundes som det må skapast eit mangfald av nye bedrifter, samt sikre og utvikle nye arbeidsplassar i eksisterande bedrifter knytt til berekraftig og grøn næringsaktivitet. Vestland fylkeskommune skal ta nasjonalt leiarskap i denne grøne nærings- og nyskapingsomstillinga, mellom anna gjennom «Grøn region Vestland». Naturressursane i Vestland skal nyttast på ein berekraftig måte til matproduksjon, arbeidsplassar, energi og opplevingar.
Kultur og idrett er viktige brikker for regional utvikling. Vestland skal ha eit tett samspel med lokalsamfunna på desse områda og bidra til å sikra kultur, idrett og frivilligheita trygge og føreseielege rammer.
Fylkeskommunen skal ha eit godt og konstruktivt samarbeid med kommunar og organisasjonar i fylket.
Fylkeskommunen skal bruka si innkjøps- og eigarmakt i klimapolitikken og i arbeidslivspolitikken til å nå klimamåla, hindra sosial dumping, stilla krav til tariffavtalar og inkludera fleire i arbeidslivet. Vestland fylkeskommune skal visa veg som arbeidsgivar med eit trygt og seriøst arbeidsliv som reduserer sjukefråvær og fremjar heiltid.
Bergen er viktig for Vestland fylke som motor og by med store og viktige institusjonar. Havbyen Bergen skal framleis vere det sterkaste og mest samla fagmiljøet for marin utdanning, forsking og innovasjon.
Skulane våre skal ta utgangspunkt i eleven sine evner og interesser, samfunnet sine behov og fylket sine fortrinn. Me skal ha meir praktisk undervisning og sikra tettare oppfølging av elevar med motivasjons- og lærevanskar. Ei av fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver er å sikra at elevane lukkast.
Vestland skal satsa vidare på utvikling og innovasjon innan næringsliv og skule.
Me skal bidra i Nordsjø-samarbeidet og andre internasjonale samarbeid for å sikre og utvikle ressursane me har felles interesser i. Fylkeskommunen sitt ansvar for inkludering er viktig både i vidaregåande skule og innanfor kultur, idrett og frivilligheit.
Formannskapsmodellen ligg til grunn og me vil føra ein politikk om sikrar ansvarleg økonomisk styring. Ein sunn og robust økonomi er naudsynt for å gi gode tenester til innbyggarane våre. Difor vil berekraftig utvikling i driftsbudsjettet og ein forsvarleg gjeldsutvikling være ein prioritet for samarbeidspartia.
Næring og arbeid i Vestland
Vestland fylkeskommune skal ta i bruk heile fylket sitt komparative fortrinn for å utvikle ei berekraftig og langsiktig verdiskaping. Me skal spele på lag med heile næringslivet for å utvikle fleire arbeidsplassar i Vestland. Grøn næringsutvikling er viktig i alle ledd av politikken – både innan forsking, utvikling, samarbeidsforum og offentlege innkjøp. Me må forvalte våre naturressursar vel, me kan ikkje forbruke meir enn me har til rådvelde. Me skal vise at overgangen frå fossil til grøn- og fornybar energi, nullutsleppstransport og grønt næringsliv skapar nye arbeidsplassar og levande regionar.
Målet med næringspolitikken er å skape ein region i vekst der folk ønskjer å busetje seg og skape gode liv. Fleire nye og små bedrifter må lukkast å vekse seg store, samtidig som me lukkast med grøn omstilling av eksisterande industri i Vestland.
Samarbeidspartia vil
- vidareutvikle og forsterke Grøn region Vestland for å sikre at grøn omstilling skjer både raskare, betre og enklare. Samarbeidet med industrien og næringslivet er avgjerande for å lukkast. Å sikre nettilgang og nok kraft til verksemdene sitt omstillingsarbeid vil vere påkravd i det vidare arbeidet
- styrke næringslivet sin tilgang på risikokapital til utvikling og skalering gjennom fylkeskommunale tilskotsordningar og i samarbeid med andre interessentar
- aktivt støtte bedrifter, entreprenørar og initiativ som ønsker å gjennomføre grøn omstilling, satse på gjenbruk og sirkulærøkonomi
- satse på næringsretta forsking og utvikling (FoU). Me vil bruke regionalt forskingsfond til gode næringsretta forskingsprosjekt og å styrke forskingsmiljøa og klyngeverksemd i Vestland
- at Vestland skal vere fremst med å skape ny teknologi som resten av verda kan ta i bruk og fylket skal støtta opp om skalering og eksport
- fullføre utbygginga av høghastigheitsbreiband og 100 prosent dekning på mobilnettet
- bidra til at kraftforedlande industri får tilgang på kraft til rimeleg pris og arbeide for nasjonal utjamning av nettleiga
- at kompetansen innan olje- og gassindustrien, forskings- og utdanningsinstitusjonane og partane i arbeidslivet skal brukast i arbeidet med grøn omstilling av eit verdsleiande norsk næringsliv
- at veksten i reiselivet må sikra lokal verdiskaping, heilårsarbeidsplassar, god ressursutnytting av dei offentlege tilboda og minst mogleg klimaavtrykk
- at Vestland skal ha verdas sterkaste integrerte klynge for marin utdanning, forsking og innovasjon
- støtta opp om fiskeri, oppdrett og marin sektor i Vestland. Fylkeskommunen skal vera ein pådrivar for ei berekraftig oppdrettsnæring der målet er full utnytting av avfallsressursane, auka vidareforedling og null rømming
- innføre ei prøveordning med politisk handsaming av akvakultursaker
- arbeide for at fylkeskommunen får auka politisk medverknad i regional akvakulturforvaltning
- at fylket skal vidareutvikle og auke verdiskapinga i vestlandslandbruket i tett samarbeid med næringa sjølv. Me skal legge til rette for kortreist mat produsert på lokale ressursar
- at Innovasjon Noreg sine verkemiddel skal nyttast til å bygge vidare på særtrekka ved landbruket i Vestland
- at Vestland skal ta ei leiande rolle i å gjennomføre det nye nasjonale samfunnsoppdraget om
- meir berekraftig fôr, med mål om at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal kome frå berekraftige kjelder og vere med å redusere klimautsleppa frå matsystema
- gjennomgå fylkesvegane med sikte på oppklassifisering og på den måten legge betre til rette for uttak av skog
- at Vestland fylkeskommune skal ha ein heiltidskultur og som hovudregel berre lyse ut heile og faste stillingar
- at Vestland fylkeskommune skal arbeide for eit inkluderande arbeidsliv, mellom anna ved å nytte reserverte anbod, der dette er mogleg og tenleg, eventuelt inkluderande kontraktar eller lengre anbodsperiodar
- leggje til rette for at anbod og innkjøpsordninga blir praktisert slik at også mindre og lokale næringslivsaktørar kan ta del i konkurransen med større aktørar
- auke tal lærlingar i fylkeskommunale verksemder
- ligge heilt i front med å stilla seriøsitetskrav ved alle offentlege innkjøp og anbod, til dømes krav om lærlingar, fast tilsette og faglært arbeidskraft, og me vil etablere system for etterleving av krava
- arbeide for desentralisering av tenester frå fylkeskommunen
Samferdsel, kollektiv og mobilitet i Vestland
Samferdsla, kollektiv og mobilitet bind Vestlandet saman. Fylkeskommunen skal vere ein sentral aktør for at me når måla i Parisavtalen. Målet om eit klimanøytralt fylke er sentralt i samferdselspolitikken vår. Kollektivtilboda må hengje saman og korrespondanse må vere mogleg dersom kollektiv skal bli eit reelt alternativ i heile fylket.
Vestland er det største rasfylket i landet og samarbeidspartia legg til grunn at vi vert prioritert med ekstra rasmidlar.
Samarbeidspartia vil
- at fylkeskommunen bygger bybane raskt og kontinuerleg til Åsane, i tråd med vedteken reguleringsplan i Bergen i valperioden 2019–2023
- prioritere rassikring, tenleg veg, liv og helse før nye store vegprosjekt på fylkes-, riks- og europavegnettet
- sikre framdrift på samanhengande utbygging på ny veg og bane mellom Bergen og Voss (K5) med prioritert oppstart på Trengereid
- følgje opp vedteken Regional Transportplan (RTP) og ha årleg rullering av handlingsprogrammet
- ha sterk satsing på trafikksikring, vidareføre satsinga på punktutbetring av vegnettet vårt og sikre trygge skulevegar
- satse på hjartesoner og barnas transportplan
- prioritere bygging av gang- og sykkelvegar
- stille krav om nullutslepp i alle framtidige anbod i kollektivsektoren
- krevje oppstart av Stad skipstunell
- sikre kortbanenettet og etablere infrastruktur på flyplassane som gjer det mogleg å ta i bruk elektriske fly på kortbanenettet
- legge til rette for auka kollektivbruk både gjennom
- etablere fleire ladestasjonar, også for tungbil
- kapasitetsutviding, prismekanismar og billettsystem som gjer det rimelegare å reise kollektivt, mellom anna for å nå nullvekst i byvekstområde og såleis redusere utslepp frå transport
- sikre byvekstavtalen mellom staten, Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og omlandskommunane til Bergen, som gjer oss i stand til å bygge infrastrukturen me treng for å nå
- ikkje finansiere kollektivtrafikken med reklame nullvekstmålet
- ha eit godt ferje- og hurtigbåttilbod
- få på plass fleksibel skuleskyss
- sikre pendlar- og skuleruter samt eit minstetilbod
- etablere kollektivfelt på innfartsårane til Bergen
- til innbyggjarar i svakt befolka område
- satse på fleksible ruter og serviceskyss
- utnytte ferjeavløysingsordninga på fylkesvegnettet
Opplæring i Vestland
Vestland fylkeskommune skal tilby elevar og lærlingar den beste vidaregåande opplæringa. Skulen skal skape eit kompetansesamfunn og fellesskulen skal bidra til å utjamne skilnadar og skape like moglegheiter. Den einskilde elev skal få moglegheit til å lukkast i tråd med sine interesser, talent og uavhengig av kor ein kjem frå.
Det skal vere trygt og motiverande å gå på skulen. Vestland skal fortsette satsinga på å auke fullføringa i opplæringa.
Godt kvalifiserte lærarar, gode bygg med universell tilgang og oppdatert undervisningsmateriell er viktige føresetnader for å skapa trivsel og motivasjon for elevar og tilsette. Me har høg tillit til lærarane, og det er viktig at dei får tid og rom til å vere lærarar. Me skal sikre at vaksne, utan formell kompetanse får moglegheit til å ta del i etter- og vidareutdanning.
Samarbeidspartia vil
- vidareføre den desentraliserte skulestrukturen. I distrikta er skulen ein viktig hjørnestein for lokalsamfunna og sikrar mange elevar moglegheit til å gå på ein skule nær der dei bur. Elevane skal ha tilgang på variert opplærings- og linjetilbod i sine nærområde
- tilpasse opplæringstilbodet i Bergensområdet, slik at ein imøtekjem eit aukande tal elevar
- ta i bruk moglegheitene i ny opplæringslov for å gje fleire fagbrev og vidaregåande opplæring
- vidareutvikle Nettskulen i Vestland, for å sikre mangfaldige opplæringstilbod i heile fylket
- vidareføre og tilpasse hovudlinjene i dagens inntaksmodell, for å sikre at elevane skal få gå på ein skule nær der dei bur
- at der det er mogleg, skal elevane har rett til å fullføre skuleløpet på den skulen der dei byrja
- ikkje ha fleire private kommersielle vidaregåande skular i fylket eller utviding av eksisterande tilbod i perioden
- at fylkeskommunen i utgangspunktet skal vere positiv til friskular som bygger på livssyn, alternativ pedagogikk eller driv på særskilte vilkår og som ynskjer å utvide tilbodet av programområde. Kvar søknad skal vurderast opp mot det offentlege tilbodet og tilgangen på lærlingar
- at private og offentlege skular samkøyrer opptaksog inntaksdatoane
- sikre vidare gratis skulefrukost på alle dei offentlege vidaregåande skulene i Vestland fylke. Dette bidreg til eit styrka læringsmiljø, auka fellesskap og inkludering
- styrke laget rundt eleven ved å opprette eigne miljøteam eller miljøkoordinatorar og ha god
- psykososial kompetanse på alle vidaregåande skular
- at arbeidslivet sine behov skal vere styrande for korleis fylkeskommunen planlegg yrkesfagtilbodet. Tilbodet av skuleplassar, tilgjengelege læreplassar, det framtidige kompetansebehovet, i fylket og i dei ulike regionane, skal henge saman. I dette arbeidetsikre Fagskulen tilstrekkelege ressursar til å vidareutvikle studietilboda og kunne tilby nye studieretningar
- styrke og differensiere opplæringstilbodet for flyktningar, blant anna med alternativ modell for norsk- og fagopplæring (Gloppen-modellen)
- styrke PP- og OT-tenesta og gje gode rammer for både individuelt og systemretta arbeid. Elevar skal behalde vurdering for spesialundervising til dei har fått nytt vedtak frå fylket
- gjere overgangen frå grunnskulen til vidaregåande skule lettare for elevar med trong for tilrettelegging
- auke gjennomføringa på yrkesfag ved at fleire går ut i lære, mellom anna ved at fleire kan få praksisopphald i løpet av skulegangen
- legg samarbeidspartia særleg vekt på samarbeidet med partane i arbeidslivet
- arbeide for å auke talet elevar som tar fagbrev slik at færre elevar går over på påbygg før fullført fagbrev
- arbeide for meir varierte studiespesialiserande løp, som programfag innan helsefag
- auke tilskota til nytt undervisningsutstyr, særleg innanfor yrkesfagasikre kunnskap om kjønn- og seksualitetsmangfald for alle som jobbar med ungdom i fylkeskommunen
- satse vidare på produksjonsskulane i fylket. Samarbeidspartia føreset at staten er med på den
- vidare satsinga på produksjonsskular og ynskjer at
- dei tilboda me har blir tilgjengelege for enda fleire ungdomar enn i dag
- styrke arbeidet med førebygging av psykisk uhelse og utanforskap
- utgreia ulike tiltak for å forbetre kjønnsbalansen i rekrutteringa til dei ulike utdanningstilboda i den vidaregåande skulen
- vera ein aktiv pådrivar mot høgskulesektoren for å opne for fleire vegar frå fagbrev til høgskuleutdanning, eksempelvis y-vegen
- sikre tilbodet til menneske med nedsett funksjonsevne, med vekt på at likestilt deltaking er ein verdi som står sterkt i den norske fellesskulen
- bruke ungdoms- og elevbedrifter aktivt som undervisningsform i vidaregåande skule (til dømes Ungt Entreprenørskap)
- utvide og gjere lettare tilgjengeleg utdanningstilbod til vaksne som ønskjer å fullføre vidaregåande opplæring, anten med fagbrev eller studiekompetanse
Klima, miljø og natur
Vestlandet er framtidas grøne region. Mange av miljø- og klimaløysingane finn ein i vårt fylke, og klima- og naturkrisa må følgjast opp med konkrete løysingar og politikk. Klima- og miljøomsyn skal gjennomsyra alle områder fylkeskommunen har ansvar for og FN sine berekraftsmål skal leggjast til grunn for all regional planlegging. Å løysa klimakrisa og stansa nedbygging av natur og dyrka mark er avgjerande for livsgrunnlaget på jorda. Rapportane frå Klimapanelet og Naturpanelet, Parisavtala og Naturavtala ligg til grunn for politikken.
Krav til nullutslepp og ny teknologi er eit konkurransefortrinn for bedrifter og lokalsamfunn på Vestlandet. For å ytterlegare redusere utsleppa i åra som kjem, må offentleg sektor og privat sektor spela på lag.
Auka kraftproduksjon må skje på ein måte som tek i vare natur og biologisk mangfald. Eit reint hav, utan forureining, er ei global utfordring som er særleg viktig for oss som bur langs kysten og som leve av maritim- og marin næring.
Samarbeidspartia vil
- at Vestland fylkeskommune skal følgje opp den vedtekne ambisiøse klima- og miljøplanen samt halde fram med å utarbeide klimabudsjett og føre klimarekneskap
- at me skal ha forpliktande utsleppskutt i tråd med Paris-avtalen
- redusere bruk av plast i fylkeskommunen
- bidra til å halde engasjementet for plastrydding oppe
- at me skal vektlegge eit sterkt jordvern i utbyggingssaker – og andre politiske saker
- at Vestland skal vege naturmangfald og miljøvern høgt i saker om vasskraftutbygging. Me vil gjere ei vurdering av dei samla miljøkonsekvensane utover det enkelte prosjekt
- ikkje tillate utbygging av kraftverk, herunder småkraftverk, i verna vassdrag. Unntaksvis kan naudsynt flaumsikring, som ikkje forringar verneverdiane, vurderast
- ikkje ha utbygging av vindkraft i urørd natur
eller på kostnad av viktige verdiar knytt til natur, landskap, friluftsliv, kulturminne, kulturmiljø og reiseliv, og som er i strid med kommunestyrevedtak - at vindkraft til havs skal utviklast i samråd med havbruk- og fiskeriinteressene, med omsyn til naturmangfaldet og slik at det bidreg til mest mogleg verdiskaping og arbeidsplassar på land
- at fylkeskommunen skal arbeide for å redusere varig avskoging av areal i Vestland. Dette gjeld særskilt gammalskog
- at fylkeskommunen skal halde fram med å klimatilpasse eigen infrastruktur
- krevje eit skatteregime som betrar økonomien i produksjonsaukane fornying av vasskraftanlegg
- at Vestland fylkeskommune skal følge opp Naturavtalen inngått i Montreal, noko somsikrar at vi kan overlate Vestland i betre stand til neste generasjon. Fylkeskommunen skal bistå kommunane med å få på plass system for arealrekneskap, for å sikre god arealstyring som gjer det mogleg å arbeide for arealnøytralitet. Det er særskilt viktig å unngå nedbygging av myr, dyrka jord, tap av sårbare artar og følgje opp marin verneplan
- samarbeide med kommunane i Vestland om klimamål og klimarapportering i alle kommunar
- at fylkeskommunen i samarbeid med industrien, kommunane og staten skal vere pådrivar for klimakutt ved dei største punktutsleppa i fylket
- stille krav til energieffektivitet i fylkeskommunen sine eigne nybygg og rehabiliteringsprosjekt
- miljøsertifisere bygg gjennom BREEAM- standarden eller tilsvarande strenge miljøstandardar
- arbeide for å redusere offentleg energibruk, til dømes ved å bruke sensorstyrte LED-lys i offentlege bygningar og langs vegar
Kultur bygger samfunn
Attraktive kulturtilbod er med på å skape trivelege og levedyktige lokalsamfunn. Kultur og idrett fremjar fellesskap og identitet og er viktig for regional utvikling. Fylket skal ha eit tett samspel med lokalsamfunna på dette området.
Alle, uansett bustad og sosiale skiljelinjer, skal ha tilgang til kunst, kultur og idrett utført av både profesjonelle og frivillige aktørar. Kunst og kultur har eigenverdi og skaper refleksjon og innsikt om verdiar, samfunn og kva det vil seia å vere menneske. God kunst- og kulturpolitikk er demokratibyggande og styrka ytringsfridomen. Kjennskap til eigen kultur gjer oss trygge i møte med andre.
I første valperioden i Vestland vedtok fylkestinget ein ambisiøs plan for kultur, idrett og frivilligheit med visjonen: «Kultur bygger samfunn». Det overordna hovudmålet er at «alle skal kunne delta, oppleve og skape». Eit av satsingsområda er at Vestland skal vere ein leiande region innanfor kultur. Samarbeidspartia ønskjer å oppnå måla i planen slik at Vestland vert det beste kulturfylket i landet.
Samarbeidspartia vil
- prioritere anlegg for barn og unge innan idrett, folkehelse og friluftsliv
- legge til rette for at alle barn og unge får gode kunst- og kulturopplevingar
- at Bergen skal vere Norge sin fremste kulturby og kulturell motor i Vestland
- støtte arbeidet med Bergen som europeisk kulturhovudstad i 2036
- styrke fylkeskommunen sitt arbeid med kultur- og fortidsminnevern og bruke kulturminnevern og verdsarvstatus som ein ressurs i arbeidet med region- og tettstadsutvikling
- arbeide for å sikre finansiering av Urnes verdsarvsenter
- at Vestland fylkeskommune skal ha nynorsk som administrasjonsspråk og aktivt fremje nynorsk i samfunnet. Fylkeskommunen skal stille språkkrav i innkjøp av digitale tenester og plattformer
- fremje vestnorske dialekter, nynorsk språk, litteratur og kultur ved å styrke nynorskscenene, litteraturhusa og det breie litteraturfeltet
- styrke festivalfylket Vestland
- vidareutvikle folkebiblioteka saman med kommunane for å gjere dei meir tilgjengelege for fleire og for å sikre eit variert og godt bibliotektilbod i heile fylket
- styrke skulebiblioteka
- at arenaer retta mot born og unge skal vere rusfrie
- satse på Gulatinget som ein nasjonal
og internasjonal arena for rettshistorie, demokratihistorie og demokratiutvikling. Samarbeidspartia vil rbeide for at visingssenteret på Tusenårsstaden Gulatinget vert realisert i løpet av valperioden - vidareutvikle fylkesmusikarordninga i samarbeid med kommunane og kulturskulane
- styrke vilkåra for produksjon av ny musikk, scenekunst, visuell kunst og skrivekunsten. Betre vilkåra for det frie profesjonelle feltet i Vestland
- vidareutvikle Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken
- nytte tilskotsordningar og andre verkemiddel for å gi fleire moglegheita til å delta i idretten og friluftslivet, og til å vere aktiv i kvardagen
- at fylket skal ha eit nært og godt samarbeid med idrettskretsen og andre frivillige idretts- og kulturorganisasjonar. Dei frivillige lag og organisasjonane skal ha gode og føreseielege rammevilkår for arbeidet sitt
- at musea i Vestland skal utvikla seg som dagsaktuelle, relevante og samfunnsengasjerte institusjonar, med gode tilbod til born og
unge med vekt på kulturopplevingar og kunnskapsformidling. Det er eit mål å auka besøket til musea i heile fylket - arbeide vidare med å gjere alle fylkeskommunale bygg og anlegg gratis og tilgjengeleg for frivillige organisasjonar
- vere bevisst på at Vestland har eit spesielt ansvar for å ta vare på sine unike båt- og handverkstradisjonar, og landet sin største samling av verna fartøy
- at fylkeskommunen skal arbeide for auka statleg finansiering av kulturbygg i heile fylket
- bidra til fornying av utstyr samt å bygge opp utlånssentralar for ustyr, til dømes BUA, i alle kommunane i fylket
- satse vidare på den breie og varierte kulturelle infrastrukturen i Vestland ved å samarbeide med kommunane og staten om opprettinga og utviklinga av kulturarenaer i heile fylket
- gå føre i arbeidet med å sikre papirlause flyktningar i Vestland grunnleggjande menneskerettar og helsehjelp
- arbeide med ein plan for inkludering og deltaking, som skal nytte alle delar av offentleg sektor for å få fleire ut i utdanning, arbeid og frivilligheit
- at menneskerettar for menneske med funksjonsnedsettingar (CRPD) skal oppfyllast i Vestland
Tannhelse
Tannhelse er ein viktig del av folkehelsearbeidet og
vi må derfor sikre at det offentlege tannhelsetilbodet er tilgjengeleg i alle delar av fylket. Sterke fagmiljø
og kompetansesenter er avgjerande for den vidare utviklinga av tannhelsetenesta og for utvikling av ny teknologi innanfor området. Me skal legge til rette for at alle som har rett til tannbehandling gjennom det offentlege får det.
Samarbeidspartia vil
- sikre og utvide den desentraliserte tannhelsestrukturen i heile fylket
- auke tempoet i planlegging, utbygging
og modernisering av nye og eksisterande tannklinikkar. Gå i dialog med staten om finansiering av nye samlokaliserte lokale til kompetansesenteret og spesialistklinikkane - arbeide vidare med ein rekrutterings- og stabiliseringsplan for tilsette i tannhelsetenesta
- sikre at alle som har rett til tannhelsetenester i det offentlege vert følgt opp med særleg oppfølging av barn og unge som ikkje møter opp til innkalling
- inkludere fleire tannhelsetenester i fylkeskommunal regi, til dømes gjennomføre eit pilotprosjekt
- der kjeveortopedi blir teke inn i den offentlege tannhelsetenesta
- betre eldre og sårbare si tannhelse gjennom å styrke samarbeidet mellom fylkeskommunale og kommunale tenester og legge til rette for oppfølging i institusjon
- vidareføre tannlegevakta i Bergen