Viktig med etablering av PCI-senter i Møre og Romsdal

Resolusjon vedteken på Møre og Romsdal KrF sitt fylkesårsmøte 13.03.2021:


I Møre og Romsdal får om lag 750 personar eit hjarteinfarkt årleg ifølge Folkehelseinstituttet (FHI). Etter som at Møre og Romsdal er eit av to fylke i landet som endå ikkje har PCI-senter, er det no på tide å få etablert dette også i vårt fylke, uttaler Møre og Romsdal KrF, samla til fylkesårsmøte 13. mars 2021.

PCI er ei forkorting av Perkutan Koronar Intervensjon som betyr utblokking av blodårar i hjartet. Infarkt skjer når ei eller fleire av blodårene som forsyner hjartet med blod går tett.  Når det skjer hastar det å få opna opp åra. I tillegg til den medisinske behandlinga er difor utblokking, såkalla PCI, heilt sentralt i behandlinga. Når ein får eit stort hjarteinfarkt, eit såkalla STEMI, er situasjonen livstruande.

Ein kan sjå for seg eit hus som brenn. Det hastar å få sett i gang sløkking for å avgrense skaden. For desse hjarteinfarkta har ein to alternativ: å gje blodproppløysande medisin for å forsøke å løyse blokkeringa i åra som har gått tett. Det andre alternativet er å ta pasienten rett til utblokking, såkalla primær PCI.

Internasjonalt er primær PCI heilt klart tilrådd fordi den er meir effektiv, gitt at ein kan gjennomføre reise og prosedyre innan 2 timar. Sjansen for å opne ei åre med trombolyse er om lag 60%, medan primær PCI lukkast i mellom 93-95% av tilfella.
I tillegg har mange pasientar tilstandar eller medisinar som gjer at dei ikkje kan få trombolyse. Til dømes behandling av hjarteflimmer diskvalifiserer pasienten for trombolyse, fordi blodet blir så tynt at blødningsfaren blir for stor. Kreftpasientar og folk med nyleg slag kan heller ikkje få trombolyse. I praksis får dei då ingen behandling innan tilrådd tid. 

Per i dag er næraste senter for utblokking ved St. Olavs hospital og utanfor tidsvindauget. Difor er kun trombolyse mogleg i fylket (med unntak av dei som bur nord for Halsafjorden).

Sjølv om tilstanden er vanleg er prosedyren krevjande. Litt som i toppidretten må senteret og operatørane vere øvd for å kunne tilby akutt utblokking. Difor har utblokking berre blitt gjort ved universitetssjukehus. Men historia går framover og Stavanger, Arendal, A-hus og no sist; Bodø har etablert PVI senter, nettopp for å kunne tilby akutt utblokking til fleire innan tidsfristen.

Vi ser no at Møre og Romsdal har nok volum og pasientar til å  kunne ha eige senter. Europeiske og Amerikanske tilrådingar seier at eit senter må ha 400 årlege prosedyrar der 36 er akutte pci-ar.

Møre og Romsdal har kvart år over 400 gjennomførte PCI-ar og nok til å drifte eit vaktlag på 4-5 invasive kardiologar. Og når hjartet skrik etter blod bak den tronge åra har ein ikkje så god tid. Med helikoptertransport vil ein kunne tilby akutt PCI til alle innbyggarane i fylket og også dekke nordre delar av Vestland fylke (deler av Sogn og fjordane). Tala er klare; Det bur nok folk i Møre og Romsdal til å tilby utblokking og det hastar å få dette på plass.

Helseføretaka har som hovudformål å tilby likeverdige helsetenester i heile landet. PCI-tilbodet kan trygt desentraliserast og med det kan vi tilby meir likeverdige tenester for folk også i vår region.

Med bakgrunn i dette og at fylket vårt er eit av to fylke i landet utan PCI senter, meiner fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal KrF at det no er tid for å etablere eit slikt senter også i Møre og Romsdal!