Lover for Vestland Kristeleg Folkeparti vedtekne på stiftingsmøte søndag 10. mars 2019 i Førde, slik dei lyder etter seinare endringar, seinast ved fylkesårsmøte den 8. mars 2025. Lovene vart godkjende av Sentralstyret 13. mai 2025.
§ 1 FORMÅL
Vestland KrFs formål er å fremje ein kristendemokratisk politikk bygd på det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret. KrF sitt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar.
§ 2 TILLITSVERV
Alle tillitsvalde og folkevalde for KrF er forplikta på og skal arbeide for partiet sitt kristne verdigrunnlag slik det er definert i § 1.
§ 3 ORGANISASJON
Fylkeslaget er knytt til Kristelig Folkeparti sin hovudorganisasjon. Fylkeslaget er samansett av lokallag, KrF Kvinner (kvinnenettverk) og Kristeleg Folkeparti Ungdom (KrFU).
§ 4 FYLKESÅRSMØTET
- Fylkesårsmøtet er sett saman av:
- fylkesstyret
- fylkestingsgruppa
- minimum 1 representant frå kvart lokallagsstyre og 1 representant frå kommunestyregruppa, med 1 representant i tillegg for kvart 50 medlem (KrFU- medlemar medrekna) og 1 representant i tillegg pr 50 røyster
- 7 representantar frå KrFU sitt fylkeslag
- 5 representantar frå KrF Kvinner i fylket
- KrF sin(e) ordførarar i fylket
- KrF sin(e) byrådar i fylket
- KrF sin(e) stortingsrepresentant(ar) frå fylket
Alle representantar må ha vore medlem i meir enn ein månad før møtedato, jmfr § 10-2.
Organisasjonsutviklar, KrF sine æresmedlemar, statsrådar og statssekretærar frå fylket deltek med tale- og forslagsrett. KrF sine medlemer i fylket har tilgang utan tale- og forslagsrett. Fylkesårsmøtet vedtek sjølv sin forretningsorden, med blant anna røystereglar og konstituering med val av dirigentar, teljekorps, naudsynte referentar, protokollunderskrivarar og eventuelt resolusjonskomité.
Fylkesårsmøtet sitt vedtak vert fatta med alminneleg fleirtal av dei frammøtte representantane med fullmakt, med unntak av lovendringsvedtak som krevjer 2/3 fleirtal, jfr. § 12.
- Fylkesårsmøtet er fylkeslaget si øvste myndigheit. Fylkesstyret skal legge fram m.a. fylgjande saker til handsaming:
- årsmelding m/vedlagt årsrapport og revidert regnskap frå fylkestingsgruppa, KrF Kvinner og KrFU
- revidert rekneskap i hht. KrFs økonomireglement
- årsplan
- fylkesprogrammet (føre fylkestingsval)
- lovendringsforslag og andre saker som er fremja for fylkesstyret seinast 2 månadar før fylkesårsmøtet
- nominasjonsreglement (kvart mellomvalsår)
- val
- fylkesstyret (leiar, nestleiarar og styremedlemer, sjå § 5), valt for to år, samanhengande funksjonstid i same verv inntil 6 år. Ein representant frå kvart av valdistrikta skal vera representer i leiartrioen (leiar, 1. og 2. nestleiar) i fylkesstyret.
- 5 varamedlemer til fylkesstyret, valt for eitt år
- kvinnepolitisk leiar skal veljast av kvinnene, der det ikkje er fylkeskvinnelag eller kvinnenettverk
- valkomité for neste fylkesårsmøte
- nominasjonskomité, jfr § 7 (kvart mellomvalsår)
- programkomité (året før fylkestingsval)
- delegatar til KrF sitt landsmøte
- statsautorisert revisor eller 2 revisorar m/1 varamedlem, valt for eitt år
Fylkesårsmøtet skal innkallast skriftleg med minst 1 månads varsel. Saker som er fremja i rett tid gjennom organ som etter denne paragraf sender representantar til fylkesårsmøtet, har krav på å bli handsama. Fylkesårsmøtet blir halde innan utgangen av mars månad.
Fylkesårsmøtet kan vedta at eit fylkesrådsmøte (jfr § 6) skal avslutte handsaminga av ei eller fleire av sakene som er nemnde ovanfor, med unntak av saker som gjelder lovendringar eller val (pkt 5 og 6).
Ekstraordinært årsmøte kan innkallast når styret finn det naudsynt, eller når minst 1/3 av lokallaga krev det. Innkalling til ekstraordinært årsmøte føregår på same måte som til vanleg årsmøte.
§ 5 FYLKESSTYRET
- Fylkesstyret er sett saman av:
- fylkesleiar, vald for 2 år, samanhengande funksjonstid i same verv inntil 6 år
- nestleiarar, valde for 2 år, samanhengande funksjonstid i same verv inntil 6 år
- 2 styremedlemer, valde for 2 år, samanhengande funksjonstid i same verv inntil 6 år
- gruppeleiar i fylkestinget
- kvinnepolitisk leiar
- leiar av KrFU sitt fylkeslag
- leiar i Bergen KrF
Fylkesstyret sine valde varamedlemer vert kalla inn ved forfall under A.1-3. Første vara til fylkesstyret blir kalla inn til fylkesstyremøte med tale- og forslagsrett. Fråtrer fylkesleiar eller 1. eller 2. nestleiar i perioden, skal den som står nærast konstituerast til vervet fram til ordinært fylkesårsmøte. Fylkestingsgruppa/ KrFU/ KrF Kvinner/Bergen KrF vel sjølve sine vararepresentantar under A.4-7).
Organisasjonsutviklar er fylkesstyret sin sekretær, og møter i fylkesstyret med talerett.
Organisasjonsutviklar, fylkespartiet sine stortingsrepresentantar, fylkespartiet sine sentralstyremedlemmar, regjeringsmedlemmar, fylkespartiet sitt fylkesordførar og fylkesvaraordførar har observatørstatus med tale- og forslagsrett i fylkesstyret.
Dersom nasjonal leiar av KrFU eller nasjonal leiar av KrF Kvinner er frå fylkeslaget, kan dei møte i fylkesstyret med talerett.
Fylkesstyret er ansvarleg for strategiske, politiske og organisatoriske avgjerder og aktivitetar for fylkeslaget. Fylkesstyret nedset ad-hoc utval eller faste underutval etter behov.
- Fylkesstyret står ansvarleg ovanfor fylkesårsmøtet og leier fylkespartiet sitt arbeid fram til nytt styre er vald. Fylkesstyret skal mellom anna:
- førebu, gjennomføre og følgje opp vedtaka frå fylkesårsmøtet.
- vedta fylkeslaget sitt budsjett innan 1. desember for påfølgjande år, samt revidere budsjettet innan 1. mai i rekneskapsåret.
- vedta rekneskapsførar i tråd med KrFs økonomireglement.
- ta initiativ til konstituerande møte og etablering av gode samarbeidsrutinar for fylkestingsgruppa og gi denne råd og innspel undervegs.
- bidra til politisk debatt gjennom mellom anna politiske utspel, utgreiing av politiske spørsmål og gjennomføring av politiske konferansar.
- halde god kontakt med lokallaga og deira representantar i kommunestyret og arbeide for aktive lag i alle kommunar.
- gi folkevalde og tillitsvalde på kommune- og fylkesplan tilbod om opplæring og rådgjeving, i samarbeid med KrFs sitt skoleringsarbeid.
- bidra til å ajourføre eitt medlemsregister som er felles for alle ledd i partiet.
- sørgje for god og ansvarleg rekneskapsføring og økonomistyring i samarbeid med organisasjonsutviklar, i tråd med KrFs økonomireglement.
- organisere planlegging, gjennomføring og evaluering av fylkeslaget sin valkamp.
- behandle saker som er oversendt frå sentralstyret.
- yte stønad til KrFU og KrF Kvinner sitt arbeid i fylket.
- Fylkesstyret har møte så ofte leiaren finn det naudsynt eller når minst 3 styremedlemer ynskjer det. Fylkesstyret sine vedtak vert fatta med alminneleg fleirtal, og styret er vedtaksdyktig når meir enn halve styret er til stades. Ved same mengd røyster har leiaren dobbeltrøyst.
Fylkesstyret sine vedtak vert sett i verk av fylkesleiar i samarbeid med nestleiarane og organisasjonsutviklar.
Fylkesstyret utnemner ein, som saman med organisasjonsutviklar, følgjer opp KrFs sitt skoleringsarbeid. Fylkesstyret avgjer i kor stor grad også øvrige fylkesstyremedlemmer deltek i iverksetjinga av ulike vedtak i fylkesstyret.
Fylkesstyret utnemner dei utvala som dei meiner er naudsynte for arbeidet. Fylkesstyret sitt arbeidsutval består av: leiar, fyrste nestleiar og andre nestleiar. Fylkessekretæren fungerer som sekretær for arbeidsutvalet.
Fylkesstyret gjev instruksar om kva slags saker arbeidsutvalet skal handsame. Arbeidsutvalet sine vedtak skal leggjast fram for fylkesstyret.
§ 6 FYLKESRÅDSMØTER
Paragraf 6 følgjer som ein konsekvens av fylkesstyremodell B.
Fylkesrådsmøter er sett saman av:
1) fylkesstyret
2) fylkestingsgruppa
3) lokallagsleiar og gruppeleiar frå kvar kommune, evt. deira vararepresentantar
4) minst 3 representantar frå KrF Kvinner i fylket
5) minst 3 representantar frå KrFU sitt fylkeslag
6) byrådar
7) ordførarar og varaordførarar
8) stortingsrepresentant(ar) frå fylket
Organisasjonsutviklar deltek i møtet med tale- og forslagsrett.
Fylkesrådsmøter er rådgjevande organ for fylkesstyret i organisasjonsmessige og politiske spørsmål, og handsamar dei saker som fylkesstyret legg fram for det. Fylkesrådsmøter kan fatte bindande vedtak i saker som fylkesårsmøtet har ført over til handsaming. Fylkesrådsmøtet sine vedtak vert fatta med alminneleg fleirtal.
Rådsmøtet bør haldast ein gong kvart år.
§ 7 NOMINASJON FOR FYLKESTINGS- OG STORTINGSVAL
Nominasjon for fylkestings- og stortingsval skal gjennomførast etter vedteke nominasjonsreglement. Reglementet skal innehalde antal høyringar, kven som skal høyrast m.m. Følgande instansar skal alltid vere med i høyringane: KrFU sitt fylkeslag, KrF Kvinner i fylket og alle KrF sine lokallag (jfr. landspartiets lover §8). Reglementet vert vedteke på fylkesårsmøtet i mellomvalsår.
Fylkesstyret kallar inn til nominasjonsmøtet og set møtet. Forslag til fylkestingsvalsliste/ stortingsvalliste vert lagd fram av nominasjonskomiteen som består av minimum 5 årsmøteutnemnde personar, inkludert ein representant kvar foreslått av KrFU og av KrF Kvinner.
Endeleg listeforslag vert sett opp i samsvar med ”Lov om val til storting, fylkesting og kommunestyrer (vallova) av 2002”, med seinare endringar, og sendast til valstyret innan 31. mars i valåret, underteikna av to styremedlemer.
For stemmerett på nominasjonsmøte, sjå § 10-3, 3. avsnitt.
§ 8 LOVER FOR FYLKESLAGA
Sentralstyret utarbeider normallover for fylkeslaga. Fylkeslaga vedtek sjølv sine lover og eventuelle lovendringar. Desse lovene er ikkje gyldige før dei er godkjent av sentralstyret. §§ 1, 2, 8, 10 og 11 i lover for Kristeleg Folkeparti skal gjelde for alle fylkeslag, og desse avgjerslene kan ikkje fråvikast. Det skal vidare kome fram i fylkeslaga sine lover at KrF sine lokallag og KrF Kvinner/styret og KrFU sitt fylkesstyre er høyringsinstans for fylkeslaga sine nominasjonskomitear.
§ 9 LOVER FOR LOKALLAGA
Sentralstyret utarbeider normallover for lokallaga. Lokallaga vedtek sjølve sine lover og eventuelle lovendringar. Desse lovene er ikkje gyldige før dei er godkjende av fylkesstyret. §§ 1, 2, 9 – 11 i lover for Kristeleg Folkeparti skal under eit kvart tilhøve gjelde for alle lokallag, og desse avgjersler kan ikkje fråvikast.
§ 10 MEDLEMSKAP
§ 10-1 Teikning av medlemskap
Partiet er ope for medlemskap for alle, som:
- er einig i partiet sitt formål og grunnsyn
- er fylt 13 år
- ikkje er medlem av andre parti eller deira ungdomsorganisasjonar
Om eit medlem ynskjer det, kan det vere organisert gjennom KrFU. Desse medlemene betaler berre ein kontingent og har dei same rettigheiter og plikter som andre KrF‑medlemer.
§ 10-2 Medlemskapet si gyldigheit
Medlemskapet er gyldig når medlemskontingent er betalt, og gyldig inntil vedkomande melder seg ut.
Om eit medlem ikkje har betalt kontingent eller har svart på førespurnadar om dette innan utgongen av året, vil dette reknast som passiv utmelding og medlemskapet vil ikkje bli fornya inn i nytt år. Dette gjeld ikkje for nyinnmeldte som er innmeldt etter hovudforfall.
Om eit medlem melder seg ut og bed om å få medlemsinformasjon sletta snøggast, skal dette imøtekomast.
§ 10-3 Medlemsrettar
Fulle rettar som medlem har den som har betalt medlemskontingent. Til tillitsverv i partiet kan berre veljast medlemer.
For å kunne få tale- og forslagsrett, røyste og vere valbar på årsmøter og andre møter som har myndigheit til å velje utsendingar, må forfalle kontingent vere betalt. Ein må i tillegg ha vore medlem i einmånad for å kunne røyste.
For å kunne få tale- og forslagsrett og røyste på partiet sine nominasjonsmøter, må forfalle kontingent vere betalt. Ein må i tillegg fylle minst 18 år i valåret, og ha vore medlem i tre månadar.
Ved alle røystingar kan 3 eller fleire røysterettkomne krevje skriftleg røysting.
§ 10-4 Organisering av medlemskapet
Eit medlem er normalt medlem av lokallaget i den kommune/bydel vedkomande bur.
Om det ikkje er lokallag på heimstaden til medlemen, kan medlemen organiserast direkte under fylkeslaget. I spesielle situasjonar kan medlemen søke om å få organisere sitt medlemskap direkte under landspartiet. KrFU sine medlemer skal alltid stå som medlem i sideorganisasjonen sitt lokal- eller fylkeslag i same fylke som KrF-medlemskapet er registrert.
Studentar kan organisere sitt medlemskap i heimkommunen der dei er folkeregistrerte, eller på studiestaden. Partiet steller seg til den adressa studenten oppgjev. Studentar som har gyldig medlemskap utanom heimstadskommunen kan ikkje nominerast eller veljast som utsendingar til nominasjonsmøtet, (Jfr valgloven § 21) og dei har i lokallagssamanheng ikkje røysterett i nominasjonsspørsmål. Medlemen kan likevel nominerast til plass på vallista i folkeregistrert kommune/fylke.
§ 10-5 Eksklusjon
Eksklusjon frå vert partiet avgjort av sentralstyret med 2/3 fleirtal. Eit medlem kan ekskluderast av KrF dersom han eller ho:
- er medlem av eit anna politisk parti.
- er tillitsvald, folkevald eller arbeider politisk for eit anna politisk parti.
- har framsett hatefulle ytringar eller truslar.
- er dømd for seksuelle overgrep eller annan grov kriminalitet.
Både partiet sine sentrale organ og lokal- og fylkeslag har rett til å føreslå medlemer i sitt lag ekskludert. Nærare prosedyre om eksklusjon vert vedteke av landsstyret.
§ 10-6 Medlemskontingent
Landsstyret for KrF fattar vedtak om medlemskontingent i KrF og landsstyret for KrFU fattar vedtak om medlemskontingent i KrFU. Landsstyret har fullmakt til å gje nærare avgjersler for kontingentsatsar, registrering av partimedlemskap og så videre. Lovendringar som angår KrFU trer i kraft når det føreligg tilslutning angåande kontingentsats frå deira organ.
KrF sentralt krev inn kontingenten. Kontingenten blir deretter fordelt mellom lokallag, fylkeslag, og KrF sentralt, etter ein fordelingsnøkkel vedteke av landsstyret.
Landskontoret laster kvart lokallag for kostnadane ved produksjon og utsending av kontingentkrav.
KrFU krev sjølve inn sin medlemskontingent og fordeler desse midla gjennom eigen organisasjon.
§ 10-7 Æresmedlemer
Æresmedlemer kan utnemnast av landspartiet ved sentralstyret, av fylkeslaga ved fylkesstyra og av lokallaga ved lokallagsstyra. Det generelle kriteriet for utnemning av æresmedlemer er; den personen det gjeld skal ha gjort ein ekstraordinær innsats for partiet på gjeldande nivå. Sjå Handbok for tillitsvalde, kapittel 10.3.
Æresmedlemen betaler ikkje sjølv kontingent til KrF. Kontingenten for desse medlemene skal dekkast av det organ som har utnemnt æresmedlemen.
§ 11 KJØNNSKVOTERING VED VAL MED MEIR
I politiske og organisasjonsmessige verv skal det sikrast mest mogleg lik representasjon av kvinner og menn.
Stemmetillegg og alle val/utnemningar til partiet sine politiske og organisasjonsmessige organ med fleire enn tre medlemer skal, så langt det er praktisk mogleg, gjennomførast slik at resultatet gjev minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn.
§ 12 LOVENDRING
Desse lovene kan, med unntak av §§ 1, 2, 8, 10 og 11, endrast av fylkesårsmøtet når minst 2/3 av årsmøtet sine medlemer stemmer for eit forslag som er fremja av dei organ og innan den fristen som er fastsett i § 5. Lovendringane må vere godkjent av sentralstyret før desse kan tre i kraft.